Archive for mai, 2025

Opplevingsrikt og vakkert

lørdag, mai 24th, 2025

INSTALLASJON

SKROT?: Er dette nokre kasserte keramiske fliser, er det ein xylofon, eller er det kanskje ein hyllest til Piet Mondrian? FOTO: ARE LOTHE KOLBEINSEN

«The Pond»
Parallax & Dembacke, Rosendal Teater
Av: Parallax & Dembacke
Komponist: Parallax
Lysdesign: Evelina Dembacke
Med: Evelina Dembacke, Torstein Lavik Larsen, Are Lothe Kolbeinsen og Ulrik Ibsen Thorsrud

Gjenbruk av utrangerte gjenstandar kan skape både vakker musikk og store sanselege opplevingar.

«The Pond» er ei framsyning eg i utgangspunktet ikkje ville føle meg komfortabel med å melde, og som eg, hadde det vore for to år sia, kanskje heller ikkje hadde tatt bryet med å sjå. For sjanger, utrykk og tematikk er langt frå komfortsona mi når det gjeld å oppleve og tolke scenekunst. Men for halvtanna år sia såg eg, eller rettare, opplevde eg Gyrid Nordal Kaldestads installasjonsframsyning «Som om eg har vore her før» på Rosendal Teater, og det var ei oppleving så rik at eg den gongen berre måtte setje ord på det eg opplevde. Så når to av dei som var med Kaldestad den gongen, saman med to til, nå har laga eit verk dei har kalla «The Pond», så ville eg i alle fall sjå kva det var. Og nok ein gong er det herleg å kunne fortelje at eg har late meg forføre i ein sjanger eg langt frå er fortruleg med.

Scena er ein black box som er fylt med det som tilsynelatande verkar som skrot og gjenstandar frå alle prestegjeld. Og det er akkurat det det er. Ved hjelp av ein gjenbruksstasjon og flust med kreative idear, har dei fire laga instrument av alt mogeleg som ein til vanleg ikkje ville forbinde med musikk, eller i beste fall med lyd, men knapt nok det. Her er ei blanding av likt og ulikt, hengande keramisk flis, eit gamalt sykkelhjul, ei reiseskrivemaskin, ein rokk, nokre lause orgelpiper, og uendeleg mykje meir. Samt også nokre få tradisjonelle instrument som ein trompet, ei tromme og ein gitar, men som knapt nok blei nytta slik ein er vand med å høyre dei. Fordelt på åtte-ti stasjonar på scena, og med tre skjermar som bakteppe, formidlar tre musikarar og ein lyskunstnar eit symfonisk verk, om ein kan kalle det det, så opplevings- og assosiasjonsrikt at det berre var å late seg drive med.

Bak står improvisasjonstrioen «Parallax (Torstein Lavik Larsen, Are Lothe Kolbeinsen og Ulrik Ibsen Thorsrud) og lyskunstnaren Evelina Dembacke. Alle er kledde i overall, og dei tre musikarane beveger seg frå stasjon til stasjon og trakterer dei ulike «instrumenta». For her blir det laga musikk, – nei ikkje berre lyd, men vakker musikk, med ei reiseskrivemaskin, ein fiolinboge over eikene til eit sykkelhjul, og ein slags xylofon av keramisk flis, opphengt, og med fargeval som ein hommage til Piet Mondrian. Og det er berre ein av dei uendeleg mange assosiasjonane, tilsikta eller ikkje, som ein kan få av denne framsyninga. For alle gjenstandane som her får nytt liv, er ei reise og ei oppleving i seg sjølv.

Musikken ga sjølvsagt også eit utal assosiasjonar, for meg kanskje mest frå naturen som dropar og rennande vatn, men også så mykje meir. På bakskjermane blir det projisert lys og vakre «bilde», og undervegs flyttar Evelina Dembacke seg rundt på scena og lagar utsøkte installasjonar av ulike former for lyssetting og projisering. Og når ho leikar seg med vatn i rørsle blir det både musikk og samstemte bilde på skjermane. Det står i programmet at dette er ein improvisert reise, men det heile er så synkront og saumlaust gjennomført at eg oppfatta det meir som eit ferdig musikalsk og lyssett verk.

