Ei lenke av assosiasjonar

TEATER

KUNNSKAP: Det er viktig å vete korleis ein avlivar ein hest. FOTO: HANNA FAUSKE

«A moment of silence»
Rosendal Teater, Trondheim
Konsept og regi: Hestnes/Popović
Produsent: Andrea Skotland
Musikalsk ansvarleg: Lasse Aagaard
Kostyme: Jenny Hilmo Teig
Lysdesign: Ingrid Skanke Høsøien
Med: Freya Sif Hestnes, Marina Popović, Maja Skånøy, Helle Adolfsen.

Ein lågmælt presentasjon av korleis det er dei små forteljingane som byggjer opp om den store felles historia vår.

Kunstnarduoen Hestnes/Popović består av danske Freya Sif Hestnes, og av Marina Popović, som er vakse opp i Trondheim, men som kom frå Jugoslavia som lita jente. Dei har gjort det til eit førebels varemerke å ta utgangspunkt i små historier dei sjølve har tilknyting til for å byggje dei vidare til store og langt meir eksistensielle forteljingar. Slik også denne gongen.

Vi er i Rosendal Teater, den tidlegare westernkinoen i Trondheim, som nå er bygd om til eit velfungerande teaterhus. Tenk deg, seier Marina Popović i opninga, at du er i nabosalen for å sjå film, det er andre verdskrig, og det er truleg tysk propaganda. Så spinn dei vidare på «tenk deg» og ei lang rekkje assosiasjonar om både første og andre verdskrig, om krigen i Bosnia og om korleis det gjekk då den danske kong Christian X etter første verdskrigen markerte at Danmark fekk att Sønder-Jylland (der familien til Hestnes har bakgrunnen sin frå). Til stades på scenen er også dei to unge jentene Maja Skånøy og Helle Adolfson som lenge leikar stille, brettar serviettar og dukar, og gjer ting som småjenter gjer, før dei etter kvart blir meir og meir del av forteljingane på eit imponerande velregissert vis..

Som mange små bekkar som til saman blir historias elv, er framsyninga bygd opp lag for lag av anekdotar, tilforlatelege trivialitetar, kvardagslege hendingar men ofte med eit dramatisk bakteppe. På dette viset får dei lågmælt, særs gradvis, forbausande saumlaust og utruleg elegant bygd opp dei små elementa som til saman blir den store forteljinga, vår felles historie. Det er både lærerikt, særs underhaldande og litt skremmande.

HEST? Dette er ikkje ein kvit hest, men ein «songskjular». FOTO: AMUND GRIMSTAD

Framsyninga er full av overraskingar, også musikalske og kulinariske, og ho er ein skule i korleis ein skal byggje god dramaturgi. Nettopp difor skal eg halde meg vel frå å seie så mykje om innhaldet i historiene anna at her er mykje fakta du ikkje visste du trong vete, som kva ein «songskjular» er, korleis ein lagar kalk, for ikkje å seie kva som er rette måten å avlive ein hest.

Publikum sit på båe sider av ei scene som etter kvart løyser seg opp slik framsyninga også gjer det. Og som nok ei overrasking, er avslutninga ganske annleis enn det vi er vande med, for historia er sjølvsagt ein endelaus prosess som ikkje sluttar ved teppefall. Og slik er også finalen. Han er utan ende, fortrøystingsfull, velsmakande, og solid forankra i tradisjonar for korleis sosialt samvære skal vere.

«A moment of silence» er ei uvanleg sjarmerande framsyning der Hestnes/Popović med enkle middel og ikkje minst med eit utal overraskingar etter kvart greier å seie oss noko heilt vesentleg om det å vere menneske.

(Meldinga stod i Klassekampen tysdag den 26. november 2019.)

Leave a Reply