Archive for september, 2024

Er vi alle blinde?

lørdag, september 14th, 2024

TEATER

LOSING: Leia av den sjåande legekona (Emma Deichmann), føler legen (Emil Olafsson) og dei andre blinde seg fram. FOTO: VEGARD EGGEN

«En beretning om blindhet»
Trøndelag Teater, Hovudscena
Basert på ein roman av José Saramago
Omsett av: Christian Rugstad
Dramatisering og regi: Mina Salehpour
Scenografi: Andrea Wagner
Kostyme: Maria Anderski
Lyddesign: Sandro Tajouri
Lysdesign: Eivind Myren
Med: Emma Caroline Deichmann, Emil Olafsson, Patrick Hilmar Ingvaldsen, Synnøve Fossum Eriksen, Trond-Ove Skrødal, Madeleine Brandtzæg Nilsen, Janne Kokkin, Paal Herman Ims og Mira Dyrnes Askelund

Er det først etter å ha mista synet at vi verkeleg kan sjå og forstå?

Gjennom fleire romanar har den portugisiske forfattaren og Nobelprisvinnaren José Saramago (1922-2010) tatt opp ulike pandemiske situasjonar. I «En beretning om blindhet» frå 1995 blir menneska ramma av ein pandemi som gjer dei blinde. Korleis taklar ein slikt, og kva gjer styresmaktene for å handtere pandemien og hindre ytterlegare smitte? Med covid 19 friskt i minne, er det nok mange som kjenner seg att. Den første dramatiseringa i Norge var nærast profetisk då Haugesund Teater sette den opp i 2020 berre ein månad før pandemien. Då alt blei stengt, laga det same teateret ein digital føljetong, filma heime hjå kvar av skodespelarane. Båe desse produksjonane var stiliserte og ei blanding av forteljar- og regiteater, men synte tydeleg kor vanskeleg denne romanen er å dramatisere.

Nå har Trøndelag Teater fått det kunstnarlege laget til den iransk-tyske regissøren Mina Salehpour til å dramatisere og setje opp Saramagos roman. Det er tredje gong på tre år at dette laget, som har samarbeidd tett i over femten år, lagar ein produksjon på Trøndelag Teater. Sjølv om vi også nå ser mykje likskap med dei to føregåande og særs vellukka produksjonane, har dei denne gongen ikkje fått det til i same grad.

Det tar til i teaterets foajé der skodespelarane som eit talekor les frå starten av romanen der den første personen blir blind medan han ventar på grønt lys, korleis han blir hjelpt heim av ein som etterpå stel bilen hans for så sjølv å bli blind. Om besøket hjå augelegen som også etter kvart blir blind, til liks med dei andre på venterommet og sekretæren hans. Berre kona til legen unngår pandemien, men klokeleg held ho det ganske hemmeleg.

Styresmaktene blir livredde, og internerer dei blinde, lagar strenge reglar, og i andre akta flytter vi inn på hovudscena der scenografen Andrea Wagner har skapt eit klaustrofobisk kvitt rom, eit nedlagd asyl. Der blir vi plasserte saman med dei internerte og får oppleve korleis menneska reagerer ulikt på slike utfordringar. Nokre held på humaniteten, medan andre blir utnyttande og valdelege. Og samfunnet går i oppløysing. Å sitje så tett på dei famlande blinde, all fornedringa og vondskapen, blir sterkt. Særleg er eit tablå der legesekretæren (Janne Kokkin) fortel om valdtekt og korleis kvinnene må ofre seg for å skaffe mat, ei intens, vond og gripande scene. Romanen er lang og omstendeleg og Salehpour har kutta, stilisert og forenkla. Det har resultert i ei blanding av forteljarteater og dramatisering, der det blir for mykje forteljing. Fleire avgjerande scener skjer nokså umotivert og utan at det blir bygd opp til dei dramaturgisk. Legen (Emil Olafsson) har seg plutseleg med ein av pasientane utan at vi får vite kva som ligg bak. Og kona hans (Emma Deichmann) ser det heile, men reagerer knappast. Ein overgripar blir brått og utan forvarsel drepen med ei saks, medan den fysiske saksa heng ein heilt annan stad. Og når kona (Synnøve Fossum Eriksen) til den første blinde til slutt set fyr på asylet der dei er internerte, får vi ingen illusjon av brann. Plutseleg har alle kome seg ut i det fri utan å bli skotne av soldatane som held vakt. Mykje er ulogisk og det går litt over stokk og stein.

