Archive for the ‘Teater’ Category

Fridom eller flukt?

mandag, januar 28th, 2008
TEATER
Den siste viking
Av Johan Bojer
Dramatisert av Ragnhild og Terje Mærli
Regi: Terje Mærli
Musikk: Henning Sommerro
Scenografi: Lars-Erik Lindén
Kostyme: Lili Riksén
Trøndelag teater, hovudscena
Bildet: Skårunge. På veg til Lofoten med skårungen Lars (Mads Bones) i baugen. Foto:GT Nergård
Ei spektakulær oppsetting som stort sett greier å skape dei rette illusjonane, men som av og til blir litt omstendeleg.

Har du først møtt Kristaver Myran, Elezeus Hylla eller Jakob, han Pinade med liltfoten, eller alle dei andre i det rike persongalleriet i Johan Bojers store episke roman om lofotfisket, er det uråd å få dei ut av minnet. Den siste viking er ei folkelivsskildring av dei sjeldne, ein sosial roman om det myteomspunne lofotfisket, men også om det store hamskiftet då nasjonen stod på terskelen til industrialiseringa. Boka er eit litterært ikon, og jamvel om Bojer sjølv skreiv mye for scena, har teatra ikkje våga seg på å dra vikingen innomhus. Eli Sørensen har med hell laga utandørs sommarteater i Bojers heimbygd Rissa dei siste åra, men det er først med Ragnhild og Terje Mærlis dramatisering at historia blir sett opp på eit institusjonsteater. Det er sjølvsagt eit dristig prosjekt å legge ei handling som i så stor grad finn stad på ope hav, til ei varm og turr scene, men i hovudsak må ein seie at båten ber.

Mærli er særs tru mot boka, med eitt unnatak. Sjølv om Bojer skildrar både mennene som dreg til Lofoten tre månader kvar etterjulsvinter, og kvinnfolka som sit att i Rissa med jordbruk, ungar og uvisse, så er det likevel fiskarane det dreier seg om. Marja Myran er rett nok ei sterk kvinne også i romanen, men i denne oppsettinga er det nærast full kjønnsbalanse. Det er eit særs godt grep. Ein ting er at kvinnfolka historisk sett bar meir enn helvta av både himmel og helevete, men dramaturgisk skapar det eit kontrasterande spenn som Mærli nyttar til fulle. Han spelar medvete på eit utal motsetnader som mann/kvinne, landbruk/fiske og arbeid/utdanning for å nemne nokre. Samstundes som miljøskildringa blir tatt godt vare på, er oppsettinga grunnleggande eksistensiell der ho presenterer menneska framfor avgjerande val i livet. 

Når kvinnfolka blir meir sentrale, er det naturleg at andre blir detroniserte. Den fargerike Jakob, han Pinade blir i oppsettinga ein relativt anonym person, og det får vi tole. Verre er det at hovudpersonen sjølv, Kristaver, stundom blir nesten statist i eiga historie. Det skuldast regigrepet, og ikkje Trond-Ove Skrødal som gjer ei framifrå tolking av høvedsmannen. Til gjengjeld trer ungdomen og framtida, tydelegare fram. Skårungen Lars, som vil vere som far sin, men som også vil lese, som vil opp og fram, er fantastisk godt spela av Mads Bones som tidvis eig scena. Oppgjera hans med faren, mellom anna om lofotfisket er flukt eller fridom, er av dei verkelege høgdepunkta i stykket. Men så var det altså kvinnfolka: Marja Myran blir i Marianne Meløys mangslungne tolking den klokaste og den som kjem nærast ei fortellarstemme, ei som leverer den eine underfundige replikken djupare enn den andre. Og Marte Stolp gjer Berit Hylla til eit fyrverkeri av eit kvinnfolk, medan Cici Henriksen gir truverdig liv til ungjenta Ellen. 

Den største utfordringa med ei slik oppsetting, er sjølvsagt scenografien. Mærli og scenograf Lars-Erik Lindén har vald ei abstraherande og stilistisk sceneløysing der vi, som i romanen, berre får litt draghjelp til å lage oss eigne bilde. God hjelp får vi rett nok både av musikken til Henning Sommerro og av dei tidsriktige kostyma til Lili Riksén. Men dette er teater! Det er ikkje røyndom, men illusjon, og stort sett går det bra. Bølger og roing blir illudert gjennom koreografi, scena er eit krumt golv som både kan vere dønning og brottsjø, men Trollfjordslaget blei noko puslete og vel stilistisk; nærast som dokketeater. På den store, opne scena er alle tilstades nesten heile tida, og vi vekslar saumlaust mellom Lofoten og Rissa, mellom draumar og røynd på eit vis som er forbausande enkelt å godta. Slik er det mogeleg å gjere både Rissa og kvinnene meir synlege, og med det også dei underliggande konfliktane. 

