TEATER

«Doktor Proktors prompepulver»
Nye Hjorten Teater, Hovudscena
Av: Jo Nesbø
Dramatisert av: Mads Bones og Olve Løseth
Regi: Mathias Luppichini
Komponist og musikalsk leiar: Kyrre Havdal
Scenografi: Gjermund Andresen
Kostyme: Christina Lovery
Koreografi: Martha Standal
Lysdesign: Ingrid Skanke Høsøien
Orkester: Kyrre Havdal, Eli Hatlehol, Kari Nesdal Sandnes, Rasmus Rohde, Morten Berger Stai og Tore Thorvaldsen Sandbakken
Med: Klaus Sonstad, Thomas Kvamme Urnes, Ingvill Siegel, Olve Løseth, Aslak Maurstad, Malin Skjolde og Benedicte Søreng
«Doktor Proktors prompepulver» som spinnvill musikal løfter historia til nye høgder.
Prompehumor går aldri av moten. Ei av dei bøkene som har gjort mest lykke på området, er Jo Nesbøs roman «Doktor Proktors prompepulver» frå 2012. Historia om venneparet Lise og Bulle, og den originale oppfinnaren Doktor Proktor, er for lengst både filmatisert og dramatisert for teater.
Nå har den kreative trioen Mads Bones, Olve Løseth og Kyrre Havdal laga ein fullstendig ny musikalversjon der berre skjelettet er att av Nesbøs historie. Handlinga er lagt til Trondheim, og tekstane er fulle av nyskrivne ordspel og referansar til underbuksehumoren til både barnehagebarn og vaksne. Som vanleg når desse tre lagar musikal, blir det hemningslaust og ustyrleg, og stundom litt i meste laget, men først og fremst underhaldande så det held.
Lise (Ingvill Siegel) har mista bestevenninna si, Anna, som har flytta. Men i huset til Anna flyttar den litt veslevaksne Bulle (Thomas Kvamme Urnes) inn, og han viser seg raskt å vere ein meir enn god nok erstatning. I klassen til Lise og Bulle går også dei slemme, men ikkje så smarte, brørne Truls (Malin Skjolde) og Trym (Benedicte Søreng). Far deira, Herr Thrane (Aslak Maurstad), er søkkrik, men rikdomen er skaffa på uærleg vis. I nabolaget bur også den eksentriske professoren Doktor Proktor (Klaus Sonstad) med eit hav av lite brukbare oppfinningar. Det går mot 17. mai og militæret skal fyre av salutt, men blir i beit for krut. Før nasjonaldagen er det også korpsøving, men dirigenten (Olve Løseth) har ikkje akkurat full kontroll. Historia er som ein forstår komplisert og intrigane mange, men det viktigaste er prompepulveret som Doktor Proktor har funne opp og som til slutt reddar både han, Lise, Bulle og nasjonaldagen.
Alt dette er i tråd med Jo Nesbøs forteljing. Men i dialog, kommentarar og dei ville ordspela, er det meste nytt. I tillegg kjem den flotte nyskrivne musikken til Kyrre Havdal med gode tekstar av Mads Bones. Alt dette gjer at produksjonen verkar heilt ny og skil seg kraftig frå dei tidlegare. Slik er det også med omdreiingspunktet. Tittelfiguren er Doktor Proktor. I Klaus Sonstads finstemte tolking er han både komisk og litt kos, men likevel meir nedtona enn originalen. I staden er det Bulle som blir den viktigaste figuren. Det er eit regigrep som gjer det lettare for ungane i salen å identifisere seg med helten. Men så skuldast det også at Thomas Kvamme Urnes er høgt og lågt og spelar Bulle med stor energi. Med eit oppkome av overskot sjarmerer han oss i senk. Det er høgt tempo i framsyninga, og dette blir for nokre av skodespelarane kompensert med litt for høgrøysta spel og dermed dårleg diksjon.
Gjermund Andresens scenografi av plankar på høgkant gir fin illusjon av ein by samstundes som den enkelt gir rom for både laboratoriet til Proktor, fengsel og meir til. Oppsetjinga har berre sju aktørar der seks av dei spelar drygt 30 ulike roller. Men grunna Christina Loverys særs gode kostymedesign går skifta saumlaust og heilt smertefritt.
Musikken til Kyrre Havdal er både melodiøs og stemningsskapande. Det definitive høgdepunktet er Doktor Proktors mollstemde song om den ulykkelege kjærleiken frå studietida i Paris, vakkert framført av Klaus Sonstad. Den stramme og fartsfylte regien som også byr på mange overraskingar, er ved multitalentet Mathias Luppichini, meir kjend som skodespelar, musikar og komponist. Med to tilsvarande regioppdrag på Rogaland Teater dei siste åra har han vist at dette er ein sjanger han meistrar, og denne produksjonen er definitivt ikkje noko unnatak.
(Meldinga stod i Klassekampen måndag den 24. februar 2025.)