Fandenimollsk førjulsmoro

desember 14th, 2011

TEATER

HØNS: Ingrid Bergstrøm, Marianne Meløy og Siri Gjære gjer førjulsstrida både morosam og mollstemt. FOTO: TOMMY GEVING

Vi må møtes før jul
Av Trønderhøns
Musikk:  Siri Gjære, Ole Erik Ulvin og Øyvind Smidt
Med: Ingrid Bergstrøm, Marianne Meløy og Siri Gjære
Gjestespel på Teaterkafeen på Trøndelag teater

Upretensiøst og med særs senka skuldrer, akkurat slik førjulstida eigentleg skulle ha vore.

Midt i førebuingane til den første smørlause jula sia krigen har Trønderhøns tatt seg tid til å stå opp att frå ein lang dvale for å servere teaterpublikummet eit skrått blikk på høgtida som står for døra, og ikkje minst på det vanvittige stresset som følger med førjulstida. Gruppa blei oppretta for fleire år sia, men har – for å nytte deira eigne metaforar – lege nede nokre år mellom anna på grunn av verpesjuke. Sjølv har eg ikkje hatt gleda av å oppleve dei før, men eg hadde jo ei aning om at når du miksar ein særs dyktig og allsidig singer/songwriter (Siri Gjære) med ei av landets fremste musikalartistar (Ingrid Bergstrøm) og eit multitalent som er vanskeleg å kategorisere med få ord (Marianne Meløy), så er det store sjansar for at det kan bli bra. Det blei det også!

Med ein scenografi som er særs samanraska, og som ikkje har annan funksjon enn å gi dei rette assosiasjonane (ein utsliten komfyr, litt vaskeutstyr og ein bunt juletrelys) entrar dei tre scena og set seg i ein ”Birgersofa” frå 70-talet.  Det vil seie, – så avslappa er det ikkje. Litt på overtid kjem Gjære og Bergstrøm og ser seg nervøst om etter Meløy som etter kort stund kjem halsande inn rett frå applaus på Et juleeventyr på hovudscena. Med det er stressfaktoren og det litt improviserte nivået sett, og utan særleg regi, og slentrande, dels snublande, men du kor sjarmerande, held dei tre hønene oss i eit knipetak i den dryge timen denne kabareten varar.

Den føreståande høgtida er sjølvsagt tema, og med skråblikk både gjennom kåseri og eigne og andres songar får dei oss til å slappe av, le – også av oss sjølve, og for ei stund gløyme maset utanfor. Jula skal vere ei tid for glede, men sjølv om låtten sat laust, særleg når Marianne Meløy sleppte seg fullstendig fri i nokre av dei elleville kåseria sine, var her forbausande mye mollstemt. Kanskje ikkje så rart for jula er full av forventingar, og kan vere vond for dei som på ulike vis fell utanfor. Siri Gjære har skrive ein del nye songar, og den litt blå stemninga blei vakkert fanga opp av desse. Det er tre røynde scenekunstnarar som utgjer Trønderhøns, og dei er dyktige entertainerar som veit å handtere publikum. Manglande regi, og ikkje minst suffli, blei takla så sjarmerande at det i staden for å vere eit lyte blei ei påminning om kor avslappa det går an å vere i årets mest hektiske tid. På den dryge timen rakk dei å vere innom dei fleste av dei aspekta vi forbind med jula; forventingane, stresset, dei ukritiske julebreva, å reise heim, å vere saman, bakst, og sjølvsagt også den altoverskyggande smørmangelen som er i ferd med å spreie katastrofestemning i kongeriket. I tillegg gir Meløy oss eit alternativt juleevangelium som ved sia av å vere hysterisk morosamt, truleg også ligg langt nærare sanninga enn originalen. Med seg i denne litt mollstemte gledesspreiinga har Trønderhøns to dyktige musikarar, Ole Erik Ulvin på piano, og Øyvind Smidt på fele, mandolin og song. Og for at det heile ikkje berre skal renne ut i tull og tøys og førjulsmoro, er det heile toppa av framifrå tolkingar av to av dei finaste norske julesongane, Jakob Sandes Det lyser i stille grender, og Alf Prøysens Romjulsdrøm.

Om frykt og lengt

november 29th, 2011

TEATER

KONTRASTAR: Inne trygt, men ute står ein trugande(?) fyrstikkseljar. FOTO: GT NERGAARD

En liten irritasjon
Av Harold Pinter
Omsett, bearbeidd og regissert av Ingrid Weme Nilsen
Scenografi og kostyme: Monica Nestvold
Video: Stein Jørgen Øien
Med: Helga Wendelborg, Harald Brenna og Torstein Andersen
Trøndelag Teater, Teaterkjelleren

Absurd og humoristisk, men likevel djupt alvorleg om kvardagsleg frykt og lengt.

Alt i opningsscena gjer regissør Ingrid Weme Nilsen det klårt at dette er sakte teater. I full tillit til både publikum, tekst og dei to på scena lar ho det gå uvanleg lenge før nokon seier eit ord. Det godt vaksne ekteparet Edward (Harald Brenna) og Flora (Helga Wendelborg) har ein liten piknik. Dei oppfører seg som gamle ektepar flest der alt etter kvart er innstudert og ord er unødvendige og eigentleg berre i vegen. Her er det roller, kjønnsroller, hierarki og oppgåvefordeling så det held. Mimikk og gestar er alt som skal til, og vi får ein introduksjon til denne tosemda som er så talande i sin tagnad at det er uråd å skjøne at Harold Pinter opphavleg skreiv stykket som høyrespel. ”En liten irritasjon” (A Slight Ache) er frå 1958, og av Pinters tidlege produksjon. Det har vore spela med stor suksess med jamne mellomrom, men eg er uviss på om det nokon gong er sett opp i Norge. Produksjonen på Trøndelag Teater er både omsett, bearbeidd og regissert av Ingrid Weme Nilsen. Ho er dramaturg på teatret, men har bakgrunn frå frigruppa Pontenegrinerne der ho mellom anna regisserte den særs vellukka oppsettinga ”Quisling” av Willy Walder på Teaterhuset Avant Garden i fjor. Saman med scenograf Monica Nestvold og videoansvarleg Stein Jørgen Øien har ho gjort ein spenstig vri på Pinters tekst ved gjennom overvakingskamera å projisere utomverda på veggane i heimen til Flora og Edward. Slik får dei understreka både det kontrastfylte i oppsettinga, og at det i røynda er ei historie med mange lag og mye (usagt) undertekst.