Kva handlar «The Pond» om? Det er uråd å seie, og det er også heilt uinteressant. For det desse fire gjorde, var å skape eit rom det var umåteleg behageleg å vere i, og der ein kunne symje av garde i rein nyting, djup kontemplasjon og draumar og oppleving. Og dei synte oss korleis alt kan bli større enn seg sjølv, og kor vakkert det som i utgangspunktet blir sett på som skrot, kan vere. Og ikkje minst kor overraskande god musikk desse gjenstandane kan skape. Heilt kvardagslege og profane ting får med eitt nytt liv og kan konkurrere med både ein Stradivarius, Fender eller Steinway, for å seie det slik. «The Pond» er ein førti minuttar lang sanseleg og opplevingsrik reise gjennom lys, lyd og musikk.

Skummel skulestart

tirsdag, mai 20th, 2025

FIGURTEATER

TANNPUSS: Skal ein begynne på skulen, må også geitebukkar ha nypussa tenner. FOTO: KNUT ÅSERUD

«Bukkene Bruse begynner på skolen»
Hålogaland Teater, Scene Øst
Av: Bjørn F. Rørvik
Regi: Bård Bjørknes
Scenografi og figurdesign: Christina Lovery
Komponistar: Espen Mauno og Stian Weenås Vevik
Med: Julia Bache-Wiig, Ellen Andreassen, Trude Øines og Kristine Henriksen

Ei varm lita figurteaterframsyning om kva som skjer når Bukkene Bruse er ferdig med sommarferie og badeland, og skal ta til på skulen.

Forfattaren Bjørn F. Rørvik og illustratøren Gry Moursunds fire bildebøker om Bukkene Bruse har for lengst blitt bestseljarar og allemannseige. Den første boka, «Bukkene Bruse på badeland (2009), blei dramatisert og sett opp av Teatret Vårt i 2014, og året etter i ei ny dramatisering av Oslo Nye Teater og Riksteatret og blei ein megasuksess. Nå har Hålogaland Teater fått Bjørn F. Rørvik sjølv til å dramatisere den tredje boka i serien, «Bukkene Bruse begynner på skolen» (2017) som figurteater, og framsyninga er for lengst utseld og skal setjast opp att til hausten.

MELKEBARTEN SKULE: Og bakom lurar rektor. FOTO: KNUT ÅSERUD

Dei tre sjarmerande bukkane, synleg dokkeført av Julia Bache-Wiig, Trude Øines og Kristine Henriksen, får ein dag brev frå rektor om at dei må begynne på skulen, og etter ein busstur til Melkebarten skule, er dei heldige og får den snille Harianne som lærar. Det er godt, for den minste bukken er smånervøs og lir av litt skulevegring, og i eit vakkert metagrep, går han ut av rolla og spør dokkeføraren, Kristine Henriksen, om ikkje ho kan hjelpe han. Det kan ho ikkje, men det går likevel bra heilt til bukkane blir tatt for å tisse på nokre blomar og blir sende til rektor. Det er alle elevars skrekk, og særs attkjenneleg. Og så syner det seg at det er trollet som er rektor. Utan å røpe meir, forstår vel dei fleste likevel korleis det går før den litt hyggelegare Fru Elgaker overtek som skulestyrar.

Bård Bjørknes har laga ei lun, triveleg og humoristisk framsyning, og med Christina Loverys fargerike scenografi og dokker er mykje av Gry Moursunds univers frå bildebøkene godt tatt vare på. Nyskriven musikk av Espen Mauno og Stian Weenås Vevik har mykje av den same humoristiske koloritten. Vi kunne nok gjerne ha sett eit troll som hadde litt meir å spele på enn berre å lage fotostatkopiar av rumpa si, men resten av menasjeriet er kostelege. Dei tre dokkeførarane gir oss truverdige og søte små bukkar, og Ellen Andreassen er høgt og lågt, og samstundes imponerande tydeleg som dokkeførar for alle dei andre figurane.

«Bukkene Bruse begynner på skolen» er blitt ei visuell, opplevingsrik og triveleg lita framsyning til stor glede for alle frå tre år og oppover.

(Meldinga stod i Klassekampen tysdag den 20. mai 2025.)

Ei framtid i fortida

mandag, mai 19th, 2025

KOMMENTAR

HISTORISK: Med forslaget «Ny framtid for Nationaltheatret» blir både Linstows og Bulls 200 og 100 år gamle planar fullførte. ILLUSTRASJON: LPO ARKITEKTER

«Ny framtid for Nationaltheatret»
Eit privat forslag frå Ellen Horn, Eilif Holte, Erik Collett, Erik Rudeng, Peter Butenschøn og LPO arkitekter ved Alexander Tunby Rosseland og Lars Haukeland

Ein gjennomgang av framlegget «Ny framtid for Nationaltheatret» syner at det i overraskande stor grad gir svar på det teateret treng.

