Lagnadstunge val

TEATER

Kristin Lavransdatter

Av Sigrid Undset
Dramatisert av Bodil Kvamme og Bentein Baardson
Musikk: Håkon Berge
Regi: Bentein Baardson
Scenografi: Bård Lie Thorbjørnsen
Dei som er med: Mona Jacobsen, Tone Mostraum, Kristoffer Hivju m.fl.
Trøndelag Teater – Hovudscena

Bildet: SKUER FRAM: Kristin (Tone Mostraum) og Erlend (Kristoffer Hivju) sitt første sødmefylte og lagnadstunge møte. Foto:GT Nergård
Å dramatisere eit så omfattande epos som Kristin Lavransdatter for ein tretimars sceneversjon er ikkje enkelt. Kanskje var det for vanskeleg?

Sigrid Undsets mellomaldertrilogi om Kristin Lavransdatter er eit ikon i norsk litteratur. Ved sia av å innehalde eit utal intrigar og eksistensielle spørsmål som kjærleik og avundsjuke, synd og anger, tru og bot, hovmod og dårskap, lengt og svik, venskap og slektsband berre for å nemne nokre, er det også eit verk mange lesarar har eit så sterkt kjenslemessig forhold til at det nærmar seg å ha eigedomsretten til innhaldet. Det er difor eit meir enn dristig prosjekt å freiste å dramatisere heile romansyklusen til ei teaterframsyning. Einskildbøkene, og spesielt Kransen, er tidlegare både dramatisert, filmatisert og framstilt som ballett, men aldri før er heile trilogien presentert under eitt. Det er i seg sjølv ein liten teatersensasjon når Trøndelag Teater har fått Bentein Baardson og Bodil Kvamme til å dramatisere bøkene. Men premiera torsdag synte at det er eit meir enn ope spørsmål om det var vellukka.

Baardson og Kvamme har ikkje hatt enkle val. I staden for å forenkle og konsentrere seg om nokre utvalde tema, har dei freista å få med seg det meste. For å makte dette har dei nytta to grep. Det eine er ei scenografisk løysing med minimalt med rekvisita og kulisser der scene og bakgrunn blir forma ved lysbildeprojisering av abstrakte stemningsskapande bilde på ein stor bakskjerm. Det andre grepet er å dele Kristins rolle i to. Tone Mostraum spelar Kristin i dei ulike scenene som blir presentert nesten som tablå, medan Mona Jacobsen er den gamle Kristin som heile tida er til stades, og som i retrospekt kommenterer scenene, bind dei saman og fortel. Båe grep er heilt grunnleggande for å få dette til, og ikkje minst vellukka. Men dei byr samstundes på store problem og utfordringar.

Kristins liv, der hennar lagnadstunge val, gudstru og mangel på kompromiss berre er nokre av ingrediensane, er eitt av dei mektigaste epos verdslitteraturen kjenner, og skal ein ha med seg alt på berre tre timar, kan det heile fort bli overflatisk. I Baardsons regi har han, etter det eg ser, konsentrert seg mest om den unge Kristin og korleis tidlege vegval stakar ut resten av livet hennar. Det gir forstand og innsikt, men gjer samstundes at mange av dei øvrige scenene frå eit meir enn levd liv kan ta form av vareopptelling. Nokre av desse tablåa tenderar til det overspela og teatralske kanskje nettopp av di så mye skal fortellast med få ord. Det blir ikkje tid til å gå i djubda, og spesielt i andre akt er det ein del scener der du bør kjenne historia for å henge med. Grepet med den fortellande og tilbakeskodande gamle Kristin gjer nok dette problemet mindre, men samstundes syner det særs tydeleg kor vanskeleg det er å dramatisere dette romanverket. Når Mona Jacobsen fortel, er det med Undsets episke fortellarstemme, og her fornemmar ein den litterære kvaliteten bøkene har, men som ikkje dramatiseringa heilt får med seg. Kontrasten mellom spela og fortald teater blir stor, og ikkje minst særs synleg.
Tone Mostraum har ei stor og tekstrik oppgåve, og får godt fram mennesket Kristin, eit heilt menneske med alle dei fasettar ho har, grunnleggande sta og sterk, men samstundes motsetnadsfylt så det held. Frå den livsglade, uskuldige og noko naive småjenta som på livets terskel gjer eit heilt uhøyrd opprør gjennom sitt lagnadstunge kjærleiksval, og som etter kvart møter alt det som finst av menneskelege problem før ho temmeleg ribba og åleine står framfor sin Gud. Alt dette tek Mostraum godt vare på, sjølv om eg lettare forstår den hovmodige og sta Kristin enn den halselaust forelska. Kristoffer Hivju som Erlend er eit friskt møte. Han tolkar rolla særs jordnært og moderne. Han er direkte, og her er atskillig mindre spor av mellomalder enn i dei øvrige rollene. Mona Jacobsens fortellarstemme gir tyngde til oppsettinga, og hennar nærvær er heilt avgjerande for resultatet.

Den scenografiske løysinga til Bård Lie Thorbjørnsen er annleis, frisk og frigjerande. Scena er eit stort skråplan, rekvisittane er få, og det gjer kostyma til Milja Salovaara meir tydelege. Hovudgrepet er ein stor bakskjerm der abstraherte bilde i ulike fargevalørar skapar stemningar som eit, i bokstaveleg forstand, bakteppe for handlinga. Det er like godt som det er enkelt, og gjer at dei mange sceneskifta glir harmonisk over i kvarandre. Og ikkje minst gjer det at vi konsentrerer oss om handlinga og orda utan å bli opphengd i det som kunne ha blitt distraherande nasjonalromantiske kulisser frå Gudbrandsdalen og Trøndelag. Men Thorbjørnsen hadde stått seg på å stole meir på publikum. Når nokon dør, blir bakteppet brått blodraudt. Vi forstår dramatikken og døden utan å få han måla ut i store bokstavar. Håkon Berge har skrive musikk som er effektfull og stemningsskapande, men som tidvis kan bli litt påtrengande og minne vel mye om filmmusikk.

Bodil Kvamme og Bentein Baardson har tatt på seg ei oppgåve som nok var i største laget. Dramatiseringa av Kristin Lavransdatter greier berre tidvis å trenge ned i den mangslungne materien vi kallar menneskehjertet, og som i følge Undset si særs diskutable devise aldri vil endre seg.

Amund Grimstad

(Meldinga stod i Klassekampen laurdag 17. september 2005)

Leave a Reply