Quo vadis, Avant Garden?

UPRETENSIØST: Spelet på Avant Garden tek naivismen til hittil ukjende nivå. FOTO: ASK BREAN


TEATER

«NODES: Avant Fini»
Teaterhuset Avant Garden, Trondheim
Kunstnarleg leiar: Helle Siljeholm med samarbeids-partnarane Kai Johnsen, Guro Vrålstad, Tobias Leira, Anna Daniell, Ask Brean, Tobias Liljedahl, Susanne M. Winterling, Hilde Pytkowski, Martin Palmer og Bella da Silva.
Med: Helle Siljeholm, Kai Johnsen, Hilde Pytkowski, Guro Vrålstad, Tobias Leira, Studio Teater, Amalie Fonfara, Thea Meinert, Susanne M. Winterling, Unni M. Fjellheim, Martin Palmer, Martin Knutsen, Tore H. Bø, Håkki, Azra Halilovic, Live Strugstad, Ingeborg Dugstad Sanders, Martin Knutsen, Alexander Rishaug, Arnfinn Killingtveit, Ada Hoel, Vegard Fjellestad m.fl.

Teaterhuset Avant Garden står ved eit vegskilje. Det er tid for å oppsummere og å sjå framover.

Etter 34 år i to forskjellige hus i Midtbyen i Trondheim, er Teaterhuset Avant Garden på flyttefot, og i løpet av våren skal det etablere seg i nyoppussa Rosendal kino på Lademoen. I tre heile dagar til ende blei dette markert gjennom ein gedigen happening der vi fekk både tilbakeblikk, nye framsyningar, samtalar, ei rekkje andre opplevingar og ikkje minst ein god avslutningsfest.

Ettersom «NODES: Avant Fini» også var eit tilbakeblikk, kan det vere rett å fortelje lesaren litt om historia til dette teaterhuset som i dag er eit programmerande teater på line med Black Box i Oslo og Teatergarasjen BIT i Bergen. Slik var det ikkje frå starten. På tidleg åttital hadde Trondheim ei rekkje huslause frigrupper som trong lokale og eit miljø, og i 1984 skipa dei tre teaterkompania Studio Teater, Petrusjka Teater og Magna Vox det dei kalla Teater Avant Garden. Dei fekk lokale i ein gamal jugendgard i Kjøpmannsgata der visningssalen låg i fjerde etasje utan heis, og der foajeen var ein uendeleg lang og bratt trapp. Her dreiv dei sitt eige teaterhus, men lånte også lokale til andre kompani i byen, slike som Cirka Teater, Teater Fusentast og Annika Udo.

Lokala i Kjøpmannsgata blei etter kvart del av Trondheims nye konserthus, og Avant Garden flytta i 1993 til kjellaren i Folkets hus i Olav Tryggvasons gate der teateret har vore fram til nå. Samstundes blei repertoaret utvida, det kom fleire gjestespel, etter kvart også utanlandske. Og sakte men sikkert gjekk teateret over til å bli programmerande, det fekk nye eigarar, og også nytt namn; Teaterhuset Avant Garden, eller TAG blant venner. Med dette kom også ei auka profesjonalisering og klårare teaterpolitisk profil. Og det blei etablert eit samarbeid med Black Box i Oslo og Teatergarasjen BIT i Bergen som gjorde det økonomisk mogeleg å hente fleire utanlandske produksjonar. Alt dette skjedde gradvis frå slutten av 90-talet.

