Små marginar

mars 31st, 2011

TEATER

The Precision of Freedom
Av Banality Dreams
Regi: Johannes Dullin
Teaterhuset Avant Garden, Verkstadhallen, Svartlamon

Bildet:
FRITT?: Vegen er stutt frå Edens hage til syndefallet, eller frå fridom til tvang. FOTO: ISKENDER KÖKCE

Ei utforsking av fridomsomgrepet som syner at det ofte berre kan vere ei tunn hinne mellom fridom og fengsel.

Til alle tider har mennesket søkt fridom, men like fullt er det framleis i lenker både i mikro- og makrokosmos. Den tysk-norske teatergruppa Banality Dreams har laga ein produksjon der dei ønsker å utforske fridomsomgrepet, og det gjer dei gjennom sju aktørar som på ulike vis syner oss kvardagens banalitetar og trivialitetar. Fridom blir oppfatta særs ulikt, og kan vere alt frå politisk og økonomisk fridom, via høve til å ta eigne val og til den spontane lykkerusen små kvardagsaugneblink kan gi deg. Før framsyninga googla eg tittelen på oppsettinga, og ikkje langt nede blant treffa spratt ”Operation Enduring Freedom” opp! Då har du for så vidt spennet, og også det faktum at det som mange opplever som fritt, kan for andre vere eit fengsel. I prosjektet til ”Banality Dreams” konsentrerer dei seg nok i hovudsak om ulike former for privat fridomskjensle, og dei er sterkt prega av vestleg tankegang der fattigdom, krig og svolt er fråverande og utanfor tema. Utforskinga deira blir dermed relativt privat, men likevel langt frå uinteressant, og heller ikkje utan konfliktar. Snarare tvert om.

Framsyninga har inga historie, og knapt nokon scenografi. Eit svart rom, sju aktørar, og nokre rekvisittar. Tilsynelatande skjer det meste spontant og litt uregissert, men i høgste grad berre tilsynelatande, for bak utforskinga og det eksperimentelle, finn vi både særs stram regi og ikkje minst koreografi. Dei sju i gruppa forheld seg til kvarandre, og vi får del i ulike former for menneskeleg oppførsel og ikkje minst treffsikre observasjonar av korleis menneska ter seg i grupper og kvar for seg. Eit område der avstanden frå tvang til den ultimate fridomskjensla kan vere særs stutt, er det seksuelle, og her får vi eit utal referansar, både komiske og vonde. Innafor religionen kan ofte det same vere tilfellet, og om det ikkje var like eksplisitt som med dei erotiske scenene, las eg i alle fall sjølv mange religiøse metaforar inn i oppsettinga.

Når ønsket om fridom kan bli som sterkast, er ofte vegen til overtrampet stuttast. Det får vi mange døme på, og særleg i finalen som er mye bad taste ikledd vakker ferniss, eller ein slags det stygges estetikk. Framsyninga er leiken, full av gode observasjonar og ikkje minst er ho ganske humoristisk. Men noko svar på kva fridom er, gav ho ikkje. Og det var kanskje heller ikkje meininga. Oppsettinga blir vist på Black Box i Oslo torsdag og fredag denne veka.
Amund Grimstad
(Meldinga stod i Klassekampen onsdag den 30. mars 2010)

Eit eventyr!

mars 29th, 2011

TEATER

Rock’n Roll Wolf
Basert på ein filmmusikal av Elisabeta Bostan
Musikk av Temistocle Popa og Gerard Bourgeois
Attdikta og dramatisert av Tyra Tønnessen og Ragnar Olsen
Regi: Tyra Tønnessen
Scenografi og kostyme: Dagny Drage Kleiva
Koreografi: Jonas Digerud
Musikalsk leiar og arrangør: Åsmund Flaten
Lysdesign: Eivind Myren
Masker: Else Lisø
Med: Ingrid Bergstrøm, Pål Christian Eggen, Mads Bones, Jan Erik Berntsen, Marianne Meløy m. fl.
Trøndelag Teater, Hovudscena

Bildet:
SØT KLØE: Etter søt kløe kjem sur svie, kanskje særleg for den som har seg med fienden? FOTO: GT NERGAARD

Det er ikkje eitt, men mange eventyr som utspelar seg på hovudscena på Trøndelag teater. Og det er eit eventyr at dei har fått det til!

For ein generasjon nordmenn, dei som er tretti pluss, er historia om geita og ulven nesten like uløyseleg knytt til jula som grevinna og hovmeisteren for andre. Men for dei fleste er dette fullstendig ukjend stoff, så her trengst det ei oppklaring før eg kan ta fatt på meldinga av urpremieren på ”Rock’n Roll Wolf” på Trøndelag teater. I 1976 laga den rumenske regissøren Elisabeta Bostan filmmusikalen ”Ma-ma”. Manuset er basert på eit gamalt rumensk eventyr om ei geit og hennar tre killingar, og om ulven som er svolten og vil ete killingane. Til alt overmål er ulven også gudfar til geita! Filmen var eit svært russisk/rumensk/fransk samarbeid der både Moskva Isballett, Bolsjojteatret og Sirkus Moskva tok del. Det finst eit utal versjonar, klippingar og dubbingar av han, men den engelskspråklege er best kjend her heime ettersom han med ujamne mellomrom har vore vist på NRK med den misvisande tittelen ”Med Grimm og Gru”. Filmen har fått kultstatus, blir ofte vist i samband med jula, og stort sett ligg han også ute på NRK si heimeside. Sjølv er eg blant ignorantane, og har vore nøydd til både å sjå og lese meg opp på noko som eg for berre få månader sidan ikkje ante eksisterte. Men for ein heil generasjon er eventyret altså del av kulturarven. Dette misforholdet er nå Trøndelag teater i ferd med å rette opp.