Etter ei sykkelulykke for ni år sia, sat eg i rullestol eit halvt års tid. Eg hadde akkurat gått ut av Hedda-juryen, og hadde sjølvsagt lyst til å vere med på prisutdelinga. Så eg våga meg på turen frå Trondheim til Oslo. SAS og Flytoget rulla nærast ut raud løpar, og alt gjekk problemfritt. Til eg skulle inn på Nationaltheatret på sjølve prisutdelinga. Først blei eg sett i ein vareheis som sende meg i kjellaren der eg var stranda til eg fekk tak i ein vaktmeister. Så skulle eg inn på hovudscena. Dit var det ikkje mogeleg å ha med rullestol, så eg måtte berast inn. Det var noko av det mest audmjukande og nedverdigande eg har vore med på. Det var då eg fekk auga opp for dei skandaløse forholda ved Nationaltheatret. Og etter kvart som eg har freista å setje meg inn i forfallet og tilhøva, er eg berre blitt meir og meir forskrekka.

UNDER BYGGJING: Nationaltheatret blei opna i september 1899 etter teikningar av Henrik Bull. Utvendig og i volum er det lite som har skjedd på 125 år. FOTO: SEVERIN WORM PETERSEN OG NATIONALTHEATRET

Sia reparasjonsarbeidet etter brannen på 1980-talet har det skjedd lite eller inkje med det bygget som skal vere flaggskipet i norsk teater. Vedlikehaldet har vore nesten fråverande, og Statsbygg har ikkje gjort jobben sin. Alt frå opninga for 125 år sia har det vore peika på at huset er for lite, og mange forslag er lagt fram, endåtil ein arkitektkonkurranse på 1970-talet, men det er blitt luftslott og lite og inkje har skjedd.

TRE AKTUELLE FORSLAG
Med mangeårig bakgrunn som arkitekt med hovudvekt på verna og freda bygg, og som frilans teatermeldar, har eg freista å setje meg inn i dei tre ulike forslaga som for tida ligg føre for Nationaltheatret. Det optimale for eit kvart teater er sjølvsagt eit nybygg der alt kan samlast under eitt tak slik det kan gjerast på Økern. Men Henrik Bulls vakre og ikoniske bygg står framleis i sentrum, og sjølv om det ikkje er noka naturlov at nasjonale institusjonar må vere midt i byen, meiner eg at Økernløysinga først er aktuell om det viser seg umogeleg å gjere noko i sentrum. Anette Trettebergstuens framlegg om eit nedgrave teater på Tullinløkka har openbert ikkje politisk fleirtal. Det er svært dyrt, grunnforholda er vanskelege, og det vil medføre ei anleggstid på 18 år. Det er dessutan ikkje tradisjon for å gøyme nasjonale institusjonsbygg under jorda.

MONUMENTALT: Mot Karl Johan og Universitetet vil teateret framstå langt meir komplett og monumentalt enn i dag. ILLUSTRASJON: LPO

NYTT PRIVAT FORSLAG
Men i mars dukka det opp eit privat forslag, «Ny framtid for Nationaltheatret», som tok utgangspunkt i eksisterande bygningsmasse og bygde vidare på det, i hovudsak med eit tilbygg mot nordvest. Det er eit skisseprosjekt utarbeidd av arkitektkontoret LPO, og bak står ei gruppe privatpersonar med stor tyngde innafor teater, kultur, arkitektur, politikk og økonomistyring, leia av tidlegare teatersjef og kulturminister Ellen Horn. Forslaget er ei slags fullføring av Henrik Bulls opphavelege prosjekt, i historisk stil, og med ein prislapp som burde vere akseptabel for dei fleste. Løysinga verka så innlysande at eg lurte på kvifor ingen hadde tenkt på dette før, noko det fort viste seg at dei hadde. Forslaget har vekt stor og ålmenn begeistring, og førebels har eg berre sett to innvendingar mot prosjektet. Fleire meinte ein måtte sjå kva som var inni den fine fasaden før ein kunne konkludere, og nokre arkitektar freista å gjere prosjektet til lått fordi det bygde vidare i historisk stil.

Eg har skaffa meg innsikt i forprosjektet, og studert det så grundig som det let seg gjere, og eg må berre vedgå at jo meir eg set meg inn i det, jo meir meiner eg at dette må vere det beste svaret på Nationaltheatrets behov og ønske.

