Grenselaust ærleg

TEATER

DRAUM: Slik gjer ein når ein har gjesta Oprah Winfrey. I draumane. FOTO: LARS ÅKE ANDERSEN

Æ har rætt
Hålogaland Teater, Scene Øst
Av Trine Lise Olsen
Regi: Tom Sterri
Med: Trine Lise Olsen

Inderleg, ekte, sårt, humoristisk og grenselaust ærleg om eigen oppvekst.

Trine Lise Olsen er standup-komikar, og blei landskjend då ho for fire år sia vann NRKs humorkonkurranse «Den norske humor». Premien var mellom anna å lage sitt eige humorprogram på TV, og Olsen kvitterte året etter med ein serie om heimbygda si, Indre Billefjord, ei ørlita bygd i Porsanger i Finnmark. Teatersjef Nina Wester på Hålogaland Teater har lenge hatt auge for komikartalentet og den særeigne røysta til Olsen, og i samband med røysterettsjubileet inviterte ho henne med på eit samarbeid som i første omgang blei ein feministisk humorturné rundt på skulane i Finnmark og Troms. Røynslene frå dette arbeidet gav bod om noko større, og det siste halvåret har Olsen samarbeidd tett med dramaturg Tale Næss og regissøren Tom Sterri, og resultatet er blitt ei ganske annleis standup-framsyning.

Det er mange komikarar som byr på seg sjølv og omgivnadane sine, og tidlegare i år sette til dømes Marianne Meløy opp «Stemt» på Trøndelag Teater, ein presentasjon av mange ulike stemmer i samband med røysterettsjubileet der ho henta inspirasjon og typar frå den vesle heimplassen sin i Nord-Norge. Det gjer for så vidt også Trine Lise Olsen, men det heilt spesielle ved hennar prosjekt, er at ho byr ikkje på andre enn seg sjølv, og at det i tillegg viser seg å bli ei uvanleg sterk historie der gråt og lått går hand i hand.

Utan mye anna hjelp enn eit sminkebord og nokre klede entrar ho ei elles nake scene, løyser opp stemninga ved å småprate med publikum, og ter seg stort sett som alle andre som skal få folk til å le. Men så syner det seg raskt at alt ikkje er like morosamt. Grenselaust ærleg fortel ho si eiga historie frå då ho og broren første gong blei sett bort i fosterheim fordi mora ikkje greidde omsorga, og kanskje var meir opptatt av fest og menn. Så blei det ny fosterheim i Indre Billefjord, og denne gongen hjå Ragnhild som etter kvart fekk plassen som mamma i livet hennar. Ho fortel om den funksjonshemma storebroren som dør frå ho, om faren som ho omsider fekk kontakt med, men som omkom på sjøen, om ungjentedraumar og lengt, om kjenslemessig og seksuell oppvakning, om samisk identitet, om valdtekt og fyll og mye anna som vi tradisjonelt sett har vanskeleg for å forbinde med humor.

Det kan høyrest ut som ei traurig historie, og det er ho sjølvsagt også. Det spesielle ved Olsens prosjekt er at ho greier å formidle det meste i ei form der ho set det triste i relieff for deretter å halde  det opp til å le av. Men hovudårsaka til at dette blir så vellukka, er at Trine Lise Olsen har ei meining bak det heile, eit program som ho held seg lojalt til gjennom heile framsyninga. Mantraet, og namnet på oppsettinga, er «Æ ha rætt». I sitt eige sjølvbilde meiner dei fleste av oss at vi har rett, og at vår framstilling av røyndomen er den korrekte, men i denne konteksten dreier det seg vel så mye om retten til å vere seg sjølv, og om alle dei andre grunnleggjande rettane eit menneske har. Og kanskje særleg i eit kjønnsperspektiv. Olsen er feminist, og legg ikkje skjul på det. Ho har ein heilt open politisk agenda, men framfører han så lågmælt, så intenst, så personleg, så overtydande, og i tillegg så humoristisk at det er umogeleg ikkje å vere samd med henne. Og jamvel om her er openberre spark til familieministaren, samvitslegar, homofobe og mange andre, finst det likevel ikkje spor av det ein kan kalle agitasjon. Det heile er berre så gjennomført elegant. Det faktum at dette ikkje er fiksjon, kombinert med den heilt spesielle forteljarrøysta hennar, bidreg i stor grad til det. Sjølv gjer ho narr av stemma si, men nettopp det lågmælte og den totale mangel på halloi, gjer det heile så inderleg og ekte.

Trine Lise Olsen er utdanna førskolelærar, og som komikar er ho i hovudsak sjølvlært. Ho er såleis ikkje skodespelar, og det legg ho heller ikkje skjul på når ho snublar litt i orda, tar til på nytt, og litt sjølvironisk tillet seg å vere seg sjølv på godt og vondt. Det kler faktisk framsyninga, og gjer ho meir autentisk.

 (Meldinga stod i Klassekampen måndag den 18. november 2013.)

One Response to “Grenselaust ærleg”

  1. Trine Lise Olsen sier:

    Tusen tusen takk for en så grundig og fin anmeldelse! Bøyer meg!

Leave a Reply