I den trygge tosemda til Edward og Flora dukkar det stadig opp små tuer som etter kvart kan velte litt av kvart. Først er det ein liten irritasjon på auget til Edward, deretter ein veps som øydelegg piknikidyllen, og endeleg fangar kameraet opp ein gamal, fillete fyrstikkseljar (Torstein Andersen) som står pal ved baktrappa deira utan nokon gong å få seld ein fyrstikk. Mannen er kanskje både blind, døv og stum, og er  sjølvsagt heilt ufarleg. Likevel verkar han trugande på dei. Frykta for det framande og uforståelege blir altoverskyggande for dei to, og dei hentar til slutt mannen inn i stova si for å finne ut av det heile. Men tilnærminga og reaksjonane deira er diametralt ulike.

Utvendig er dette eit ganske humoristisk kammerspel der det absurde i ein kvardagssamtale kor to personar snakkar like forbi som til kvarandre kan vere ganske god underhaldning i seg sjølv. Men i underteksten, og også i alt det usagte, har regissøren lagt klåre politiske undertonar om framandfrykt. Kanskje meir enn det Pinter opphavleg meinte? Slik er denne oppsettinga blitt ein produksjon som gjennom spel på sterke kontrastar mellom ute og inne eller kjend og ukjend, på eit både humoristisk og særs alvorleg vis seier oss ganske mye om redsla for alt som er annleis. Dette er som sagt medvite sakte teater, og all ære til regissøren for det, men det blir tidvis kanskje vel dvelande. Særleg Edward blir unødvendig repeterande i nokre av monologane han har med fyrstikkseljaren.

”En liten irritasjon” handlar ikkje berre om framandfrykt. Pinter har fleire lag. I den innestengde bobla til ekteparet finns det sjølvsagt også undertrykt lengt etter noko anna, og den framande utløyser draumar hjå dei båe. Dette er glitrande tatt vare på når Flora ser ganske uforståelege kvalitetar ved fyrstikkseljaren. Nesten femti år etter at ho blei tatt opp som elev ved Trøndelag Teater, er dette avskilsframsyninga til Helga Wendelborg. Det blir ein særs verdig sorti der ho mot slutten med innleving og fingertippkjensle syner at også ein fillete gamal ukjend kan få fram erotiske kjensler. Og finalen i denne oppsettinga er like elegant som uventa, og gjer at vi sit att med langt fleire spørsmål enn svar.

(Meldinga stod i Klassekampen måndag den 28. november 2011)

Betre og endå vakrare

november 13th, 2011

TEATER

BLAUTGJERING: Marianne Meløy som Anden av fortidas jul har ikkje vanskar med å mane fram kjenslene i den elles steinharde herr Knug (Trond-Ove Skrødal). FOTO: GT NERGAARD

Et juleeventyr
Av Charles Dickens
Dramatisert av Irina Malochevskaja og Kjersti Haugen
Regi: Kjersti Haugen
Scenografi og kostyme: Per Kristian Solbakken
Musikk: Trygve Brøske
Koreografi: Erlend Samnøen
Med: Trond-Ove Skrødal, Kristofer Hivju, Marianne Meløy med fleire
Trøndelag teater, hovudscena

Rett nok ein ønskereprise, men av ein særs god produksjon som med dei endringane som nå er gjort, er blitt endå betre enn for fire år sia.

Det nærmar seg jul, dei vaksne blir blautare og det sosiale engasjementet sit lausare enn i resten av året. Mas og jag skal vike plassen for familiehygge, kos og omtanke for andre. Og barna skal endå meir i sentrum enn dei elles er. Det vil seie; I litteraturen, i det sosiale livet og overalt elles er det langt meir merksemd om ungane enn i tidlegare tider. Men i dramatikken er dei diverre framleis stebarn. Medan det blir skrive uendeleg mye god litteratur for barn og unge, er det langt mellom institusjonsteatras urpremierar for denne aldersgruppa. Men teatra  freistar å bøte på misforholdet ein gong i året ved å sette opp ei juleframsyning. Det er symptomatisk for situasjonen at den endelege julehistoria framleis er ”Et juleeventyr” av Charles Dickens, skrive i 1843! Og det er vel like symptomatisk at Trøndelag teater, berre fire år etter førre oppsetting, vel å sette henne opp att i nesten same tapping. Det er ikkje særleg kreativt, men når det er sagt, er det i alle fall ikkje venstrehandsarbeid og sparebluss teatret presenterer, men ei påkosta og verkeleg god framsyning.