IKKJE FULLFØRT: Med ovanståande samanlikning av dagens fasade og forslaget, vil dei fleste sjå at det er noko som manglar i dag. ILLUSTRASJON: LPO

MODERNISME ELLER HISTORISK
Det er dei som meiner eit tilbygg må spegle vår tid og dagens formspråk og materialbruk. Men når du skal byggje inntil eit verna bygg, har du i hovudsak tre val. Du kan byggje vidare med same formspråk, materialval og detaljering. Du kan byggje med tilsvarande volum, takformer og materialbruk som det opphavelege, men likevel vise tydeleg at dette er eit nybygg. Eller du kan byggje noko som står i skarp kontrast til det opphavelege. Alle desse tre mogleikane er like legitime, og ein må gjere ei konkret vurdering i kvart einskild tilfelle om kva som passar best.

GAMLE FORSLAG: Henrik Bull såg alt i 1935 for seg ei tilsvarande utviding, og det gjorde også byplansjef Harald Hals i 1928

For Nationaltheatret er eg overtydd om at å byggje vidare på Bulls opphavelege stil og formspråk, er det riktige, særleg fordi det medfører ei komplettering eller fullføring av det opphavelege bygget. Etter at forslaget om tilbygg blei lagt fram, er det kome fram at Henrik Bull sjølv teikna ei tilsvarande utviding alt i 1935, og byplansjef Harald Hals gjorde framlegg om det same i 1928. Ved å spegelvende fasaden mot Karl Johan om scenetårnet, ser ein også at bygningskroppen ikkje framstår så uferdig som i dag, men blir langt meir monumental og symmetrisk, og vender seg på eit heilt anna vis mot Universitetsplassen, Universitetet og dei historiske bygga bak.

PLAN FRÅ 1838: Med forslaget vil ein fullføre Linstows historiske akser frå 1838.

LINSTOWS GAMLE BYPLAN
Slottsarkitekt Linstow teikna alt i 1838 ein reguleringsplan for «Forbindelse mellem Kongeboligen og Christiania Bye» der han i tillegg til aksen langs Karl Johans gate, også hadde ein tverrakse frå Universitetet til dagens Nationaltheater. Linstow ville leggje Stortinget der teateret ligg i dag, men slik blei det ikkje. Både på grunn av den tette trerekka mot Karl Johan og fordi teateret manglar universitetets symmetri, oppfattar ein ikkje denne viktige historiske aksen i dag. Ei forlenging av teateret, og ei opning mot Universitetsplassen, vil difor fullføre Linstows storslåtte plan og skape eit nytt og spennande byrom.

INNHALDET ER VIKTIGAST
Eit nasjonalteater skal vere monumentalt og vakkert, men innhaldet er sjølvsagt det viktigaste. Det skal kunne formidle stor scenekunst, det skal vere ein god arbeidsplass for dei tilsette, og det skal vere opplevingsrikt og lett tilgjengeleg for publikum. Eg har gått gjennom planteikningane i forslaget frå LPO, og sjølv om det førebels berre er eit skisseprosjekt utan eksakt rominndeling og detaljering, syner både areala, voluma og logistikken at dei har fått plass til det meste. Det nye tilbygget på rundt 3000 m² er ei tilnærma spegelvending av bygninga om scenetårnet. Medan det i den delen av bygget som er freda, frå hovudscenekanten og mot Universitetsgata, berre er gjort mindre tilpassingar som nye heisar og toalett og garderobar for publikum.

NY PRØVESAL: Planskissa for 3. etasje viser plass til ein stor, ny prøvesal. ILLUSTRASJON: LPO

I dag har teateret ei hovudscene og to biscener, – Malersalen og Amfiscenen. Alle desse tre blir behalde. Det nye er ein prøvesal med same storleik som hovudscena, og der det også er mogeleg å ta inn publikum og setje opp framsyningar om det er ønskeleg. Vidare er det gitt plass til ny kantine, betre garderobeforhald og sosiale rom for dei tilsette, eit trimrom, meir produksjons- og lagerplass og betre åtkomst for varetransport. Og alle lokala blir oppgraderte ventilasjonsteknisk. I tillegg er det lagt inn ein liten kafé mot Johanne Dybwads plass. Og så blir sjølvsagt heile bygget universelt utforma slik at ein slepp slike uverdige møte som det eg opplevde i rullestolen for ni år sia. Organiseringa av dei ulike areala i planforslaget tyder på at både ekstern og intern logistikk bør vere relativt enkel å løyse.