I siste akt blir vi plasserte som vanleg teaterpublikum ute i salen, og får ein slags epilog der dei sju vi har følgd, får følgje av ein hund (Paal Herman Ims), finn fram til mat, gamle naboar og husvære før det endar som med dei fleste pandemiar. Den går over. Jamvel om siste akt byr på framsyningas vakraste scene der to av dei blinde (Trond-Ove Skrødal og Madeleine Brandtzæg Nilsen) viser at humanitet og kjærleik kan overvinne vondskap, blir likevel både første og siste akt alt for omstendelege. I den grad dette blir vellukka som teater, er det i den klaustrofobiske andre akta der vi kjem tett på og nesten fysisk får kjenne på korleis det er for dei blinde. Her får vi også det beste spelet, for i denne akta har skodespelarane fått langt meir å spele på. Det manglar ikkje på godt spel, men det hjelper diverre så lite når dramatisering og regigrepet ikkje lukkast i same grad.

«En beretning om blindhet» blir ofte lesen som berre ei dystopisk historie om kor vonde og sjølvøydeleggjande menneska kan vere, men Saramagos program var nok også eit anna. Folka i boka blei ikkje blinde. Dei var blinde som såg! Først ved å miste evna til å sjå, kan ein få nytt syn på det meste. Sjølv om dette kjem godt fram i oppsetjinga, syner likevel også denne iscenesetjinga tydeleg at ikkje alle romanar eignar seg for dramatisering.

(Ei litt forkorta utgåve av denne meldinga stod i Klassekampen laurdag den 14. september 2024.)

Kor kjem maten frå?

fredag, september 13th, 2024

TEATER

GIFTIG?: Mjøldryge er ikkje det beste å få i brødet som bøndene Ask (Kadir Talabani) og Liv (Tiril Pharo) serverer oss i «Korn», presentert i naturskjønne omgivnadar. FOTO: DAVID ZADIG

«Korn»
Tiril Pharo Produksjoner, Fossevikja, Fjaler
Av: Tiril Pharo
Regi: Tiril Pharo
Medregissør: Kornelia Melsæter
Komponist og lyddesign: Andreas Lyngstad
Koreograf: Sigrid Edvardsson
Lyd- og teknisk design: Kristoffer Nicolaysen
Med: Tiril Pharo, Kadir Talabani, Marie Longva Danielsen og Sebastian Warholm

Ei pedagogisk og lærerik påminning om at primærnøringa heiter så fordi ho er viktigast og er den som gir oss maten på bordet.

Fridom var tema for Teaterfestivalen i Fjaler i år. Dette omgrepet er stort, og i Fjaler blei det problematisert både i samband med ytringsfridom, det totalitære og høvet til å handle politisk, men også i det økonomiske som i jordbruket. På same tid som globalisering, sentralisering, og ikkje minst monopoliseringa i matvarebransjen gjer at bonden blir meir og meir ufri og gjeldstynga, og omgrepet «odelskam» er tema i ei ny bok, er det kanskje ei anna form for fridom som gjer at så mange bønder likevel held ut. Å leve i pakt med naturen, oppleve vekst og grøde, kalving og dyrehald, og, i alle fall på papiret, vere sin eigen herre, samt å kjenne arven etter generasjonar før deg. Alt dette representerer nok ei form for fridom som er vanskeleg å seie frå seg. Om dette og mykje meir handlar framsyninga «Korn», med undertittelen «Et kjærlighetsdrama på jordet», ei framsyning som slett ikkje var «på jordet».

Tiril Pharo er skodespelarutdanna, men i meir enn femten år har ho, saman med mannen, vore kornbonde på ein gard i Spydeberg i Østfold. Ho driv økologisk, er kommunepolitikar for MDG og driv samstundes sitt eige vesle teaterkompani med stadspesifikt teater. Med nærleik, og dermed stor kunnskap, til tematikken rundt gardbrukarens liv og kvardag, har ho nå laga produksjonen «Korn» som hadde urpremiere på heimgarden Åsheim i Spydeberg for fjorten dagar sia, men som deretter blei vist på Teaterfestivalen i Fjaler før ho i desse dagar er attende i Østfold..

