TEATER
«Under sklia»
Brageteatret, Amfiscenen på Nationaltheatret
Av: Anna Renolen
Regi: Kristina Kjeldsberg
Scenografi og kostyme: Ingrid Solvik
Med: Stine Elverhøi Johnsen og Arjan Nilsen
Eit augneblinksbilde av to ungdomar som kunne vere kven som helst, men som er særs skarpt observert.
Anna Renolen er ein ung dramatikar ein skal merke seg. For ni år sia, berre 16 år gamal, debuterte ho med einaktaren «Dagdrømmer» på Trøndelag Teater. Det var i samband med eit prosjekt kalla «Unge dramatikere» der Trøndelag Teater og Kjernehuset ved Rita Abrahamsen inviterte ungdom mellom 13 og 19 år til å sende inn tekstskisser, og der nokre blei vald ut, fekk dramaturg- og regihjelp gjennom vinteren, og fekk presentere dramaet med profesjonelle aktørar våren etter. Etter denne unge debuten har Renolen arbeidd vidare med teksten, og i eit samarbeid med kunstnarduoen Kristinsdottir/Willyson sette Trøndelag Teater opp «Eksotisk dans» som ei heilaftans framsyning i mars 2023. Det var ei fysisk, leiken, humoristisk, litt absurd og særs velspela framsyning med mange lag. Litt seinare same året var eg på ein presentasjon Dramatikkens Hus hadde av nye scenetekstar under utvikling. Der fekk vi ei ilesesetjing av «Under sklia», ein ny tekst av Anne Renolen. Eg blei slått i bakken av kor ekte, rå og truverdig den teksten var og var spent på om han ville få eit liv på scena.
Nå har det skjedd. Brageteatret i Drammen har i regi av Kristina Kjeldsberg sett den opp, og «Under sklia» hadde premiere i oktober i fjor. Gjennom vinter og vår er den blitt spela på ulike skular i Buskerud, ganske utilgjengeleg for meg som bur i Trondheim. Men så blei den sett opp på Nationaltheatrets Amfiscene under Heddadagane, og då var eg snar til å sikre meg billett. Det angrar eg ikkje på.
Scena er ei lite platå med ei heilt tradisjonell sklie, slike det finst haugevis av på leikeplassar rundt om i landet. Det er midt på natta, og der møtest Han (Arjan Nilsen) og Ho (Stine Elverhøi Johnsen). Det vil seie, han veit at ho ofte kjem dit om natta når ho ikkje får sove, og han har gått dit og ventar i håp om å treffe henne. Dei to går på vidaregåande, i same tyskklasse, men viktigare er at dei ei tid tidlegare har hatt eit lite stemnemøte der ho kyssa han. I mellomtida har han freista å tekste henne og å ringe, men utan å kome gjennom. Så difor dette, for henne, overraskande møtet som sjølvsagt startar temmeleg kleint, og ikkje så reint lite avvisande frå hennar side. Men etter kvart losnar det litt, og vi blir kjende med to usikre ungdomar i sine mest formative år, på leiting både etter kjærleiken, nærleik og seg sjølve. Og også med eit ønske om å pule jamvel om dei slit litt med å få det til. Meir av handlinga skal eg ikkje røpe, og den er eigentleg heller ikkje så viktig, for her er det samtalen mellom dei to som er det essensielle.
Anna Renolen har skrive ein dialog som verkar særs ekte og truverdig, og det er openbert at dette er skrive av ein ung dramatikar som kjenner både sjargong og veremåte. Det er intelligent og godt observert. Ein naturleg, litt klein og keitete, men samstundes søkande og varm samtale mellom to unge. Og i Kristina Kjeldsbergs neddempa regi der det ikkje er alt for mykje fysisk spel, og der den glitrande teksten får gjere jobben, løyser Stine Elverhøi Johnsen og Arjan Nilsen oppgåvene førebiletleg. Eg trur på dei og det dei formidlar.
Framsyninga blir i hovudsak spela for ungdomsskuleelevar. Det er i denne alderen hormona rår grunnen, ein er i støypeskeia, og alle andre verkar så trygge medan ein sjølv er ganske usikker. Alt dette er godt tatt vare på. Språket er direkte, verkar ekte, dialogen er tidvis rå, og heilt uforfalska. Men samstundes møter vi to personar med stor respekt for kvarandre. For deira felles ønske om å pule blir handtert utan antyding til maktforhold, og som eit døme på god samtykkehaldning, men likevel utan å verke pedagogisk eller belærande. Korleis det går med desse to, veit vi ikkje, men det endar neppe opp med «to barn, rekkehus og Volvo». Og resultatet av stemnemøta er heilt uviktig. «Under sklia» handlar om ungdomen der og då, det er eit augneblinksbilde, og det er særs skarpt observert.