Skyt ein president

MUSIKAL

Assassins
Msikk og songtekstar: Stephen Sondheim
Tekst: John Weidman og Davis Freeman
Regi: Davis Freeman
Produsert av Random Scream/Davis Freeman
Teaterhuset Avant Garden, Verkstadhallen

Bildet:
RELIEFF: Skotet (eller skota?) til Lee Harvey Oswald blir presentert på eit vis som set heile den amerikanske drapsspiralen i relieff. FOTO: RANDOM SCREAM

Ein treng korkje orkester, dansarar eller påkosta kostyme for å lage god musikal. Det held med dyktige folk og ein god idé.

Ikkje noko anna vestleg land har hatt same tendens til å ta livet av leiarane sine som USA. Frå John Wilkes Booth drap Abraham Lincoln våren 1865, har det vore ei lang og samanhengande rekke drapsforsøk der intervalla sjeldan er over tjue år. Og i eit land der det enklaste så avgjort er pistol, er det er nesten slik at ein kvar president med respekt for seg sjølv bør ha blitt skote på. Dette tok Stephen Sondheim tak i, og saman med John Weidman skreiv han musikalen ”Assassins” som hadde premiere i 1990. Den har hausta stor fagnad, men også vore offer for politiske konjunkturar. Ei Broadway-oppsetting  i 2001 blei utsett heilt til 2004 på grunn av 11. september, og slik har musikalen tatt til å leve sitt eige liv som ein kommentar ikkje berre til gamle drapsforsøk, men også til amerikansk patriotisme. På mange måtar kan ein seie at det er denne metaversjonen av musikalen den amerikanske teaterkunstnaren Davis Freeman, saman med det belgisk/amerikanske teaterkompaniet Random Scream, har gripe fatt i med den produksjonen som i desse dagar har gjesta Norge.

”Assassins” i Random Scream/Davis Freeman si tapping er på alle vis antitesen til det vi forbind med musikalar. Her er ikkje noko orkester, berre eit flygel og ein ustemd gitar. Her er ingen påkosta kostyme, ingen koreografi, og heilt minimalt med regi. I alle fall tilsynelatande. Ti skodespelarar sit ved eit langbord som paneldeltakarar på eit seminar. Dei har manus framfor seg og er kledd i det vi ville kalle sivile klede. Vekslande namneskilt fortel til ei kvar tid kven vi har å gjere med, og det einaste verkelege regigrepet er at skjermen bak dei blir nytta til ulike bilde- og videoprojeksjonar der også songtekstane blir presentert. På enkelt og pedagogisk vis startar dei opp med å introdusere scene ein, og går så gjennom drapsforsøka sak for sak.

Baktteppet for framsyninga er sjølvsagt det spesielle ved den amerikanske kulturen som produserer eit slikt utal med drapsmenn og -kvinner. Det gjeld våpenkulturen, men kanskje i større grad det amerikanske fridomsmantraet om å leve ut draumane sine, om dei så måtte vere å ta livet av presidenten. Usentimentalt og naivistisk blir vi presentert for eit titals ulike stakkarar og bakgrunnen deira for å gjere som dei gjer. Utan store faktar, og stort sett sittande ved langbordet, blir dette framført av skodespelarane. Dei ler og småkommenterer kvarandre, og er i det heile tatt særs tydelege på at dette ikkje er tradisjonelt teater, men tvert om ein kommentar til det.

Det fungerer faktisk særs befriande. Og underhaldande. Med den lett komiske og naivistiske presentasjonsmåten kombinert med framifrå songlege prestasjonar, var dette lenge i hovudsak først og fremst god underhaldning. Men så kjem ubehaget snikande. For det er ikkje leiketøyspistolar vi snakkar om, og dei bisarre haldningane som avlar slik kultur er langt frå noko å le av.

Finalen er eit overraskande møte mellom dei to mest namngjetne attentatmennene i amerikansk historie, John Wilkes Booth og Lee Harvey Oswald, der vi får ein ny og uventa vri på kva som var bakgrunnen for skota i Dallas i 1963, ei metaforklaring som set heile drapsspiralen i relieff. Det viser seg å handle om langt meir enn ”five minutes of fame”, for det er jo enorm skilnad på eit attentat og eit simpelt drap? Er det ikkje? Og ein liten unnseleg og artig detalj set fart i nok ein konspiratorisk spekulasjon rundt drapet på Kennedy. 

”Assassins” er på same tid både god underhaldning og eit særs politisk teater. Produksjonen viser at det er mogeleg å lage musikal nesten som eit lesestykke. Og i staden for at historia og tematikken druknar i effektar, arrangement, feite lydbilde, scenografi, spektakulær dans og masse lys, blir alt særs tydeleg når ein skjærer inn til beinet slik det her er gjort.
Amund Grimstad

(Meldinga stod i Kassekampen laurdag den 20. mars 2010)

Leave a Reply