Frykta som drivkraft

TEATER

SKAL/SKAL IKKJE: John Proctor (Tormod Løvold) slit med valet om å vedgå noko han ikkje har gjort. Kona (Siren Jørgensen) står bak han i avgjerda. FOTO: SEBASTIAN DALSEIDE

«Heksejakt»
Den Nationale Scene, Hovudscena
Av: Arthur Miller
Omsett av: Peter Magnus
Regi: Miriam Prestøy Lie
Scenografi: Olav R. Myrtvedt
Kostyme: Alva Walderhaug Brosten
Komponist/lyddesign: Selma Frida Stang
Lysdesign: Arne Kambestad
Koreografi: Ane Evjen Gjøvåg
Med: Tormod Løvold, Siren Jørgensen, Knut Erik Engemoen, Maria Agwumaro, Hugo Mikal Skår, Sissel Ingri Tank-Nilsen, Jonatan Filip, Tomine Mikkeline Eide, Katrine Lunde Mackenzie, Irene Waage, Kristoffer Sagmo Aalberg, Sacha Slengesol Balgobin, Stig Amdam, Jo Ketil Johnsen, Jonas Fuglevik Urstad, Sverre Røssummoen, Hugo Mikal Skår og Ingrid Bruland Hjellestad

Eit mektig, og sørgjeleg aktuelt drama som blir litt for omstendeleg i dialogen.

Frå 1400-talet og fram til opplysingstida trehundre år seinare var det i Europa og dei amerikanske koloniane eit utal trolldomsprosessar. Over 50 000 blei avretta, langt dei fleste kvinner, og her i landet var vi ikkje noko unnatak. Ei av dei mest kjende sakene er hysteriet som braut laus i den vesle staden Salem, litt nord for Boston i Massachusetts i 1692. Saka var ikkje spesiell, men er veldokumentert gjennom rettsprotokollar og fleire bøker, seinast Arthur Millers drama «Heksejakt» (Crucible) frå 1953. På bakgrunn av den politiske heksejakta som senator Joseph McCarthy dreiv mot kommunistar og kunstnarar på starten av 1950-talet, og der Miller sjølv blei dømt for forakt for retten, skreiv han dette dramaet. I innhald er det ei forteljing om prosessane i Salem 250 år tidlegare der frykta gjorde at folk både anga venner og naboar og i tillegg vedgjekk kva som helst for å sleppe tortur og henging. Men i teksten ligg ei klår og tydeleg adresse til 50-talets hysteriske kommunistjakt. Dramaet hadde premiere i 1953, og berre halvåret etter sette Nationaltheatret det opp. I dag blir «Heksejakt» rekna som eitt av dei viktigaste i amerikansk dramatikk.

Tematikken er diverre framleis sørgjeleg aktuell når kunnskap må gi tapt for løgn, frykt og overtru i land etter land. Det er difor høgst relevant at Den Nationale Scene i Bergen set opp «Heksejakt» som haustens storsatsing. Det er blitt eit mektig drama med sterke audiovisuelle verkemiddel, men som i dialogen blir litt for omstendeleg. Regissøren Miriam Prestøy Lie har kutta Millers fire akter til to, fjerna den forklårande introduksjonen og går rett inn i handlinga. Ei gruppe ungjenter dansar ute i skogen i det som kan verke både erotisk og suggestivt, ei av jentene fell om og blir sjuk, og dei blir oppdaga av den lokale presten. Så er helvete laus. Uforklårleg sjukdom blei ofte sett på som resultat av trolldom, og i dette vesle samfunnet var det i tillegg ei rekkje løynde og underliggjande intrigar og maktkampar. For å berge seg sjølve, peika alle på kvarandre, frykt og overtru tok over, og i løpet av eit drygt år blei meir enn 200 tiltala, 30 funne skuldige i trolldom og 19 hengde, i tillegg til at ein døydde av tortur.

TVIL: Teologen og trolldomseksperten John Hale (Knut Erik Engemoen) tar etter kvart til å tvile på heile rettergangen. FOTO: SEBASTIAN DALSEIDE

Det er eit stort og komplisert persongalleri, og når ein etter den flotte opninga skal etablere situasjonen og dei ulike rollene, blir det litt for omfattande. Det er heller ikkje nokon typisk hovudrolle i dramaet, før den rettskafne, men noko oppfarande bonden John Proctor (Tormod Løvold) og kona hans, Elisabeth, (Siren Jørgensen) kjem inn eit stykke ute i framsyninga. Men då blir det også tett og gripande. Dei fleste av rollene er samansette menneske med tvil og tru før dei blir rivne med. Proctor er ingen helgen, og har sine svin på skogen, men i det eksistensielle dramaet dette blir for han, står han etter kvart rak ved sanninga, og får støtte frå kona. Samspelet mellom Løvold og Jørgensen mot slutten, er av framsyningas mest intense og velspela. Den unge teologen og trolldomseksperten John Hale, godt formidla av Knut Erik Engemoen, er i starten overtydd om at dette er hekseri, men etter kvart ser også han galskapen og freistar å hindre og lindre. Men det er for seint. Og så er det den rakrygga og høgt respekterte Rebecca Nurse (Sissel Ingri Tank-Nielsen) som ikkje vik ein tomme, og som står som ein einsleg fridomshelgen og bauta i massesuggesjonen.

Millers tekst har tydeleg adresse til kommunistjakta på 50-talet. Miriam Prestøy Lie har tona ned den. I staden ligg det subtile, små referansar til kvinnekamp, «The Handmaid’s Tale» og meir til. Og i den sterkaste scena der John Proctor slit med kva som er rett av å tilstå eller nekte, er det vanskeleg å ikkje sjå parallellen til Julian Assanges nylege «tilståing».

MASSESUGGESJON: Vill og spastisk dans er prov på at jentene er i trolldomens makt. FOTO: SEBASTIAN DALSEIDE

Framsyninga slit med for omfattande dialog, men er på sitt beste når ho nyttar alle dei andre verkemidla. Olav R. Myrtvedts scenografi er tilsynelatande enkel, men likevel kompleks og umåteleg vellukka. I hovudsak ein tribune som kan dreiast og skape eit utal scener og opptrinn, og sjølvsagt også tribunalet. Saman med tidsriktige, men symboltunge kostyme, særs god lysdesign og på toppen eit tungt lydbilde, blir det mana fram mektige tablå. Og stundom med dei besette ungjentene i vill dans eller nærast som eit gresk kor. I desse opptrinna ligg den store opplevinga i denne framsyninga.

(Meldinga stod i Klassekampen tysdag den 22. oktober 2024.)

Leave a Reply