TEATER
«Lille Eyolf»
Nordland Teater, Mo i Rana
Av: Henrik Ibsen
Regi og kostymedesign: Hilda Hellwig
Scenografi: Jan Lundberg
Med: Svein Harry Schöttker Hauge, Kirsti Eline Torhaug, Rune Storsæther Løding, Lena Jacobsen Kvitvik, Sven Henriksen og Agnes Born
Ei ujamn oppsetjing der det er vanskeleg å forstå i kva retning regissøren vil.
«Lille Eyolf» frå 1894 er eitt av dei siste drama Henrik Ibsen skreiv, og i mangt er det den gamle meister som gjer opp livets rekneskap. Alfred Allmers (Svein Harry Schöttker Hauge) kjem heim frå eit langvarig opphald i fjellet der han skulle skrive ferdig boka si om «Det menneskelege ansvar». Men han har nærast fått eit syn, eller eit kall, og vender heim for å vie resten av livet til den ni år gamle sonen, Eyolf (Sven Henriksen) som er nesten lam i eine foten etter å har ramla ned frå eit bord medan foreldra hadde seg. Alt i opninga signaliserer Ibsen konfliktane mellom ambisjonar og nære menneskelege forhold. Kona Rita Allmers (Kirsti Eline Torhaug) opplever sonen som eit stengsel mellom seg og mannen. Nok eit stengsel er representert ved Alfreds syster, Asta (Lena Jacobsen Kvitvik) som han nærast har eit incestuøst forhold til. Husvennen, ingeniør Borgheim (Rune Storsæther Løding) freistar også å vinne Asta, men frieria fell stort sett på steingrunn. Inn i dette familiedramaet kjem også den nærast mytiske rottejomfrua (Agnes Born) som driv ut rotter og alt anna som gneg. Dei fleste vil vel vite at Eyolf blir lokka i drukningsdøden alt i første akt, og etter det blir temaet i stor grad om forsoning på ulike nivå er mogeleg og korleis.
«Lille Eyolf» er komplisert å setje opp fordi det frå Ibsens hand er så alt for mange tema og intrigar, og ein bør nok fortette og konsentrere for at dette skal bli handterleg. Den svenske regissøren Hilda Hellwig har gjort ein del uvanlege val, nokre ganske vellukka, men andre meir uforståelege, og det er blitt ei temmeleg sprikande framsyning. Rottejomfrua er ei purung jente, og Eyolf blir spela av ein drygt 60 år gamal skodespelar. Men båe desse vala fungerer overraskande bra. Sven Henriksens avdempa spel og Eyolfs alder gjer at symbolfunksjonen hans blir viktigare enn personen sjølv i forholdet mellom Alfred, Rita og Asta. «Lille Eyolf» er kanskje Ibsens mest erotiske drama, og det ligg mye implisitt i teksten. Hellwig har vald å gjere dette unødvendig synleg som om publikum ikkje har evne til innleving.
Scenografien til Jan Lundberg er eit tidvis litt overlessa scenerom med mange uforståelege element. På scenekanten er det to basseng som nesten alle aktørane etter kvart må ned i, utan at det er nokon logikk i denne badinga.
Det er først og fremst spelet som bergar denne oppsetjinga, og då særleg dei to kvinnene, Asta og Rita. Regissør Hellwig har gjort Asta til ei femme fatale, eit ganske uvanleg val, og
innanfor det rammeverket gjer Lena Jacobsen Kvitvik ei strålande og energisk tolking. Men det er Kirsti Eline Torhaug som verkeleg gjer denne framsyninga. Ho gir oss ei overtydande og nyanserik Rita Allmers, ei kvinne det ikkje alltid er like lett å skjøne, men som her blir særs forståeleg. Det er diverre meir enn ein kan seie om resten av framsyninga.
(Meldinga stod i Klassekampen laurdag den 17. mars 2018.)