Ei relativt lita kjellarscene med ein endå mindre prøvesal to etasjar opp, er ikkje optimalt. I mange år har den gamle Rosendal kino i arbeidarbydelen Lademoen stått tom, og etter omfattande til- og ombygging skal lokala vere klåre for TAG frå hausten 2019. Det blir ei heilt ny verd med ein sal som kan romme over 200 menneske og betre forhold på alle vis. Som ei markeringa av flyttinga, og i undring over kva framtida vil bringe, har Helle Siljeholm med fleire laga ein tre dagars happening som blei avslutta laurdag. I løpet av hausten har dei videointervjua eit tjuetals folk som har hatt noko å seie for teaterhuset, og desse klippa blei synt randomisert mellom framsyningar og samtalar. Her var det så mye historie at eg vil håpe intervjua kan få eit liv på nett etter dette. I tillegg var det laga opplevingsboksar og mye anna rundt happeningen, men det viktigaste var eit titals framsyningar som både synte kva teateret har vore og betydd, og kor det står i dag, samt tre samtalar rundt teaterets historie og framtid. Vi fekk eit hyggeleg gjensyn med store delar av Studio Teater og deira omfattande og ambisiøse framsyning «Sangen om Rama» frå opninga av lokala i Folkets hus i 1993. Den svenske kunstnaren Håkki, som vegeterte sterkt på teaterhuset medan han gjekk på Kunstakademiet i Trondheim, tok oss med på ei interaktiv reise i våre eigne fordommar, haldningar både kjernepublikummet og teaterhuset må kvitte seg med om flyttinga til Rosendal skal bli vellukka. Og så fekk vi det nyskrivne «Spelet på Avant Garden» der dei fem aktørane (Helle Siljeholm, Kai Johnsen, Hilde Pytkowski, Guro Vrålstad og Tobias Leira) oppsummerte historia og dei ulike konfliktane bak i eit formspråk som tok naivismen til hittil ukjende nivå, men som nettopp ved å vere så fullstendig upretensiøst og sjølvironisk trefte sitt publikum.

Samtalane, godt leia av Helle Siljeholm og Kai Johnsen, var særs opplysande. Dei var med Melanie Fieldseth som held på å skrive bok om teaterhuset, med sosiologen Aksel Tjora om byutvikling, fellesskap og kva eit teaterhus kan bety for ein bydel, og ikkje minst faren for gentrifisering, det vil seie at nye grupper fortrenger dagens innbyggarar. Og til slutt ein samtale med tre framtidige naboar (Martin Palmer, Martin Knutsen og Ernst Wiggo Sandbakk) om kva ein bør gjere for å skape eit levande kulturhus, og ikkje berre ei scene for programmert eksperimentelt teater.

Alt har si tid, og det er openbert at teaterhuset må fylle dei nye lokala med meir enn det dei har bydd på i Olav Tryggvasons gate. Ei viktig symbolsk handling kan difor vere å skifte namn. Dagens namn er faktisk meir ei latterleggjering av det komiske og særs provinsielle namnet på hotellet Royal Garden, teaterets nabo i Kjøpmannsgata i 1984, enn at teateret er så avantgardistisk. Dette er nå historie, og ukjend for dei fleste. Men namn er ein tung symbolberar, og kanskje hadde «Rosendal teater» vore både enklare og meir inkluderande?

(Meldinga stod i Klassekampen måndag den 10. desember 2018.) 



Som ein liten ekstraservice til lesarane av bloggen min, legg eg her til kopi av den artikkelen eg skreiv for haustprogrammet til Taterhuset Avant Garden i haust, og som oppsummerer både teaterhistoria og mitt eige forhold til teaterhuset:

AVANT GARDEN PÅ FLYTTEFOT


FRITT ETTER MINNET: Romeo and Juliet FOTO: PETER NIGRINI

Erindringa er ein skummel alliert. Og stundom ein dyktig diktar. Det fekk vi tydeleg sjå då Nature Theater of Oklahoma gjesta Teaterhuset Avant Garden i 2009 med ei oppsetjing av Romeo og Julie fritt etter minnet. Kompaniet baserte oppsetjinga på femti telefonopptak der ulike personar fortalde sin versjon av tragedien slik dei hugsa han. Det synte seg raskt at der minnet svikta, tok fantasien over. Med dette atterhaldet om mitt eige svikefulle minne, skal eg freiste å seie litt om forholdet mitt til Teaterhuset Avant Garden gjennom ein dryg mannsalder.

Teateret blei skipa i 1984 og heldt dei første åra til i Kjøpmannsgata rett over gata for eit nytt hotell med eit komisk og provinsielt namn. Eg rende nok ikkje ned dørene på teateret det første året, men eg fekk med meg Aina Thiis Leirdals geniale namneforslag, Avant Garden, som på eine sida synte kva denne scena skulle formidle, og som på eit humoristisk vis både leika seg med og peika nase til hotellnaboen, Royal Garden. Sjølv hadde eg seks år tidlegare arbeidd eit år som distriktsjournalist for Klassekampen, og med kontor som næraste nabo til Trøndelag Teater, fann eg det rett å opplyse lesarane om kva som skjedde der. Det var ganske forsiktige meldingar i starten, meir som forbrukarrettleiing enn teaterkritikk, og då eg etter eitt år gjekk attende til arkitektyrket, heldt eg fram med å melde frå Trøndelag Teater og litt frå Studentersamfundets Interne Teater. Men det var aldri i mine tankar å gjere så mye meir ut av teaterinteressa mi.