For fire år sia dramatiserte Irina Malochevskaja og Kjersti Haugen Dickens’ klassikar på nytt, og i samarbeid med musikalsk leiar, Trygve Brøske, koreograf Erlend Samnøen og scenograf Per Kristian Solbakken, ga dei oss ei visuell, vakker og særs velspela oppsetting som så vidt eg hugsar hausta fagnad både hjå publikum og kritikarar. Sjølv skreiv eg ei begeistra melding i Klassekampen (https://amund.info/2007/11/magisk-og-poetisk/), og ved gjennomlesing av den etter å ha sett årets nypremiere, kunne eg ha gjort det enkelt, og berre presentert henne ein gong til. For meldinga kunne nesten
like gjerne ha vore skrive til denne framsyninga. Med nokre unnatak.

Trygve Brøske og Erlend Samnøen har fått vidareutvikla og finpussa musikk og koreografi, slik at både det musikalske og visuelle, og ikkje minst det gode grepet med dei mange juleandane, kjem endå meir til sin rett. I den grad det er mogeleg, er framsyninga blitt meir visuell, drøymande og magisk enn ho var. Andane tryller fram eit univers som set stemning, og som gjer at kjenslene til den mest hardbarka Knug både på
scena og i sal berre mjukne. Scenografien er stort sett den same vakre, og som nyttar det store scenerommet med lys, skuggebilde og få og enkle rekvisittar slik at spel og dans får dominere. Trond-Ove Skrødal er framleis herr Knug, og spelar han med like stor innleving og autoritet som førre gong. Marianne Meløy er Anden av fortidas jul (som for fire år sia), men tar denne gongen rolla heilt ut i det absurde og urkomiske. Ho kan gjere gull av gråstein, og med enkle middel lagar ho ei sviske av rolletolkinga.

I denne oppsettinga er det ikkje djevelen, men det guddommelege som ligg i detaljane. Kjersti Haugen har foredla, finpussa og gjort detaljrikdomen utsøkt, samstundes som oppsettinga er blitt endå meir fysisk og visuell. I tillegg har ho hatt eit særs godt grep om personinstruksjonen av dei mange unge statistane. Et juleeventyr er framleis ei vakker og poetisk framsyning, men denne gongen også endå meir fysisk. Og sjølv om vi berre er i starten av november, og det er lite vêrmessig som minner om jul, var det ikkje vanskeleg å kome i julestemning.

Sivilisasjon?

november 8th, 2011

TEATER

PRIMITIV: Kanskje er ikkje avstanden attende til prehistoriske vesen så stor? FOTO: MAYA WILSENS

Eden Central
Konsept og regi: Manah Depauw
Lysdesign og scenografi: Raphael Rubbens
Kostyme: Manah Depauw, Cathy Weyders, Ada Rajszys og Cathy Peraux
Med: Soetkin Demey, François De Jonge, Nicolas Delalieux, Jessica Batut og Blaise Ludik
Teaterhuset Avant Garden, Verkstadhallen.

Ei vakker og tankevekkande framsyning om menneskeleg sivilisasjonshistorie.

Då Mahatma Gandhi ein gong blei spurt av ein journalist om kva han meinte om vestleg sivilisasjon, svara han: – Eg trur det ville ha vore ein god idé! Denne historia rann meg i hu då eg så Eden Central av  Manah Depauw på Teaterhuset Avant Garden. For det er ikkje berre sivilisasjonskritikk Depauw presenterer. Ho reiser også heilt relevante spørsmål om kor langt menneska eigentleg har kome med si eiga sivilisering. Temaet var for så vidt delvis det same då kompaniet hennar gjesta Trondheim for tre år sia med Endless Medication, men der den framsyninga var ganske trashy, og i form temmeleg barokk, er denne produksjonen både langt meir vakker og ikkje minst lettare å forstå. Det er ei intelligent, annleis og særs velspela oppsetting Depauw presenterer, og det er ikkje vanskeleg å skjøne at ho blir rekna som noko av det mest spennande i belgisk teater for tida.

Manah Depauw tar oss gjennom evolusjonshistoria til pre-paradisisk tid, før syndefallet og til eit særs tidleg stadium der apeliknande individ med både humoristiske og ikkje minst lett attkjennelege  menneskelege trekk utforskar kvarandre, kopulerer, et kvarandre sine lus og i det heile tatt oppfører seg på eit vis vi vil påstå er ganske primitivt. Men slik Depauw framstiller det (og som mellom andre Gandhi vil gi ho rett i), er det kanskje ikkje så mye som har skjedd i temminga av dei dyriske og primitive driftene og kreftene våre på nokre tusen år. Eg skal ikkje røpe kva som skjer, men i Depauws retrospektive univers syner det seg etter kvart at ikkje alt er like retrospektivt.

Ved sida av å vere ein produksjon som i høgste grad kan mane til ettertanke om kor ”synd om människan” det framleis er, er Eden Central også ei særs visuell framsyning. Det blir spela utan ord, berre med lydar og gutturale uttrykk, men i ei temmeleg fysisk form som dei fem på scena meistrar framifrå. I vaskesetel og førehandsinfo blir dette framstilt som trash. Det er heilt feil. Framsyninga er eigentleg både narrativ og uvanleg vakker, nærast estetiserande i bruk av kostyme, scenografi, rekvisittar og ikkje minst det fysiske spelet. Og trass i det ganske alvorlege og kritiske skråblikket på kor kort menneska har kome, er det også ei temmeleg humoristisk oppsetting.

Framsyninga er vist i Bergen og Oslo den siste veka, og onsdag og torsdag er det framleis mogeleg å få sett henne i Verkstadhallen på Svartlamon. Etter det må du reise utanlands. Treng eg seie meir?

Skogens sjel

oktober 26th, 2011

TEATER

TAIGAPORTEN: Når det står eit Taigaskilt i Elverum, kan ein like gjerne seie at barskogbeltet startar der. FOTO: NONcompany

KAZAK: ekspedisjonen
Av NONcompany
Framført av: Lise Risom Olsen, Lena Lundsten Buchacz, Hans Skogen, Eirik Blekesaune og Morten Pettersen
Teaterhuset Avant Garden, Trondheim

På sporet av skogens sjel, magi og indre løyndom. 