Den siste viking er ei storslått, påkosta og spektakulær oppsetting. Ho er tru mot folkelivsskildringa til Bojer. Freistnaden på å presentere og utforske meir grunnleggande spørsmål er og god, men Mærli gapar tidvis over for mye. Nokre av tablåa kan bli litt langdryge, og første akt er vel omstendeleg før det heile kjem i gang. Til gjengjeld er finalen, med ein miks av Bojers epilog og heimkomsten til Rissa, ein dramaturgisk sviske som Mærli godt kunne ha gitt litt betre plass. Den klassereisa dette også med eitt handla om, blei berre hengande i lufta som eit spørsmål som knapt var stilt.
Amund Grimstad 

(Meldinga stod i Klassekampen 28. januar 2008)

Sant og usant

søndag, desember 9th, 2007

TEATER

Looking For A Missing Employee
Skrive og instruert av Rabih Mroué
Med Rabih Mroué og Hatem Imam
Trøndelag teater – Studioscena

Bildet: På scena er kopien, men rett bak oss er originalen. Kva er ekte og kva er sant? Foto:Trøndelag teater

Ei leiken og naivistisk framsyning om den stutte avstanden mellom sant og usant.

Trøndelag teater og Teaterhuset Avant Garden har saman fått den libanesiske teaterkunstnaren Rabih Mroué til å gjeste Trondheim med framsyninga Looking For A Missing Employee. Sist han var i Norge var for eit år sia med performanceframsyninga Make Me Stop Smoking. Mroué blir rekna blant dei viktigaste regissørane i heimlandet. Men jamvel om han i stor grad nyttar humor i den framsyninga vi fekk sjå, er det vanskeleg å lage upolitisk teater i eit så plaga land som Libanon. Arbeida hans er sterke og kontroversielle, og dei er for lengst forbode i heimlandet. Denne produksjonen tok i ytre handling opp dei mange personane som berre forsvinn, men i underteksten utforska han langt meir enn det.

Rabih Mroué og Hatem Imam sit sjølve blant publikum. På scena er det tre videoskjermar, og ved hjelp av videokamera lagar dei to ein sjangermiks der dei frå salen fortel og teiknar, men der vi får sjå projeksjonen og ikkje the real thing. Slik blir framsyninga eit slags fjernsynsprogram der vi på same tid er til stades under produksjonen. På dokumentarisk vis får vi presentert utklippsbøker om forsvinningar i Libanon, og etter kvart historia om ein departementstilsett som forsvann hausten 1996. Det er ei lang og relativt komplisert fortelling som blir presentert nærast som ei doku-såpe. Ved å nytte eit naivt og tragikomisk formspråk spelar Mroué på det motsetnadsfylte mellom den alvorlege historia og den nesten komiske etterforskinga og pressedekkinga. Han blar seg gjennom utallege avisutklipp og søker å utforske og etterrøkje kva som har skjedd med den forsvunne. Det gir oss innblikk i eit gjennomkorrupt land, og kriminalhistoria han rullar opp er for så vidt spennande i seg sjølv. Men hadde det vore berre den han ville formidle, hadde dette blitt langdrygt. Mroué startar med ei programfråsegn om at dette korkje skal plassere skuld eller avgjere kva som er sant og ikkje, men det er nettopp i grenselandet mellom motsetnadene sanning og løgn, – og skuld og uskuld at denne framsyninga har si styrke. Han leikar seg med det som til ei kvar tid blir presentert som fakta, flørtar med publikum, boltrar seg i metagrep, og på sin særeigne lågmælte og naive måte syner han oss at det ofte berre er ei hårsbredds avstand mellom kontrastar som sanning og løgn, eller meir dramatisk; – mellom liv og død.
Amund Grimstad

(Meldinga stod i Klassekampen den 7. desember 2007)

Magisk og poetisk

søndag, november 25th, 2007
TEATER

Et juleeventyr
Av Charles Dickens
Dramatisert av Irina Malochevskaja og Kjersti Haugen
Regi: Kjersti Haugen
Scenografi og kostyme: Per Kristian Solbakken
Musikk: Trygve Brøske
Koreografi: Erlend Samnøen
Trøndelag teater – hovudscena 

Bildet: Knug (Trond-Ove Skrødal) før gjenferd og tvil tar til å ri han. Foto:GT Nergård

Ei gamal, men framleis like aktuell historie som i nydramatisert utgåve er blitt ei uvanleg vakker og poetisk oppsetting.

