Et dukkehjem
Av Henrik Ibsen
Bearbeidd av Ingrid Weme Nilsen og Kjersti Haugen
Regi: Kjersti Haugen
Scenografi og kostyme: Dagny Drage Kleiva
Koreografi: Erlend Samnøen
Lysdesign: Eivind Myren
Med: Ane Skumsvoll, Pål Christian Eggen, Trond-Ove Skrødal, Silje Lundblad og Nils Jørgen Kaalstad
Trøndelag Teater, Hovudscena
Bildet:
I LØGN: Det er ei brutal erkjenning når Nora (Ane Skumsvoll) forstår at ho lever eit liv i løgn. FOTO: GT NERGAARD
Ane Skumsvoll som ei forrykande, sterk og desperat Nora i ei modernisert, tydeleg og særs underhaldande oppsetting av ”Et dukkehjem”.
Teatersjefen på Trøndelag teater, Kristian Seltun, held fram med å presentere klassikarane på hovudscena. Det er eit dristig prosjekt, men har så langt vore særs vellukka, i alle fall kunstnarleg. I fjor fekk vi ei uvanleg god framsyning av ”En folkefiende”, og i helga var det premiere på ei like ambisiøs oppsetting av ”Et dukkehjem”. Teatrets eigen husregissør, Kjersti Haugen, og dramaturg Ingrid Weme Nilsen har bearbeidd og modernisert teksten, skore vekk gamal staffasje, gjort ungane om til skuggebilde slik dei i røynda kanskje eigentleg er hjå Ibsen, fjerna stuepike, barnepike og bybodet, – ja dei har gått så hardt til verks at det er nummeret før dei kunne ha tatt ut doktor Rank også. Og i denne reindyrka, men likevel langt frå minimalistiske oppsettinga, har dei enda opp med ein produksjon som både er forbløffande tru mot Ibsens tekst og idé, – og samstundes ei kraftig revitalisering av han. Problemfritt er det ikkje, men det er blitt ein særs tydeleg produksjon der Nora, i Ane Skumsvolls fantastiske tolking, er meir forståeleg enn nokon sinne.
I Dagny Drage Kleivas relativt sparsommelege, men likevel utsøkte og effektfulle scenografi er det ikkje mye som minner om dei lumre og innestengde salongane til Ibsen. Her er takhøgd, store volum og tilsynelatande godt med luft. Og i den humoristiske familieidyllen vi møter alt i opninga er det lite som tyder på manglande utlufting. Nora ventar Torvald (Pål Christian Eggen) heim frå arbeid og gler seg openbert og ekte. Det er jul, Torvald er blitt bankdirektør, alle økonomiske sorger er borte, og i eit leikent og temmeleg erotisk spel blir vi introdusert for eit par, så velfungerande at det er uråd å fatte at dette i løpet av nokre få dagar skal ende i totalt havari.
Når ein skal sette opp dei gamle klassikarane er det alltid eit val om ein skal la det vere der og då, her og nå, eller noko generelt ute av tid og rom. Kjersti Haugen har vald ein heim frå vår tid der alle er på fornamn, ungane ser TV, dei vaksne spelar ut seksualiteten sin utan blygsel og ein dansar til Bobbysocks. I hovudsak fungerer dette valet utmerka, og ho får på førebiletleg vis konsentrert merksemda om det denne oppsettinga handlar om. Noras store løyndom, å ha signert falskt for å redde livet til den ho elskar mest, Torvalds reaksjon når dette går opp for han, samt Noras oppvakning når ho ser kva Torvald eigentleg står for og kva for løgn ho lever i. Det er teater inn til beinet, og ingen bør vere i tvil om kva Haugen freistar å syne oss. Men på vegen dit har ho gitt oss ein meir leiken, humoristisk og underhaldande versjon enn eg kan hugse å ha sett før. Her er velkoreograferte danseopptrinn der vi betre enn gjennom tusen ord ser kva som rir ekteparet, her er populærkulturelle referansar og metaforar, og ikkje så reint lite situasjonskomikk. Men Haugen greier å halde det på eit nivå som både bygger opp under tematikken og gjer det særs underhaldande. Når Nora og Torvald går til naboane på maskeball utkledde som Marilyn Monroe og Elvis Presley, er det langt frå ein billeg gimmick, men eit regival lada med tung symbolikk. Marilyn og Nora er båe lerkefuglar med langt meir ballast enn det mennene rundt vil innrømme dei. Og når Torvald i finalen sit att i sofaen i eit tåpeleg Elviskostyme og freistar å få Nora til ikkje å gå, blir han ekstra patetisk og liten. Slik greier Kjersti Haugen å nytte det som utvendig kan verke som enkle påhitt til faktisk å seie noko vesentleg.
