TEATER
«Den gjerrige»
Rabarbrateateret, Bakklandet, Trondheim
Av: Molière
Omsett av André Bjerke
Regi: Cengiz M. Nereid og Vilde Søyland
Scenografi: Marie S. Löwendahl
Kostyme: Jenny Hilmo Teig
Maske: Leo Thörn
Koreografi: Svetlana Stokke
Komponist og musikalsk leiar: Øyvind Jo Heimdal Eik
Musikarar: Gaute Skrove og Markus Wisth Edvardsen
Med: Øyvind Brandtzæg, Kristoffer Hjulstad, Ida Cecilie Klem, Olavus Frostad Udbye, Kathrine Strugstad, Anna Berentina Røe, Stian H. Pedersen, Bendik S. Nordgaard, Jon Vegard Hovdal og Steffen Fagerbakk
Rabarbrateateret syner nok ein gong kva ein verkeleg folkekomedie kan vere.
Rabarbrateateret er ein sjeldan og litt annleis blome i den norske teaterfloraen. I godt over ti år har dei sett opp friluftsteater i Rabarbraparken på Bakklandet i Trondheim, og etter kvart vunne seg ein solid plass hjå publikum. Tolkingane deira av Shakespeares komediar i nord-trøndersk omsetjing overgår alt eg har sett av lystspel. Det er folkekomedie i ordets rette forstand, og slik har dei gjort Shakespeare til allemannseige i Trondheim.
I år har dei tatt for seg Frankrikes største komedieforfattar, Jean-Baptiste Poquelin, betre kjend som Molière (1622-1673) og vald seg «Den gjerrige» (L’Avare frå 1668) i Andrè Bjerkes omsetjing. Hovudpersonen Harpagon (Øyvind Brandtzæg) er så motbydeleg gjerrig at han vil gifte bort dottera si til ein rik, gamal mann av omsyn til medgifta. I tillegg vil han sjølv gifte seg med sonens kjærast av di ho er eit billeg parti I denne dysfunksjonelle vesle familien er det duka for intrigar og forviklingar der det aldri er heilt greitt å vite kven som lurer kven og korleis. Historia er for komplisert til å freiste å gi eit resymé, men trass i dette, mange roller, hyppige sceneskift og stor fart, greier ensemblet utan problem å forklåre oss kva som går føre seg og kven som er kven.
Rabarbrateateret har som føremål å «berike Trondheims kulturliv og gi opplæring i scenekunst». Det har dei greidd til fulle. Ensemble og produksjonsteam har alltid vore ein laus samansett miks av veletablerte, frilansarar og amatørar, og produksjonane har vore ein god skule for mangt eit talent. Cengiz M. Nereid og Vilde Søyland har fleire gongar stått på scena, men i år debuterer dei som regissørar, og det på eit overtydande og imponerande vis.
I nesten tre timar inklusive pause gir dei oss underhaldande teater i særs høgt tempo, forståeleg, med gode og synkrone skift og utan eitt einaste daudpunkt. Eitt av problema med å spele Molière i dag er at han har lite undertekst, og både handling og replikkar blir derfor noko rett på og utan det subtile som kan gi rom for ettertanke og tolkingar. Sjølv om Nereid og Søyland knapt har stroke noko, og også nyttar André Bjerkes litt omstendelege omsetjing, er dette berre skjelettet som dei har leika seg med og dikta vidare på. Det meste er på ganske blomstrande trøndersk, og avstikkarane frå manus er mange, kreative og særs humoristiske.
Ensemblet er meir profesjonelt enn tidlegare, og her er både solid ensemblespel og einskildprestasjonar av høg klasse. Øyvind Brandtzæg har tidlegare stort sett hatt regi på desse framsyningane, men i år gir han oss ei levande tolking av ein infam og ekstremt gjerrig person som han likevel greier å gjere truverdig. Borna Cléante (Kristoffer Hjulstad) og Élise (Ida Cecilie Klem) må nytte alle middel for å omgå eller lure faren, og båe syner store komiske talent. Så morosamt blei det på premieren at det heile måtte stoppe opp for at både publikum og aktørane fekk ta seg att. Det var ufriviljug metateater på sitt beste.
Regissørane gir oss eit Frankrike frå 1600-talet, men samstundes eit utal franske populærkulturelle avstikkarar både i tid og rom, ablegøyer og litt tullefransk der finalen i første akt blir meir «Les Misérables» enn «Den gjerrige». Slike påfunn, saman med god musikk med openberr fransk adresse, dyktig koreograferte opptrinn og eit par-tre svisker av stunt eg ikkje skal røpe, gjorde framsyninga til stor og variert underhaldning. Og ikkje berre blott til lyst, for her er også mykje kritikk av menneskeleg dårskap.
I den nesten naturlege settinga i bakgarden på Bakklandet har Rabarbrateateret etter kvart laga sin eigen sjanger som eg trur vil vere vanskeleg å importere inn i teatersalongane. Det er folkeleg komedie på sitt frodigaste, og med ein appell til langt fleire enn dei som til vanleg går i teater.
(Meldinga stod i Klassekampen måndag den 26. juli 2021.)