MOT SØRAUST: Ein animasjon som viser tilbygget sett frå Abelhaugen. ILLUSTRASJON: LPO

MANGLAR VED PROSJEKTET
Eg har freista å finne manglar ved prosjektet, men dei er få. Hovudscena får større sidescene, men har sjølvsagt nokre scenetekniske avgrensingar. Men med publikumskapasitet på 740, er ho likevel landets største teaterscene. Store kulissar må framleis bli produserte annan stad i byen, men lagerplassen i bygget blir langt betre, og inn- og uttransport blir vesentleg forbetra. Når ein snakkar om eit 125 år gamalt freda bygg, eit nasjonalt klenodium, har eg vondt for å sjå at desse små innvendingane skulle vere avgjerande.

MELLOMBELS LØYSING: Eit provisorisk teaterbygg mot Karl Johan vil gjere det mogeleg å drive teater i heile byggjeperioden. ILLUSTRASJON: LPO

ØKONOMI OG TIDSPLAN
Dersom planane får politisk fleirtal, må det til eit reguleringsarbeid, men det kan skje parallelt med detaljprosjektering og anbodskonkurranse. Og ettersom staten alt eig dei tre tomtene som er omfatta av prosjektet, slepp ein tidkrevjande eigedomserverv. Fasaderehabiliteringa kan ta til så snart dei naudsynte løyvingane er på plass. Ein realistisk plan viser byggjestart sommaren 2027 med at det blir sett opp eit provisorisk bygg mellom teateret og Karl Johan. Det vil ha same kapasitet som dagens hovudscene, og kan bli tatt i bruk frå starten av 2029. Då vil tilbygg til og ombygging av dagens bygg ta til med ei byggjetid på to år. Det nye teateret kan bli tatt i bruk frå 2031, og då står det berre att å rive provisoriet og opparbeide Johanne Dybwads plass. Med denne framdriftsplanen kan det bli spela teater samanhengande på området i heile byggjeperioden. I motsetnad til Tullinløkkaforslaget som vil ta atten år, vil dette berre ta fire års anleggstid.

TIDSPLAN: Rekordrask anleggstid utan spelestans for teateret.
ILLUSTRASJON: LPO

Kostnadane er ei historie for seg. Prosjektleiaren, Eilif Holte, har stipulert at byggjesaka, inklusive provisorisk teater, tilbygg, restaurering av det eksisterande og utomhusarbeid vil koste maks. 4,25 milliardar. I motsetnad til Tullinløkka som vil koste rundt 10 milliardar.

HISTORISKE AKSER: Med forslaget vil Oslo sentrum få eit nytt og historisk byrom omkransa av kunnskapens og scenekunstens høgborger. ILLUSTRASJON: LPO

EIT COLUMBI EGG
Etter å sett meg inn i forslaget «Ny framtid for Nationaltheatret», blir eg berre meir og meir overraska over korleis brikkene fell på plass. Både for dei tilsette og for publikum vil dette bli ei nærast optimal løysing, og det med ei tidsramme og ein kostnad som ikkje bør skremme nokon. Som arkitekt med særleg hug for arkitekturhistorie og forvalting av verna bygg, gler det meg å kunne slå fast at forslaget vil fullføre Linstows og Bulls to- og eitt hundre år gamle planar. Med den symmetriske og monumentale fasaden mot Karl Johan vil hovudstaden få eit vakkert og historisk byrom omkransa av Universitetet og Nationaltheatret, kunnskapens og scenekunstens to høgborger. Kva meir kan fru Thalia ønske seg?

(Ei litt forkorta utgåve av denne kommentaren stod i Klassekampen måndag den 19. mai 2025.)

Ein opplevingsrik og annleis opera

onsdag, mai 14th, 2025

OPERA

GRAVFERDSBYRÅET: Dei tilsette i gravferdsbyrået «Fønix». FOTO: ERIK BERG

«Fønix»
Den Norske Opera & Ballett, scene 2
Konsept, libretto og regi: Lisa Lie
Musikk: Stian Westerhus
Dirigent: César Cañon
Scenografi og kostymedesign: Maja Nilsen
Med: Lisa Lie, Kenneth Homstad, Kjersti Aas Stenby, Oddgeir Thune, Ivar Furre Aam, Íris Björk Gunnarsdóttir, Bernt Ola Volungholen samt Operakoret og musikarar frå Operaorkesteret

Operaen «Fønix» er ikkje alltid til å forstå og fatte, men baud først og fremst på ei stor musikalsk og scenisk oppleving.

Lisa Lie held fram med å sprenge grenser. Etter å ha skapt sitt heilt særeigne teaterunivers, tek ho skrittet vidare til ein annan del av scenekunsten, til operaen. Og sjølv om det er ein ny sjanger, er det på mange vis også som om ho kjem heim fordi det storslåtte, pompøse og ofte melodramatiske i operaen, for ikkje å snakke om at mykje blir spela i versalar, er uttrykksmåtar som har vore del av varemerket til Lisa Lie heilt frå dei første produksjonane hennar på Teaterhuset Avant Garden for snart 20 år sia.