Men det moderne valet er ikkje uproblematisk. Teater er illusjon og ikkje røyndom. Vi veit at alt berre er spel, og det er ein del av reglementet i teatret at vi må godta dette. Men blir det for mye å akseptere, kan det rokke ved truverdet. Kristine Linde er eit slikt problem. I yngre dagar har ho vraka kjærleiken til Nils Krogstad (Trond-Ove Skrødal), og gifta seg med ein som kunne gi økonomisk tryggleik for mora og brørne hennar. Nå går ho attende til den same Krogstad, ikkje av kjærleik, men for å berge Nora. Det er ikkje heilt enkelt å tru på slikt i dag trass i at Silje Lundblad gjer ei framifrå rolletolking. Finalen er også vanskeleg og byr på ein dramaturgisk nedtur. Når dei fleste ekteskap i dag går i oppløysing, er det lite dramatikk att i ei scene som var verkeleg sprengstoff for 130 år sia. Det dramaturgiske høgdepunktet er ikkje lenger at Nora går, det blir nesten berre lest tekst, men når ho oppdagar kven Torvald i røynda er, og kva for ekteskap og løgn ho er fanga i.
”Et dukkehjem” er blitt eit finstemt ensemblespel der rollene er temmeleg reindyrka og tydelege. Det er god personinstruksjon, og særleg samspelet mellom Ane Skumsvoll og Pål Christian Eggen i dei to berande rollene er tett, leikent og til å tru på. Men det er ingen tvil om at i denne oppsettinga er det Nora som har regien. Det ligg sjølvsagt som ein premiss både frå Ibsen og instruktøren, men blir ytterlegare understreka av tolkinga til Ane Skumsvoll. Eg har aldri sett ei betre Nora. Så tydeleg, så lett forståeleg, så mangefasettert i tydinga sterk/svak, redd/motig, så angstfylt og desperat, men samstundes så nøktern. Og nettopp fordi ho tilsynelatande er så sterk og ruvande blir erkjenninga hennar av å leve på ei løgn ei særs brutal oppdaging.
Amund Grimstad
(Meldinga stod i Klassekampen måndag den 24. januar 2011)
[…] “”Et dukkehjem” er blitt eit finstemt ensemblespel der rollene er temmeleg reindyrka og tydelege. Det er god personinstruksjon, og særleg samspelet mellom Ane Skumsvoll og Pål Christian Eggen i dei to berande rollene er tett, leikent og til å tru på. Men det er ingen tvil om at i denne oppsettinga er det Nora som har regien. Det ligg sjølvsagt som ein premiss både frå Ibsen og instruktøren, men blir ytterlegare understreka av tolkinga til Ane Skumsvoll. Eg har aldri sett ei betre Nora. Så tydeleg, så lett forståeleg, så mangefasettert i tydinga sterk/svak, redd/motig, så angstfylt og desperat, men samstundes så nøktern. Og nettopp fordi ho tilsynelatande er så sterk og ruvande blir erkjenninga hennar av å leve på ei løgn ei særs brutal oppdaging”, skriver Amund Grimstad i Klassekampen. […]