KOMMENTAR

Marit Moum Aune (f. 1964) blir ny teatersjef på Nationaltheatret etter at Kristian Seltuns åremål går ut. Aftenposten, som skulle vere ei av dei meir opplyste avisene i Norge, omtalar henne som «Netflixregissør». Det minner om då ei av landets mest meritterte skodespelarar, Renate Reinsve, vann gjev pris i Cannes i 2021, og den same Aftenposten omtala henne som ei som var kjend frå film! Det seier diverre litt om kunnskapsnivået i den avisa.
Eg har hatt gleda av å følgje mykje av arbeidet som Marit Moum Aune har gjort i og for scenekunsten heilt sia ho for meir enn førti år sia, berre 20 år gamal blei teatersjef for Avant Garden i Trondheim. I dei fleste omtalane av hennar mange dramatiserings- og regioppdrag, blir oppsetjinga av «Genanse og verdighet» av Dag Solstad trekt fram, ein produksjon som også fullt fortent gav henne Heddapris i 2001. Men dei som har vore med frå starten, vil vite at den framsyninga som verkeleg viste at vi her hadde å gjere med eit talent langt utover det vanlege, – det var ei unnseleg lita oppsetjing i Studentersamfundet i Trondhjem. Det var i Studentersamfundets Interne Teater (SIT) at Marit Moum Aune fekk grunnutdanninga si, og i 1993 sette ho opp «Milkwood» («Under Milkwood») av Dylan Thomas på dreiescena i Studentersamfundet med ei heilt genial sceneløysing der publikum sat på dreiescena, og medan vi blei dreidd rundt gjennom det døgeret som framsyninga omhandla, spela skodespelarane opp mot sceneveggane. At det i tillegg var framifrå spel og stram og tydeleg regi, gjer at denne framsyninga faktisk er blant dei som er av dei fremste i minnet mitt av alt det eg har sett gjennom mange år som teatermeldar.

Marit Moum Aune har gått mange nye vegar og har ikkje vore redd for å sprengje grenser. Om lag på same tid som «Milkwood» sette ho opp «Kristin Lavransdatter i Nidarosdomen» av Sigrid Undset som ei lita danseframsyning i Nidarosdomen under Olavsfestdagane, og dette, saman med «Soldatens historie» (av Igor Stravinskij) i Olavshallens lille sal i 1989, blei starten på eit livslangt samarbeid med den nære vennen og samarbeidspartnaren, Ingrid Lorentzen. Det har halde fram med store norske og internasjonale regioppgåver også innan ballett.
Kva Marit Moum Aune har gjort etter dei første åra i Trondheim kan fylle bøker og tør vere vel kjend for dei flest (med mogeleg unnatak for Aftenposten?), og plassen tillèt heller ikkje å nemne alt. Men som ein som har hatt privilegiet å følgje Marit Moum Aune gjennom meir enn førti år, og som på mange vis kan takke henne for at eg har halde fram som teatermeldar (men det er ei anna historie), tenkte eg det var greitt å fortelje litt om starten hennar, og at karrierar som oftast ikkje tar til når folk flyttar til hovudstaden eller er på TV.
Eg gratulerer Marit Moum Aune med jobben som teatersjef på Nationaltheatret og ser fram til åra hennar i sjefsstolen.