Taigaen, verdas største samanhengande barskogbelte, som i røynda strekk seg frå Norge i vest, gjennom Sverige, Finland og Sibir heilt til Stillehavet i aust, for så å halde fram gjennom Alaska, Canada og til Newfoundland, er som alle skogar full av magi og mytar, og slik sett ei kjelde til dikting og fantasi. Det bergensbaserte teaterkompaniet NONcompany har sett seg føre å utforske skogen for å finne fram til sjel og eigenart, og har gjort det gjennom eit humoristisk, multimedialt og lettare kvasivitskapleg sosialantropologisk prosjekt som laurdag hadde urpremiere på Teaterhuset Avant Garden i Trondheim, og som denne veka blir spela på teaterfestivalen Meteor i Bergen.

I ei merkeleg blanding av reiseskildring, dokumentarteater, performance og litt til, har kompaniet gått tilsynelatande vitskapleg til verks, og lagt ut på ei firevekers research-reise der dei freistar å finne ut av skogens sjel, utforske kva taigaen gjer med folk, og korleis ein, uakta av tre ulike kontinent, likevel kan finne store likskapstrekk ved både menneska og naturen. Heilt etterretteleg er det ikkje, og alt i starten forstår vi at forholdet til vitskap og fakta er sjarmerande omtrentleg. Taigaen blir til vanleg rekna å starte i Pasvik i Finnmark, men når ein i kompaniet er frå Elverum, og det tilliks er ein butikk med Taiganamnet same stad, blir utgangspunktet også der før det ber austover gjennom nesten fire veker.

Presentasjonen er episodisk, lett naivistisk med innslag av både video, overhead, musikk, små tablå og ulike andre presentasjonsmåtar, og heile tida med Lise Risom Olsen som vår myndige guide.

I form kan dette likne mye på Verdensteatret, men er i innhald meir episk og litt lettare tilgjengeleg. Gjennom ei reise der vi er usikre på om det er stereotypiar og fordommar eller sosialantropologiske funn vi får del i, fortel kompaniet om kva skogen gjer med folka som bur og ferdast der, og freistar å prove at både folk og natur har mange sams trekk sjølv om det er tusenvis av kilometer som skil. Kor overtydd eg er om at det er sanninga om Taigaen eg har fått etter ei times reiseskildring og dokuteater, veit eg ikkje, og kompaniet er sjølv tydelege på at det er mogeleg vi ikkje ser skogen for berre trær, (!)  men uakta kor etterretteleg dette er eller ikkje, er det likevel særs godt fortalt og formidla. Det er ei herleg blanding av forteljar- og formidlingsteknikkar, presentert på eit leikent og sjarmerande naivistisk vis. Urpremieren laurdag bar litt preg av at framsyninga ikkje var heilt ferdig, for det er mye teknikk som skal klaffe, og kompaniet spelar utan tryggingsnett så alle lyte blir særs synlege, men dette er heilt sikkert noko som vil gå seg til.

Produksjonen er første del av ein trilogi, og sjølv om denne meldaren først og fremst lét seg underhalde og kanskje ikkje fann så alt for mye djupare meining i det han såg, er han likevel meir enn spent på kva dei to neste produksjonane vil fortelje.

(Meldinga stod i Klassekampen tysdag den 25. oktober 2011)

Å tenke lokalt

oktober 12th, 2011
BYVISE: Trondheim er ein trasig plass heilt til ein opplever alternativet. FOTO: FOTOGJENGEN.SAMFUNDET.NO

REVY

IMITI
Av: Forfattarkollegiet
Instruktør: Trond Lie
Koreografi: Kathrine Chi
Scenografi: Adeline Søreide og Snorre Foss Westman
Med: Studentersamfundets Interne Teater (SIT)
UKA 11, Studentersamfundet i Trondhjem, Storsalen

Revyen er best når han greier å lage uventa vri på kjende omgrep som å tenke globalt og handle lokalt. 

I fjor var Studentersamfundet i Trondhjem 100 år, og året før feira ein at studentane hadde vore herrar i eige hus i 80 år. Ikkje noko av dette hadde vore mogeleg utan den økonomiske dugnaden som heiter UKA. Annakvart år sia 1917 har det vore arrangert UKE, ein biennale som har vakse seg til å bli landets største kulturarrangement med tallause seminar og konsertar, fem teaterproduksjonar, og ein god porsjon fest. Rundt 1400 studentar let studia ligge i tre veker og jobbar dugnad for å sikre det raude, runde huset ved Elgeseter bru økonomi til å kunne drivast i to nye år. Motoren i arrangementet er revyen, og han har ofte stått for både fornying og noko av det beste i norsk revyhistorie.

Det er mye tradisjon knytt til UKA. Berre UKE-namnet er ei sak for seg. Det skal helst ha tre stavingar og minst tre tydingar. Årets namn, IMITI, har alt dette. I tillegg til det openberre om imitering, er det ein harselas med alle dei som meiner at alt var betre ”i mi tid”, og samstundes eit hint til dagens studentar om at dei også berre har si tid. For denne meldaren, som har sett nitten UKE-revyar, er namnet såleis ei viktig påminning. Men i UKA ligg så mye historie, at det likevel er uråd å sjå revyen isolert frå den tradisjonen han er ein del av. Dei beste revyane har hatt ei god blanding av alvor og tull der ein har tatt opp aktuelle tema frå verdssituasjonen til det lokale og heilt studentikose, og der skarpe skråblikk med politisk brodd har veksla med det elleville og laussleppte. Alt pakka inn i relativt profesjonell framføring.

