TEATER
«Sult»
Teatret Vårt, Molde
Av: Knut Hamsun
Dramatisering og regi: Bjørnar Lisether Teigen
Kostyme: Elin Berg
Lysdesign: Jonas P A Fuglseth
Med: Oscar Jean, Anne Wiig og Jon Vegard Hovdal
Ei tett, velspela og intens reise i forfattarens indre, men for uklår og omstendeleg til å lukkast heilt.
«Sult» kom ut i bokform i 1890, er revidert fleire gongar i tiåra etterpå, og blir rekna som Knut Hamsuns gjennombrot som forfattar. Den er ein monolog i eg-form om ein fattig, svolten og underkjend skribent, ikkje ulik Hamsun sjølv. Og svolten kan i tillegg til den fysiske, også tolkast metaforisk som hunger etter å bli sett og å lukkast. Boka er både dramatisert, filmatisert og blitt teikneserie. Nå har mangeårig skodespelar ved Teatret Vårt i Molde, Bjørnar Lisether Teigen dramatisert boka på nytt og sjølv sett henne opp som eit særs tett kammerspel. Og i staden for å presentere Hamsuns episke monolog, har han skrive den om til ein dialog mellom hovudpersonen og alle han møter.
Scena er eit lite lukka rom med draperi på alle fire sider, nærast som eit telt, og litt klaustrofobisk. Publikum sit i to rader på alle fire sider, og sjølve scena er som ein liten rektangulær manesje med eit stort golvteppe. Dei einaste rekvisittane er eit pledd og nokre krakkar dei hentar frå publikumsradene. Slik kjem vi særs tett på aktørane, nærast ubehageleg tett, og det er nok også meininga. For her er det vesle som er av fysisk handling berre illustrasjon av forfattarens indre reise gjennom svolt, desperasjon, skrivesperre, gryande kjærleik, samvitskvalar. Og meir til.
Hovudpersonen blir spela av Oscar Jean, og den tekstrike rolla der han er hundre prosent til stades og ubehageleg nær oss heile tida, blir formidla sikkert og med stor innleving. I fem kvarter, og med publikum berre halvmeteren unna, vrengjer han sjela og får fram hovudpersonens ulike stemningar og sinnelag på eit overtydande vis. Det er både fysisk og mentalt krevjande, men Jean greier å halde intensiteten oppe utan det minste kvileskjer. Med seg på scena har han to skodespelarar. Jon Vegard Hovdal er politikonstabel, forlagsredaktør, pantelånar og til saman tolv ulike personar. Og det utan å skifte korkje kostyme, dialekt eller stemmeleie. Jamvel om Hovdal gjer gode tolkingar, har han fått alt for lite å spele på, og dei tolv personane blir utydelege og vanskeleg å skilje frå kvarandre. Då er det heilt annleis med Ylajali. Ho er ei kvinne eg-personen møter tilfeldig, følgjer etter og forelskar seg i. Eller kanskje er ho berre ein fantasiperson hovudpersonen diktar opp og drøymer om? Denne dualiteten, det gåtefulle og uavklåra blir nydeleg tolka i eit særs neddempa spel av Anne Wiig, og møta mellom henne og forfattaren er nokre av høgdepunkta i denne framsyninga.
Bjørnar Lisether Teigen har sjølv stått for både dramatisering og regi. Det er ganske klårt kva han har ønska med framsyninga, og mot slutten, både i dei nesten drøymande scenene med Ylajali, og i den desperate finalen, er han i nærleiken av å lukkast. Men vegen fram dit er for lang. Opninga er for omstendeleg, det verkar som Teigen er redd for ikkje å bli tydeleg nok, og han kunne nok ha vore meir kresen i kva han tok med. Og sjølv om omskrivinga av monologen til ein dialog i hovudsak er vellukka, er det nok tidvis også for mykje av stemma til Bjørnar Lisether Teigen og for lite av Knut Hamsun.
(Meldinga stod i Klassekampen fredag den 20. oktober 2023.)