TEATER
Trost i taklampa
Av Alf Prøysen
Dramatisert av Marie Hafting
Manusbearbeiding: Morten Joachim og Ane Skumsvoll
Regi: Morten Joachim
Scenografi og kostyme: Mari Hesjedal
Koreografi: Martha Standal
Musikalsk leiar: Frode Berntzen
Med: Kjærsti Odden Skjeldal, Sven Henriksen, Tom Styve, Ole Christian Gullvåg, Mads Jørgensen, Ane Skumsvoll, Ida Løken, Anna Ree, Jacob Vigeland m. fl.
Ein ny, leiken og litt surrealistisk versjon av Alf Prøysens oppgjer med jåleri og bygdedyr.
I samband med Alf Prøysens fødselsdag den 23. juli blir det kvart år arrangert ei «Blåklokkeviku» ved Prøysensenteret i Ringsaker. I 2006 innleidde nokre av folka bak teatergruppa Soria Laboratoria eit samarbeid med Prøysenfestivalen om å lage ei teaterframsyning på grunnlag av novellene til Prøysen. I staden for å sette opp det same spelet år etter år, fann dei fort ut at her var teksttilfanget så stort at dei måtte skrive eit nytt stykke kvart år. Sjølv har eg sett «Slompetreff» i 2011, ei oppsetting basert på fire noveller utan nokon indre samanheng, men presentert som ei heilaftans teateroppsetting, særs tru mot Prøysens and, og der perspektivet sjølvsagt var nedanfrå. Slik har desse entusiastane halde på med sju ulike produksjonar på like mange år.
I år er det hundreårsjubileum for diktaren, og dermed gav dei seg i kast med «Trost i taklampa». Det er den einaste romanen Prøysen skreiv, og boka er blitt både dramatisert og filmatisert. Marie Hafting har nå dramatisert romanen på nytt, Ane Skumsvoll og Morten Joachim har bearbeidd teksten, og Joachim har også ansvaret for regien. Og onsdag var det premiere.
«Trost i taklampa» er ikkje nokon enkel tekst å gi seg i kast med. Dette er Prøysens harselering med både dei som vil vere fine, med bygdedyret, og med mye anna. Det er historia om Gunvor Smikkstugun som kjem heim på ferie etter å ha busett seg i byen, og som trur at folk vil sjå opp til ho når ho er blitt ei fin bydame, det er fattigdomsromantikaren Lundjordet, bygdas utflytta diktar og i røynda ein tullebukk som blir mottatt som ein stor helt, det er avundsjuke, sjalusi, intrigar, pompøsitet, hemn og renkespel. Her er ingen heltar å sjå opp til, men tallause typar å kjenne seg att i når Prøysen ironiserer over og med alt og alle, og eigentleg slår i alle retningar. Romanen er slik sett eit samandrag av det meste av det Prøysen har skrive, men i særs fortetta form. Å lage god dramaturgi av noko som er så mangefasettert er inga lett oppgåve.
Hafting, Joachim og Skumsvoll har gått til verket med ei slags audmjuk respektløyse. I botnen ligg alle dei kjende personane som Gunvor Smikkstugun, diktaren Lundjordet og Snekkersve-karane, men her er det blitt herja ein god del med presentasjonen. Jamvel om vi tematisk og geografisk framleis er på Hedmarken rundt 1950, tar dei oss stadig til nyare tid med utstrakt bruk av musikalske og andre metaforar. Og det er når det blir på det mest leikne og surrealistiske at framsyninga verkeleg tar av. Då får dei synt kor ålmenne dei haldningane Prøysen ironiserer over framleis er. Personleg kunne eg difor godt ha tenkt meg endå meir av den heilt elleville respektløysa.
Framsyninga blir presentert som ei rekke tablå som gjer ho litt fragmentarisk, og der mange av gjentakingane nok kunne ha vore stramma noko inn. Som vanleg er ensemblet ei god blanding av profesjonelle og lokale amatørar der Kjærsti Odden Skjeldal får godt fram den litt naive Gunvor som i det skuffa møtet med heimbygda endar opp med eit ønske om hemn. Og persongalleriet er elles rikt og mangefasettert, toppa av ei uforlikeleg Ane Skumsvoll som den nasegruse litteraturelskaren Ingebjørg. I Martha Standals lett naivistiske og ikkje minst humoristiske koreografi, får vi illustrert mange av dei ulike haldningane Prøysens typar kan by på, og særleg gjeld dette Snekkersve-karane. Kjende Prøysensongar, godt framført under kyndig musikalsk leiing av Frode Berntzen, og i ein lett absurd miks med annan kjend musikk bind framsyninga saman. «Trost i taklampa» er blitt ein annleis og verdig, men ikkje uproblematisk hyllest til Alf Prøysen.
(Meldinga stod i Klassekampen fredag den 25. juli 2014)