Humoristiske skråblikk

TEATER

VRENGD: Maiken Schjøll Frisch greier å gjere fine brot og artige vurderingar av så trivielle ting som å ta av seg eit klesplagg. FOTO: MIMSY MØLLER

«Guttejente»
SALT scene, Langkaia, Oslo
Av: Maiken Schjøll Frisch
Regi: Maiken Schjøll Frisch
Musikk: Tora Dahle Aagård
Med: Maiken Schjøll Frisch

Ei sjølvironisk, varm og humoristisk framsyning om identitet og mykje meir.

Då Maiken Schjøll Frisch skreiv, og saman med Vilde Moberg, sette opp den varme, lett attkjennelege og kjensleladde framsyninga «Varm melk med honning» våren 2022, var vi mange som blei både rørt og begeistra. På eit humoristisk og inkluderande vis røska ho opp i fordommar, homofobi og tilvande tankesett. Produksjonen fekk høgst fortent Heddaprisen som beste ungdomsframsyning. Nå har Maiken Schjøll Frisch saman med sambuar og musikar Tora Dahle Aagård gått vidare i den same tematikken, og laga ein sjølvbiografisk monolog som framleis har mykje humor, men som er langt tydelegare reint politisk. Framsyninga hadde premiere i mai i år, og har sidan turnert fleire stadar i landet. Sjølv såg eg henne på SALT scene i Oslo.

KONTRAST: Når ho ser attende på gutejenta, er ho nok Ikkje heilt heime i den feminine uniforma som ei blomstra sommarkjole kan vere. FOTO: MIMSY MØLLER

Tittelen «Guttejente» viser til korleis Maiken Schjøll Frisch var då ho vaks opp. Anekdotisk og med masse varme og humor fortel ho om at ho likte å gjere ting på gutevis, – kvardagslege handlingar som å riste på håret etter ein dukkert, eller om korleis ein vrengjer av seg ein genser. Det siste blei eit skikkeleg dramatisk brot som ho nok ein gong greidde å lage varm, og også litt sjølvironisk humor av. Utan stort andre rekvisittar enn det fiktive skapet ho dyttar på og etter kvart kjem ut av, etablerer ho nær og fortruleg kontakt med publikum. Ho entrar scena i ei blomstra sommarkjole som ein kraftig feminin kontrast ho etter kvart frigjer seg frå. Så fortel ho om liv og oppvekst, om kvardagslege hendingar, formidla med gode skråblikk, om ungjentas mange komiske, men forståelege fobiar, og om kor hektisk det blei då alt skulle bli tatt att etter at ho hadde funne ut av legninga si. Og varmt, rørande og intimt, men utan å bli for privat eller utleverande, fortel ho om sitt møte med kjærasten og etter kvart sambuaren Tora Dahle Aagård (som har skrive musikk til framsyninga). Kjærleik og privat lykke kan diverre framleis provosere homofobe personar, og ei skilsetjande kryssing av eit fotgjengarfelt, for dei fleste ei heilt prosaisk kvardagshending, blei formidla på eit vis som gjorde at eg måtte tørke bort meir enn ei tåre. Som i «Varm melk med honning» får publikum vanetenkinga og fordommane sine rett i fleisen, men på eit vis som gjer at eg har lyst til å takke for det etterpå. Litt hardare går det ut over presteskap og religion, men alltid med det same humoristiske skråblikket.

Etter kvart går Schjøll Frisch vekk frå det reint sjølvbiografiske og diktar opp Silje, ein fiktiv person som ho sparrar med. Silje er, slik eg forstår henne, ei vestkantberte som etter eige syn er både tolerant og liberal. Men i møtet med Schjøll Frisch i diskusjon om mellom anna transar, hormonhandsaming og dobesøk, får ho utfordra eige sjølvbilde. Denne delen av framsyninga blir eit kraftig brot med resten. Grepet kunne ha vore spennande om ein del av det humoristiske blikket frå første delen hadde blitt med, og om Silje hadde vore noko meir truverdig og fått yte Schjøll Frisch meir motstand. Temaet og debatten er absolutt på sin plass, men framføringa blei her for insisterande, særleg samanlikna med forma i første del av oppsetjinga.

Men Maiken Schjøll Frisch greier likevel å runde av også denne bolken, og heile framsyninga, med ein urkomisk finale der Silje endar opp med å ønske seg ein prideparade for streite(!). Og med eit eige flagg som i fargeval tydeleg signaliserer kor spennande det toget vil bli. Eg seier ikkje meir. Gjennom små anekdotar, masse varme og humor, og nokre provokasjonar, for ikkje å snakke om ein god porsjon sjølvironi, greier Maiken Schjøll Frisch i denne framsyninga å seie vesentlege ting om identitet, kjønn, legning, utanforskap og om retten til noko så fundamentalt som å få vere seg sjølv.

Leave a Reply