Då Charles Dickens skreiv A Christmas Carol i 1843, var historia både eit oppgjer med sosial urettvise og fattigdom, og på same tid også ei vitalisering av julefeiringa. Et juleeventyr blei raskt det ultimate juleteatret, og den posisjonen har stykket halde sia. Med den dramatiseringa Irina Malochevskaja og Kjersti Haugen har gjort for Trøndelag teater, er det blåse meir enn nytt liv i denne gamle fortellinga. I Kjersti Haugens regi, og med Per Kristian Solbakkens utsøkte scenografi, er oppsettinga blitt ei totaloppleving, magisk, vakker, visuell og særs poetisk. Framsyninga utløyser et skred av kjensler utan å bli sentimental, og ho er moralsk utan å bli moralistisk. Den skal vere ein særs hard negl som ikkje blir rørt av dette, og kjem du i julestemning i tillegg, er det ein rein bonus. 

Historia skulle vere kjend, og tema er nytta av langt fleire enn Dickens. Ebenezer Knug er monomant opptatt av pengar. Han er gjerrig, grådig og har eit hjarte av stein. I originalen heiter han Scrooge, som også er det engelske namnet på Skrue McDuck. Walt Disney og Carl Barks lånte meir enn namnet då dei skapte onkel Skrue, og då skulle vel det meste vere sagt om kva slags type dette er. På sjølvaste julekvelden blir Knug heimsøkt av gjenferdet til kompanjongen som døydde sju år tidlegare, og som var like grådig som han. Ved å ta Knug med på ei reise til fortidas, nåtidas og framtidas jul, vil partnaren, medan det ennå er tid, opne auga til Knug for at det kan vere andre verdiar i livet enn pengar. 

Sjølv om verda er meir full av Knugar i dag enn i 1843, og teksten difor vel så aktuell, har nok stykket likevel godt av ei viss modernisering. Haugen og Malochevskaja har fornya språket ein del, men det viktigaste og desidert mest vellukka grepet er innføringa av seks juleåndar som nærast bølgar seg inn i framsyninga som fortellarar, kommentatorar, scenearbeidarar og meir til. Dei er nydeleg koreografert og er med på å gi framsyninga det lyriske preget som gjennomsyrer det heile. Kjersti Haugen har tydeleg hatt ein sterk visjon, og ho har vore trufast mot han. Det har resultert i ein særs heilstøypt og komplett produksjon. 

Scenografien til Per Kristian Solbakken er minst like tru mot Haugens visjon, og gjer det heile endå meir komplett. Her er masse opplevingsrikdom utan at det er pålessa. Tvert om er scenografien diskret, men til gjengjeld utsøkt. Enkle rekvisittar som ein stabel rekneskapsbøker blir stolar og seng, og ein bruliknande konstruksjon blir nytta til det meste. Effektfull bruk av skyggeteater gjer framsyninga både visuell og vakker, og det blir magisk når folk og ting berre forsvinn nærast osmotisk gjennom scenegolvet. 

Ensemblet på vel tjue personar spelar om lag seksti roller. Men scene- og kostymeskifta går synkront og saumlaust. Mange av rollene er tolka av særs unge statistar, og personinstruksjonen er imponerande. Sentralt i det heile er Trond-Ove Skrødal som spelar Knug med stor autoritet. Den oppvakninga og forvandlinga hovudpersonen gjennomlev, blir formidla med innsikt, truverd og ikkje så reint lite humor. 

