TEATER

«LOKE»
Teater Innlandet, Tynset kulturhus
Av: Jon Tombre i samarbeid med Mette Karlsvik og Even Børsum
Regi: Jon Tombre
Dramaturg: Mette Karlsvik
Scenografi: Even Børsum
Koreografi: Therese Slob
Lysdesign: Tobias Leira
Med: Ingrid Rusten, Tone Oline Knivsflå, Julie Bjørnebye og Aron Tweve (dans)
Mytisk, mytologisk og litt mystisk, men først og fremst sanseleg og opplevingsrikt.

Teater Innlandets framsyning «LOKE» er ei fabulerande og vakker reise inn i den norrøne mytologien, men for dei som vil sjå, også inn i kvardagen til dei fleste av oss, og særleg til dei yngste. Tre svartkledde norner kjedar seg og lurer på om ikkje noko snart skal skje, for det gjer det jo alltid på teater! Slik blir metagrepet etablert alt i opninga, men denne framsyninga har langt fleire lag enn det. For så entrar ein figur scena med akrobatisk og halsbrekkande dans. Raskt forstår vi at det er Loke, halvguden som er litt av alt og som opptrer blant gudane, trass i at han er av jotunætt. Han som blir venn med Odin, og som på kjønnsoverskridande vis både blir far til den monstrøse og skumle Fenrisulven og mor til Sleipner, Odins åttebeins hest. Loke er ein kompleks figur. Han er hjelpsam med å rydde opp, men som oftast etter kaos han sjølv har stelt i stand. Han er korkje god eller vond, men kan likevel vere båe delar. Og han er ein luring som både er skummel og hjelpsam. Det i hovudsak gode forholdet han får til æsene, tek brutalt slutt når det syner seg at det er Loke som er skuld i Balders død.
Jon Tombre har skrive mykje av Lokes mangslungne historie, og litt til, inn i ein snau times framsyning mynta på alle frå åtte år og oppover. Saman med dramaturgen Mette Karlsvik og scenograf og kostymedesignar Even Børsum har han laga ei oppsetjing som både i innhald og form er langt frå det åtteåringar vanlegvis blir presenterte for. Sjølv om eg applauderer at teateret utfordrar publikum og ikkje lagar berre lettfordøyeleg underhaldning, kunne ein fort tru at dette blei i vanskelegaste laget for målgruppa. Men i kulturhuset på Tynset var det openbert at ungane var med på notane og blei med på fascinasjonen og undringa, jamvel om dei kanskje ikkje forstod alt. Det gjorde heller ikkje eg.
Scena er open og nesten naken, berre ein stor kvit duk som heng som ei himmelkvelving over den og som på enkelt, men fiffig vis etter kvart blir ein viktig del av scenografien. Med illustrerande rekvisittar, godt samarbeid med Tobias Leiras lysdesign, fine skuggebilde på bakteppet og ein del spektakulære masker, greier scenografen Even Børsum å skape vakre og opplevingsrike rom for undring og draumar, og visuelt er denne framsyninga som eit lite kunstverk. I Jon Tombres regi får vi inga lineær forteljing om Lokes liv, men ei mengd tablå som blir synkront og fint sydde saman, godt hjelpt av den ekspressive og stundom litt keitete dansen til Loke (Aron Tweve) som openbert er på leiting etter seg sjølv medan han stadig trår feil.
(Meldinga stod i Klassekampen måndag den 27. oktober 2025.)