Det er langt frå dei flate kornåkrane i Østfold til brattene i Fossevikja rett over fjorden for Dale der eg fekk sjå «Korn», og sjølv om det korkje er mogeleg med korndyrking eller skurtresking i slikt terreng, er vi likevel ute i eit kulturlandskap, og godtek det som både autentisk og stadspesifikt trass i ulikskapen. Vi blir utstyrte med headsets slik at vi kan høyre det som skjer sjølv om vi er ute i naturen, og så tek det heile til med at Marie Longva Danielsen, som både er ein forteljar og på same tid dottera Kornmo, set oss inn i det som førte til at mora blei gardbrukar. Midt i skuronna fell bestefaren om og dør. Garden hans er lagt ut til sals, og dottera Liv (Tiril Pharo) er opptatt med å studere arkeologi på universitetet, eit fag som ikkje er av det mest matnyttige for ein gardbrukar. Som odelsjente må Liv ta eksistensielle og skilsetjande val. Ho kunne ha sagt frå seg garden, men vel å drive. Midt oppi desse skal/skal ikkje-vurderingane dukkar Ask (Kadir Talabani) opp, eit urmenneske frå jeger- og sankartida. Her er det ein god porsjon magisk realisme, men også det godtek vi, for slik får Pharo trekt dei lange linene for menneska, og Liv får kanskje nytta noko av arkeologien?

LIGGE I GRØNE ENGER: Dottera Kornmo slangar seg i «kornåkeren» i Fossevikja. FOTO: AMUND GRIMSTAD

Det blir søt musikk mellom Liv og Ask, og dei to vel å drive garden vidare. Og så får Liv og Ask etter kvart kjærleiksbarnet Kornmo (Marie Longva Danielsen). I bakgrunnen lurer naboen Ulf (Sebastian Warholm) som driv tradisjonelt, og som ikkje er så nøye på slikt som kraftfôr og sprøytemiddel. Det er fire tydelege og særs symboltunge roller, noko også namna deira syner.

Situasjonen er etablert, og så tek Liv, med god assistanse av dei tre andre, oss med på ei lærerik og pedagogisk vandring rundt på garden. Vi får innføring i landbrukets fleire tusen års historie og i mykje av gardbrukarens daglege problem og utfordringar som sikkert er ukjend for dei fleste. Vi lærer om uår, korndryge, om brødbakst og brygging, om daglege gjeremål, men også om mekanisering og maskininvestering og påfølgjande gjeldsbyrde, noko som svinebind bonden til garden ettersom det ikkje er økonomi i å selje.

Framsyninga er ei god blanding av dramatisert teater, forteljarteater og pedagogisk vandring der Liv gir oss smaksprøver, både av brødet hennar og drikke, og det toppar seg med ein humoristisk landbruks-quiz som nok kunne vere augeopnande for mange. Mangfaldet og det innhaldsrike i denne framsyninga er både hennar styrke og samstundes største problem. Det blir etter kvart litt for mykje vi skal innom av likt og ulikt, og eg trur ein viss konsentrasjon om litt færre tema kunne ha vore heldig. Korleis det går til slutt, skal eg sjølvsagt halde meg langt frå å fortelje, men sjølv om HMS ikkje er det som står høgast på bondens kvardagsagenda, blei finalen litt i kraftigaste laget, og skugga slik sett over mykje av resten av innhaldet. For i hovudsak har Tiril Pharo tatt oss med på ei lærerik og god innføring i kornbondens kvardag, og ikkje minst gitt oss ei viktig påminning om kor maten vår kjem frå.