Et juleeventyr er ingen musikal, men musikken til Trygve Brøske, dei mange gode songinnslaga, og ikkje minst den utsøkte bruken av to folketonar frå Telemark og Surnadal, bind framsyninga saman, og gjer ho om mogeleg endå vakrare. For dette er verkeleg vakkert teater. Det er poetisk og visuelt, rett og slett ei god sanseoppleving. I tillegg greier Kjersti Haugen å gi oss klump i halsen det meste av tida utan at det på noko tidspunkt blir sentimentalt eller klissete. Ei enkel, nesten banal, men likevel heilt eksistensiell historie som gjer noko med deg. Det er slikt som er godt teater!
Amund Grimstad 

(Meldinga stod i Klassekampen den 23. november 2007)

Humoristisk symbolspel

onsdag, oktober 31st, 2007
TEATER

Vildanden
Av Henrik Ibsen
Regi og tilrettelegging: Anne-Karen Hytten
Scenografi og kostyme: Milja Salovaara
Musikk: Åsmund Feidje
Med: Ola G. Furuseth, Pål Christian Eggen, Gunnhild Sundli, Grethe Nordberg m. fl.
Trøndelag teater – Gamle scene 

Bildet:
Idyll? Lutter – og kanskje lummer – idyll i den Ekdalske heimen før Gregers Werle kjem og skal lufte ut med øydeleggande sanningar. Foto:Vegard Eggen
 

Ei oppsetting av Vildanden nesten meir i slekt med Holberg, enn med Ibsen sjølv. 

Eg må vedgå at eg lenge var litt i villreie medan eg såg premiera på Vildanden på Trøndelag teater. Når ein set opp eitt av Ibsens mest spela nåtidsdrama, der livsløgnsproblematikken er meir enn godt kjend for alle andre enn dei siste årskulla som har kome til sia førre oppsetting, ja så ventar ein seg ein eller annan ny vri. Men så sit vi der med eit 1880-tals interiør og relativt tidsriktige kostyme. Språket er riktig nok litt fornya, men det blir likevel spela nesten rett frå boka. Trur eg. Før eg gradvis merkar at dette slett ikkje er ei oppsetting eg har sett før. Ibsen ville sjølv at Vildanden skulle vere ein tragikomedie, og aldri har eg sett det tydelegare enn i denne oppsettinga på Trøndelag teater. 

Anne-Karen Hytten si tilretteleiing følger Ibsen, om ikkje ord for ord, så i alle fall scene for scene. Berre i små, nesten umerkelege, gags frigjer ho seg frå 1880-talet og bringer inn surrealisme og komikk, som når Gina spør om ho skal ta av plasten av dei vitskaplege hefta til Hjalmar. Men nettopp ved å vere så diskret, blir dei små avstikkarane frå tid og rom, og ikkje minst realismen, desto meir tydelege. Og nettopp tydeleg er eit stikkord for denne oppsettinga. Det er ikkje i teksten Hytten først og fremst frigjer seg frå tradisjonelle oppsettingar av Vildanden, men i spelet og kanskje alt det usagte. Aktørane blir teikna særs markant, på grensa til overspel, og blir for meg meir symbol for ulike mennesketypar enn heile personar av kjøt og blod. Og det er her komikken også kjem inn for fullt. 

Om Hjalmar Ekdal hadde vore like skiftande i sinnelag, like blotta for kritisk sjølvinnsikt som den personen Ola G. Furuseth presenterer oss for, hadde eg ikkje trudd på han. Like lite som på den ekstremt sjølvrettvise Gregers Werle (Pål Christian Eggen) som har ein komplett mangel på sosial intelligens. Men ved at Hytten dreg dei ut i det outrerte, og held dei opp for oss som dei stakkarslege menneska dei i røynda er, kan vi le den frigjerande latteren samstundes med at vi kjenner oss att i dei båe. Slik blir det eit lærestykke i menneskeleg dårskap, nesten meir i slekt med Holberg enn Ibsen sjølv. Og når doktor Relling (Trond Peter Stamsø Munch) kjem inn som ein litt harry nordlending og heng bjøller på alle kattane, så fell det meste på plass. 

Scenografien til Milja Salovaara er eit enkelt, spartansk fotoatelier frå det som kan vere 1880, og der den litt glisne møbleringa understrekar den store avstanden som det er mellom alle på scena. Loftet med villanda og kaninane er plassert i bakkant og blir berre indikert bak ei dør før avslutningsscena som blir ei dramatisk openberring strippa for all Ibsensk diskusjon om kven som har skote kven. Her er det rett på sak, og det gjer finalen både tydeleg og sterk. 

Ensemblet presenterer rollene sine på ei hårfin grense til karikering og overspel utan nokon gong å bikke over. På det viset får dei fram både komikken, og dei ulike mennesketypane. Gunnhild Sundli har mange års scenerøynsle som songar, men som skodespelar er vel dette å rekne som den verkelege debuten hennar. Ho gir oss ei naiv og litt forhutla Hedvig, også ho særs tydeleg, men sjølvsagt også den minst komiske av dei alle. Sundli kjem meir enn heiderleg frå debuten sin. Ola G. Furuseth er den som først og fremst får fram det komiske i oppsettinga ved å presentere ein Hjalmar Ekdal så blotta for sjølvinnsikt at ein ler før ein blir trist. Grethe Nordberg som Gina, er den som veit, eller veit at ho ikkje veit, og spelar med ein litt kjølig distanse som kler rolla. Samspelet med Hjalmar er nydeleg, og når dei båe står midt i ei livskrise og greier å gjere smør og eit skjerf til noko eksistensielt, så har du i grunnen denne oppsettinga i eit nøtteskal.
Amund Grimstad 

(Meldinga stod i Klassekampen den 29. oktober 2007)

Blått til lyst?

torsdag, oktober 11th, 2007

REVY

UKE-revyen MANIFEST
Av forfattarkollegiet
Instruktør: Christina Smeby
Koreograf: Helene O. Monsen
Framført av Studentersamfundets Interne Teater (SIT)
UKA-07, Studentersamfundet i Trondhjem – Storsalen

Ein revy med ein blå (?) tråd, velkoreografert, teknisk framifrå gjennomført, med skikkeleg trøkk i orkesteret, men utan for mange poeng, og eit temmeleg uforløyst tekstgrunnlag.

Vi har vår egen lille verden, rundt oss går Trondhjems by i rotasjon. Slik opnar ei av dei gamle revyvisene frå Studentersamfundet i Trondhjem. Den visa var ironisk. Når UKE-revyen Manifest stort sett ikkje løfter blikket høgare enn til eigen navle, er det neppe meint sjølvironisk. Verda står framfor miljømessige utfordringar av enorme dimensjonar, og i Burma kjempar ein for retten til å kunne ytre seg slik som studentane i Trondheim har høve til, men ikkje gjer. Med eit slikt bakteppe, og med vissa om at nettopp studentane overalt i verda er pådrivarar for miljøvern, demokrati og ytringsfridom, så må det vere lov å etterlyse eit litt større perspektiv på humoren.

Student-UKA i Trondheim er verdas lengste veke. Ho varar i nesten ein månad, og er ei enorm happening med teater, konsertar, seminar, utstillingar og you name it. Om du trudde festspela i Bergen, Olavsfestdagar eller Moldejazz var store, så er UKA den desidert største kulturfestivalen i Norge! Og han er ein dugnad av dei heilt sjeldne. Om lag 1400 studentar tar seg fri frå studia for å vere med på å legge det økonomiske grunnlaget for to nye år med drift av det raude, runde huset ved Elgeseter bru. I år er det 90 år sia det blei arrangert UKE for fyrste gong, og det er ein vital 90-åring som nå set stiftsstaden på både kartet og hovudet i resten av oktober. Motoren og trekkplasteret framfor noko er revyen. Utallege revysongar er blitt evergreens og allemannseige, og Studentersamfundets Interne Teater (SIT) har gjennom åra avla fram eit utal profesjonelle skodespelarar. Det knyter seg difor alltid store forventningar til UKE-revyen i Trondheim. Laurdag var det bypremiere på Manifest.

Nytt i år er at forfattarkollegiet har freista å legge ein raud (eller faktisk blå) tråd gjennom revyen. Det har dei gjort ved å nytte fire gjennomgansfigurar; tre museliknande, søte ”gnarkar”, og ein sjølvopptatt herskar som kallar seg Mifesto. Livet hans er ein evig bursdag, han er ein mann-i-fest, og egosentrisk til det parodiske. Desse fire opnar ballet, slår an tonen, og kjem stadig attende med små innslag. Mifesto blir overspela og raskt relativt poenglaus, men dei tre gnarkane er uvanleg sjarmerande, og leverer masse artige, små, søte gags gjennom heile framsyninga.

Denne revyen er blitt særs visuell, og ganske spektakulær. Det er fantasifulle kostyme i ei blanding av sci-fi og Dsjengis-Khan, mange scenetekniske og scenografiske finessar, og framfor alt ei uvanleg velkoreografert oppsetting. Eg vil først og fremst hugse dei mange flotte danseopptrinna, – frå ei blanding av rockeshow og linedance til utsøkt skyggeteater og god miming. Og alt til akkompagnement av eit særs dugande orkester,

Normalt er det sketsjane og songane som utgjer det viktigaste i revyen. I år var det uvanleg få songar, og desto fleire sketsjar. UKA er tradisjon, og det skal alltid vere med ei drikkevise og ei Trondheimsvise. Slik også denne gongen. Byvisa var som vanleg mollstemt, men får neppe eit liv etter dette. Drikkevisa gjekk i marsjtakt, og fyrste vers var det næraste revyen kom eit sjølvironisk manifest: Vi er klare for kamp, men vi har ingen fiende. Songen har god tekst, men blir definitivt ingen allsong. Det songinnslaget eg vil hugse, er ei absurd vise som glitrande parodierte triste songar om kjærleikssorg, men med uventa musikalske og optimistiske skift. Det synte kva ein med stillferdige og enkle middel kan få til når ein dreg humoren ut i det uventa og absurde.

Sketsjane og monologane var mange. For mange, og for stutte, vil eg meine. Nokre av dei hadde gode poeng, men dei blei i alt for stor grad uforløyste. I hovudsak blei ikkje poenga dyrka og tatt vare på, og det er på dette området revyen først og fremst sviktar. Humor er ei alvorleg sak, og krev god tekst, uventa vendingar, og i tillegg til framføringa også presis timing. I Manifest mangla dei fleste av desse ingrediensane. Eit innslag om machomenn som gjorde seg klåre til dyst, blei så forutseieleg at overraskinga forsvann. Det same gjaldt og ein sketsj om Anne B. Ragde. To monologar synte kva dette kunne ha blitt om forfattarkollegiet hadde arbeidd meir med tekstane. Ein forhutla og stakkarsleg valdtektsmann, og ein lyrikar som skreiv om fitta si. I utgangspunktet plumpt og politisk ukorrekt, men godt framførd, poengtert og ikkje minst uventa.

Manifest gjer ikkje krav på å vere korkje samfunnskritisk eller politisk, men skal vere rein underhaldning. Det får vere greitt nok. Visuelt og teknisk, og ikkje minst musikalsk, er dette vellukka. Men for at ein revy skal vere underhaldande, må han også vere artig og ha gode, bitande poeng som sit. Det har denne revyen diverre alt for lite av.
Amund Grimstad

(Meldinga stod i Klassekampen den 9. oktober 2007)

Ikkje morosamt

lørdag, september 29th, 2007

TEATER

Trøndelag teater – hovudscena
Ingen nordmenn savnet
Av Marianne Meløy, Stian Hovland Pedersen og Trygve Brøske
Musikk: Trygve Brøske
Instruktør: Catrine Telle
Scenografi og kostyme: Åse Hegrenes

Det er så avgjort ikkje nok med gode idear, dyktige skodespelarar og stor påkostnad for å lage godt teater.

Då dei tre folka bak teatergruppa Sjøkua for tre år sia tok steget fullt ut frå rølpete intimscenebuskis til ein fullformats heilaftans revy, meinte eg at steget var i lengste laget. Nå har dei same folka skrive ein framtidsmusikal som Trøndelag teater har vald å sette opp på hovudscena, og eg er lei for å seie det, men denne gongen er forskrevinga total.

Forfattarane tar oss tjue år fram i tida til eit Norge så styrtrikt at skatt er avskaffa. Dei tre nordnorske fylka er hekta av, Hamar er hovudstad, og alt dreier seg om spill og lotto i ein endelaus pyramide der alle vinn. Av ein grunn vi aldri får vite, er monarkiet også avskaffa, og landet er blitt republikk. Alt i dag er Norge eit anti-intellektuelt samfunn, og her er steget tatt fullt ut. Neil Postmans devise om å more seg sjølv til daude er blitt landets credo, og litteratur og kunst er avskaffa. Tor Jonsson skreiv eingong eit bitande essay om åndsproletaren, den personen han frykta mest på jord. Det samfunnet vi her får presentert kan ein såleis kalle åndsproletariatets diktatur. Men der det er undertrykking, er det som oftast opposisjon. Og han finst også her i små enklavar, som ein tidlegare journalist i Norge Rundt (Marianne Meløy), den siste bibliotekar (Trond-Ove Skrødal), og ein sterkt Brechtpåverka skodespelar (Brit Elisabeth Haagensli). Dei vil attende til velferdsstaten, og gjenopne teatra og biblioteka. Så langt, så bra. Ideen kunne ha vore eit brukbart skjelett til ein sjølvkritisk og politisk farse om eit samfunn vi kan vere på full fart inn i. Men det blir diverre aldri anna enn eit skjelett, eller eigentleg alt for mange av dei, og utan særleg substans, mål eller meining.

Skal ein skrive god politisk satire må ein ha kunnskap og innsikt. Skal ein kritisere eit samfunn som er i ferd med å bli overflatisk, må ein gå alt anna enn overflatisk til verks. Det har ikkje desse tre forfattarane gjort. Dei har alt for mye å fortelle, og det er lite av det som er interessant. I staden for gode og bitande poeng, pøsar dei på med klisjear og stereotypiar eg trudde vi var ferdige med på norske scener for mange år sia. Og med ein grunnleggande mistillit til publikum, blir alt fortald med kjempestore bokstavar og overspela til det pinlege.

Sjølvsagt er det lyspunkt. Musikken til Trygve Brøske er ujamn, men held gjennomgåande eit atskillig høgare nivå enn tekstgrunnlaget. Og einskilde scener kan stå på eigne bein. Hallbjørn Rønning og Arne O. Reitan presenterer to brør og bygdetullingar infamt, men likevel berre passe overspela. Og Janne Kokkin syng ei Brecht/Weill-inspirert vise som kunne ha vore noko atskillig meir. Best er framsyninga når ho glir over i å bli ein ironisk parafrase over Les Miserables. Men desse innslaga heng ikkje i hop, og blir berre frittståande fragment i ei langdryg framsyning som er lite morosam og ikkje særleg underhaldande.

I samband med oppsettinga av Revisoren for to år sia stilte eg spørsmål ved kvalitetssikringa på Trøndelag teater. Denne produksjonen gir grunn til å ta spørsmålet opp att. Eg har forståing for at dei tre forfattarane, som sjølve er sentrale aktørar i oppsettinga, kan ha fått tunnelsyn og ikkje sett kor det bar. Men korleis kan det ha seg at ein røynd teatersjef som Otto Homlung, og ein minst like røynd instruktør som Catrine Telle ikkje har sett at dette var for dårleg, og langt frå morosamt? I staden for å be forfattarane kome att med eit betre manus, har dei gitt det ei påkosta framføring med storslagen scenografi og kostyme. Det er ikkje så ofte det blir presentert ny norsk dramatikk på ei hovudscene, og institusjonsteatra blir i desse dagar kritisert for å vere for lite dristige. Det er sjølvsagt bra at Trøndelag teater gir scene til ein ny norsk musikal. Men å seie at det er motig å sette opp noko som ein måtte sjå var for dårleg, er fullstendig feil.
Amund Grimstad

(Meldinga stod i Klassekampen den 27. september 2007)

Guddommeleg om lidenskap

søndag, september 16th, 2007
TEATER

Trøndelag teater – Studioscena
Equus
Av Peter Shaffer
Omsett av Helge Hagerup
Regi: Ola B. Johannessen
Scenografi og kostyme: Carle Lange
Koreografi: Elin Høyholm
Med: Terje Strømdahl, Hermann Sabado m. fl. 

Bildet: Som livet sjølv. Det særs tette samspelet mellom psykiater(Terje Strømdahl) og pasient (Hermann Sabado) er på same tid lågmælt, intenst og fullt av lun humor, – kontrastfylt som livet sjølv. Foto:GT Nergård 

Ei hundre prosent komplett oppsetting som både riv deg med og er humoristisk på same tid, og som presenterer ein uvanleg sterk skodespelardebut.

Når den store lidenskapen tar tak i deg, er det som oftast ikkje rom for analytisk resonnering og nøktern vurdering. Slik tenker eg når eg, etter å ha sett Equus av Peter Shaffer på Trøndelag teater, skal freiste å skrive ei balansert teatermelding. Equus er eit stykke som er så fullt av lidenskap og kjensler, og som i tillegg blir så framifrå presentert, at det er umogeleg å skrive noko som den uinnvigde ikkje vil oppfatte som einsidig og kanskje panegyrisk. Men lesaren får ha meg orsaka, – det er ikkje kvar dag ein får servert eit så komplett teaterstykke som denne oppsettinga! 

Alt frå første augneblink forstår vi at dette er noko guddommeleg. I Carle Langes gjennomførte og særs stiliserte scenografi er scena eit tempel. Og ein stall. Og stallen er eit gudshus for vår mann, den 17-årige Alan Strang (Hermann Sabado). Han har helgejobb som stallarbeidar. Tilsynelatande er han ein vanleg ungdom som har ein stor lidenskap for hestar. Men så går eitt eller anna frykteleg gale. Alan riv ut auga på seks av dyra, og slik blir han eit case for barnepsykiateren Martin Dysart (Terje Strømdahl). Så er vi i gang. 

I eit slags retrospektivt fortellarteater tar Dysart oss med gjennom heile behandlinga av Alan frå han ordknapp kjem til klinikken, via dei første forsøka på samtale, til det gradvis blir bygd opp eit tillitsforhold som gjer det mogeleg å avdekke guten lag for lag. Det er eit psykologisk kammerspel der Dysart si fortelling blir illustrert ved små retrospektive tablå medan Dysart sjølv og Alan går ut og inn av tid og rom utan at det på noko vis blir forvirrande. Etter kvart som vi får innsikt i Alans historie, grip ho også inn i Dysarts eige liv, og kuratoren blir konfrontert med seg sjølv. Eg vil tru dei fleste i salen også fekk sitt å tenke på over eige levd liv, og over lidenskap eller mangel på det. Kva er eit normalt liv, – og er det normale eigentleg noko å hige etter? Alan braut nokre grenser, men han gallopperte! Når gallopperte du? 

Eg skal ikkje røpe meir av handlinga, men Equus er ei intens og sterk historie om store kjensler, og med både kraftige religiøse og erotiske overtonar. Det er ikkje vanskeleg å forstå at Shaffers tekst har hausta fagnad over heile verda sia premieren i London i 1973, men denne oppsettinga er noko langt meir enn ein god tekst. Ola B. Johannessen har ansvaret for tilrettelegging og regi, og har laga ein imponerande heilskapt produksjon. I nært samspel med scenograf Carle Lange har han skapt scena om til eit tempel. Det er dramatiske hendingar som blir presentert, men likevel imponerande lågmælt. Det gjer det særs tette kammerspelet mellom Strømdahl og Sabado endå meir intenst, og gjev ekstra styrke og kontrast til dei mange dramaturgiske høgdepunkta. Den litt lune og underfundige humoren som heile tida ligg som undertekst, gjer at den vonde og vanskelege historia blir lettare å ta i mot for publikum, men understrekar også dei mange motsetnadane denne oppsettinga inneheld. Korleis Johannessen og Lange har løyst presentasjonen av hestane, er rett og slett ein liten genistrek. Gjennom stiliserte masker og hovar, og ikkje minst ved hjelp av den utsøkte koreografien til Elin Høyholm, skapar dei ein illusjon ikkje berre av store hestar, men av noko guddommeleg. Det er vakkert, og det gir ei meir enn forståeleg ramme for Alans store lidenskap. 

Terje Strømdahl er nesten sjølvutslettande roleg når han fortel om pasienten Alan og historia hans. På det viset får han høve til å spele på dei enorme kontrastane dette stykket inneheld utan alt for store fakter, og det kler oppsettinga særs godt. I tillegg gir det rom for at Alan får vere hovudperson i si eiga historie. Hermann Sabado er nyutdanna frå teaterskulen, og Alan Strang er hans debutrolle. Eg har vondt for å finne gode nok ord for denne rolletolkinga. Det er ei ekstremt vanskeleg rolle, særs utleverande, og der Sabado både kjenslemessig og bokstaveleg må kle seg fullstendig og forsvarslaust naken. Og han gjer det stillferdig, truverdig og med den største sjølvfølge. Han har eit kroppsspråk og ein mimikk som han spelar like lågmælt og dyktig på. I det tette samspelet både med favoritthesten Gullfaks (Ole Martin Aune Nilsen) og med Terje Strømdahl, får han fram ei på same tid vond og vakker historie. 

Oppsettinga av Equus på Trøndelag teater er noko av det mest komplette eg har sett på nokon scene. Det er ei oppføring som har alt, og som verkeleg gjer noko med deg som publikum. Treng eg seie meir?
Amund Grimstad

(Meldinga stod i Klassekampen den 14. september 2007)

Peer på heimebane

onsdag, august 8th, 2007

 

TEATER

Peer Gynt
Av Henrik Ibsen
Musikk: Edvard Grieg
Regi: Svein Sturla Hungnes
Scenografi: Svein Sturla Hungnes og Even Børsum
Musikalsk leiar: Ole Kristian Ruud
Språkleg tilrettelagt av Håkon Sveen
Dei som er med: Svein Sturla Hungnes, Kari Simonsen, Eir Inderhaug, Mari Maurstad, Stein Grønli, