Kva er rett i vår tid?

TEATER

EKSISTENSIELT: Spørsmålet om det er rett å setje barn til verda i vår tid, er stort og krevjande. FOTO: ESPEN NYTTINGNES

«Pusterom»
Teater Vestland, Trudvang, Fjaler
Av: Duncan Macmillan
Omsett av: Terje Lyngstad
Regi: Jeff Pedersen
Scenografi og kostyme: Silje Sandodden Kise
Lyddesign og komposisjon: Helga Lied Wyrtz
Lysdesign: Silje Grimstad
Med: Carina Furseth og Harald Ottesen Nødtvedt

Gode menneske kan også vere fordomsfulle, ha hormon og irrasjonelle kjensler.

Eit sambuarpar i slutten av tjueåra er på handletur på Ikea når han, ganske tilfeldig, kjem til å nemne ordet «barn». Då blir det brått alvor. Her startar framsyninga «Pusterom» der vi utan ytterlegare forklåringar blir kasta direkte inn i ein heftig debatt om det er rett å setje barn til verda i ein situasjon med klimakrise, og der CO2-avtrykket av eit menneske er like tungt som vekta av Eiffeltårnet.

«Pusterom» (Lungs) blei skrive av den britiske dramatikaren Duncan Macmillan (f. 1980) i 2011. Framsyninga er sett opp, og har vunne prisar, over heile verda. Teatret Vårt i Molde hadde norgespremiere i 2015, Rogaland Teater sette det opp to år etter, og i 2020 var det Riksteatret sin tur med ein produksjon som blei sterkt amputert på grunn av pandemien. Sjølv har eg sett dei to første, og jamvel om oppsetjingane i utgangspunktet er like, er det store skilnadar både i språk og personskildring. I tillegg er problemstillinga langt meir aktuell i dag enn for ti år sia.

Framsyninga er eit intenst kammerspel der verda i hovudsak er berre desse to, jamvel om vi høyrer om nokre foreldre og ein annan kjærast. Scenetilvisinga frå Macmillans side er å vere så minimalistisk som mogeleg. Scenograf Silje Sandodden Kise har laga ei intimscene som ei lita opphøgd plattform med restar av gamle møbel som einaste scenografi. Dei to har ei lita og nesten klaustrofobisk scene å spele på, og har ikkje har nokon andre remediar å stø seg på enn spel, fysiske rørsler, og dialogen. Men med framifrå spel og ein uvanleg god tekst, er dette meir enn nok.

Dei to har ikkje namn. Det er Han (Harald Ottesen Nødtvedt) som er musikar, men som etter kvart tar seg anna arbeid. Og det er Ho (Carina Furseth) som held på med eit doktorgradsarbeid, og som kanskje har litt meir intellektuell ballast enn han, utan at det kjem så alt for tydeleg fram i ordskifta deira. Dette er velmeinande og gode menneske, ja dei kjem stadig attende til at «Vi er gode menneske». Dei plantar skog, stør Amnesty og Unicef og har dei rette meiningane. Dei er rasjonelle og rettenkjande. Men dei er menneske med kjensler og hormon, og ikkje minst også fordommar, og på glitrande vis får vi presentert kor inkonsekvente vi menneske kan vere.

Vi følgjer dei to frå kassakøen på Ikea, gjennom store diskusjonar om dei skal setje barn til verda eller ikkje, og etter kvart gjennom eit heilt livsløp utan at eg skal seie meir konkret om kva som skjer. I botn ligg ei vakker kjærleikshistorie om to som openbert bør kunne passe saman, men som likevel balar med at det usagte blir sagt, at ord blir vrengd og mistyda, og som, trass i rette haldningar, stadig syner sider ved seg som ikkje er heilt som dei vil. Som spørsmål om aktiv dødshjelp. Og kva med evolusjonen om berre reflekterte menneske vel å ikkje få barn? Ved å presentere makrokosmos gjennom dette vesle mikrokosmos, og om avgjerande tema som kjærleik, barn og verdas framtid, blir framsyninga djupt eksistensiell og ein stor spegel der vi i publikum eigentleg ser oss sjølve på godt og vondt, kanskje særleg det siste. Og kjenner oss att og ler av oss sjølve.

Terje Lyngstad har laga ny omsetjing til eit dialekttilnærma nynorsk som gjer dialogen munnleg, lett, naturleg, og ikkje minst særs truverdig. I Jeff Pedersens stramme regi er dette blitt eit intenst og tett kammerspel der Macmillans tekst blir tatt særs godt vare på. Men når vi følgjer dei to gjennom eit heilt livsløp med brot og hopp på både månadar og år, kunne nok Pedersen ha tatt seg noko betre tid ved desse skifta for stundom går dei litt for fort.

Harald Ottesen Nødtvedt og Carina Furseth gjer imponerande gode rolletolkingar. Båe framstiller dei ganske samansette personar. Han er i botn temmeleg rasjonell, men også eit kjenslemenneske, og Ho er den intellektuelle, men likevel den tidvis mest oppfarande. Alle desse sidene greier dei å formidle overtydande og med varme og sjølvironisk humor. Dialogen er som ein verbal pingpong der timing er heilt avgjerande. Det er presist, og ettersom publikum sit så tett på den vesle scena, blir det stundom nesten ubehageleg nært. Og musikaliteten og flyten i den dialektbaserte nynorsken gjer at dette blir så autentisk at eg kjenner meg som ei fluge på veggen i ein heilt verkeleg situasjon.

(Meldinga stod i Klassekampen måndag den 9. september 2024.)

One Response to “Kva er rett i vår tid?”

  1. […] Velkomen til teaterbloggen min. Har du synspunkt eller kommentarar, er e-postadressa mi amund@amund.info « Kva er rett i vår tid? […]

Leave a Reply