Ode til levd liv

fredag, september 13th, 2024

DANS

LIVSVEVEN: Symbolikken i framsyninga er tung og tydeleg, som her med alle trådane, eller einskildindivida, som vever seg saman til noko større. FOTO: DAVID ZADIG

«Blaff»
Berit Einemo Frøysland, Samvirket Scene, Fjaler
Tekst og koreografi: Berit Einemo Frøysland
Regi: Ingrid Askvik
Kostyme: Zofia Jakubiec
Musikk: Øyvind Hegg-Lunde
Lysdesign: Randiane Aalberg Sandboe
Voiceover: Reidun Melvær Berge
Med: Karen Eide Bøen, Synne Erichsen og Noelle Elyza G. Deriada

Ei poetisk og symboltung danseframsyning som er ein hyllest til alle dei andletslause slitarane i husmannsvesenet.

Norge er på mange vis eit annleisland, og mykje av bakgrunnen for at vi her i landet er mindre autoritetstru og ikkje så lett let oss pelle på nasen og bli overtydde av makta, ligg 150 til 250 år attende i historia vår. Lekmannsrørsla og haugianarane i tida før og under Napoleonskrigane og frigjeringa frå Danskeveldet, Thranittrørsla og veksande arbeidarorganisering på midten av 1800-talet, og ikkje minst det særeigne norske husmannsvesenet som nådde sitt høgdepunkt på same tida. Husmennene var sjølvsagt fattige, og småkårsfolk. Dei var kua, måtte gjere pliktarbeid og levde på korttidskontraktar og storgardens nåde. Men dei var leigetakarar av sin vesle jordflekk, og slik sett langt meir sjølvstendige enn til dømes statarane i Sverige og dagleigarane i Danmark, slik desse gruppene er skildra av forfattarar som Ivar Lo-Johansson, Martin Andersen Nexø og Hans Kirk.

Då husmannsvesenet var på sitt mest omfattande rundt 1850, var det nesten like mange husmenn som bønder her i landet. Men jamvel om det var titusenvis av dei, er dei i historiebøkene stort sett berre ein namnlaus masse. Dei blir fødde, lever eit liv i slit og armod før dei dør. Livet til alle desse andletslause og anonyme slitarane har i den store soga berre vore «ein pust i sivet» eller eit blaff. Dette er det dansaren og koreografen Berit Einemo Frøysland har tatt tak i og laga ei lågmælt, musikalsk og ikkje minst særs lyrisk danseframsyning som hadde urpremiere på Samvirket Scene i Fjaler på sundag, og som ho, symptomatisk nok, har kalla «Blaff».

Scena er eit stort ope rom med berre tre draperi av tauverk mot bakscena. Tre dansarar (Karen Eide Bøen, Synne Erichsen og Noelle Elyza G. Deriada) beveger seg ein etter ein over scena for så å forsvinne og kome att på motsett side i ein endelaus runddans. Lett koreografert, dansande, rullande og openbert strevsamt flyttar dei seg over scena, og symbolikken er både enkel og god. Det er dei tallause husmennenes anonyme liv frå vogge til grav, – stutte, arbeidsame og usynlege, men likevel heilt avgjerande.

Etter kvart får vi også ei poetisk forteljing i voiceover medan tempoet skrur seg litt opp. Dei tre dansarane tek til å nytte draperia på bakscena i enkle, koreograferte rørsler før dei løyser dei opp, knyter dei saman, og på symboltungt vis framstiller interaksjon, livsvev og manuelt arbeid. Alt dette skjer til musikk av Øyvind Hegg-Lunde, musikk som smyg seg om framsyninga. Dei tre dansarane er relativt synkrone, men samstundes individuelle både i utsjånad, dans og rørsler, og kan slik illustrere at i den store massen av andletslause husmenn, så var dei likevel alle individ med sine særkjenne.

Framsyninga er ikkje like tydeleg i symbolikken mot slutten, og kanskje heller ikkje like stram som i starten. Men i hovudsak var dette ei vakker og uvanleg poetisk hyllest til alle dei titusenvis av slitarar som aldri fekk plass i historiebøkene. Ein ode til levd liv, og arven etter tallause og anonyme husmannsslekter.

