Best halloween ever

TEATER

PÅ SPORET: Lars, Odin og Ida blar i hundre år gamle dagbøker for å løyse mysteriet med den forsvunne skrothandlaren Skrotus. FOTO: BJØRN LEIRVIK

«Monsterunga»
Nordland Teater, Hovudscena
Av Marius Leknes Snekkevåg
Basert på «Skrotus Skrapps Hemmelighet» av Hilde Ira Torvenes
Regi: Øystein Ulsberg Brager
Scenografi: Silje Sandodden Kise
Kostyme: Line Maher
Med: Rune Storsæther Løding, Maria Agwumaro, Kristoffer Hjulstad, Linda Mathisen, Andreas Kolstad og Torgny Aanderaa.

Først og fremst ei god historie i tradisjonsspennet mellom Grev Dracula og Frøken Detektiv.

Det er tid for halloween, og dei tre 12 år gamle venene Odin (Rune Storsæther Løding), Ida (Maria Agwumaro) og Lars (Kristoffer Hjulstad) har bestemt seg for å lage «best halloween ever». Dei varmar opp med grøne vaflar og det som verre er heime hjå Sissel, mora til Odin, ei nyskild, hektisk og velmeinande dame, fornøyeleg og sikkert framstilt av Linda Mathisen. Sissel vil gjerne vere både god mor og litt kul, men syner seg etter kvart å vere meir opptatt av Tinder og seg sjølv enn av ungane. Dei tre venene er som ungar flest, kanskje med litt meir problematisk bagasje heimanfrå enn dei vil snakke om, men saman er dei dynamitt og kan få til kva det skal vere. Trur dei. Og nå skal dei gjere gatene på Mo utrygge. Men så syner det seg at knask eller knep kastar håplaust lite av seg og i hovudsak byr på større overraskingar for ungane enn for dei som dei skulle skremme. Opninga er ganske fornøyeleg der det er litt av eit menasjeri dei tre møter etter kvart som dei bankar på dørene, opplevingar som gjer det meir enn forståeleg at dei minste bør ha med seg foreldre når dei driv på med skremminga si.

Det er altså ein ganske tradisjonell halloweenkveld for dei tre, og langt frå «best ever». Men det er før dei kjem til Oldus (Andreas Kolstad), ein utgamal mann på nærare 300 år. Han saknar den minst like gamle kameraten sin, Skrotus (Torgny Aanderaa), ein skrotnisse som nyss har forsvunne sporlaust. Det gjer at Oldus ikkje lenger får servert teen som held han ung, men verst er sjølvsagt at han er redd for kva som kan ha skjedd med kameraten. Mot alle odds, og ikkje minst i full forakt for Oldus sine åtvaringar, set dei tre venene seg føre å finne ut av forsvinninga, og så er vi i gang med ei klassisk detektivhistorie der ungane ordnar opp.

Oppsetjinga er basert på manuset «Skrotus Skrapps Hemmelighet» av Hilde Ira Torvenes, tidlegare mangeårig rekvisitør ved Nordland Teater. Marius Leknes Snekkevåg har dramatisert historia, og i Øystein Ulsberg Bragers regi er det nå blitt teater. Malen med unge, kreative detektivar som ordnar opp der dei vaksne kjem til kort, er sjølvsagt vel kjend, og ikkje minst godt utprøvd, men det spesielle denne gongen er alle dei kreative påfunna og artige små detaljane som dei har greidd å fylle inn. I tillegg til alt det litt skumle med flaggermus, vampyrar, sarkofagar og blodtappa kattelik. Her er det lånt hemningslaust i verdslitteraturen frå Grev Dracula til Frøken Detektiv, og i tillegg pøser Snekkevåg og Brager på med stadige dramaturgiske vendingar og små høgdepunkt. Slik blir det etter kvart ei ganske underhaldande historie for alle generasjonar i salen.

Scenografien til Silje Sandodden Kise er ein vesentleg grunn til at dette blei så vellukka. Å lage scenografi som både er illustrerande og egnar seg for turné er ikkje enkelt, men ho har greidd det ved kreativ og saumlaus bruk av dreiescena og ein firesidig opplevingsrik installasjon som etter kvart på eit sinnrikt vis kan falde seg ut til å bli både krypten i ei mellomalderkyrkje og meir til.

Dramatikar Snekkevåg og regissør Brager har gjort dei tre ungane mangefasetterte, og dermed også meir interessante. Spesielt godt portrettert var Kristoffer Hjulstads tolking av Lars, ein litt smånervøs nerd med mye unyttig sakkunnskap og ikkje like kjepphøg som dei to andre. Men som i den endelege kampen mot erkeskurken Harribald den horrible var underdogen som redda situasjonen då det galdt som mest. Personinstruksjonen er god, dei tre ungane er truverdige så det held, og dei tre andre vekslar raskt og synkront mellom ei rad ulike roller som nok kan vere skumle, men aldri verre enn at dei yngste (frå åtte år og oppover) toler det.

«Monsterunga» er blitt eit velspela overskot av påfunn og gode historier, og då får vi bere over med at teateret fekk litt problem med å samle trådane mot slutten, for finalen blei nok diverre litt uforløyst.

(Meldinga stod i Klassekampen måndag den 15. oktober 2018.)

Leave a Reply