TEATER

«Drontheim»
Trøndelag Teater, Hovudscena
Av: Elisabeth Matheson
Regi: Catrine Telle
Scenografi: Even Børsum
Komponist: Alf Lund Godbolt
Lysdesign: Eivind Myren
Med: Madeleine Brandtzæg Nilsen, Mira Dyrnes Askelund, Hildegunn Eggen, Tor Ivar Hagen, Hans Petter Nilsen, Ingrid Bergstrøm, Synnøve Fossum Eriksen, Thomas Jensen Takyi, Arturo Scotti og Patrick Hilmar Ingvaldsen
Elisabeth Matheson og Catrine Telle har laga eit fortetta og spenningsfylt drama som løfter viktig kvinnehistorie frå krigen.
Det er skrive eit utal verk og laga ei mengd filmar om krigen i Norge, men stort sett er det heltehistorier om menn. Framleis er det stille om alle dei kvinnene som med fare for eige liv var kurerar, telegrafistar og anna som kanskje ikkje var like spektakulært som sabotasjehandlingane, men som var avgjerande for alliert etterretning og krigens gang og utfall. Med utgangspunkt i dette har Elisabeth Matheson skrive eit drama om to lite påakta systrer i Trondheim i dei dramatiske dagane under unntakstilstanden i oktober 1942.
Midt-Norge og det som blei kalla «Festung Drontheim» var eit strategisk viktig område for nazistane, og dei frykta ein alliert invasjon i landsdelen. I samband med eit våpenslipp ved Majavatn i september 1942 blei tre tyske soldatar drepne. Og natt til 5. oktober blei Fosdalen Gruber i Malm sprengd. Reichskommissar Terboven var rasande og innførte unntakstilstand. Hans lydige løpargut, fylkesførar i NS Henrik Rogstad, sette opp ei liste over ti sentrale menn som blei avretta som sonoffer den 7. oktober. I dei to dagane etter blei 24 personar frå Majavatn-området tatt og skotne. På same tid blei alle jødane i Trondheim arrestert. Alt dette skjedde mellom 5. og 9. oktober og representerte ei brutal opptrapping av okkupasjonen frå tysk side.

Elisabeth Mathesons drama «Drontheim» skildrar desse fem døgna nærast minutt for minutt. På Trondheim bibliotek er førstebibliotekar Johanna Matheson (Madeleine Brandtzæg Nilsen) ein viktig kurer som nyttar bokutlån til å sende og ta imot koda meldingar. Og den yngre systera Thora, tilsett i Forretningsbanken, står for pengetransaksjonar frå eksilregjeringa. Båe er med i den lokale leiinga av etterretningsorganisasjonen XU. Dei er overtydde om at ein alliert invasjon er nært føreståande, og det er livsviktig å få sendt kart over militære installasjonar til England. Telegrafisten deira er skodespelar på Trøndelag Teater og har sendar på snorloftet. Teatersjef Henry Gleditsch har for lengst erta på seg nazistanes vreide og den 6. oktober er det premiere på «Vildanden» i hans regi.
Med forbausande få frie kunstnarlege grep har Matheson greidd å sy alt dette saman til eit intenst og nervepirrande drama om fem av landets mest dramatiske krigsdøgn som enda i at teatersjef Gleditsch blei henta frå premieren på «Vildanden» og skote på Falstad i Nord-Trøndelag saman med eit trettitals andre, at fleire motstandsfolk blei arresterte, og etter kvart også dei to systrene. Elisabeth Matheson har arbeidd i fleire år med kjelder og tidsvitne og skrive ei forteljing der det aller meste er basert på verkelege folk og hendingar. Ved å dikte inn ein liten jødefamilie, har ho også fått inn jødedeportasjonane, og utan å drive røpealarm, har dette grepet gitt den særs sterke og rørande epilogen i dramaet eit lite strok av håp.

Catrine Telles regi er tru mot manus og hendingane, og greier effektivt og med nerve å fange det intense i situasjonen, men også den galgenhumoren som er heilt avgjerande for å overleve i ei slik tid. Oppsetjinga er full av tablå og sceneskift, kanskje vel mange, men med Even Børsums kreative scenografi med bruk av snorloft, flyttbare veggar og lysbildeprojeksjonar, går skifta forbausande bra. Ensemblet på ti akslar minst eit tjuetals roller, men også dette skjer saumlaust både ved språklege nyansar og ikkje minst med Børsums tidsriktige og illustrerande kostyme. Madeleine Brandtzæg Nilsen og Mira Dyrnes Askelund gir oss fine og djuptpløyande tolkingar av dei to systrene der Johanne viser litt meir kjensler enn Thora som er langt meir kompromisslaus. Hildegunn Eggen leverer to små, men nydelege portrett av mora til systrene og ein fallert diva på teateret. Og Tor Ivar Hagen er overtydande som den ideologisk steinharde fylkesførar Rogstad.

«Drontheim» er ei uvanleg mangefasettert framsyning der Matheson og Telle har greidd å få inn eit utal aspekt ved desse lagnadsdøgna, både gjennom kvardagsskildringar, situasjonen på teateret, dobbeltlivet til agentane, jødeforfølgingar, tortur, avretting og forboden kjærleik. I tillegg til alle dei som tilsynelatande ikkje meinte noko, men som gjorde det likevel når det kom til stykket. Og alt dette i eitt einskapleg og samla drama der alle elementa har sin naturlege plass. Men først og fremst er «Drontheim» blitt ei viktig løfting av dei mange anonyme kvinnene som ikkje har fått den heideren dei fortener, her personifisert ved Johanna og Thora Matheson som båe blei arresterte hausten 1942. Thora sat på Grini til freden kom, medan Johanna døydde i fangeleiren Ravensbrück i 1944.
(Meldinga stod i Klassekampen måndag den 3. februar 2025.)