Fridom, festival og Fjaler

onsdag, september 11th, 2024

KOMMENTAR

SERVERING OG FEST: Stor avslutningsfest i Klokkargarden (Jakob Sande-senteret) med servering av trerettars kortreist middag til 500 frammøtte. FOTO: DAVID ZADIG

Frå 5. til 8. september blei Teaterfestivalen i Fjaler arrangert, og det for tolvte gong. Dei fleste slike festivalar er spennande møte med ulike former for scenekunst, og ofte ein plass for å sjå underskogen, det uetablerte og det som kjem. Slik var det sjølvsagt også i Fjaler, men i tillegg så mykje meir. Aldri har eg opplevd ein betre kuratert, meir velorganisert og så på alle vis vellukka, innhalds- og opplevingsrik festival.

Fjaler er ein liten kommune i Sunnfjord i Vestland fylke. Her bur det 2900 menneske, nesten halvparten av dei i kommunesenteret Dale. Dale er for mange kjend for å vere heimplassen til lyrikaren Jakob Sande (1906 – 1967). Men sjølv om arven etter han blir tatt godt vare på, er det som i dag verkeleg set Dale og Fjaler på det kulturelle kartet, den årlege teaterfestivalen.

Primus motor bak det heile er ekteparet Miriam Prestøy Lie og Torkil Sandsund, båe regissørar og busette i Dale. Men med seg har dei Kristin Skiftun som dyktig planleggjar, heile bygda, samt uvanleg positivt innstilte lokalpolitikarar, både i kommune og fylke. Dale har hotellkapasitet til eit drygt dusin menneske, men med nærare 250 friviljuge som også opna heimane sine for festivaldeltakarane, var det plass til alle. Eit ekstra pluss i år var det sjølvsagt at det var varmt sommarvêr så godt som heile festivalen.

Årets festivaltema var «fridom», og i eit stort og vidfemnande perspektiv. Det var alt frå husmannsvesenet og dagens gjeldstynga og ganske ufrie bønder, og fram til ytringsfridom, totalitære regime, haldninga til samane, og våre eigne styresmakters redsle for militære sanningar. Gjennom fem dyktig kuraterte og opplysande samtalar (Radio Fjaler) med sentrale og kunnskapsrike aktørar, blei dei fleste av dei fjorten framsyningane på festivalen på dette viset knytte saman tematisk til eit heile.

GIFTIG?: Mjøldryge er ikkje det beste å få i brødet som bøndene Ask (Kadir Talabani) og Liv (Tiril Pharo) serverer oss i «Korn», presentert i naturskjønne omgivnadar. FOTO: DAVID ZADIG

Teater Vestland si framsyning «Pusterom» er alt meldt her i avisa, men det er mange andre produksjonar som også fortener omtale. I jordbruksperspektivet var det spesielt to framsyningar, heilt ulike, men som båe var både gode og spennande. Skodespelaren Tiril Pharo som også er gardbrukar, har laga framsyninga «Korn», eit såkalla stadspesifikt teater, som hadde urpremiere veka før på heimgarden i Spydeberg i Østfold. I naturskjønne omgivnadar i Fossevikja i Fjaler fekk vi ei historie om Liv som måtte avbryte studia då faren brått døydde midt i skuronna. Garden var til sals, men Liv valde å halde fram. Så dukka Ask opp ut av inkje, eit slags urmenneske frå jeger- og samletida. Dei to finn kvarandre og får dottera Kornmo. Medan Pharo tek oss med rundt på garden, får vi både smaksprøver på mat og drikke, ein opplysande quiz og pedagogisk innføring i bondens kvardag.

Dansaren og koreografen Berit Einemo Frøysland hadde urpremiere på «Blaff», ei musikalsk og poetisk danseframsyning som tok oss gjennom generasjonar med alle dei usynlege kvardagslagnadane til dei norske husmannsfamiliane. Det var ei vakker og lyrisk framstilling av levd liv og alle dei som ikkje har fått plass i historiebøkene.