Etter mange gode revyar på åtti- og nittitalet, blei fleire av revyane etter årtusenskiftet så sjølvsentrerte at ein skulle tru studentane levde i eit vakuum avgrensa av studentbyane, universitetet og  Studentersamfundet. Revyen ”Skabaré” for to år sia var eit positivt steg attende til blandinga av ablegøyer og god samfunnssatire. IMITI har lite av dette, og er i hovudsak opptatt av trendar, lokale forhold og skråblikk på trivialitetar. Norge er i krig, det har vore ein arabisk vår, polisen smeltar, og terroråtaket i sommar har gjort noko vesentleg med dei fleste av oss. Alt dette er fråverande i denne revyen. Det får vere forfattarkollegiets val, og det er sjølvsagt umogeleg å lage noko morosamt om 22. juli, men ein kunne i alle fall vente at innslaga blei ”vaska” og vurdert opp mot det som skjedde og vårt framleis særs ferske kollektive minne. Ein sketsj om gravferda til ein ungdom som kom bort for to månader sia, var så umusikalsk og smaklaus at ein kan lure på kor forfattarkollegiet har vore i det siste. Eg har også vanskar med å sjå det komiske i blandinga av Anne Frank, SS og ein omn, og spør meg om dette er uttrykk for ein meir kynisk og kald humor, eller berre ein pinleg mangel på dømmekraft.

UKE-revyen skal ha både ei Trondheimsvise og ei drikkevise. Byvisa, som handla om at Trondheim var for ille heilt til ein flytta til Fosen som var endå verre, får neppe eit liv etter dette, men drikkevisa synte kor godt resultatet kan bli når ein tek eit kjend omgrep og gir det nytt innhald. Det som kjenneteiknar dei andre høgdepunkta i revyen er ein tilsvarande leik med det uventa. Ei mollstemd vise om den trulause studenten var ein lågmælt og vakker hyllest til Studentersamfundet. Ein enkel og litt naiv monolog om Bergen, og ein særs velkoreografert sketsj om menn og matlaging synte båe kor lite som skal til når timinga er perfekt og framføringa tilsvarande. Og sams for dei båe var sluttpoeng som verkeleg satt. Mange av dei øvrige innslaga blei uforløyste fordi dei mangla den avsluttande snerten sjølv om dei både var artige, hadde gode poeng og var vel framført. Og motsett var det med ein ganske fordomsfull og pinleg samesketsj som hadde god punchline, men mangla resten!

Sceneløysinga var enkel og utan annan scenografi enn boksar som gjekk opp og ned av scenegolvet. Det fungerte utmerka, og likeeins plasseringa av eit halvvegs synleg og særs dyktig orkester på eit galleri på bakscena. Revyen blei spela i høgt tempo med raske og saumlause sceneskift, og han er relativt godt koreografert. Ensemblet på ni er gjennomgåande både gode skodespelarar og songarar. Særleg i nokre av monologane fekk vi presentert framifrå prestasjonar med god timing.

Sjølv om bypremieren laurdag hadde ein del tekniske problem, er det meste ved framføringa særs godt teknisk gjennomført. I form er denne revyen såleis utmerka, men innhaldet står diverre noko attende både tema- og tekstmessig.

(Meldinga stod i Klassekampen tysdag den 11. oktober 2011)

 

Vindauge mot verda

oktober 10th, 2011

TEATER

SMERTE: To ulike lagnadar og sjukdomsbilde. Smertefullt men samstundes vakkert. FOTO: FOTOGJENGEN.SAMFUNDET.NO

Ser deg blekne
Av: Forfattarkollegiet for nattframsyninga
Instruktør: Hedda S. Rui
Scenografi: Miriam Stefanie Christ
Kostyme: Laila Nygreen
Komponist: Christian A. Eriksen
Med: Sunneva Minken, Andreas Oddnes Dahle, Siriann Petronella Berdal, Kjell-Roger
Lange og Mina Rype Stokke
Studentersamfundets Interne Teater (SIT)
UKA 11, Studentersamfundet i Trondhjem, Knaus

Ei nattframsyning som er attende ved gamle høgder, og som formidlar stemningar og lagnadar på eit imponerande innsiktsfullt vis.

I 1995 gav nyskapinga ”Nattforestillinga” det teaterinteresserte publikummet i Trondheim hakeslepp med oppsettinga ”Vi kjente ham i grunnen ganske godt”. Bak produksjonen stod fleire som i ettertid har gjort gode profesjonelle teaterkarrierar, og framleis står den oppsettinga i mitt eige minne som noko av det beste eg har sett på ei scene. Suksessen gav sjølvsagt meirsmak for SIT, men det var ikkje alltid like lett å hoppe etter han du veit, og nattframsyningane har i ettertid hatt ganske vekslande kvalitet. Men det skal dei ha at ambisjonsnivået alltid har vore høgt, og det er tydeleg at det er i nattframsyninga SIT ønsker å lage teater med stor T. Godt er det difor å kunne melde at nå er internteatret på rett veg att. Og vel så det!

