Teateråret 2019

Klassekampen held seg med heile sju teatermeldarar som i løpet av 2019 har meld meir enn hundre teaterframsyningar frå heile landet. Vis meg den dagsavisa som kan skilte med noko liknande. Eg er stolt over å få vere med på dette laget saman med dei røynde, kompetente og kunnskapsrike meldarane IdaLou Larsen, Julie Rongved Amundsen, Frøydis Århus, Karl Kristian Bekeng, Victoria Kielland, og Charlotte Myrbråten (som nå er gått til BT, men som er erstatta av den både dyktige og ikkje minst særs skriveføre Sandra Lillebø). For eit lag!
På årets nest siste dag har vi sju freista å gjere opp status over teateråret 2019. Før om åra la vi fram kvar vår topp-tre-liste, men ettersom vi nå er så mange, fekk vi ikkje plass til meir enn kvar vår favoritt. Difor nyttar eg høvet til å trekkje fram nokre fleire av dei framsyningane som eg har vurdert.

«SCENER FRA ET EKTESKAP»
Rogaland Teater
Regi: Kjersti Horn

Foto: Stig Håvard Dirdal

Sjølv har eg sett rundt hundre framsyningar over heile landet (og fjorten i Danmark) det siste året, og eg har skrive seksti meldingar, og førti av dei i Klassekampen. Årets vinnar, som eg også skriv om i dagens avis, var enkel å kåre. «Scener fra et ekteskap», den snart femti år gamle ikoniske TV-serien til Ingmar Bergman, nå i Kjersti Horns regi på Rogaland Teater, var ein sjølvsagt vinnar. Ikkje berre fordi Bergmans tekst er særs god, men fordi både dramatisering, modernisering, scenografi og spel drog i same retning. Arne Lygre er ein av landets fremste dramatikarar og kjenner scenekunsten ut og inn. Han har omsett Bergmans tekst, tilarbeidd og modernisert han, fjerna alt uvesentleg og skrive ein tekst som er både munnleg og naturleg i 2019. Kjersti Horn har laga kjenslevart sakte-teater, og i særs godt samarbeid med scenograf Sven Haraldsson har ho greidd å få fram både distanse og ubehageleg nærheit til den etter kvart ganske klaustrofobiske tosemda. Og når to av landets beste skodespelarar får tolke Marianne og Johan i eit drama der dei båe leverer på øvste hylle, blir det godt teater og stor scenekunst. Anders Dale og Nina Ellen Ødegård er ektepar også i det sivile, og slik sett kjenner dei kvarandre som berre ektepar gjer det. Frå TV-serien er det i hovudsak Liv Ullmann som blir hugsa, men i Rogaland Teaters versjon er det verkeleg slik at «it takes two to tango», og det blir heilt meiningslaust å skilje mellom dei to rolleprestasjonane.
Dette var ei framsyning som snakka til dei fleste av oss, og som framleis, eit halvår etterpå, sit i meg.

«DEN HEMMELIGE HAGEN»
Trøndelag Teater
Regi: Kjersti Haugen

Foto: Terje Visnes

Andreplassen for meg dette året var ei uvanleg vakker og poetisk framsyning på Trøndelag Teaters gamle scene. Kjersti Haugen har dramatisert og regissert Frances Hodgson Burnetts gamle barnebok «Den hemmelige hagen», og det blei eit kunstverk av ei framsyning. Det var ei multimedial oppsetjing der Katrin Bombes opplevingsrike, vakre og relativt enkle scenografi, Magnus Børmarks nydelege songar, Svetlana Stokkes koreografi, Eivind Myrens lysdesign og Kjersti Haugens lågmælte og dvelande regi saman med framifrå spel og like utmerka personinstruksjon gjekk opp i ei høgare eining. Eg gret og kosa meg om kvarandre, og det er godt å sjå at det framleis er regissørar som har tillit til publikums tolmod, også barnas, og som held seg frå å pøse på med action og punchlines, men i staden stoler på historia og lagar ei episk og saktegåande forteljing der magien og undringa får hovudrolla.

«LANG DAGS FERD MOT NATT»
Trøndelag Teater
Regi: Johannes Holmen Dahl

Foto: Bengt Wanselius

Tillit til publikum er noko som også regissøren av mi tredjeplass-rangering har. Johannes Holmen Dahl har gjennom fleire produksjonar synt at det er ein grunn til at dei gamle klassikarane er nettopp gamle klassikarar, og at det ikkje alltid er naudsynt å stæsje dei opp med gags og effektar, men i staden gå til teksten og late han gjere jobben. Slik var det også med hans iscenesetjing av Eugene O’Neills «Lang dags ferd mot natt» på Trøndelag Teaters hovudscene. Saman med Nia Damerells scenografi, og nok ein gong til Eivind Myrens lysdesign, har han laga ei minimalistisk framsyning der menneska og deira lagnadar får vere midtpunktet. Og med eit lite, men strålande velspela ensemble toppa av Hildegunn Eggen og Trond-Ove Skrødal i to av dei beste rolletolkingane eg har sett av dei, – og det seier ikkje lite, var dette ei gåve til alle som er glad i teater. Til alle oss som ikkje går i teateret for å bli underhaldt, men for å bli rysta, rørt og herja med.

Leave a Reply