Då nytilsett dramaturg Ingrid Weme Nilsen, og like nytilsett teatersjef Kristian Seltun hadde sitt første møte hausten 2008, var ”Rock’n Roll Wolf” førsteforslaget til musikal frå dramaturgen. Men vegen til scena blei lang. Det var ikkje gjort over natta å spore opp dei som sat på rettane. Partituret hadde gått tapt, så kapellmeister Åsmund Flaten måtte lytte til musikken, skrive ned og arrangere alt på nytt. Tyra Tønnessen laga eit grovmanus, vel så mye på grunnlag av eventyret, og rimsmeden Ragnar Olsen gav deretter dette ein trøndersk språkdrakt med bøttevis av artige ordspel, metaforar og norske referansar. Tyra Tønnessen har til slutt sett det heile i scene, og resultatet fekk vi omsider sjå denne helga. Og med ingen ringare enn snart åttiårige Elisabeta Bostan som heidersgjest i salen.

Historia er i utgangspunktet enkel. Geita (Ingrid Bergstrøm) bur åleine med sine tre små killingar. Som alle andre har ho både lengt og drifter, men som einsleg mor blir ho sett på med moralsk forarging av dei andre dyra i dette fargerike menasjeriet. Ein ulv (Pål Christian Eggen) kjem forbi, og eit absurd, umogeleg og sterkt erotisk forhold oppstår mellom dei to, visualisert gjennom ei nydeleg scene der dei klør kvarandre. Geitemora har sine små å ta vare på, og ulven blir sjalu, i tillegg til at han sjølvsagt har sine naturgitte instinkt som det er vanskeleg å fri seg frå. Ulven blir eit trugsmål for killingane, men mora vil gjerne ut på livet, så ho innprentar ungane om at dei berre må låse opp for henne, og at dei skal kjenne ho att når ho syng ”Mamma e hjæm”. Ulven snappar opp songen og går i trening for å synge i falsett. Meir skal eg ikkje røpe.

Dette er sjølvsagt skumle saker, men for å vise dei minste at teater er illusjon og berre eventyr, startar framsyninga med open scene, songøvingar, ein killing som helst vil sitte på fanget til ulven, og ei lita pedagogisk innføring. Det er eit glimrande grep. Resten av framsyninga er produsert  med akkurat same fingerspisskjensle.

Det er eit stort ensemble med flotte masker og kostyme, velkoreografert og i eit utal opptrinn og sceneskift der alt går saumlaust, leikent og synkront. Pål Christian Eggen og Ingrid Bergstrøm i dei berande rollene gir trygge og botnsolide tolkingar, og det øvrige ensemblet står ikkje attende. Tyra Tønnessen har fått til ein utruleg bra person- og ikkje minst typeinstruksjon der dei tre killingane er eit kapittel for seg. Hanna Seth Johnsen, Thea Bjerkan og Ada Bull, i alderen ti til seks, leverer det beste eg nokon gong har sett av barn på ei norsk scene. Og det i ei langvarig og tekstrik framsyning med mye solosong!

Scenografien til Dagny Drage Kleiva nyttar dreiescena utmerka, og hennar mange fantastiske kostyme gir masse næring til fantasien. Om eg skulle ha ei innvending eller to, må det vere at Kleiva og Tønnessen kunne ha vore litt meir kresne med sceneskifta. I andre akta blir det vel mange av dei. Og som landets fremste musikalscene må teatret snart koste på seg betre lydanlegg. Framifrå orkester og gode songarar fortener betre, og ikkje minst kan det vere vanskeleg å få med seg alle dei underfundige poenga Ragnar Olsen har fylt framsyninga med.

Rock’n Roll Wolf” er blitt ei heilstøypt oppsetting som har så godt som alt. Ho er underhaldande, artig, spektakulær, velspela, godt koreografert, full av vakre songar, og har i tillegg ei historie med uendeleg mange lag. Her er rein underhaldning og god moral for ungane, og her er norsk rovdyrdebatt, seksualmoral, surrealisme, mengdevis av undertekst para med god musikk, fantasifulle kostyme og masker, god koreografi og framifrå spel, alt gjort på eit særs leikent vis.

Eit eventyr kan vere så mangt. Frå folkeeventyra som både kunne ta småfolks parti og ha oppdragande eller skremmande effekt på ungane, til kvardagsmenneskets eskapisme i ønsket om ”eit lite eventyr”. Musikalen ”Rock’n Roll Wolf” har alle desse dimensjonane i tillegg til at det også er eit eventyr i seg sjølv at teatret har fått det til.
Amund Grimstad
(Meldinga stod i Klassekampen måndag den 28. mars 2011) 

Absurde trivialitetar

mars 27th, 2011

TEATER

Den skallede sangerinnen 
Av Eugène Ionesco
Produsert av Studentersamfundets Interne Teater (SIT)
Regi: Cathrine Hoem og Petter Rossvoll
Scenografi: John Trygve Angvik 
Kostyme: Tina Elisabeth Johansen Aas
Framført av Edel Maria Landsem, Ole Leirvik, Siriann Petronella Berdal, Andreas Oddnes Dahle, Marit Lauritzen og Marius Grønnås
Studentersamfundet i Trondhjem, Knaus

Bildet:
SAMANTREFF: Scena der to ukjende finn ut at dei er gifte, meisterleg tolka av Siriann Petronella Berdal og Andreas Oddnes Dahle, og der Marit ”Sherlock Holmes” Lauritzen i midten heller litt malurt i begeret etter kvart. FOTO: FOTOGJENGEN I STUDENTERSAMFUNDET

Nok ein god produksjon frå SIT si side, men skjemma av noko så grunnleggande som elendig diksjon.