Blant dei framsyningane som i større grad tematiserte den politiske ufridomen, var kortfilmen «Fuck you Mlungu» av Mikal Hovland som, utan sjølv å meine noko, synte det problematiske i bistand basert på barmhjartigheit, slik som fadderordninga til SOS Barnebyar. Her fekk vi «The white man’s burden» presentert akkurat så klein som han kan vere. Torkil Sandsund held på med å lage ei framsyning om tenkaren, samfunnsøkonomen og politikaren Bertram Dybwad Brochmann, og viste ein førebels versjon. Den tok for seg landssviksaka mot Brochmann etter krigen, og spørsmålet om han var ein svikar, eller eigentleg berre ein ideolog og fredsaktivist. Og i heilt andre enda av den same fridomstematikken var framsyninga «Blodklubb» av Ferske Scener frå Tromsø. Det var meir ein happening og eit interaktivt show der vi, som samane nesten fram til vår tid, fekk målt opp kraniet vårt, og blei delte inn i lang- eller kortskallar som så konkurrerte i ulike disiplinar, alt medan vi song og blei informert om skalleforskinga på samane. I tillegg til desse framsyningane, fekk vi også sjå ei rekkje produksjonar som har turnert ei stund.

Teaterfestivalen i Fjaler baud sjølvsagt også på mykje sosialt, konsertar og underhaldning. Det heile toppa seg med ein utandørs fest i «Klokkargarden» (Jakob Sandes fødestad) laurdag kveld med eit rikt program, god musikk og – hald deg fast – servering av trerettars kortreist middag til 500 frammøtte!

(Kommentaren stod i Klassekampen onsdag den 11. september 2024.)

Kva er rett i vår tid?

mandag, september 9th, 2024

TEATER

EKSISTENSIELT: Spørsmålet om det er rett å setje barn til verda i vår tid, er stort og krevjande. FOTO: ESPEN NYTTINGNES

«Pusterom»
Teater Vestland, Trudvang, Fjaler
Av: Duncan Macmillan
Omsett av: Terje Lyngstad
Regi: Jeff Pedersen
Scenografi og kostyme: Silje Sandodden Kise
Lyddesign og komposisjon: Helga Lied Wyrtz
Lysdesign: Silje Grimstad
Med: Carina Furseth og Harald Ottesen Nødtvedt

Gode menneske kan også vere fordomsfulle, ha hormon og irrasjonelle kjensler.

Eit sambuarpar i slutten av tjueåra er på handletur på Ikea når han, ganske tilfeldig, kjem til å nemne ordet «barn». Då blir det brått alvor. Her startar framsyninga «Pusterom» der vi utan ytterlegare forklåringar blir kasta direkte inn i ein heftig debatt om det er rett å setje barn til verda i ein situasjon med klimakrise, og der CO2-avtrykket av eit menneske er like tungt som vekta av Eiffeltårnet.

«Pusterom» (Lungs) blei skrive av den britiske dramatikaren Duncan Macmillan (f. 1980) i 2011. Framsyninga er sett opp, og har vunne prisar, over heile verda. Teatret Vårt i Molde hadde norgespremiere i 2015, Rogaland Teater sette det opp to år etter, og i 2020 var det Riksteatret sin tur med ein produksjon som blei sterkt amputert på grunn av pandemien. Sjølv har eg sett dei to første, og jamvel om oppsetjingane i utgangspunktet er like, er det store skilnadar både i språk og personskildring. I tillegg er problemstillinga langt meir aktuell i dag enn for ti år sia.

Framsyninga er eit intenst kammerspel der verda i hovudsak er berre desse to, jamvel om vi høyrer om nokre foreldre og ein annan kjærast. Scenetilvisinga frå Macmillans side er å vere så minimalistisk som mogeleg. Scenograf Silje Sandodden Kise har laga ei intimscene som ei lita opphøgd plattform med restar av gamle møbel som einaste scenografi. Dei to har ei lita og nesten klaustrofobisk scene å spele på, og har ikkje har nokon andre remediar å stø seg på enn spel, fysiske rørsler, og dialogen. Men med framifrå spel og ein uvanleg god tekst, er dette meir enn nok.

Dei to har ikkje namn. Det er Han (Harald Ottesen Nødtvedt) som er musikar, men som etter kvart tar seg anna arbeid. Og det er Ho (Carina Furseth) som held på med eit doktorgradsarbeid, og som kanskje har litt meir intellektuell ballast enn han, utan at det kjem så alt for tydeleg fram i ordskifta deira. Dette er velmeinande og gode menneske, ja dei kjem stadig attende til at «Vi er gode menneske». Dei plantar skog, stør Amnesty og Unicef og har dei rette meiningane. Dei er rasjonelle og rettenkjande. Men dei er menneske med kjensler og hormon, og ikkje minst også fordommar, og på glitrande vis får vi presentert kor inkonsekvente vi menneske kan vere.