MEKTIG: I Lisa Lies kaos, og den mangslungne scenografien til Maja Nilsen, blir operasongarane Íris Björk Gunnarsdóttir og Bernt Ola Volungholen ein naudsynt kontrast. FOTO: ERIK BERG

Med referansar i aust og vest til både den litterære kanon og populærkulturen, er det i botn alltid det eksistensielle som det dreier seg om i Lisa Lies framsyningar. Det er liv og død, men det er også iblanda mystikk, myter, segn og ikkje minst andre dimensjonar, magi og ein god porsjon av det overnaturlege. I desse grenseområda mellom røyndom og det magisk-mytiske leikar Lie seg med absurd humor, uventa påfunn, men også med mykje innsikt. I «Blue Motell» frå 2013, som hausta Heddapris for «særleg kunstnarleg innsats», tok ho oss med til Dødsrikets venterom. I operaen «Fønix» tek vi skrittet vidare over. Det noko spesielle gravferdsbyrået «FØNIX» med motto om at livet er stutt, men det treng ikkje bli stuttare, så alle bør få ein sjanse til å stå opp att, presenterer eit ritual i fire bolkar. Og det vi får presentert på operaens scene 2 er ei litt annleis dødsmesse, men der referansane til klassikaranes mange requiem likevel er tydelege bak alle dei surrealistiske påfunna.

«Døden er ein privatsak», blir det hevda i framsyninga som samstundes gjer han til felleseige.
Døden er noko av det sikraste i tilværet, men likevel nærast ufatteleg. I Lisa Lies kaotiske landskap blir vi tatt med på å fatte det uforståelege, eller å lage litt orden i kaos, utan at eg skal påstå at det var der eg enda opp.

OPERAKORET: Operakoret tek også aktivt del i framsyninga, her saman med Dick (Kenneth Homstad). FOTO: ERIK BERG

I denne oppsetjinga blir vi med på gravferda til ein verkeleg person, men i god tradisjon med eit skikkeleg gravøl som endar med at flagget går til topps. For her får hovudpersonen ein sjanse til å stå opp att. Og kvar dag er det ny hovudperson. Det har vore auditions på førehand der den som ville kunne få høve til å kjenne på korleis det heile ville bli. På premieren var vi med på gravferda til ei som nok i større grad kjende situasjonen og liturgien frå før, men frå forrettarens side, for hovudpersonen var faktisk ein ung sokneprest. Men ho dukkar først opp mot slutten, for før det var vi vitne til eit virvar av forteljingar, ritar, og mykje anna der Lisa Lie sjølv er Madame Melissa, seremonimeister og leiar for gravferdsselskapet. Kva dei andre på scena er, er ikkje alltid like godt å vite, men viktigast er figuren Dick, ein klovn og kommentator, framifrå gestalta av Kenneth Homstad, som kanskje meir enn nokon kjenner Lisa Lies univers. Dei fire andre utfyller det tidvis ganske absurde og litt naivistisk framførte menasjeriet. Og komponisten, Stian Westerhus, er aktivt til stades, både litt som skodespelar, men først og fremst som gitarist i samspel med og kontrast til dei mange musikarane frå operaorkesteret. Dei to operasongarane, Íris Björk Gunnarsdóttir, Bernt Ola Volungholen, representerer ein heilt naudsynt orden i dette kaoset, og blir slik viktige omdreiingspunkt. Og det trettitals store operakoret saman med orkesteret gjer at det heile blir ei mektig oppleving. Musikken til Westerhus står godt til Lies univers og tematikk, og kontrasten til den tradisjonelle operamusikken blir ikkje så stor som ein skulle tru. Tvert om.

TIL HOVEDØYA: Den «døde» blir rodd ut til Hovedøya alt medan operakoret syng «Slavekoret» av Verdi. FOTO: AMUND GRIMSTAD

Undervegs blir vi inviterte med på allsong av Mozarts Requiem i d-moll, og mot slutten blir vi alle inviterte opp på scena til det eg oppfattar som eit slags overgangsritual før vi vandrar ut i den lune mainatta der den nyoppståtte blir geleida ut i ein robåt og rodd ut til Hovedøya. Der skal ho få vere over natta og kjenne på korleis det var å stå opp att. Alt medan operakoret syng «Slavekoret» av Verdi, ei oppleving nesten åleine verd billetten. Og det var ikkje slutt med det, for så blei vi inviterte med på bål og gløgg på operastranda der det også var mogeleg å både bade og ta badstue.

