Vindauge mot verda

TEATER

SMERTE: To ulike lagnadar og sjukdomsbilde. Smertefullt men samstundes vakkert. FOTO: FOTOGJENGEN.SAMFUNDET.NO

Ser deg blekne
Av: Forfattarkollegiet for nattframsyninga
Instruktør: Hedda S. Rui
Scenografi: Miriam Stefanie Christ
Kostyme: Laila Nygreen
Komponist: Christian A. Eriksen
Med: Sunneva Minken, Andreas Oddnes Dahle, Siriann Petronella Berdal, Kjell-Roger
Lange og Mina Rype Stokke
Studentersamfundets Interne Teater (SIT)
UKA 11, Studentersamfundet i Trondhjem, Knaus

Ei nattframsyning som er attende ved gamle høgder, og som formidlar stemningar og lagnadar på eit imponerande innsiktsfullt vis.

I 1995 gav nyskapinga ”Nattforestillinga” det teaterinteresserte publikummet i Trondheim hakeslepp med oppsettinga ”Vi kjente ham i grunnen ganske godt”. Bak produksjonen stod fleire som i ettertid har gjort gode profesjonelle teaterkarrierar, og framleis står den oppsettinga i mitt eige minne som noko av det beste eg har sett på ei scene. Suksessen gav sjølvsagt meirsmak for SIT, men det var ikkje alltid like lett å hoppe etter han du veit, og nattframsyningane har i ettertid hatt ganske vekslande kvalitet. Men det skal dei ha at ambisjonsnivået alltid har vore høgt, og det er tydeleg at det er i nattframsyninga SIT ønsker å lage teater med stor T. Godt er det difor å kunne melde at nå er internteatret på rett veg att. Og vel så det!

Nattframsyninga er ofte eit litt svart teater med psykologisk tilsnitt og gjerne mange og djupe botnar. Det kan fort bli teatralt, og har ofte vore det. Denne produksjonen, ”Ser deg blekne”, er så avgjort både dyster og med psykologisk tilsnitt, men milevis frå å vere teatral. Vi møter fem personar som alle er pasientar på ein relativt open psykiatrisk institusjon. Dei har alle sine historier og diagnosar, og sakte, – særs sakte, blir vi presentert for bakgrunnen til kvar einskild. I løpet av berre ein dryg time greier dei fem å la oss kome under huda på dei, få innblikk i bakgrunn, sjukdom, håp og ikkje minst håpløyse, og i interaksjonen mellom dei blir dei både kvarandre sine terapeutar og problem. Gjennom eit utruleg mangefasettert persongalleri til berre å dreie seg om fem personar, og der SIT har femna både truverdige og ganske så ulike lagnadar og sjukdomshistorier, blir vi presentert for ein særs utvungen, tekstrik og naturleg dialog som lag for lag avdekkar kva for bagasje dei fem har å stri med. ”- Går det bra med deg?” er det stadig tilbakevendande spørsmålet dei stiller kvarandre, og sjølv om svaret i hovudsak er gitt, er dette likevel ikkje noko føreseieleg stykke der alt er berre svart. Sårt og vart, men også ganske smertefullt er kanskje meir dekkande.

Den vesle intimscena Knaus er sparsommeleg utstyrt scenografisk. Fire svarte boksar og fem stolar, effektiv bruk av lyssetting, og ikkje minst eit vindauge er det heile, men det er også heilt tilstrekkeleg. Vindauget er sentralt plassert, og utanfor ser vi eit fjordlandskap som tydeleg signaliserer eit ope landskap der ute i motsetnad til det innestengde rommet her inne, og der vêret utanfor skiftar dramatisk med ulik lyssetting i takt med sinnsstemningane inne. Det er enkelt, og særs verknadsfullt. Effektfull og stemningsskapande er også den nyskrivne musikken som av alle stader er innspela i ei kyrkje med særs god akustikk!

SIT skal ha ros for å ha gjort grundig research. For ein som heldigvis ikkje har detaljkunnskap om slike forhold, verkar det heile å vere temmeleg autentisk. Samstundes er alt formidla relativt lågmælt der mimikk, kroppsspråk og indikasjon er vel så viktig som den fortalde historia. Her er det verkeleg ”show them, don’t tell them”, og akkurat det er ikkje anna enn imponerande når det faktisk gjeld både manus og framføring. Det er i tillegg uvanleg god personinstruksjon. Ein ting er at skodespelarane får til ein utvungen dialog, men all den smerta eg les i andleta og kroppsspråket til aktørane, er atskillig meir enn ein kan vente frå amatørar. Både i tekstgrunnlaget, ensemblespelet og i dei individuelle prestasjonane er dette ein produksjon som kan måle seg med det meste.

 

Leave a Reply