TEATER
ALTER EGO: Aurora eller Don Quijote? Vivi Sunde gir liv til dei båe. FOTO: TINGH KOMMUNIKASJON AS
«Radio Don Quijote»
Teatret Vårt, Molde, Hovudscena
Av: Tormod Carlsen og ensemblet (fritt etter Cervantes)
Regi: Tormod Carlsen
Scenografi: Thomas Bjørnager
Med: Vivi Sunde, Bjørnar Lisether Teigen. Lars Melsæter Rydjord, Johanna Mørck, Sara Fellman og Hugo Mikal Skår
Ein oppfinnsam og humoristisk hyllest til litteraturen og «verdas beste roman».
I samband med Bjørnsonfestivalen i Molde set Teatret Vårt opp ein hyllest til romankunsten, fantasien og kjærleiken, ein artig og intelligent parafrase over Miguel de Cervantes’ «Don Quijote». I eit særs provisorisk studio har nokre entusiastar gjenopna FM-bandet med radiostasjonen «Kulturprogrammet dypdykk». Som publikum får vi utlevert hovudtelefonar og kvar vår FM-mottakar, vi set oss på bakscena og blir etter kvart vitne til ei radiosending av dei sjeldne. Programleiaren Aurora (Vivi Sunde) er ei kvinne som elskar litteraturen og fascinasjonen ved å skape seg indre bilde gjennom lesinga. Slik Don Quijote har forlese seg på riddarromanar, har Aurora nok forlese seg på Cervantes. Ho er ei idealistisk og litt naiv kvinne i godt vaksen alder, og saman med den langt meir jordnære og pragmatiske teknikaren hennar, Jan Tore (Bjørnar Lisether Teigen), blir ho etter kvart meir og meir ein moderne Don Quijote, medan han blir hennar væpnar, Sancho Pansa.
Dei to har sett seg føre å lage radioteater av den gamle romanen, og som dei moderne og liberale menneska dei er, har dei også med seg ei ungdomsavdeling (Lars Melsæter Rydjord og Johanna Mørck) som har ei langt meir rocka tilnærming til litteraturen. Dei er heller ikkje alltid dei representantar for ungdomen som den idealistiske Aurora ser for seg. Med ganske stor patos, enorm entusiasme og litt hjelpelaus amatørisme freistar Aurora å gjere Cervantes’ verk tilgjengeleg for lyttarane. Vi på vår side får ikkje berre høyre radiosendinga, men også sjå produksjon av lydkulisser og alt anna som skjer i og rundt eit studio der radioteateret på kaotisk vis blir avbrote av songinnslag, intervju og innringarar, og der etter kvart alt fell heilt frå kvarandre i Thomas Bjørnagers velfungerande scenografi.
Oppi det heile står Aurora fjellstøtt som ein Don Quijote med klokkartru på det edle prosjektet sitt. Det er blitt ei metaframsyning med uendeleg mange lag, der instruktør og ensemble har leika seg fram til eit utal komiske og gode tablå. Som ein lesar av romanen får både medynk og kjærleik til Don Quijote, får vi same haldning til den entusiastiske, men så hjelpelause Aurora i hennar kamp mot dagens vindmøller. Det skuldast i stor grad Vivi Sunde som på imponerande vis fyller denne rolla ned til minste detalj.
«Radio Don Quijote» er velspela, eksperimentelt og nyskapande, leikent og kreativt, og sjølv om dramaturgien tidvis haltar litt, og ein nok kunne ha vore litt meir kresen på kva som skulle med, er det blitt ei både underhaldande og intelligent framsyning.
(Meldinga stod i Klassekampen fredag den 8. september 2017.)
This entry was posted on fredag, september 8th, 2017 at 4:40 pm and is filed under Teater. You can follow any responses to this entry through the RSS 2.0 feed.
You can leave a response, or trackback from your own site.