TEATER
Den Lykkelige Prinsen
Av og med Sagliocco Ensemble
Fritt etter Oscar Wilde
Regi: Anne-Sophie Erichsen
Scenografi: Silje Steinsvik
Med: Guandaline Sagliocco og Terje Sødal
Teaterhuset Avant Garden
Utan store geberdar, men med enkle og diskrete midlar tryllar ensemblet fram visuell lyrikk for store og små.
På ei søppelfylling møtest to personar. HAN bur der, og HO er på leiting etter flybilletten til Egypt som ho har lagt i søpla i vanvare. Søket utviklar seg til å bli ei historie på mange plan, eller fleire historier som etter kvart flettar seg saman til ei. Eigentleg er dette ei ganske komplisert oppsetting som krev at publikum har evne til abstrahering. Dei to går frå si eiga historie på søppelfyllinga til Oscar Wilde si fortelling om statuen av ein lykkeleg prins, for så å vende attende til fyllinga. Men ettersom dette blir gjort så poetisk, leikent og med slik innleving, ser det ut til at jamvel dei minste ungane i salen greier å henge med. Den lykkelege prinsen, som trass i at han er ein statue, har likevel både kjensler og sosialt samvit, og han feller tårer når han ser byens skuggesider. Tårene vekker ei einsleg svale som for lengst skulle ha floge til Egypt ettersom det går mot vinter. Og slik flettast historiene saman så HAN blir den lykkelege prinsen og HO den einslege svala.
Oppsettinga er full av undertekst, opererer på mange ulike plan og vender seg både til vaksne og ungar. Her er mengder av lun og underfundig humor, og Guandaline Sagliocco er eit oppkome av små, utsøkte gags. Kroppsspråket hennar gjer dette til eit særs fysisk teater i tillegg til den poetiske og godt fortalde historia. Båe aktørane er diskrete, i tydinga at spelet er lågmælt, men dei er likevel svært tydelege. Scenografien er stort sett søppelsekkar og gamle aviser, men med sans for enkle effektar tryller dei to fram det vesle dei treng for å skape den naudsynte fascinasjonen hjå publikum. Og vi blir raskt fengsla av den kontrastfylde eventyrverda som blir mana fram på scena. Lydeffektar og lyssetting er like forsiktige og gjennomførte som resten av produksjonen. Sagliocco Ensemble har laga ein utsøkt liten produksjon som gjennom vinteren og våren skal turnere med den kulturelle skolesekken.
Amund Grimstad
(Meldinga stod i Klassekampen den 2. desember 2005)