Vi følgjer dei to frå kassakøen på Ikea, gjennom store diskusjonar om dei skal setje barn til verda eller ikkje, og etter kvart gjennom eit heilt livsløp utan at eg skal seie meir konkret om kva som skjer. I botn ligg ei vakker kjærleikshistorie om to som openbert bør kunne passe saman, men som likevel balar med at det usagte blir sagt, at ord blir vrengd og mistyda, og som, trass i rette haldningar, stadig syner sider ved seg som ikkje er heilt som dei vil. Som spørsmål om aktiv dødshjelp. Og kva med evolusjonen om berre reflekterte menneske vel å ikkje få barn? Ved å presentere makrokosmos gjennom dette vesle mikrokosmos, og om avgjerande tema som kjærleik, barn og verdas framtid, blir framsyninga djupt eksistensiell og ein stor spegel der vi i publikum eigentleg ser oss sjølve på godt og vondt, kanskje særleg det siste. Og kjenner oss att og ler av oss sjølve.

Terje Lyngstad har laga ny omsetjing til eit dialekttilnærma nynorsk som gjer dialogen munnleg, lett, naturleg, og ikkje minst særs truverdig. I Jeff Pedersens stramme regi er dette blitt eit intenst og tett kammerspel der Macmillans tekst blir tatt særs godt vare på. Men når vi følgjer dei to gjennom eit heilt livsløp med brot og hopp på både månadar og år, kunne nok Pedersen ha tatt seg noko betre tid ved desse skifta for stundom går dei litt for fort.

Harald Ottesen Nødtvedt og Carina Furseth gjer imponerande gode rolletolkingar. Båe framstiller dei ganske samansette personar. Han er i botn temmeleg rasjonell, men også eit kjenslemenneske, og Ho er den intellektuelle, men likevel den tidvis mest oppfarande. Alle desse sidene greier dei å formidle overtydande og med varme og sjølvironisk humor. Dialogen er som ein verbal pingpong der timing er heilt avgjerande. Det er presist, og ettersom publikum sit så tett på den vesle scena, blir det stundom nesten ubehageleg nært. Og musikaliteten og flyten i den dialektbaserte nynorsken gjer at dette blir så autentisk at eg kjenner meg som ei fluge på veggen i ein heilt verkeleg situasjon.

(Meldinga stod i Klassekampen måndag den 9. september 2024.)

Armod og sterk vilje

tirsdag, september 3rd, 2024

TEATER

FAR OG DOTTER: Scenene mellom den forståingsfulle faren (Vidar Sandem) og dottera Stina (Kjersti Sandal) er blant framsyningas vakraste. FOTO: ERIK BIRKELAND, TINGH

«Jordmor på jorda»
Teatret Vårt, Molde
Av: Edvard Hoem
Dramatisert av: Morten Borgersen og Kristian Lykkeslet Strømskag
Regi: Morten Borgersen
Scenografi og kostyme: Milja Salovaara
Komponist: Henning Sommerro
Lysdesign: Geir Hovland
Koreografi: Stian Danielsen
Med: Kjersti Sandal, Bjørnar Lisether Teigen, Sara Fellman, Vidar Sandem, Vivi Sunde, Sigmund Njøs Hovind og Lars Melsæter Rydjord

Eit mektig og sterkt kvinneportrett, og eit monument over jordmoryrket.

I åra 2014 til 2017 skreiv Edvard Hoem ein firebands romansyklus om si eiga slekt frå oldefaren Knut Nesje på midten av 1800-talet og fram til vår eiga tid. Det var eit breitt anlagt episk verk som gjennom lagnadane til familien hans også ga lesarane eit viktig stykke norgeshistorie, spesielt om utvandringa til Amerika, – om dei som fór, og dei som blei. I 2008 hadde Hoem skrive ein tilsvarande roman om tippoldemora si, mor til Knut Nesje, ei uvanleg sterk kvinne som hadde ei livslang gjerning som jordmor. Etter å ha fullført romansyklusen om Nesje-familien, fann han ut at romanen om tippoldemora måtte skrivast om, og i 2018 kom «Jordmor på jorda. Huset under Blåhammaren» ut. Forteljingane nærast ropar etter å bli dramatiserte, og første band av Nesje-syklusen, blei sett opp i samarbeid mellom Det Norske Teatret og Teatret Vårt i 2020. Nå har Kristian Lykkeslet Strømskag, teatersjef på Teatret Vårt, saman med Morten Borgersen, dramatisert også «Jordmor på jorda», og i Borgersens regi var det fredag premiere i Molde.

I romanen følgjer vi Marta Kristine Nesje, eller Stina som ho kallar seg, frå ho som sjuåring i 1800 hadde ei skilsetjande oppleving, og til ho dør i 1877. Dramatiseringa er tett på romanen, men opnar med slutten, der den døyande Stina (Kjersti Sandal), og familien hennar, ser livet i retrospekt. Stina er ei særs fremmeleg og sjølvmedviten jente som veit kva ho vil, og som får støtte i dette frå den forståingsfulle og arbeidsame faren (Vidar Sandem). Tidleg får ho det for seg at ho skal hjelpe kvinner, og dette materialiserer seg som eit ønske om å bli jordmor. Fram til for 150 år sia, var jordmorskule den einaste vidaregåande utdanninga kvinner kunne ta. For ei fattig husmannsjente i Romsdalen var slikt berre å gløyme, men ikkje for Stina. I 1821 forlèt ho mann og tre barn og går den lange vegen til Christiania for etter ni månader seinare å kome heim som utdanna jordmor.

I tillegg til dette sterke portrettet av ei kvinne som veit kva ho vil, er Edvard Hoems bok også ein stor sosial roman som skildrar mykje meir. Den tek opp husmannsvesen og armod, bygdedyr, folkesnakk og fordommar, kampen mot barseldød, og ikkje minst kjærleikens gleder og utfordringar. Stina får dottera Ingeborg (Sara Fellman) utanfor ekteskap før ho tre år seinare giftar seg med ungdomskjærasten Hans (Bjørnar Lisether Teigen). Det er ei vakker kjærleikshistorie for Hans er raus og god. Men han er også ein drøymar som ber på store krigstraume frå soldatlivet.

Mila Salovaara har laga ein stilisert scenografi som er like enkel som velfungerande. Berre slitte, skakke golvbord som illuderer fattigdomen og det enkle, men ved hjelp av lyssettinga til Geir Hovland også mykje meir. I Morten Borgersens regi er det også freista å gjere forenkling og stilisering med små brot med lett koreograferte rørsler. Det er eit vellukka grep, men ikkje heilt nok. For framsyninga viser tydeleg problemet med å iscenesette store episke romanar. Ein må kutte og forenkle, men i denne framsyninga skal det meste vere med, og då blir det litt for mange tablå og skift, og for få scener som verkeleg får gå i djupna.

Når dette likevel blir ei gripande og mektig framsyning, er det først og fremst fordi spelet er så intenst og overtydande. Kjersti Sandal nyttar heile sitt store register for å få fram alt frå den framfuse og vitebegjærlege ungjenta, gjennom kjærleik og død, elleve eigne barn og eit femtiårig liv som jordmor, til tvilaren i livets haust. Det er ein formidabel rolleprestasjon der ho er fysisk til stades heile tida. Men ho har god hjelp av eit strålande ensemble. Scenene mellom Stina og faren (Vidar Sandem) er blant framsyningas vakraste. Og Bjørnar Lisether Teigen får med neddempa spel fram den uvanleg forståingsfulle og rause ektemannen som slit med vonde krigsminne. Sara Fellman har ikkje så store rolla som eldstedottera Ingeborg, men gjer maksimalt ut av tolkinga av nok ei sterk kvinne, og tilfører også framsyninga ein god porsjon humor.

«Jordmor på jorda» er blitt eit særs velspela monument over jordmoryrket, og samstundes eit illustrerande stykke norgeshistorie.

(Meldinga stod i Klassekampen tysdag den 3. september 2024.)