Leikent og sjarmerande

TEATER

KONKURRANSE: Berre miming, men alle ser at dette er kappskyting med pil og boge. FOTO: TEATRET VÅRT

«Robin Hood»
Teatret Vårt, Reknesparken i Molde
Fritt etter legendene om Robin Hood
Regi og tilarbeiding: Bjørnar Lisether Teigen
Med: Lars Melsæter Rydjord, Sara Fellman, Bjørnar Lisether Teigen, Johanna Mørck, Amalie Sofie Ibsen Jensen og Lars Halvor Andreassen

Så upretensiøst at det i starten verkar uferdig, berre for ganske raskt å sjarmere denne meldaren i senk.

Teatera tar til å opne att, og nokre er raskare enn andre. På Teatret Vårt i Molde har dei tatt tak i dei mange ulike legendene om Robin Hood, dikta ganske fritt, og på kort tid laga ei utandørs barneframsyning med koronaavstand både på scene og i sal. Bjørnar Lisether Teigen, ein av veteranane i ensemblet, har tilarbeidd dei gamle forteljingane om den kjekke og bolde Robin Hood. Saman med broder Tuck, Lille John og ei rekkje andre fredlause har Robin svore truskap til eksilkongen Richard Løvehjarte. For konge og fattigfolk kjempar dei mot prinsregenten Johan utan land og sheriffen hans og deira tyranniserande skattlegging. Frå basen sin i Sherwoodskogen, stel Robin frå dei rike for å gi til dei fattige. Slik har legendene gjort han til representant for eit folkeleg opprør. I denne framsyninga stel han rett nok for å skaffe løysepengar for å betale fri kong Richard frå fangenskapet hans i Austerrike. Det er ein naudsynt vri for å få til happy ending med at kongen kjem heim, og at ein overraskande vakkert formidla romanse mellom Robin og Lady Marion endar i giftarmål.

På ei lita utandørs scene i Reknesparken, og utan annan scenografi enn nokre små trær, rullar ensemblet ut ei historie som i starten kanskje verkar vel provisorisk og samanraska. Men sveltefôra som vi er, etter tre månaders pandemi, godtek vi det meste. Personinstruksjon, sceneskift og spel er ikkje heilt på høgda, men etter kvart blir eg likevel tvers igjennom forført av det sjarmerande metaspelet der mykje av framsyninga i røynda er ein kommentar til seg sjølv og situasjonen vi står i. På berre snaue timen greier dei på eit pedagogisk, leikent, humoristisk og fullstendig upretensiøst vis å fortelje det meste. Utan rekvisittar og med god korona-avstand, må dei mime og indikere der dei elles kunne ha spela i fri dressur. Det har dei løyst ved at det kryr av oppfinnsame og artige små gags, og dei seks på scena leikar seg med metaforar, dagsaktuelle og litt absurde referansar og ikkje minst teatrale verkemiddel som fleire nydelege handlingsbrot. Ungane i parken fekk openbert sitt, men alle dei ulike metalaga, og ei rekkje godt inkorporerte brot, gjorde at dette blei ei framsyning til å gle seg over for oss alle.

(Meldinga stod i Klassekampen måndag den 15. juni 2020.)

Leave a Reply