Fridom, festival og Fjaler

KOMMENTAR

SERVERING OG FEST: Stor avslutningsfest i Klokkargarden (Jakob Sande-senteret) med servering av trerettars kortreist middag til 500 frammøtte. FOTO: DAVID ZADIG

Frå 5. til 8. september blei Teaterfestivalen i Fjaler arrangert, og det for tolvte gong. Dei fleste slike festivalar er spennande møte med ulike former for scenekunst, og ofte ein plass for å sjå underskogen, det uetablerte og det som kjem. Slik var det sjølvsagt også i Fjaler, men i tillegg så mykje meir. Aldri har eg opplevd ein betre kuratert, meir velorganisert og så på alle vis vellukka, innhalds- og opplevingsrik festival.

Fjaler er ein liten kommune i Sunnfjord i Vestland fylke. Her bur det 2900 menneske, nesten halvparten av dei i kommunesenteret Dale. Dale er for mange kjend for å vere heimplassen til lyrikaren Jakob Sande (1906 – 1967). Men sjølv om arven etter han blir tatt godt vare på, er det som i dag verkeleg set Dale og Fjaler på det kulturelle kartet, den årlege teaterfestivalen.

Primus motor bak det heile er ekteparet Miriam Prestøy Lie og Torkil Sandsund, båe regissørar og busette i Dale. Men med seg har dei Kristin Skiftun som dyktig planleggjar, heile bygda, samt uvanleg positivt innstilte lokalpolitikarar, både i kommune og fylke. Dale har hotellkapasitet til eit drygt dusin menneske, men med nærare 250 friviljuge som også opna heimane sine for festivaldeltakarane, var det plass til alle. Eit ekstra pluss i år var det sjølvsagt at det var varmt sommarvêr så godt som heile festivalen.

Årets festivaltema var «fridom», og i eit stort og vidfemnande perspektiv. Det var alt frå husmannsvesenet og dagens gjeldstynga og ganske ufrie bønder, og fram til ytringsfridom, totalitære regime, haldninga til samane, og våre eigne styresmakters redsle for militære sanningar. Gjennom fem dyktig kuraterte og opplysande samtalar (Radio Fjaler) med sentrale og kunnskapsrike aktørar, blei dei fleste av dei fjorten framsyningane på festivalen på dette viset knytte saman tematisk til eit heile.

GIFTIG?: Mjøldryge er ikkje det beste å få i brødet som bøndene Ask (Kadir Talabani) og Liv (Tiril Pharo) serverer oss i «Korn», presentert i naturskjønne omgivnadar. FOTO: DAVID ZADIG

Teater Vestland si framsyning «Pusterom» er alt meldt her i avisa, men det er mange andre produksjonar som også fortener omtale. I jordbruksperspektivet var det spesielt to framsyningar, heilt ulike, men som båe var både gode og spennande. Skodespelaren Tiril Pharo som også er gardbrukar, har laga framsyninga «Korn», eit såkalla stadspesifikt teater, som hadde urpremiere veka før på heimgarden i Spydeberg i Østfold. I naturskjønne omgivnadar i Fossevikja i Fjaler fekk vi ei historie om Liv som måtte avbryte studia då faren brått døydde midt i skuronna. Garden var til sals, men Liv valde å halde fram. Så dukka Ask opp ut av inkje, eit slags urmenneske frå jeger- og samletida. Dei to finn kvarandre og får dottera Kornmo. Medan Pharo tek oss med rundt på garden, får vi både smaksprøver på mat og drikke, ein opplysande quiz og pedagogisk innføring i bondens kvardag.

Dansaren og koreografen Berit Einemo Frøysland hadde urpremiere på «Blaff», ei musikalsk og poetisk danseframsyning som tok oss gjennom generasjonar med alle dei usynlege kvardagslagnadane til dei norske husmannsfamiliane. Det var ei vakker og lyrisk framstilling av levd liv og alle dei som ikkje har fått plass i historiebøkene.

Blant dei framsyningane som i større grad tematiserte den politiske ufridomen, var kortfilmen «Fuck you Mlungu» av Mikal Hovland som, utan sjølv å meine noko, synte det problematiske i bistand basert på barmhjartigheit, slik som fadderordninga til SOS Barnebyar. Her fekk vi «The white man’s burden» presentert akkurat så klein som han kan vere. Torkil Sandsund held på med å lage ei framsyning om tenkaren, samfunnsøkonomen og politikaren Bertram Dybwad Brochmann, og viste ein førebels versjon. Den tok for seg landssviksaka mot Brochmann etter krigen, og spørsmålet om han var ein svikar, eller eigentleg berre ein ideolog og fredsaktivist. Og i heilt andre enda av den same fridomstematikken var framsyninga «Blodklubb» av Ferske Scener frå Tromsø. Det var meir ein happening og eit interaktivt show der vi, som samane nesten fram til vår tid, fekk målt opp kraniet vårt, og blei delte inn i lang- eller kortskallar som så konkurrerte i ulike disiplinar, alt medan vi song og blei informert om skalleforskinga på samane. I tillegg til desse framsyningane, fekk vi også sjå ei rekkje produksjonar som har turnert ei stund.

Teaterfestivalen i Fjaler baud sjølvsagt også på mykje sosialt, konsertar og underhaldning. Det heile toppa seg med ein utandørs fest i «Klokkargarden» (Jakob Sandes fødestad) laurdag kveld med eit rikt program, god musikk og – hald deg fast – servering av trerettars kortreist middag til 500 frammøtte!

(Kommentaren stod i Klassekampen onsdag den 11. september 2024.)

Leave a Reply