Nattframsyninga er ofte eit litt svart teater med psykologisk tilsnitt og gjerne mange og djupe botnar. Det kan fort bli teatralt, og har ofte vore det. Denne produksjonen, ”Ser deg blekne”, er så avgjort både dyster og med psykologisk tilsnitt, men milevis frå å vere teatral. Vi møter fem personar som alle er pasientar på ein relativt open psykiatrisk institusjon. Dei har alle sine historier og diagnosar, og sakte, – særs sakte, blir vi presentert for bakgrunnen til kvar einskild. I løpet av berre ein dryg time greier dei fem å la oss kome under huda på dei, få innblikk i bakgrunn, sjukdom, håp og ikkje minst håpløyse, og i interaksjonen mellom dei blir dei både kvarandre sine terapeutar og problem. Gjennom eit utruleg mangefasettert persongalleri til berre å dreie seg om fem personar, og der SIT har femna både truverdige og ganske så ulike lagnadar og sjukdomshistorier, blir vi presentert for ein særs utvungen, tekstrik og naturleg dialog som lag for lag avdekkar kva for bagasje dei fem har å stri med. ”- Går det bra med deg?” er det stadig tilbakevendande spørsmålet dei stiller kvarandre, og sjølv om svaret i hovudsak er gitt, er dette likevel ikkje noko føreseieleg stykke der alt er berre svart. Sårt og vart, men også ganske smertefullt er kanskje meir dekkande.

Den vesle intimscena Knaus er sparsommeleg utstyrt scenografisk. Fire svarte boksar og fem stolar, effektiv bruk av lyssetting, og ikkje minst eit vindauge er det heile, men det er også heilt tilstrekkeleg. Vindauget er sentralt plassert, og utanfor ser vi eit fjordlandskap som tydeleg signaliserer eit ope landskap der ute i motsetnad til det innestengde rommet her inne, og der vêret utanfor skiftar dramatisk med ulik lyssetting i takt med sinnsstemningane inne. Det er enkelt, og særs verknadsfullt. Effektfull og stemningsskapande er også den nyskrivne musikken som av alle stader er innspela i ei kyrkje med særs god akustikk!

SIT skal ha ros for å ha gjort grundig research. For ein som heldigvis ikkje har detaljkunnskap om slike forhold, verkar det heile å vere temmeleg autentisk. Samstundes er alt formidla relativt lågmælt der mimikk, kroppsspråk og indikasjon er vel så viktig som den fortalde historia. Her er det verkeleg ”show them, don’t tell them”, og akkurat det er ikkje anna enn imponerande når det faktisk gjeld både manus og framføring. Det er i tillegg uvanleg god personinstruksjon. Ein ting er at skodespelarane får til ein utvungen dialog, men all den smerta eg les i andleta og kroppsspråket til aktørane, er atskillig meir enn ein kan vente frå amatørar. Både i tekstgrunnlaget, ensemblespelet og i dei individuelle prestasjonane er dette ein produksjon som kan måle seg med det meste.

 

Gamle ikkje eldst likevel?

oktober 9th, 2011

TEATER

KONDIS: Bestefaren har ikkje ork til å halde ut når barnebarnet vil leike sisten. FOTO: FOTOGJENGEN.SAMFUNDET.NO

Seniorskvadronen
Av: Elisabeth Sødahl, Ane T. Justvik, Stein Olav Josephsen, Ida
Arnesen og Bjørn Grimsbo
Instruktør: Ane Tresselt Justvik
Scenografi: Tori Klakegg Mæhlum
Med: Studentersamfundets Interne Teater (SIT)
UKA 11, Studentersamfundet i Trondhjem, Teltet på fengselstomta

Barneteater som er artig og oppfinnsamt, men kanskje ikkje mest for barn?

Heilt frå 1977 har UKA også sett opp barneteater, med eit unnatak i 2003 som førde til ”folkekrav” og ny produksjon i 2005. Oppsettingane har vore av vekslande kvalitet, og sjølv om eg for seks år sia fann barneteatret langt artigare enn revyen, er nok barneframsyninga ein atskillig mindre ambisiøs produksjon.

Årets framsyning er ein humoristisk vri på besteforeldregenerasjonen. Alt er ikkje som det ser ut til, og det som er tilsynelatande kjend, kan ofte vere noko heilt anna. Besteforeldra representerer fristaden for barn, men problemet er at dei ofte ikkje har kondis til å halde ut dei mange og krevjande barneleikane. Slik er det med pensjonisten Wexel som slit med å henge med når det spretne barnebarnet Erta vil leike sisten. Som nyslått pensjonist får Wexel ein sjølvhjelpsgåve frå Staten, ei gåve beståande av alle dei remedia vi forbind med stereotypiane ved å bli gamal. Gåstol, gebiss, kamferdrops og mye meir. Wexel fell fort inn i rolla si, inntil han får kontakt med to andre eldre som saman utgjer Seniorskvadronen, ei hemmeleg gruppe som ryddar opp når det trengs, og med direkte line til statsministaren. Å vere gamal er berre eit spel for galleriet, for her er det ækksjen! Inn i dette menasjeriet dukkar sjølvsagt vondskapen opp, personifisert ved ein mefistoliknande person som heiter Knokkelbrekk. Han stel krona til kongen, og det vil gjere han til eineherskar som kan truge den ålmenne orden, og sjølvsagt gjere barndomen til eit helvete. Så blir det oppgåva til Seniorskvadronen å ordne opp.

Eit leikent og dyktig, men tidvis litt overspela ensemble får fram mange artige vriar om mytane rundt det å vere gamal, og ei enkel, men særs effektfull scenografisk løysing gjer at dei mange sceneskifta går unna velsynkronisert og i rekordtempo. Men dramaturgisk har produksjonen ein del store problem. Eg er uviss på kva dette eigentleg handlar om. Eg vil tru det skal vere oppgjeret med vondskapen og Knokkelbrekk, men den historia blir berre ei lita bisak, og vegen dit lang og alt for omstendeleg. Slik blir Knokkelbrekk berre ei orsaking for å kunne lage tull og tøys om dei gamle.

Det leikne skråblikket på stereotypiane ved pensjonisttilveret er ganske intelligent, og her er mye artig. I alle fall for dei vaksne. Men eg lurer litt på kven studentane eigentleg har som målgruppe, for eg veit ikkje om ungane i like stor grad forstår harselasen med fordommane våre.

