Når sjarmen forsvinn

TEATER

TESELSKAP?: Å styre eit land er definitivt ikkje noko teselskap. FOTO: HANNA FAUSKE

«Fyrsten – et teselskap om demokratiets forfall»
Fabularium Produksjoner, Rosendal Teater
Idé, konsept og regi: Lene Helland Rønningen
Regiassistent: Bjørn Tore Grøntvedt
Dramatikar: Marte Huke
Scenografi og kostyme: Berit Haltvik With
Komponist og musikkproduksjon: Kirsti Huke og Ola Kvernberg
Musikkproduksjon: Kristoffer Lo
Lysdesign: Eirik Brenne Torsethaugen
Med: Ibrahim Fazlic og Frida Vige Helle

Ei både underhaldande, velspela og pedagogisk framsyning om demokrati og styresett. Og med eit vell av underfundige overraskingar.

Det vesle produksjonsselskapet Fabularium Produksjoner blei starta alt i 2014, men sjølv har eg berre sett ei av framsyningane deira til nå. Til gjengjeld var den («Maneter og planeter») overraskande bra, eit lite audiovisuelt kunstverk, og ei reise i fantasien. Så forventningane var difor ganske høge då eg laurdag såg urpremieren på «Fyrsten – et teselskap om demokratiets forfall». Og sjølv om dette var heilt annleis, var denne framsyninga minst like god som den førre.

Mykje av det same kunstnarlege laget står bak også denne gongen, men med viktige suppleringar. Lene Helland Rønningen, som har både idé, konsept og regi, tek oss fem hundre år attende til renessanseforfattaren Niccolò Machiavelli og hans posthume og ikoniske verk «Fyrsten» der han nærast skriv ein lærebok i korleis statsleiarar skal te seg for å halde på makta. Med dette som utgangspunkt har det vesle produksjonsselskapet laga ein humoreske av ein moderne variant der vi møter ein uvanleg sjarmerande fyrste som dei fleste vil sjå har attkjennelege trekk frå ulike politiske leiarar, folk som helst vil styre på sin eigen nåde og ikkje folkets. Og vi møter ei oppegåande ungjente som er journalist i skuleavisa, og som trass i ung alder ikkje så lett let seg dupere.

Det heile startar litt kleint i foajeen før framsyninga tar til der ungjenta Johanne (Frida Vige Helle) freistar å fritte oss ut om kva som er viktig å spørje ein politikar om. Før vi får med oss den einaste røystesetelen som finst, og som vi pliktskuldig legg i urna på veg inn i salen. Bak scena, som er som eit skråstilt salongbord med mat og servise, dukkar så fyrsten (Ibrahim Fazlic) opp. Han er nettopp samrøystes vald, det sytte vi for på veg inn. Og han fortel innsmigrande og sjarmerande om programmet, sitt som er å gjere at alle skal vere glade. Sitron og alt anna forsurande er bannlyst. Og om det skulle dukke opp eit problem, løyser han det med kaker, søtsaker og sukker.

JOHANNE: Frida Vige Helle ga oss ei truverdig, energisk og spill levande ungjente. FOTO: HANNA FAUSKE

Men så kjem Johanne frå skuleavisa for å gjere eit intervju. Fyrsten svarar med lun og forførande innestemme. Og han fortel at demokratiet er såpass upraktisk at han har innført noko han kallar demokratur (som er ei forkorting av demokratisk diktatur) og der det bak alle dei vakre orda går fram at det er fyrsten åleine som rår. Intervjuet går bra, men fyrsten var ikkje budd på at den fremmelege skribentspira, journalistikkens Greta Thunberg, sette alt han sa på trykk. Då blir det oppvask, og Johanne må be om orsaking. Men ho er lurare enn som så, gir seg ikkje, og til slutt får ho salen med seg på eit meir enn rettvist oppgjer med ein fyrste som etter kvart blei meir og meir despotisk.

Historia er ikkje særleg original, men presentasjonen, konseptet, humoren. alle dei uventa effektane og ikkje minst spelet gjorde dette til ei lita sviske av ei framsyning. Scenografien til Berit Haltvik With er tilsynelatande enkel, men likevel ganske intrikat. Med ein mobil lyskastar blir det skapt skuggebilde på bakteppet, bilde som i starten kan minne om ein skyline frå ein storby til dei etter kvart blir nytta til heilt andre og effektfulle illustrasjonar. Og metaforbruken er like oppfinnsam som han er humoristisk. Ein tepose er ein lærar som blir klemt og drukna i dette politiske spelet som langt frå er noko teselskap. Og medan fyrsten snakkar lunt og innsmigrande om det som er langt frå søtt for folket i landet, blir det heile også gitt eit tonefølgje av minst like innsmigrande musikk.

SURT: Ibrahim Fazlic er ein sjarmerande fyrste så lenge han berre kan sukre alle problema. FOTO: HANNA FAUSKE

Ibrahim Fazlic har etter kvart blitt ein røynd scenekunstnar, og han har ein sjarm og eit scenetekke som er sjeldan. I starten ser fyrsten difor ut til å komme seg unna med det meste. Ein pressekonferanse der han tek spørsmål frå salen og improviserte svar på sparket, synte at han har gjort grundige studiar av teflonpolitikarane og deira måte å svare på. Men Johanne greier det umogelege. Frida Vige Helle var utdanna på Nord for to år sia, og det er første gong eg har sett henne på ei scene. Det ga absolutt meirsmak, for ho ga oss ei truverdig, energisk og spill levande ungjente.

«Fyrsten – et teselskap om demokratiets forfall» er laga for aldersgruppa 10 til 13 år, men burde ikkje ha noka øvre aldersgrense, for her var mangt å gle seg over for dei fleste. I premierehelga blei det spela fire framsyningar på Rosendal Teater, og om ei veke blir det fire nye på Lager 11 på Sluppen i Trondheim. Men denne produksjonen er så god at han bør få eit liv også etter det.

Leave a Reply