KOMMENTAR

Den årlege Vinterlysfestivalen i Mo i Rana viste nok ein gong eit omfattande tverrsnitt av både den etablerte scenekunsten og underskogen.
I regi av Nordland Teater, og som eit kulturelt lyspunkt i ein elles mørk etterjulsvinter, er det i 24 år blitt arrangert Vinterlysfestival i Mo i Rana. I ei dryg veke står den vesle byen i Helgeland på hovudet med heile 268 ulike teaterframsyningar og andre arrangement som konsertar, film og kunstnarsamtalar. I samarbeid med Rana kunstforening, er det også ein årleg festivalkunstnar med eiga separatutstilling, og i år var det Kjell Erik Killi-Olsen. Frå forsiktig programmering i starten, har Vinterlysfestivalen vakse seg til å bli ein av dei aller største teaterfestivalane i landet. Med tanke på kor mange som bur i Mo og omland, måtte Heddadagane i Oslo hatt om lag 10 000 arrangement for å kunne måle seg med Vinterlys. Det seier litt om kulturlivet i det langstrakte landet vårt, og bør kanskje vere ein vekkjar for nedskjeringskåte politikarar.

Vinterlysfestivalen har under Wenche Bakkens 23-årige kuratering vore ein viktig arena for det som rører seg i underskogen av scenekunstfeltet. Slik har den vore ein inngang til grupper og skodespelarar som til nå ikkje har fått så mykje merksemd. Nå har Bakken gitt stafettpinnen vidare til Sissel Brean som både har utvida omfanget og halde fram i same stil. Nok ein gong var det ei flott blanding av eldre produksjonar og av nytt og ukjend. Heile ni premierar var det og funne plass til. Sjølv fekk eg «berre» med meg rundt 35 arrangement, og på alle var det så godt som fullt hus. Her er nokre høgdepunkt.
Riksteatret sette standarden då dei første festivaldag hadde turnépremiere på «Prima Facie» (meld her i avisa førre måndag). Applausen hadde knapt rukke å leggje seg før det var nok ein premiere, denne gongen på eit lokalt og enkelt lite stykke, «Til de voksne». På bakgrunn av utvalde tekstar av Linn Skåber hadde tidlegare nemnde Wenche Bakken laga ei særs forsiktig dramatisering der sju personar, der berre eit par av dei hadde skodespelarrøynsle, på imponerande vis framførte innsiktsfulle tekstar som ga lyst til å lese meir av Linn Skåber.
I samband med Ibsenfestivalen i Oslo for nokre år sia der hiphopen møtte fru Thalias salongar representert ved SPKRBOX og Nationaltheatret, blei det også eit møte mellom skodespelaren Håkon Ramstad og rapparen André Martin Hadland (Son of Light). Det har utvikla seg til eit utkast til ei framsyning dei kalla «Onkel Aage og den kosmiske smie». Det var ei varm og upretensiøs oppsetjing tufta på to heilt ulike historier som båe på sitt vis handla om utanforskap, og som dei absolutt bør utvikle vidare.

Skodespelaren Sigmund Njøs Hovind, hadde med seg to framsyningar, «Amor Fati», som han hadde laga sjølv, og P. O. Enquists «Styrtet engel» i regi av Kjersti Elvik. I båe nytta han ekspressiv dans til å illustrere handlinga. Gjennom ein stutt einaktar greidde han i «Styrtet engel» på eit poetisk vis å formidle kjensler, draumar, minne og essensen i romanen, men framsyninga var nok best for den som kjenner innhaldet og tematikken. Enklare å forstå var «Amor Fati» der han gjennom dans og fine repeterande regi- og forteljargrep ga oss ein bitter eldre mann i retrospekt, tungt akkompagnert av jazzmusikaren Stephan Meidell. Men historia om mann utan sjølvinnsikt, har vi høyrd nokre gongar før, og denne ga oss, trass godt spel, ikkje så mykje ny innsikt.
Vinterlysfestivalen baud på ein omfattande meny i ei fin blanding av nytt og gamalt. Og i ein god meny, får ein desserten til slutt. Torsdag hadde skodespelaren og regissøren Trond Lie urpremiere på ein inderleg og lun presentasjon av Kjell Askildsens «Thomas F’s siste nedtegnelser til almenheten» (sjå eiga melding). Og rett etter var det urpremiere på «Manual for Living Beings» av det spanske kompaniet La Mula, co-produsert av Figurteatret Nordland. Det var eit humoristisk og ganske annleis figurteater. Lenge sat vi og lurte på når det skulle ta til, før vi etter kvart forstod at det for lengst hadde starta. I langt større grad enn vanleg for figurteater, var det orda og språket som var det viktige, og med ein sinnrik scenerigg som både var imponerande og baud på humor, forstod vi etter kvart at i den grad dette var dokketeater, så var det faktisk vi som var marionettane. Framsyninga blir vist på Beddingen kulturhus i Bodø i dag, men dreg deretter til Spania.
Ikkje overraskande sette årets Vinterlysfestival publikumsrekord. Neste år er det 25-årsjubileum og neppe mindre omfattande program. For teaterinteresserte bør det difor vere ein god idé å vurdere ein tur til Mo den andre veka i februar i 2026.
(Kommentarartikkelen stod i Klassekampen måndag den 17. februar 2025.)