Du og eg er kvardagslivets ekspertar

oktober 4th, 2011

DOKUTEATER

Call Cutta in a Box
Av Rimini Protokoll
Trøndelag Teater og Teaterhuset Avant Garden

Kolkata: Eit callsenter 11 000 km unna er i røynda ein arbeidsplass,
men i fiksjonen ei scene, eller? FOTO: RIMINI PROTOKOLL

Di scene: På denne ”scena” i Trondheim spelar du sjølv
den eine hovudrolla. FOTO: AMUND GRIMSTAD

Gjennom ein halvtimes telefonsamtale blir eg ikkje berre kjend med ein framand, men også litt betre kjend med meg sjølv.

Den tyske teatergruppa Rimini Protokoll har spesialisert seg på dokumentarisk teater. I beste Shakespearetradisjon der verda er ei scene og kvar ein må spele si rolle, set dei opp produksjonar der det dei kallar ”kvardagslivets ekspertar”, med andre ord du, eg og alle andre, er aktørane. Gruppa gjesta Trondheim under scenekunstfestivalen ”Bastard” i fjor, og i samband med at NTNU arrangerer India-veke i desse dagar er gruppa nå attende med ein produksjon som er både særs eksklusiv og fullstendig interaktiv. I staden for å kjøpe billett til framsyninga, må ein gjere avtale om eit møte, og i eit relativt vanleg kontorbygg midt i  Trondheim sentrum blir  publikum, eller kvar einskild deltakar/aktør ført inn på eit heilt ordinært cellekontor. Åleine i rommet ser eg meg rundt, registrerer vanleg kontorutrusting og lite som skulle tyde på  teater. (Så feil kan ein ta.) Eg ventar eit minutt eller to, og så ringer ein telefon. På tråden har eg Sandip frå eit callsenter i Kolkata (Calcutta) i India. Ettersom eg har ein avtale, veit han kven eg er, og trass i meir enn 10 000 km avstand, har han uventa stor detaljkunnskap om rommet og bygget eg er i. Så startar ein samtale som sjølv om han er triviell og kvardagsleg og i stor grad handlar om alt og inkje, likevel ofte tar ganske overraskande vendingar. Kvar ”framsyning” er sjølvsagt heilt unik ettersom dette er hundre prosent interaktivt teater. Likevel er ho forbløffande stramt regissert, for ikkje å snakke om dei kompliserte scenografiske og tekniske løysingane. Eg skal halde meg langt frå å røpe kva som skjer i løpet av den dryge halvtimen eg kommuniserer med Sandip, men det er i alle fall særs langt frå nokon vanleg samtale, og  når denne meldaren, som er ein temmeleg tilbakehalden person, midtvegs i samtalen, og ganske frivillig syng ein song for indaren i den andre enden, fortel det i alle fall meg at praten gjorde noko med meg.

Så kan ein seie at å sette opp slike telefonsamtalar mellom to framande var då ein artig gimmick, men kva så? Rimini Protokoll har nok eit heilt anna program enn å produsere gimmicks. Framsyninga skjer i ei merkeleg blanding av fiksjon og røyndom, og set lys på korleis vi reagerer på det uventa og ikkje alltid like regisserte. Tradisjonelt teater er i alt for stor grad ein einvegs kommunikasjon mellom scene og eit danna publikum, som rett nok kan le, gråte eller applaudere, men som helst ikkje skal overta spelet. Kanskje med eit heiderleg unnatak for barneteater. Rimini Protokoll slepp dette heilt laus og utforskar kva som skjer når vi, kvardagslivets ekspertar, tek over scena. I tillegg kjem det spesielle med bruken av eit indisk callsenter. Det er så langt frå eit tilfeldig val du kan kome. I ei globalisert verd der telekommunikasjon gjer at du kan arbeide kor som helst berre du er på nett, blir meir og meir arbeid outsourca til land i tredje verda. Innafor IT og kommunikasjon er India etter kvart blitt ein stormakt, og både europeiske og amerikanske selskap nyttar i stor mon indisk arbeidskraft – i India – til programmering, support, sal osb. Kven er desse folka? Kva gjer distansen med oss? Korleis er det å kommunisere med nokon du korkje ser eller kjenner, og som har ein heilt annan jobbmessig situasjon, kulturell bakgrunn og you name it? I løpet av relativt kort tid blir Sandip atskillig meir enn eit namn og ei røyst med den stundom litt vanskelege indisk-engelske aksenten. Eg veit nå korleis han ser ut, i kva for bygg han jobbar, og eg har kortet hans med adresse og telefonnummer. Kanskje eg skal sende han ein e-post?

( Meldinga stod i Klassekampen måndag den 3.oktober 2011) 

Brecht heilt inn til til beinet

september 20th, 2011

TEATER

Tolvskillingsoperaen 
Av Bertolt Brecht og Kurt Weill
Omsett av Ragnar Olsen
Regi: Gabor Zsambeki
Scenografi: Csörsz Khell
Kostyme: Milja Salovaara
Musikk: Åsmund Flaten
Med: Mads Bones, Ingrid Bergstrøm, Jan Grønli, Pål Christian Eggen, Mari Haugen Smistad  m.fl.
Trøndelag Teater, Gamle scene

Bildet: 
GODSLEGE: Desse liknar kanskje meir på Kasper, Jesper og Jonatan enn på dei hardbarka skurkane i Londons underverd? FOTO: GT NERGAARD

I staden for Brechts medvitne sjangerblanding, kan kontrastane og blandinga her bli eit poeng i seg sjølv.