Avant Garden blei opphaveleg skipa av dei tre teaterkompania Magna Vox, Studio Teater og Petrusjka Teater, og blei også drive av dei. Men etter eit år blei den purunge, men desto meir entusiastiske Marit Moum Aune tilsett som teaterets første sjef. Ho meinte at sjølvsagt måtte Klassekampen skrive om Avant Garden. Så ein gong i løpet av 1985 tok ho kontakt, og den som kjenner Marit Moum Aune, veit at hennar pågangsmot er heilt ustoppeleg, så litt motstrevande laut eg meg overtale. Og resten er historie. Med dette utvida eg nedslagsfeltet mitt, såg langt meir, og etter kvart temmeleg annleis og eksperimentelt teater enn det institusjonane baud på. Eg fekk eit anna syn på scenekunsten, og også på mitt eige virke som kritikar. Slik sett kan eg i stor grad takke Marit og Avant Garden for at eg gjekk frå å vere ein forbrukarskribent til å bli kritikar. Og difor har også teaterhuset fått ein så stor plass i hjartet mitt.

Eg hugsar ikkje kva som var første produksjonen eg såg på Avant Garden, og mange av oppsetjingane går i eitt. Arkivet mitt frå før PC og digital lagring sit diverre i det svikefulle og langt frå pålitelege minnet. Men eg hugsar trappa. Teateret var i toppetasjen og hadde ingen vestibyle. I staden var det ei bratt og uendeleg lang trapp der vi venta for å kome inn. I starten var teateret scene for dei tre eigarkompania og vennene deira, slike som Cirka Teater, Teater Fusentast og Annika Udo, og ettersom det einaste som gav litt inntekt for frigruppene var å spele for dei yngste, blei det nok mye barneteater dei første åra. Og altså stort sett av lokale kompani. Men teater for barn kan vere både nyskapande og spennande, og særleg Petrusjka og Cirka gjorde eit utal framifrå fysiske og visuelle produksjonar som sette nye standardar. Etter kvart vende meir og meir av repertoaret seg også til dei vaksne, og eg hugsar spesielt Studio Teaters «Turandot edderkoppkvinnen» frå 1986, skrive spesielt for gruppa av den belgiske dramatikaren Tone Brulin.

AVANT GARDEN: Kjøpmannsgata 42 slik huset blei presentert på plakat laga av TATJANA ZAITZOW

Det litt eksperimentelle var ikkje alltid like lett å forstå for ein relativt urøynd teatermeldar, og etter den første produksjonen til Teater Fusentast i 1989 var eg berre eit stort spørjeteikn. Fusentasts Jaap den Hertog, som også er lege, sa då: «Problemet ditt, Amund, er at du er alt for cerebral!» Dette var langt bortom mitt ordforråd, så eg slo opp i leksikon, og fann at ordet cerebral hadde med hjernen å gjere. Eg skulle med andre ord absolutt forstå alt, også der ein berre burde oppleve. Sjølv om Jaap i dag ikkje er like stolt over utsegna, blei det faktisk ein augeopnar for meg som kritikar. Og etter dette laut eg meg både forføre og bade i kjensler.

Etter kvart skulle lokala i Kjøpmannsgata bli del av Olavskvartalet, og Avant Garden flytta i 1993 til Olav Tryggvasons gate der teateret har vore fram til nå. Samstundes blei repertoaret utvida, det kom fleire og fleire gjestespel, i starten i hovudsak andre norske frigrupper, men etter kvart også utanlandske. Og sakte men sikkert gjekk teateret over til å bli programmerande, det fekk nye eigarar, og også nytt namn; Teaterhuset Avant Garden, eller TAG blant venner. Med dette kom også ei auka profesjonalisering og klårare teaterpolitisk profil og plattform. Og det blei etablert eit samarbeid mellom Black Box i Oslo og Teatergarasjen BIT i Bergen som gjorde det økonomisk mogeleg å hente fleire utanlandske produksjonar. Alt dette skjedde gradvis frå slutten av 90-talet. Eg vil også tru at økonomien blei betre, for det kom fleire tilsette, meir omfattande program, og etter kvart nye satellittar som Symposium og Bastard.

Flyttinga til Olav Tryggvasons gate var sjølvsagt eit stort framsteg, men med større og breiare repertoarval, baud også desse lokala på problem slik at mange produksjonar av ulike grunnar har vore sette opp på andre scener i byen. Men ettersom dette skal dreie seg om lokaliseringa til TAG frå Kjøpmannsgata til Rosendal, får eg konsentrere meg om scena i Olav Tryggvasons gate.

TAG har dei siste tjue åra vore ein institusjon som har vist folk i Trondheim dramatikk vi ikkje visste at vi hadde lyst til å sjå, og samstundes også vore ein plass der scenekunstnarar in spe kunne få teste ut tankar og idear på eit vakent og nysgjerrig publikum. Om TAG har vore fødselshjelp, veit eg ikkje, men her var i alle fall første gong eg fekk oppleve folk som Finn Iunker, Eirik Fauske, Willy Walder og Lisa Lie, alle fire med drama eller lesingar som gjorde sterke inntrykk. Symposium var eit godt forsøk på å syne «work in progress» frå det som like ofte kunne kallast «artists in progress», og eg trur desse uformelle møta med publikum (og ein velmeinande kritikar) har vore med på å drive fram mange gode produksjonar.

Før eg var så heldig å bli medlem av Heddajuryen i tre år frå 2013, og på det viset få høve til å reise landet rundt og sjå teater, var TAG mitt vindauge mot verda. Og mot mye nyskapande scenekunst, andre uttrykksmåtar, samt sjølvsagt også til dansen som etter kvart fekk større og større innpass. Ei særs spesiell oppsetjing i så måte var den franske koreografen Sidney Leonis «Undertone» frå 2013 der vi i komplett mørker, men med andre stimuli som lukt, lyd og berøring, blei ein integrert del av framsyninga. Her var det berre å gløyme det cerebrale og la kjenslene rå.

Det er mange som fortener å bli nemnd, men plassen tillèt berre eit lite utval. Eg fekk etter kvart stor sans for kompania frå Belgia og Nederland, og særleg hugsar eg De Ondernemings «What is thinking» frå 2005, ein hyllest til filosofien med utgangspunkt i Hannah Arendt og Martin Heidegger, men med humoristiske sidesprang til Monty Python og Franz Beckenbauer. Av norske kompani, snudde Baktruppen opp ned på det meste, også scena, då dei i 2006 spela «FunnySorryJesus» ein stuttversjon av Bibelen, som gateteater på fortauget utanfor teaterhuset, medan vi sat på innsida og såg ut. Kanskje ikkje så stor scenekunst, men desto meir sjarmerande. Og med omgrepet sjarmerande, kjem eg ikkje unna den svenske multikunstnaren Håkki som i 2007 på naivistisk vis dreiv sitt eige politiske og heilt ukorrekte prosjekt for den svenske glesbygda.

META: Ei framsyning som handla om det ho handla om. FOTO: NATURE THEATER OF OKLAHOMA

I ein heilt annan ende av skalaen er Zachary Oberzans «Your Brother. Remember?» frå 2011, ei lågmælt, særs personleg og trist historie om to brør, to heilt ulike lagnadar og om kor lite som skil mellom suksess og det motsette. Oberzan er del av det amerikanske kompaniet Nature Theater of Oklahoma som eg starta denne artikkelen med. Eg avsluttar med same kompani, for i 2008 gjesta dei TAG med framsyninga «No Dice», truleg den beste produksjonen eg har sett i teaterhusets mangeårige historie. Det var ei oppsetjing som handla om det ho handla om, spekka med referansar frå teater og filmkunst og truleg det mest realistiske absurde teater eg har sett. Det var trivialitetane opphøgd til teaterkunst, og kvardagen vår spegla for oss i all si meiningsløyse.

At eg avsluttar med ein hyllest til eit amerikansk teaterkompani, har ingen samanheng med at teaterhuset om ikkje så lenge flyttar til Rosendal som i mange år var kinoen for westernfilmar. Eg er viss på at TAG greier å gi huset ny identitet, og ventar meg eigentleg ikkje andre kunstnarlege endringar etter flyttinga enn at dei nye lokala vil gi langt betre rom for både produksjon og framsyning.

(Artikkelen stod i programmet til Teaterhuset Avant Garden hausten 2018.)


Leave a Reply