Kven skal ein lite på?

TEATER

DILEMMA: Kva gjer du når du finn ei mappe med hemmelege dokument som fortel om massiv overvaking? FOTO: AMUND GRIMSTAD

DILEMMA: Kva gjer du når du finn ei mappe med hemmelege dokument som fortel om massiv overvaking? FOTO: AMUND GRIMSTAD

«Traitor»
Teatret Vårt, Molde
Av: Esther Richardson og Cecilie Lundsholt i samarbeid med Richard Hurford
Regi: Cecilie Lundsholt og Esther Richardson
Scenografi og kostyme: Kate Unwin
Med: Thale Tornes, Line Brå Johansen, Kevin Mbugua og Jonas Delerud

Interaktivt og actionfylt teater som grip rett inn i samtida, og som krev mye av publikum.

 

Teatret Vårt i Molde og den kunstnarlege leiaren for Barneteatret Vårt, Cecilie Lundsholt, held fram med å lage nyskapande teater for barn og ungdom gjennom å utforske og eksperimentere med sjangeren. I samarbeid med Pilot Theatre i York i England har dei nå produsert ei ungdomsframsyning som grip rett inn i debatten om ytringsfridom, overvaking og varsling.

Relativt inkjeanande møter eit tjuetals publikummarar opp utanfor teater- og bibliotekbygget «Plassen» i Molde litt etter stengetid. Med eitt bråstoppar ein bil, og ut kjem ei fortvila mor (Thale Tornes) som fortel at den litt ustabile tenåringsdottera Emma (Line Brå Johansen) har gøymt seg i bygget. Nå treng mora hjelp til å få nokon til å opne. Vi trår til, bankar på vindauga og får til slutt ein vaktmeister (Kevin Mbugua) til motviljug å sleppe oss inn der vi møter ein minst like motviljug reingjerar (Jonas Delerud). Så er leitinga i gang, og i to grupper saumfer vi bygget før vi gradvis får vite at ingen er dei vi trur, og at her kan ein ikkje lite på nokon. Mora jobbar i PST, Emma har hacka pc-en hennar og er i ferd med å gi innhaldet vidare til vaktmeistaren som er med i ei varslargruppe.

Vi blir uforvarande involverte i ein actionfylt thriller der vi etter kvart blir tvungne til å ta store val. Kven skal ein stole på? Er massiv overvaking rette medisinen mot terror og kriminalitet, eller er liberale verdiar som ytringsfridom og rett til privatliv viktigare? Korleis det går, skal eg ikkje seie, for resultatet er avhengig av publikum. Men gjennom ein dryg time blir vi med på eit spennande og ganske heseblesande drama der vi finn dokument det ikkje er meininga vi skal sjå, gøymer oss for overvakingskamera og må ta viktige val.

Dette er i høgste grad interaktivt teater, så både spel og oppleving avheng i stor grad av oss sjølve. Aktørane er gode og trygge i rollene, men sleit med å få oss med i handlinga. Og sjølv om vi etter kvart tok meir del, blei det nok litt uforløyst, også fordi ikkje alle sider ved historia var like truverdig. Men undervegs var det faktisk ganske spennande og fullt mogeleg å bli rive med. Trass i nokre mindre problem fortener Teatret Vårt stor honnør for å våge å gå så nye og dristige vegar, for å vende seg til ei aldersgruppe det blir laga alt for lite teater om og for, og for å ta samfunnsoppdraget sitt på alvor. I tillegg var dette ein uvanleg komplisert produksjon med omsyn til logistikk, timing, og ikkje minst datateknologi og kameraovervaking der synkroniseringa var ganske imponerande.

(Meldinga stod i Klassekampen tysdag den 25. april 2017.)

 

Leave a Reply