Fritt etter minnet

TEATER

Romeo & Juliet
Av og med Nature Theater of Oklahoma
Ganske fritt etter William Shakespeare
Regi: Pavol Liska og Kelly Cooper
Framført av Anne Gridley, Robert M. Johanson og Elisabeth Conner
Verkstadhallen, Teaterhuset Avant Garden, Trondheim

Bildet:
UVISSE: Det er ikkje godt å seie kor heftig kjærleiken skal vere når det er femti ulike forfattarar. FOTO: PETER NIGRINI

Når femti ulike personar skal attgi handlinga i Romeo og Julie, kan det fort bli divergerande versjonar.

Berre halvtanna år etter at det amerikanske teaterkompaniet Nature Theater of Oklahoma gjesta Norge med den fantastiske produksjonen ”No Dice”, er dei her på nytt med ein presentasjon av Romeo og Julie du aldri har sett maken til. Gjestespelet er eit samarbeid mellom Teaterhuset Avant Garden i Trondheim og BIT Teatergarasjen i Bergen. Til helga kan bergensarane difor gle seg til ei uvanleg teateroppleving.

Nature Theater of Oklahoma er ei særs nyskapande gruppe, godt klassisk skolert, men som bryt dramatisk med det vanlege regiteatret. Dei lagar produksjonar der ingen veit heilt sikkert kva som skal skje, og på det viset meiner dei å ta skodespelarkunsten back to basic ved at aktørane gjennom uvissa blir tvungne til ein heilt annan konsentrasjon. Reint konkret skjer dette ved at aktørane får replikkane på øyret, og må framføre dei slik dei blir diktert. Det skjer gjennom uvanleg klår diksjon og særs tydeleg mimikk, nesten pompøst og sjølvhøgtideleg, og på det viset får framsyningane ein intensitet og ein der-og-då-dimensjon du sjeldan opplever i tradisjonelt teater.

I denne produksjonen er det verdsdramatikkens mest kjende romantiske tragedie som blir presentert, – eller utforska og dissekert om du vil. Alle veit vi at Romeo og Julie kom frå to rivaliserande familiar, at dei fann kvarandre, og at dei båe døydde til slutt, og så var det ein balkongscene og litt til i mellom. Men hugsar vi eigentleg detaljane? Kva skjedde, kven døydde først, og kven var Mercutio, Tybalt og Paris? Teaterkompaniet har basert oppsettinga på femti telefonopptak der ulike personar fortel sin versjon av tragedien fritt etter slik dei hugsar det. Det syner seg raskt at her er det store hol, men der minnet sviktar, tar fantasien og ein utruleg kreativitet over. Slik gir Anne Gridley og Robert M. Johanson oss eit utal versjonar av kva folk hugsar eller diktar inn som si eiga oppfatning av tragedien vi trudde vi alle kjende. Tidvis blir det hysterisk morosamt, men det gjer oss også usikre. Når så mange versjonar blir presentert, skapar det etter kvart uvisse i salen. Kven var det eigentleg som døydde først? Var det gift, eller var det dolk? Slik smittar den uvissa kompaniet sjølv freistar å spele på også over på publikum. Vi må skjerpe oss, – og dei fleste er nok meir enn glade for at det ikkje var oss Nature Theater of Oklahoma ringde til.

I ein slags epilog eller andre akt, utfordrar og utforskar dei to scene- og skodespelarkunsten og forholdet til publikum, og her sit referansane til verdsdramatikken laust. Nature Theater of Oklahoma spelar på fleire lag, og for det litt urøynde teaterpublikummet er denne framsyninga ein artig parafrase over Romeo og Julie. Men for den som har sett ein del teater, kan ein verkeleg kose seg i metaforar og meir til. Og for til fulle å syne oss at kompaniet både kjenner sin Shakespeare og i tillegg veit å framføre han, leverer dei oss ein utsøkt sviske etter at du trudde det heile var over. I stummande mørke gir dei oss balkongscena som eit høyrespel framført med innleving og patos i ei rein klassisk tapping. Ei kontrastering av alt dei tidlegare har presentert. Ingen fasit, men berre ei vakker komplettering.
Amund Grimstad

(Meldinga stod i Klassekampen måndag den 9. november 2009)

2 Responses to “Fritt etter minnet”

  1. hanne sier:

    Hei, Amund!
    Du skriver innledningsvis at Nature Theatre of Oklahoma er tilbake i Norge etter halvannet år, og at de da gjestet landet med No Dice!
    Ville bare opplyse om at de var her i Norge, i Oslo på Samtidsfestivalen nå i høst med produksjonen Rambo Solo som ble vist på Nationaltheatret.
    Vennlig hilsen
    Hanne Tømta

  2. Amund Grimstad sier:

    Hei.
    Takk for oppdateringa. Eg var så imponert over at eitt av verdas mest spennande teaterkompani la vegen om Norge to gongar på halvtanna år at eg ikkje sjekka om dei hadde vore her endå ein gong. Slik er det med husmannsanda! Eg skal skjerpe meg og ta høgde for at Norge er meir enn Trondheim etter dette.
    Amund

Leave a Reply