Skulle du vere forvirra etter denne meldinga, så kan eg love deg at det var denne meldaren også. I mang ei framsyning er ofte opplevinga viktigare enn forståinga, og slik var det absolutt med denne. Eg var med på noko mektig og opplevingsrikt, fullt av humor og absurditetar, men likevel med ein underliggjande struktur som eg ikkje alltid fatta omfanget av. For meg var det meir enn tilstrekkeleg for å ha utbytte av denne himmelske lapskausen av ein opera.

«Fønix» er del av eit trepartssamarbeid mellom Den Norske Opera & Ballett, Trondheim Symfoniorkester & Opera og Bergen Nasjonale Opera, og skal etter dette framførast både i Bergen og Trondheim.

Som ein ropar i skogen

lørdag, mai 10th, 2025

TEATER

PÅ SKOGSTUR: Som ein ropar i skogen, får ein svar, men denne skogen gir korkje retning eller svar. FOTO: STIG HÅVARD DIRDAL

«Spør skogen»
Rogaland Teater, Hovudscena
Av: Nanna Bang etter ein idé av Morten Abel
Regi: Niels Erling
Scenografi og kostyme: Julian Juhlin
Musikk: Morten Abel
Arrangement: Markus Artved
Med: Amund Harboe, Nina Ellen Ødegård, Anders Dale, Matias Kuoppala, Mareike Wang, Marianne Holter, Siri Black Ndiaye og Heine Røise

Uforløyst kvardagsfilosofi er ikkje nok til å lage godt teater av Morten Abels rike songskatt.

For fem år sia sette Rogaland Teater opp «Tønes», ei framsyning bygd på songskatten til Frank «Tønes» Tønnesen. Det var med ei audmjuk tilnærming der tjue songar fekk stå på eigne bein og representere kvar si historie. Sjølv for meg, som aldri hadde høyrt noko av Tønes tidlegare, blei framsyninga ei stor oppleving.

Nå har Rogaland Teater med oppsetjinga «Spør skogen» freista å lage teater av songane til Stavangers største pop-ikon, Morten Abel. Det er blitt ein langt meir pretensiøs produksjon enn «Tønes», openbert med eit ønske om å seie noko vesentleg om kvardagen vår, livet og kjærleiken. Men trass i gode arrangement, flotte songprestasjonar og ein særs lekker og kreativ scenografi og kostymedesign, er det blitt ei sprikande og episodisk framsyning der tekstgrunnlaget er for dårleg, det meste blir retningslaust og uforløyst og songane heng i liten grad saman med tekstane som blir framførte.

Til alle tider har menneska søkt ut i naturen for å kome unna kvardag og mas i håp om å finne meininga i livet. Frå Henry David Thoreaus «Walden» (1854) til vår heimlege Erlend Loes «Doppler» (2004) har dette også vore tema i litteraturen. Slik er det og i «Spør skogen» der sju menneske, i dyreham, dreg ut i skogen for å finne ut av det heile. Alle ber dei på eit sakn eller noko som gjekk litt skeis. Framsyninga er små kvardagsfilosofiske monologar om ulike nedturar, bunde saman av Abels musikk, ofte i heilt nye og gode arrangement.

Det opnar så lovande med eit skoglandskap og dyrehabittar som i ein teikneserie. Det er både vakkert og litt annleis, og i dei pappeskeforma kostyma er det nesten uråd å bevege seg, så det meste blir også ganske komisk. Og slik skal det vere, for dette blir marknadsført som ein «desperat pop-komedie». Først ut er frosken (Mattis Kuoppala), eit dyr som openbert er både nervøs og utilpass. Det er sjarmerande og godt framført. Men når seks dyr til etter kvart skal fortelje oss om sine plagar, fobiar og nedturar, blir det både monotont og repeterande. Vel er historiene deira ulike, men tekstane er uforløyste og innhaldet blir berre små, og ofte særs føreseielege anekdotar utan å syne noka form for retning. Kva forfattaren Nanna Bang og regissøren Niels Erling har ønska med dette, anna enn å ha ei orsaking for å presentere god musikk, er vanskeleg å sjå. Og det innser dei truleg sjølve når fleire av tablåa blir avslutta med at nei, nå er det vel på tide å ta ein song. Framsyninga har mange slike metagrep, men ikkje ei særleg kresen haldning til bruken. Når skodespelarane ber sceneteknikarar om hjelp til å ta av dei hovudet på kostymet, er det artig første, og kanskje andre gongen, men ikkje heile tida.