Med Tolvskillingsoperaen revolusjonerte Bertolt Brecht teatret som kunstform. Saman med komponisten Kurt Weill laga han i 1928 eit politisk teater som ved medvite å ta opp i seg element frå det meste av folkeleg formidlings- og teaterkunst, nådde eit langt breiare publikum enn det som politisk teater normalt greidde. Men som mange andre dyktige radikale kunstnarar både før og etter Brecht har opplevd, blei han fort forsøkt ufarleggjort og innlemma i den borgarlege kanon. Tolvskillingsoperaen har i over åtti år gått for fulle hus over heile verda, men blir særs ofte spela som ein operette der musikken til Weill er det viktige, og Brechts samfunnskritikk berre blir eit bleikt bakteppe. Dette har Trøndelag Teater ønska å gjere noko med i oppsettinga som hadde premiere torsdag. Denne gongen skulle det bli Brecht til musikk av Weill, og ikkje motsett. Til dette har dei hyra inn den ungarske instruktøren Gabor Zsambeki som har tatt med seg sin faste scenograf, Csörsz Khell. Det er blitt ei ganske annleis oppsetting. Men jamvel om det er tydeleg at dette er ein produksjon som skal vere tru mot Brecht, er eg er ikkje heilt overtydd om at resultatet er blitt fullstendig etter intensjonane.

Brecht var ein relativt kynisk teatermann og nytta den sjangeren og dei grepa som ville nå publikum og fremme bodskapen best, uakta om dei var henta frå borgarleg varietéteater, tradisjonell komedie, opera eller kva det måtte vere. Sjangerblandinga kunne vere stor om det tente formålet. I tillegg var den såkalla framandgjeringseffekten sentral, – ideen om at teater er teater, og ikkje røyndom. Alt dette er tatt vel vare på i Trøndelag Teaters oppsetting. Ho blir vist på Gamle Scene, ein typisk tradisjonell teatersalong så langt frå ein black box som det går an å kome. Scenografien er heilt openberre kulisser og utan den minste illusjon om å syne røyndomen. Skodespelarane sit i utkanten av scena og nærast ventar på tur, alt i Brechts and, og særs velfungerande. Sjangerblandinga er total, og det blir ausa på med metaforar og innslag med referansar i spennet frå bibelhistorie til populærkultur. Og oppi det heile er musikalpreget tona kraftig ned ved at tonefølgjet berre er Åsmund Flatens særs dyktige pianoakkompagnement.

Det er med andre ord ein produksjon som er enormt ambisiøs, og som vil revitalisere Brecht og lage teater i hans and. Tolvskillingsoperaen handlar om det grådige mennesket, og er i utgangspunktet ein beisk samfunnssatire og kapitalismekritikk, ikledd populærkulturens form, og med ein Dickensk setting. Vi er i London der den brutale og kyniske storforbrytaren Mackie Kniven (Mads Bones) i løyndom giftar seg med Polly (Ingrid Bergstrøm). Ho er dotter av Jonathan Peachum (Jan Grønli), eigaren av byens tiggarsyndikat. Dette ekteskapet likar Peachum dårleg, og han vil ha svigersonen arrestert og hengd. Men den gjennomkorrupte politisjefen Tiger-Brown (Pål Christian Eggen) er ven med Mackie, og ut av dette blir det masse intrigar der dronningkroning, horehus og småforbrytarar av alle slag er del av det ganske fargerike bakteppet. Både i Brechts tekst, og i Zsambekis regi er det spel på kontrastar både i innhald og uttrykk. Når Mackie skal hengast, er politiet mest opptatt av trivialitetar som å tenne ein sigarett, og scenografien til Khell vekslar mellom minimalisme og det nesten barokke, berre for å nemne eit par døme. Oppi det heile er dei gjennomført brutale og kyniske aktørane som Mackie og Peachum framstilt på ein relativt veik og nesten litt godsleg måte. Slik er framsyninga blitt ei oppsetting der det motsetningsfylte og sjangerblandinga er heilt berande element. Problemet er at det tidvis tar litt overhand. Når Brecht nytta slikt, var det ei meining bak, mens det her kan sjå ut som det nokon gongar blir eit poeng i seg sjølv. Slik balanserer produksjonen hårfint mellom Brecht og ei litt meir postmodernistisk tilnærming der alt er like gyldig.

I freistnaden på å få til meir Brecht, forsvinn nok noko av heilskapen, men samstundes har denne produksjonen likevel atskillig å by på.  Zsambeki gir oss eit utal fine detaljar, og særleg i personinstruksjonen finn eg mye godt handverk. Det er gjennomgåande gode skodespelarprestasjonar, og Mads Bones som Mackie får omsider høve til å vise spennet sitt som både komikar, karakterskodespelar og songar. Melodiane til Weill er ikkje enkle, og med berre piano som akkompagnement, kan ein ikkje lene seg på feite lydbilde. Songprestasjonane til ensemblet er difor ganske imponerande, og særleg var Mari Haugen Smistad forrykande i rolla som hora Jenny.

Scenografien til  Csörsz Khell fungerte framifrå, og opningsscena med filmklipp og ei gradvis avdekking av scene og skodespelarar lag for lag, var spesielt vellukka. Bruken av stumfilmens plakatannonsering for å markere avbrot ved songinnslaga, var også ein effekt som kledde framsyninga.

Gabor Zsambeki har laga ein ambisiøs produksjon som er ein freistnad på å presentere Brecht skore heilt inn til beinet. I hovudsak får han det til, men i spelet på det motsetnadsfylte  mistar han nokre gongar litt av grepet om heilskapen.
Amund Grimstad

(Meldinga stod i Klassekampen måndag den 19. september 2011)