Fortald teater

TEATER

RESIGNERT?: Hesten Boxer, den sovjetiske mønsterarbeidaren (Terje Ranes), innser etter kvart at resultatet ikkje var i samsvar med innsatsen. FOTO: GRETHE NYGAARD

«Animal Farm»
Rogaland Teater, Teaterhallen
Av: George Orwell
Omsett av: Christian Heyerdahl
Dramatisert av Tom Silkeberg
Regi: Mari Kjeldstadli
Scenografi: Norunn Standal
Kostymedesign: Synne Reichelt Føreland
Med: Espen Hana, Paal Herman Ims, Mari Strand Ferstad, Terje Ranes, Ragnhild Arnestad Mønnes, Penda Faal, Huy, Le Vo og Malin Landa

Eit forteljarteater der det er for lite att til fantasi og innleving.

I løpet av nokre få månader vinteren 1943 til 44 skreiv den engelske forfattaren George Orwell den satiriske vesle romanen «Animal farm». Det var eit bitande, men også humoristisk oppgjer med utviklinga i Sovjetunionen under Josef Stalin. Etter fleire refusjonar og mykje motbør (England var alliert med Sovjetunionen under krigen), kom boka ut i august 1945, og blei raskt ein bestseljar. Eitt er det politiske, men humoren, og den openberre, men enkle metaforbruken gjorde romanen til folkeeige, og i norsk omsetjing som «Kamerat Napoleon» var det symptomatisk nok den første boka Pax forlag ga ut (i 1964).

I «Animal Farm» tek Orwell oss med til ein gard på den engelske landsbygda der den forfylla bonden, Mr. Jones, vanskjøttar dyra. Den gamle grisen Major held ein tale for dei andre dyra om eit utopisk samfunn der alle dyr er like og ingen lever av andre sitt arbeid. Han oppmodar til å gjere opprør, men dør like etter. To yngre grisar, Snøball og Napoleon, tek opp arven, og saman driv dyra Mr. Jones frå garden og tek over det heile. Sju bod som er grunnlaget for «animalismen» blir slått opp på låveveggen, og det blir gjennomført både utdanningsprogram for å lære dyra å lese, ulike velferdsreformar, og elektrifisering. Ytre fiendar trugar, men åtaka blir slått resolutt tilbake. Men så skjer det gradvis endringar. Ei rivalisering mellom Snøball (Lev Trotskij) og Napoleon (Josef Stalin) tar til. Snøball blir etter kvart tvungen til å rømme, den flate maktstrukturen blir forlate og Napoleon blir eineherskar. Dyra undrar seg, opplever at dei sju boda stadig får tillegg, at historia blir retusjert, og at kva som er sanning er høgst flytande. I boka endar det med at menneska kjem på vitjing og at det ikkje lenger er mogeleg å sjå skilnad på gris og menneske.

Det blei raskt laga animasjonsfilm av «Animal Farm», og her heime har det også vore nokre få freistnadar på dramatisering. Nå har Tom Silkeberg dramatisert romanen på nytt, og i Mari Kjeldstadlis regi, var det premiere på Rogaland Teater onsdag.

I Norunn Standals scenografi er Teaterhallen bygd opp som eit amfi der publikum sit benka på alle fire kantar, og der scena er eit nake golv. Dei åtte aktørane kjem inn, berande på store sekkar med matjord som blir plassert ut på golvet. Etter kvart blir jorda tømt ut over golvet, og i tillegg til dei ganske anonyme og like kostyma alle aktørane har, er dette dei einaste visuelle og scenografiske elementa i framsyninga.

Se for dykk ein gard, seier ein av dei åtte aktørane, og det er akkurat det vi må. For regissøren, Mari Kjeldstadli, har vald å presentere framsyninga som eit forteljarteater med berre små islett av spel. Det kunne ha fungert, men då må forteljinga pirre fantasi og mane fram bilde. I denne oppsetjinga skjer dette i svært liten grad. Ikkje berre fortel skodespelarane historia og kva som skjer, men også temmeleg prosaisk korleis dyra opplever det. Dette gjer dei samstundes med forsiktig spel der vi altså blir fortald kva dei freistar å vise oss. Dette er eit regigrep som gjer framsyninga ferdig fordøydd og lite opplevingsrik. I tillegg blir forteljinga litt kaotisk ved at alle dei åtte aktørane er heilt likt kledd i anonyme kjeledressar, og i starten bytar på dei ulike rollene.

Etter kvart trer nokre av dyra tydelegare fram. Men med unnatak av Snøball (Paal Herman Ims) og særleg hesten Boxer, den umælande og arbeidsame sovjetiske mønsterarbeidaren som Terje Ranes formidlar med kjenslevar innleving, blir dei andre stort sett berre sjablongar. Dei har fått alt for lite å spele på, og blir mest insisterande og påståelege.

Kjeldstadli er, med eit lite unnatak i finalen, særs tru mot Orwells tekst. Men der Orwells allegoriske fabel er full av humor og bitande sarkasme, er det lite att av den i denne framsyninga. Historia om korleis eit rettvist opprør leia av ein revolusjonshelt blir omdanna til si eiga motsetjing, det vere seg Josef Stalins Sovjet eller Daniel Ortegas Nicaragua, eller eit utal andre døme, er stadig aktuell. Men Rogaland Teaters oppsetjing lukkast diverre i liten grad med å gi liv til forteljinga.

(Meldinga stod i Klassekampen måndag den 27. februar 2023.)

Leave a Reply