Poetisk og storslått

TEATER

TUNG LAGNAD: Mio (Carl Martin Eggesbø) og Jum-Jum (Jo Saberniak) legg saman med hesten Miramis ut på ei farefull reise for å nedkjempe den vonde Riddar Kato. FOTO: SIGNE FUGLESTEG LUKSENGARD

«Mio, min Mio»
Trøndelag Teater, Hovudscena
Av: Astrid Lindgren
Omsett av Agnes-Margrethe Bjorvand
Dramatisert av Sara Li Stensrud og Erlend Samnøen
Regi og koreografi: Erlend Samnøen
Scenografi: Olav Myrtvedt
Komponist/lyddesign: Nils Jakob Langvik
Lysdesign: Eivind Myren
Med: Carl Martin Eggesbø, Jo Saberniak, Morten Espeland, (Ole Christian Gullvåg), Madalena Sousa Helly-Hansen, Marianne Meløy, Natalie Bjerke Roland, Fabian Heidelberg Lunde, Synnøve Fossum Eriksen og Snorre Ryen Tøndel.

Ei framsyning som er så spektakulær at det diverre blir lite att til fantasien.

Frå mi eiga barndoms lesing er det inga bok som gjorde større inntrykk enn Astrid Lindgrens «Mio, min Mio». Eg var livredd Riddar Kato, og eg kjende fysisk på både mørket og kulda i historia. Med forteljarstemma til den ni år gamle Bo/Bosse/Mio skapte Lindgren eit magisk univers om einsemd og det godes kamp mot det vonde.

Bo Vilhelm Olsson, som helst vil kallast Bosse, er foreldrelaus og bur hjå fosterforeldre som ikkje er gode med han. Mora døydde då han blei født, og faren veit ingen av. Det einaste lyspunktet er kameraten Benka. Ein dag blir Bosse henta til «Landet i det fjerne», eit draumeland der faren hans er konge og han sjølv eigentleg heiter Mio og er prins. Han får raskt ein bestevenn, Jum-Jum, som er til forveksling lik Benka. Sjølv om dette landet er eit paradis på jord, er det mørke skuggar, for i nabolandet «Landet utanfor» rår den vonde Riddar Kato med eit hjarte av stein. Han stel små ungar og gjer dei om til fuglar. Så syner det seg at Mio gjennom «tusen på tusen av år» har fått lagnaden å nedkjempe Riddar Kato, og saman med Jum-Jum og hesten Miramis set han ut på den farefulle ferda. På vegen møter dei ei rekkje mytiske skapnadar før dei sjølvsagt til slutt vinn over Kato og frigjer ungane frå forbanninga.

Romanen er ei blanding av realisme og fantasy der Lindgren nyttar referansar frå både eventyra, det mytiske og frå religiøse overleveringar. Slik har ho skapt eit univers der ungane kan drøyme med og sjølve dikte seg inn i einsemda, lengten, vennskapet, det ekstremt skumle og det godes endelege siger over vondskapen. Når Trøndelag Teater nå verkeleg trør til med ein storslått hovudsceneproduksjon av «Mio, min Mio», er det openbert denne magiske verda dei har ønska å attskape og vidareformidle. I dette ligg faktisk også oppsetjingas største problem.

Erlend Samnøen har ansvar for både regi og koreografi og har laga ei spektakulær og eventyrleg framsyning der han med brei pensel freistar å mane fram Lindgrens univers. Han nyttar heile det store scenerommet, og i dette enorme landskapet blir Mio liten og akkurat passe redd. Med mye poetisk og synkron koreografi, Christina Loverys fantasirike 1700-tals kostyme og Olav Myrtvedts sinnrike bruk av draperi og flyttbare scenografiske element, får vi presentert ei vakker og magisk draumeverd. Nyskriven musikk av Nils Jakob Langvik gir ekstra dimensjonar til bildet, og med Eivind Myrens lyssetting blir det vakre raskt kontrastert av vondskapen i «Landet utanfor».

Carl Martin Eggesbø er trygg i rolla som Mio. Han vekslar fint mellom den lengtande, den redde, den glade, og ikkje minst den energiske ungguten. Og Jo Saberniak er truverdig og god i rollene som Benka og Jum-Jum der han som kameraten og hjelparen tidvis blir nesten som ein skugge av Mio. Morten Espeland har på tre dagars varsel hoppa inn i rollene som både far til Benka, kongen og Riddar Kato, og spelar dei alle overtydande og med stor autoritet.

Men i alt det påkosta og spektakulære, forsvinn også eit viktig element. Der Lindgren i romanen får lesarane til å drøyme og dikte vidare, er det alt for mykje som er ferdigtygga i denne framsyninga. Det startar med at foreldra til Bosse både er overspela og karikerte. Og i alt det storslåtte blir det diverre etter kvart for lite att til publikums fantasi og vidare dikting.

(Meldinga stod i Klassekampen måndag den 29. november 2021.)

Leave a Reply