Ensemblet består av nokre av dei beste skodespelarane ved teateret, og sjølv om fleire av dei, både med song, spel og mimikk, greier å sjarmere det lokale publikummet som sjølvsagt jubla for kjende songar, greier dei ikkje å skjule mangelen i tekstgrunnlaget. Ein rein teaterkonsert hadde nok vore langt å føretrekkje.

(Meldinga stod i Klassekampen laurdag den 10. mai 2025.)

Næmen, så rart!

tirsdag, mai 6th, 2025

TEATER

KNOPPAR BREST: Det kan bli fargerike skapnadar av eit frø og ei ert. FOTO: ANNE MARTHE VESTRE BERGE

«Nysgjerrigper»
Teatret Vårt og Sprengt Teater, Arbeideren, Ålesund,
Av: Fride Snipsøyr Holøs, Sindre Slorafoss og Maia Lohre Køhn
Regi: Fride Snipsøyr Holøs
Scenografi og kostyme: Maria Victoria Høvring Høeg
Komponist: Fride Nøstdahl Hjelle
Med: Fride Snipsøyr Holøs, Anna Haaland og Maia Lohre Køhn

Ei opplevingsrik framsyning som gir mat til undringa hjå dei minste.

VERKSTAD: Her blir det skapt fargerike, kreative og flygedyktige venger. FOTO: AMUND GRIMSTAD

Ikkje på noko tidspunkt i livet er menneska meir nyfikne og hungrige på kunnskap enn i dei første leveåra. Dette kan det vere godt å ha i bakhovudet når ein skal lage teater for dei aller minste, og det er truleg slik barneteateravdelinga til Teatret Vårt og frigruppa Sprengt Teater har tenkt med oppsetjinga «Nysgjerrigper». For her er undring og oppleving langt viktigare enn sjølve forteljinga, jamvel om ho også er tydeleg til stades.

GODT BUDD: To små sommarfuglar klåre for teater. FOTO: AMUND GRIMSTAD

Framsyninga tek i røynda til ein time i forkant då dei minste får tilgang til ein verkstad der dei kan lage fargerike og kreative sommarfuglvenger til å ha på seg. Utan at dei forstår det, blir dei med dette førte inn i det universet som framsyninga handlar om. Det er vår, knoppar brest og nytt liv vinn fram. Ein sommarfugl (Fride Snipsøyr Holøs) er vår guide og flyg lågt over publikum, før ho oppdagar eit par rare skapnadar på scena. Eit rør, som kan vere ein puppe eller ei åme, tek gradvis til å springe ut, og det same skjer med ein annan uformeleg klump. Så syner det seg at dei er det vår guide kallar eit frø og ei ert (Anna Haaland og Maia Lohre Køhn). Dei to tek til å utforske kvarandre, nitid gransking av hender, føter, tær, akkurat slik ungar gjer, og det oppstår både artige og vakre tablå, og openbert stor grad av attkjenning for dei unge i salen.

HALVFERDIG: Framleis berre eit frø og ei ert. FOTO: ANNE MARTHE VESTRE BERGE

Men framleis er dei to berre eit frø og ei ert, og båe like einsfarga lysegrøne og anonyme. Før dei like gradvis og nennsamt tek til å felle delar av kleda, eller ytterhuda. Og etter metamorfosen blir dei to særs fargerike små vesen, og båe med venger, – akkurat som ungane.

I FULL MUNDUR: Kven skulle tru at dette var ei ert? FOTO: ANNE MARTHE VESTRE BERGE

Denne produksjonen er eit samarbeid mellom frigruppa Sprengt Teater og Teatret Vårt, og er arbeidd fram frå ein idé av Fride Snipsøyr Holøs som også har regi og rolla som sommarfugl. På regisida har ho hatt god hjelp av Toril Solvang-Kayiambakis. «Nysgjerrigper» er sjølvsagt ikkje revolusjonerande scenekunst, men ei upretensiøs og opplevingsrik lita framsyning som snakkar rett til målgruppa, og som openbert treff henne. Det var kommentarane og stemninga i salen tydeleg prov på. Med varsamt tonefølgje komponert av Fride Nøstdahl Hjelle, og dei fargerike og kreative gevantane til kostymedesignaren Maria Victoria Høvring Høeg, blei det heile også ei lita audiovisuell oppleving. Meir skal det ofte ikkje til.

(Meldinga stod i Klassekampen tysdag den 6. mai 2025.)