SIT leverer nye oppsettingar kvar fjortande dag for tida, og slikt kan det fort bli overflatisk samlebandsproduksjon av. Eg var difor litt utrygg på kva vi kunne vente oss når dei gav seg i kast med Ionescos mest kjende drama, og kanskje den verkelege grunnleggaren av det absurde teater, men utruleg nok kjem dei nok ein gong ned på beina. 

Ionesco skreiv ”Den skallede sangerinnen” i 1948, fire år før Beckett kom med si venting på Godot. Når Beckett ofte blir rekna som det absurde teatrets grunnleggar, er det difor ikkje heilt rett. Og det som også er viktig, er at Ionesco nytta mye meir humor enn Beckett slik at ”Sangerinna” stort sett når eit langt større publikum enn ”Godot”. Men det er ikkje difor sagt at det er lettare å spele Ionesco. Der han let aktørane halde praten i gong med trivialitetar og kvardagsbetraktningar og samstundes syner oss kor surrealistisk røyndomen eigentleg er, blir dette fort så komisk og overtydeleg at det er freistande å falle ned på overspel. I staden er det viktig å halde maska, å spele som om dette var dødsens alvor. Det tener ensemblet, og kanskje endå meir regissørane, til stor ære at dei stort sett greier å halde seg i skinnet, og spelar med alvorstynga andlet.

Ein bør kanskje ikkje flagge spesielle preferansar som teatermeldar, men blant alle drama er ”Den skallede sangerinnen” ein av dei største favorittane mine. Og særleg er scena der dei to som møter kvarandre heilt tilfeldig og som etter kvart, og gjennom stadige utbrot om kva for samantreff dette er, finn ut at dei faktisk deler seng og er gifte, for meg ein av dramatikkens verkelege ”højdare”. Ho er ikkje enkel å framføre truverdig, men Siriann Petronella Berdal og Andreas Oddnes Dahle gjer det fortreffeleg, tar seg god til dei naudsynte pausane, og er tilsynelatande like overraska over kvart einaste ”samantreff”.

”Den skallede sangerinnen” er blitt til på stutt tid og med låge produksjonskostnadar. Likevel lir ikkje produksjonen av å vere hastverksarbeid. Med eitt unnatak. Uttale er noko av det mest grunnleggande når ein står på ei scene. Når ein av aktørane har så dårleg diksjon at det tidvis er uråd å høyre kva som blir sagt, og i tillegg sluker mange av orda, handlar ikkje dette om kostnadar, men om at instruktørane ikkje har tatt seg tid til å luke vekk heilt basale feil.
Amund Grimstad

Lite nytt frå austfronten

mars 10th, 2011

TEATER

Hjem Kjære Hjem
Av Andreas Garfield
Produsert av Studentersamfundets Interne Teater (SIT)
Regi: Andreas Ven Langø
Scenografi; Sigmund Størseth
Kostyme: Laila Nygreen
Framført av Marius Kolkin, Cathrine Hoem og Andreas Aass Engstrøm
Studentersamfundet i Trondhjem, Dreiescena 

Bildet:
IDYLLISK?: Tilsynelatande gemyttleg og hyggeleg taffel, men det er utanpå. FOTO: FOTOGJENGEN I STUDENTERSAMFUNDET

 Relativt velspela om eit viktig tema, men med eit alt for føreseieleg manus.

I kjølvatnet av Vietnamkrigen kom det dusinvis av amerikanske filmar og drama om Vietnamveteranane, om traume, mistilpassing, framhald av krigen etter at dei kom heim, og you name it. Sjølv om temaet har vore problematisert mye etter norsk FN-innsats i Midt-Austen dei siste tretti åra, har det likevel skjedd lite på scena. Men med norsk krigsdeltaking for første gong på 70 år, kjem det kollektive (dårlege?) samvitet med eitt opp i dagen, og vi opplever for tida nesten ein eksplosjon i krigsdramatikk. På Propellen scenetekstmønstring for ei veke sia var det to krigsrelaterte stykke, i nyskriven norsk dramatikk ser vi at temaet er populært, og nå har altså også SIT tatt opp hansken. Teater skal spegle samtida, vere både eit korrektiv og ta tema opp til drøfting, så eg skal ikkje kritisere krigsdramatikken. Men det må vere lov å seie at alt ikkje er like godt. Og når SIT har gått til den danske dramatikaren Andreas Garfield, født i 1976 og utdanna dramatikar i Århus for fire år sia, har dei diverre ikkje vald på øvste hylle, for dette er ein ganske føreseieleg og nesten sjablongmessig tekst, rett nok med ein viss dramaturgi, men altså særs politisk korrekt og utan evne til korkje å provosere eller stille viktige spørsmål.

Så blir utfordringa kva SIT greier å gjere med slikt, og resultatet er faktisk langt betre enn utgangspunktet. Eit ungt sambuarpar i nyerverva  husvære på Øya i Trondheim har seg så det held og får sett standarden i opningsscena. Kim (Marius Kolkin) og Iben (Cathrine Hoem) er rett etter eit hektisk knull i full gang med å førebu middagsselskap der gjesten er Carsten (Andreas Aass Engstrøm), kaptein i dei norske styrkane i Afghanistan og på stutt perm heime i Trondheim. Carsten og Kim er gamle barndomsvener, og har vore saman på GSV i Kirkenes. Der Kim chickened out og valde sivilt liv, IT, og småborgarleg tosemd, drog Carsten først til Kosovo og deretter Afghanistan. Nå kjem han på middag, og stemninga er intens både medan vi ventar, og ikkje minst etter at han har kome. Sjølv om innhaldet er særs føreseieleg, skal eg halde meg frå å fortelle kva som skjer, men middagsselskapet blir ikkje slik nokon av dei tre hadde venta.

Det er eit tett og tekstrikt lite kammerspel vi får presentert, men tekstgrunnlaget er diverre så firkanta at korkje Carsten eller Iben blir heilt til å tru på. Båe aktørane gjer så godt dei kan, og faktisk meir til, men det er vanskeleg å tøye spelet lenger enn teksten. Men i Kim har Garfield greidd å lage ein person som har mange sider og som utviklar seg undervegs, og ikkje berre slik vi ventar.

For nærare tjue år sia sette Marit Moum Aune opp ein uvanleg god versjon av Dylan Thomas’ Milkwood i Studentersamfundet der ho plasserte publikum på dreiescena, og dreidde oss rundt medan det blei spela opp mot veggane på bakscena. Den scenografiske løysinga denne gongen er litt i same gata, og like velfungerande. Publikum sit på bakscena heilt inn mot dreiescena, og scena blir køyrd fram og attende slik at vi på genialt vis blir losa gjennom det vesle husværet til Iben og Kim. Når sjølve scenografien til Sigmund Størset i tillegg er gjennomført og stilsikker, er vel det meste sagt.

SIT skal ha honnør for å sikte høgt, og ikkje gjere det så lett for seg. Denne produksjonen slit med eit etter mitt syn alt for dårleg tekstgrunnlag, men det vesle ensemblet greier likevel å lage ei brukbar framsyning ut av det.
Amund Grimstad

Flyktige møte

februar 28th, 2011

TEATER 

I much prefer being able to see the eyes
Manus og regi: Toril Solvang
Scenografi: Jon Skulberg
Med: Stine Fevik og Henrik Hoff Vaagen
Verkstadhallen, Svartlamon

Bildet:
FLYKTIG: Leik med glas, kommunikasjon og kjensler. FOTO: PÅL HOLDAHL 

Leikent, godt observert og framifrå presentert om kommunikasjon og mangel på slikt i ei verd der avstandane berre tilsynelatande blir stuttare.

Det er scenetekstmønstring i Trondheim og Verdal ei heil veke til endes. Arrangør er ”Propellen” som er ein laust samansett organisasjon for fremjing av ny dramatikk, og som i nokre år har hjelpt til med å produsere framsyningar og organisere seminar og workshops. På relativt kort tid har ”Propellen” vakse seg frå å vere ein meir eller mindre lokal greie i Trondheim til å bli ein institusjon av nasjonal tyding. Denne vekas scenekunstmønstring kan by på ikkje mindre enn fem urpremierar, presentasjon av skisser og utkast, dramatikarsamtalar og meir til. Vi er nå drygt halvvegs i programmet, og sjølv har eg fått med meg opningsframsyninga ”Void Story”, eit gjestespel som blei meld i Klassekampen laurdag, ein improvisasjon over tekstar av lyrikaren Arild Vange og produksjonar av Ellisiv Lindkvist, Toril Solvang, Johan Harstad, Kristofer Grønskag, Helle Levang Moum samt Gunnar Wærness og Erik Dæhlin. I tillegg har det vore dramatikarsamtalar med Johan Harstad, Kate Pendry, Ellisiv Lindkvist og den danske dramatikaren Line Mørkeby. Det har så langt vore eit stort mangfald, og sjølvsagt produksjonar av ganske ulik kvalitet. Det vil føre alt for langt å melde alt. Eg har difor vald å konsentrere meg om ei av oppsettingane, ”I much prefer being able to see the eyes”, av di ho på mange vis skilde seg ut både i tema, innhald og framføring.

Toril Solvang er utdanna dramatikar frå Dramatiska Institutet i Stockholm og dramaturg frå Universitetet i Århus. Ho har tidlegare hatt regien på ”Linus og Sirkusfuglene” av Nina Wester på Hedmark Teater, og skrive manus til ”Lillemia” på Ferske Scener i Tromsø. Eg har ikkje sett produksjonar av henne før dette, men ”I much prefer being able to see the eyes” var eit særs lovande første møte.

Framsyninga er enkel både i utstyr og scenografi. Publikum er benka på båe sider av eit kvadratisk, kvitt teppe som kan likne ein manesje eller boksering. To skodespelarar som sit diagonalt på kvar si side av scena, tar til å dele ut glas med drikke, og publikum blir slik med på ein liten dugnad i å rigge scena medan glasa nesten fyller golvet. Så tar dei to til med å lese meldingar, spele, danse og meir til. Som tittelen tyder på, handlar dette om våre flyktige og til dels upersonlege møte gjennom nye sosiale medium som sms, e-post, twitter og Facebook. Verda ligg for føtene våre, alt går kjapt, kjapt, kjapt, og under mellomlandingar på veg til New York eller Stockholm blir det utveksla hurtige meldingar som vi får del i. Innhaldet skal vere i hovudsak dokumentarisk, og du skal ikkje ha mange av desse elektroniske duppedittane før du kjenner deg godt att. Det er ei særs leiken, humoristisk, tidvis surrealistisk og litt sår framsyning om kjærleik, kontakt, kommunikasjon eller mangel på slikt, om søking og lengt. Kort og godt om det å vere menneske med heilt basale kjensler i ei verd der avstandane etter kvart blir så stutte at vi paradoksalt nok tapar den menneskelege nærleiken. Det er godt observert, det er enkelt og stramt regissert, og det er ikkje minst framifrå formidla av Stine Fevik og Henrik Hoff Vaagen, båe andreårsstudentar på teaterlina ved Høgskolen i Nord-Trøndelag. Toril Solvang har i tillegg til manus også hatt ansvaret for regien. Gjennom vekselvis bruk av opplesing, dialog, spel, dans og ein sterkt repeterande og etter kvart heilt absurd finale har ho greidd å formidle stemningar og kjensler på eit særs leikent vis.
Amund Grimstad

(Meldinga stod i Klassekampen måndag den 28. februar 20011.)

Eit samfunn på kanten

februar 27th, 2011

TEATER 

Void Story
Av Forced Entertainment
Tekst og regi: Tim Etchells
Med: Robin Arthur, Richard Lowdon, Cathy Naden og Terry O’Connor
Teaterhuset Avant Garden i samarbeid med Trøndelag Teater
Trøndelag Teater, Studioscena

Bildet:
OPPLØYSING: Jackson og Ken vandrar som upåverka teikneseriefigurar gjennom eit samfunn i full oppløysing. FOTO: TIM ETCHELLS

 Ei dystopisk, men humoristisk historie om to menneske i eit samfunn fullstendig på randa.

Den britiske frigruppa Forced Entertainment blir rekna blant det mest spennande som skjer av innovativt teater i England. Det er heile sju år sia sist dei gjesta Trondheim, men nå har dei omsider kome att, denne gong i samband med opninga av scenetekstmønstringa Propellen der dei har vist produksjonen ”Void Story”. Og i dagane som kjem står Bergen og Oslo for tur.

Det er ei dystopisk og nærast apokalyptisk historie vi får rulla opp. Dei fire aktørane sit to og to på kvar si side av scena og framfører teksten nærast som eit høyrespel, to som røystene til dei to hovudpersonane, og dei to andre som lydkulisser og alle andre personar. På ein stor videoskjerm i midten blir det presentert stillbilde som skal illustrere det som blir fortalt i ei lett naivistisk form. ”Void Story” tyder ei tom eller innhaldslaus historie, og det er ein etter måten treffande tittel. Vi får fortellinga om Ken og Jackson, to menneske som blir drivne frå den eine ytterkant til den neste, utsette for store utfordringar og pressa til det umenneskelege medan dei på antiseptisk vis overlev og greier seg, jamvel om dei ikkje et eller søv, og blir både skotne og knivskorne. Ja faktisk kjem dei gjennom det heile med ein viss grad av menneskeverd i behald. Omgivnadane er eit samfunn på kanten av avgrunnen, i full oppløysing og der det ikkje lenger er rom for logikk og fornuftige resonnement.

Historia blir presentert med mye humor, og med stor evne til formidling. Lydmaking, stemmebruk, videopresentasjon, og mye av komikken gjer det heile rett så underhaldande. Men altså samstundes særs tomt. Eg ser ikkje kva Forced Entertainment vil, samtidig som eg har ein mistanke om at dei ønsker å seie noko meir enn berre å gi oss ein god presentasjon av ei relativt innhaldslaus historie. Det er mogeleg forventingane etter førre gjestespel med ”Bloody Mess” var spent litt for høge, men denne produksjonen innfridde ikkje heilt.
Amund Grimstad

(Meldinga stod i Klassekampen laurdag den 26. februar 2011)

Valets kval

februar 14th, 2011

TEATER

Closer
Av Patrick Marber
Produsert av Studentersamfundets Interne Teater (SIT)
Regi: Janne Heltberg Haarseth og Siri Schnell Juvik
Scenografi og kostyme: Kristine Lilleeng Walløe
Framført av Tina Marie Larsen Haraldseide, Anna Bettina Langlo Jevne, Kjell-Roger Lange og Sivert Ericson Aarnes
Studentersamfundet i Trondhjem, Knaus

Bildet:
VARE: Når kjenslene ikkje varar, men i staden får varekarakter. FOTO: FOTOGJENGEN I STUDENTERSAMFUNDET

Melodramatisk og humoristisk sivilisasjonskritikk, forbausande godt framført i eit tett og godt samspel.

I samband med ISFiT, den internasjonale studentfestivalen i Trondheim, sette Studentersamfundets Interne Teater (SIT) for to år sia opp ”Disney Killer” av Philip Ridley. Stykket blei framført på engelsk, og var eit imponerande stykke teaterarbeid både med omsyn til spel, regi og produksjon. Nå er det tid for ISFiT igjen, og nok ein gong set SIT opp eit britisk stykke på originalspråket. Denne gongen er det ”Closer” av Patrick Marber. Marber er ein 46 år gamal tidlegare komikar og skodespelar som etter kvart har vunne seg meir ry som dramatikar og filmforfattar. ”Closer”  skreiv han alt i 1997, og det blir rekna som gjennombrotet hans som dramatikar. Stykket blei filmatisert i 2004, og her heime er vel Marber meir kjent frå lerretet enn scena. Etter den presentasjonen SIT har gitt han, vil i alle fall eg gjerne sjå meir av denne forfattaren.

”Closer” er ein slags melodramatisk og humoristisk sivilisasjonskritikk som i eit tett spel mellom berre fire aktørar greier å seie ein god del vesentleg om korleis kjenslene våre etter kvart er blitt ei vare på line med alt anna, og der vi (og kanskje spesielt mannfolka) i jakta på det fullkomne knullet framstår som fullstendig i driftenes vald, og ikkje som sjølvstendige tenkande individ som er i stand til å gjere eigne val. Fire unge menneske på leit etter lukka, eller kall det like gjerne den ultimate orgasmen, møter kvarandre i London. Det er eit relativt enkelt plot der vegane til alle fire kryssar kvarandre på sinnrikt vis, og der to og to av dei er par for ei stund for så å byte, og så gå attende att, eller korleis det var. Kjærleik blir forbruk, og redsla for å gå glipp av ”det vedunderlege” gjer at ingen vågar å halde fast ved det dei har. I ein tekstrik og tett dialog som både er intelligent og humoristisk lar Marber oss le av og med dei fire relativt ynkelege personane på scena, medan vi etter kvart forstår at dei kanskje ikkje er så utypiske, og at her nok er ein del å kjenne seg att i for nokon og ein kvar.

Som instruktørar har SIT hyra inn dei to skodespelarane Janne Heltberg Haarseth og Siri Schnell Juvik, båe for tida tilsette ved Trøndelag teater. Dei er relativt nyutdanna som skodespelarar, og dette er i tillegg regidebuten deira. Det er ikkje anna enn særs imponerande. Å arbeide med amatørar der grunnlaget er enormt mye tekst, og endåtil framført på engelsk, er ikkje det enklaste å gi seg i kast med, men dei to har laga ei tett framsyning utan særlege daudpunkt, med fine dramaturgiske vekslingar, presise sceneskift og fantastisk personinstruksjon.

Dei fire på scena er hundre prosent trygge i rollene sine, meistrar framandspråket til fulle med god diksjon, tydeleg tale og få spor av norsk aksent. Dei står godt til kvarandre, spelar forbløffande bra, og særleg er det imponerande å sjå amatørar som greier å handsame store sprang i kjensler og uttrykk så godt som desse gjer. Sjølvsagt er det utfordrande å greie å halde løpet ut i halvannan time utan at det kan gå ørlite grann på tomgang, men i hovudsak går dette utruleg bra. Dei greier stort sett å halde på merksemda vår, tar godt vare på både humoren og det alvorlege, og ser ut til å kose seg på scena.

Scenografien til Kristine Lilleeng Walløe er enkel og utnyttar det ganske vanskeleg scenerommet på Knaus på utmerka vis. Fire boksar som naturleg og ubesværa blir flytta rundt på scena representerer sceneskifta, og boksane inneheld samstundes alle naudsynte rekvisittar. Det glimrande grepet med å nytte enkle og litt stiliserte videoprojeksjonar er med på å gi intimitetsdramaet litt avstand, og dermed ein ekstra dimensjon.

Som den observante lesar for lengst har forstått, er denne meldaren særs begeistra for produksjonen ”Closer”, og skal du sjå både ambisiøst og verkeleg godt amatørteater, grensande mot det profesjonelle, er Knaus så avgjort plassen fram til 27. februar!
Amund Grimstad

Sparring med publikum

februar 13th, 2011

TEATER

Klinsj
Av Katja Brita Lindeberg
Regi: Ane Aass
Scenografi: Ørjan Wiklund
Musikk og Lyd: Magnus Børmark
Framført av Katja Brita Lindeberg og Magnus Børmark
Teaterhuset Avant Garden

Bildet:
NÆRKAMP: Katja Lindeberg går i nærkamp med boksingas ibuande kontrastar, med klovnens tristesse, og mye, mye anna. FOTO: SYNLIG DESIGN OG FOTO

Ambisiøst og med gode tilløp, men ho heldt diverre ikkje alle rundane.

Torsdag 10. februar  var det urpremiere på ei lokal framsyning på Avant Garden, eller ”Kortreist teater” som Teaterhuset kallar det. Katja Lindeberg, som dei siste åra har jobba som skodespelar og klovn, og som for tida held på med ein master i physical comedy ved Teaterhögskolan i Stockholm, har laga ei framsyning der ho utforskar og leikar seg med så ulike uttrykksformer som boksing og klovneri. Ho entrar scena som klovnen som er klår for å gå i ringen, sparrar og er tydeleg på offensiven, inviterer ein publikummar som motstandar, og så er framsyninga i gang. Til nydelige musikalske kommentarar frå Magnus Børmark flørtar ho med og utfordrar salen, og spelar uhemma på dei mange openberre kontrastane i sitt eige tema. Klovnens ibuande tvisyn, – tristesse og komikk, det særs maskuline i boksesporten kontrastert ved den spede, feminine framtoninga hennar, og det komplett ufikse ved boksetrunks og tannvern opp mot høghæla sko og erotiske metaforar.

Det er ei ambisiøs oppsetting, leiken, men med ikkje så reint lite alvor attom. Og det verkar som Lindeberg vil så mye, men ikkje heilt greier å konsentrere seg. Her er så mange gode idear, men utan at nokon av dei er tatt skikkeleg vare på og dyrka heilt ut. Mye av skulda for dette må nok skrivast på regien. Med ein tydelegare regi som hadde skilt litt meir mellom likt og ulikt, som hadde konsentrert seg om færre tema, kunne dette ha blitt atskillig betre. Trass i sjarmerande spel, artige kontrastar, og ikkje minst eit utsøkt musikalsk (og litt scenisk)  samarbeid med Magnus Børmark, heldt ikkje Katja Lindeberg alle rundane. Men ho gjekk langt frå ned for telling, og eg ser fram til nye produksjonar der ho kanskje ikkje sender finter i alle retningar, men slår litt meir målmedvite, for å nytte hennar eigne metaforar.
Amund Grimstad

Ja, eg forstår! – Eller?

februar 8th, 2011

TEATER

Alt er relativt
Av Alan Ayckbourn
Omsett av Harry Guttormsen
Regi: Harry Guttormsen
Scenografi: Per Kristian Solbakken
Kostyme: Grete Søimer
Lysdesign: Morten Reinan
Med: Kristofer Hivju, Janne Heltberg Haarseth, Janne Kokkin og Harald Brenna
Trøndelag Teater, Gamle scene

Bildet: 
VISSE?: Gina veit at Georg ikkje veit at Siri heller ikkje veit at Philip veit meir, men ikkje alt. FOTO: GT NERGAARD

Britisk humor er rolegare enn amerikansk, men her har ein tatt seg vel god tid.

Den britiske dramatikaren Alan Ayckbourn har på sine 71 år rukke å skrive heile 74 teaterstykke og har opplevd stor suksess i heimlandet. Men med unnatak av julekomedien ”Season’s Greetings” er han nesten ikkje spela her i landet. Nå har det vore Norgespremiere på ”Alt er relativt” på Trøndelag teater. Det er ein god, gamaldags forvekslings- og forviklingskomedie, som på overflata handlar om utruskap og bedrag, men i røynda vel så mye om kommunikasjonens mange lag og problem.

Ein komedie av denne typen skal ha ein innfløkt intrige der det er haugevis av rom for mistolkingar og uventa vendingar. Eg skal halde meg langt frå eit resymé, – det har eg ikkje plass til, men i staden gi lesaren starten av kortversjonen. Georg (Kristofer Hivju) og Gina (Janne Heltberg Haarseth) er forelska og kan godt tenke seg ei framtid i lag. Men i Ginas soverom dukkar ukjende blomar, konfektesker og herretøflar opp. Dei er frå ein elskar Gina vil gjere det slutt med, men dette får ikkje den lett naive Georg vite. Ho dreg til elskaren for å avvikle forholdet, men fortel Georg at ho skal til foreldra sine. Georg reiser etter, og så er forviklingane i gang.

I staden for å seie det som det er med ein gong, har vi ofte ein tendens til å forteie eller pynte litt på sanninga, for ikkje å seie å servere ei kvit løgn. Den eine løgna tar raskt den andre, og slik blir vi fanga i våre eigne nett før vi veit ordet av det. Samstundes er kommunikasjon ei tovegs handling der sendar og mottakar ikkje alltid har same tolking. Slikt kan det bli komikk av. Dette er det Ayckbourn har dikta historia si rundt og som han også har tatt ganske, men berre ganske, godt vare på i teksten. I Harry Guttormsens omsetting er denne dialogen blitt både naturleg og munnleg. Etter at amerikansk TV nærast invaderer oss med situasjonskomikk i ein fart der dei må ha ein punchline annakvart minutt for at sjåarane ikkje skal skifte kanal, er kravet til tempo skrudd opp til det uuthaldelege i denne sjangeren. Det er difor godt å sjå ein britisk komedie som har tillit til publikum og tar seg betre tid. Men denne gongen blei det litt for god tid. Framsyninga vara berre halvannan time utan pause, og då blir det ikkje heilt etter forventingane at nesten halve tida blir nytta til å forklåre og rigge til settinga før det heile tar av.

Situasjons- og forvekslingskomikk av denne typen set store krav til timing, at skodespelarane kjem ut og inn av dører til rett tid, og ikkje minst til at dei er lydhøre for responsen frå publikum. Denne oppsettinga er forbausande roleg, og dialogen og manglande forståing av kva som blir sagt er langt viktigare enn det fysiske spelet og kven som til ei kvar tid er på scena. Men nettopp av denne grunnen finn eg det litt merkeleg at ensemblet ikkje i større grad lytta til publikum og tok kunstpausar medan vi lo. For sjølv om vi ikkje blir bombardert med komikk, er oppsettinga faktisk full av humor som kunne ha vore betre tatt vare på.

Scenografien til Per Kristian Solbakken er uvanleg vakker, og står godt til framsyninga. Eg stussar nok litt over at lauvet fell allereie om sommaren, men får godta det som ein kommentar til den litt surrealistiske humoren. Og så har Solbakken laga ein sviske av eit sceneskift som er både særs overraskande, raust, humoristisk og høgst uvanleg. Det er ein type gag denne oppsettinga kunne ha tolt meir av.

Ensemblet er lite og spelar tett og godt, men altså i eit tempo som nok kunne ha vore noko raskare utan å miste det britiske og dermed bli for amerikansk. ”Alt er relativt” er meir subtil kommunikasjonshumor enn tradisjonell situasjonskomikk. Harry Guttormsen har freista å ta vare på dette med meir vekt på dialogen enn det fysiske spelet, men har mista noko på vegen. Eit par musikalske innslag, særleg når Janne Heltberg Haarseth beskriv seg sjølv i ein forrykande versjon av Gloria Gaynors ”I will survive”, kontrasterer og kommenterer framsyninga på eit vis vi gjerne kunne ha sett meir av.
Amund Grimstad

(Meldinga stod i Klassekampen måndag den 7. februar 2011)

Mirakelmannen

februar 2nd, 2011

TEATER

Mistero Buffo
Av Dario Fo
Omsett av Eva Falck Taiti og Terje Strømdahl
Regi: Terje Strømdahl
Med: Hans Petter Nilsen
Trøndelag Teater, Teaterkafeen

Bildet:
PRIVILEGERT?: Krøplingen som meinte å vere privilegert er berre ein av eit utal personar Hans Petter Nilsen hoppar ut og inn av. FOTO: GT NERGAARD

Det er ikkje godt å seie om det er Jesus eller Hans Petter Nilsen som er den største mirakelmannen i denne oppsettinga.

Satiren har alltid vore dei undertryktes våpen. Gjennom den kunne ein relativt ustraffa kle av makta og gjere ho til lått. Slik har det vore frå narren via gjøglaren og til avisenes karikaturteikningar. I moderne tid er det ingen som betre har nytta dette språket enn den italienske teatermannen Dario Fo som ganske overraskande fekk Nobelprisen i litteratur i 1997. Saman med kona, Franca Rame, har han reist verda rundt og spela makta midt i mot. For ein mannsalder sia gjorde Frode Rasmussen gjøglarmonologane til Dario Fo til allemannseige også i Norge gjennom både gateteater og institusjonsoppsettingar. Det er ei glede å kunne melde at nå er arvtakaren klår, og vel så det.

Hans Petter Nilsen er skodespelar ved Trøndelag teater, men har også gjort seg gjeldande gjennom gruppa Adamseplene som han opphavleg starta saman med Klaus Joacim Sonstad og Ivar Nergaard. Nergaard og Nilsen har halde liv i gruppa gjennom annakvart år å sette opp eit skråblikk på fenomenet julebord. Der har Nilsen synt seg som eit humortalent av dei sjeldne og dyrka fram ein tragikomisk rollefigur dei fleste vil kjenne att. I haust sette Trøndelag teater opp ”Ifigeneia” av Finn Iunker, og midt i det som skal vere ein typisk gresk tragedie, hadde Nilsen eit heilt ellevilt, absurd og urkomisk lite stykke i stykket. For den som har følgd Hans Petter Nilsen ein del år, var det difor inga overrasking at det var nettopp han teatret ville nytte til å framføre nokre av monologane til Dario Fo.

”Mistero Buffo” tyder komiske mysterium, og er opphavleg sju satiriske monologar. Teatret har vald ut fire av dei, og fellesnemnaren er at dei ser samfunnet nedanfrå, at dei driv ap med makta, og at dei har sterke bibelske referansar der Jesus og hans ulike mirakel er eit gjennomgåande tema, om enn med litt uvanleg vri. Hans Petter Nilsen er heilt åleine på scena, ikkje ein rekvisitt, berre han, – kroppen, mimikken, stemmen og spelet. Det skal i løpet av fem kvarter syne seg å vere meir enn tilstrekkeleg. Det tar til ganske lågmælt med ein monolog som fortel den tragiske forhistoria til gjøglaren, og som set han i eit politisk og historisk perspektiv. Deretter tar det gjennom dei tre neste monologane etter kvart heilt av og toppar seg med den hysterisk morosame ”Lasarus’ oppvåkning” der mirakla til Jesus er blitt big business og ein turistattraksjon.

Gjøglarmonologane til Dario Fo er godt gamalt fortellarteater, men samstundes mye meir. Hans Petter Nilsen går ut og inn av dei mange ulike rollene i eit forrykande tempo. Dialektar, ulike stemmeleie, mimikk, forskjellig kroppsspråk og gummimannens fysikk er berre nokre av dei mange elementa han nyttar i eit hundre prosent synkront spel der du verkeleg skal ha tunga rett i munnen for å henge med. Men dette er ikkje berre teknikk og fingertippkjensle med god timing. Nilsen meistrar også improvisasjonen, og er i stand til å spele opp mot og vidare på reaksjonar frå publikum, i tillegg til at han på særs sjarmerande og slentrande vis kommenterer seg sjølv og oss i salen og dermed gir det heile eit lite metapreg som kler framsyninga.

Terje Strømdahl har ansvaret for regien, og sjølv om Hans Petter Nilsen er eit gjøglartalent av dei sjeldne, er det heilt openbert at det gode resultatet også skuldast særs stram regi og god personinstruksjon. Med eit fantastisk blikk for timing, uventa vendingar og dermed dramaturgien, og med ein solid lojalitet til Dario Fo i botn, har Terje Strømdahl og Hans Petter Nilsen laga ei oppsetting som både er god underhaldning og teater med meining.
Amund Grimstad

(Meldinga stod i Klassekampen tysdag den 1. februar 2011)