Kaos eller orden?

TEATER

TRUSKAP: Lisa sver truskap til det fantastiske og fargerike, men likevel ukjende. FOTO: BJØRN LEIRVIK, NORDLAND TEATER

TRUSKAP: Lisa sver truskap til det fantastiske og fargerike, men likevel ukjende. FOTO: BJØRN LEIRVIK, NORDLAND TEATER

«Det eventyrlige Dissosia»
Nordland Teater, Mo i Rana
Av: Anthony Nielson
Omsett av Mikkel Bugge
Regi: Morten Joachim
Scenografi og kostyme: Gjermund Andresen
Musikk/lyddesign: Sissel Brean Hovind og Frode Fridtjofsen
Koreografi: Martha Standal
Lysdesign: Øystein Heitmann
Med: Ane Ulimoen Øverli, Anne Bolette Stang Eng, Sven Henriksen, Martin Karelius Østensen, Rune Løding, Stein Elvestad og Linda Mathisen

Medisin eller ikkje medisin, – det er spørsmålet om du vil unngå fantasilandet Dissosia.

Lisa er ikkje heilt i vater, og lever i to parallelle univers. Ved medisinering kan ho unngå det eine, men er det verdt det? «Det eventyrlige Dissosia» frå 2004, av den skotske regissøren og dramatikaren Anthony Nielson (f. 1967), hadde i helga skandinaviapremiere på Nordland Teater. Gjennom to fullstendig ulike aktar syner Nielson røyndomen for ei ung kvinne med dissosiativ liding. I første akt møter vi Lisa (Ane Ulimoen Øverli) som bur seg på date med kjærasten, og som blir bede om å hugse å ta tablettane sine. Men som let det vere. Som ei Alice in Wonderland tar ho i staden heisen ned til landet Dissosia der ho vandrar rundt i eit surrealistisk samfunn på jakt etter ein tapt time. I fargerike og særs fantasifulle kostyme dukkar den eine absurde figuren etter den andre opp, og narrativet er som i eit barneteater der Lisa skal hjelpe med å finne att dronninga og overvinne skurken. Men det endar i sjølvskading når ho kjem attende til den verkelege (?) røyndomen.

I neste akt er ho i eit sterilt sjukehus, fargelaust og upersonleg der ho gjennom særs motviljug medisinering vinn att ei form for likevekt. Men til kva slags pris? Ved å presentere Lisas to alternative røyndomar så tydeleg og illustrerande, har Nielson greidd å forklåre kva som får henne til å sky medisinering og oppsøkje det både opplevingsrike og destruktive jamvel om ho veit betre. Som ein rusavhengig søkjer ho det fantastiske, og vi forstår henne godt.

Gjermund Andresen har, i tillegg til eit utal spennande kostyme, laga ein scenografi som tek godt vare på ulikskapen, og som er imponerande komplisert til å vere rigga for turné. Morten Joachim har regien, og har greidd å få seks skodespelarar til å fylle heile 20 roller med synkrone og ganske presise sceneskift. Men spelet og sjølve presentasjonen er ikkje like vellukka. Rett nok er oppsetjinga til tider relativt underhaldande, men ho blir heller ikkje så mye meir. Rollene er fargerike, men spelet er det ikkje. Framsyninga blir som eit titteskap, nesten overtydeleg pedagogisk, og med unnatak av ei urkomisk scene med to  utryggingsvakter, er det lite att av fantasien i det som blir skildra. Det blir spela teater med relativt mye energi, men diverre utan at det vedkjem eller rører oss i salen i særleg grad.

Framsyninga skal turnere i Nordland i april, og blir vist under Heddadagane i Oslo i juni.

(Meldinga stod i Klassekampen laurdag den 1. april 2017.)

Leave a Reply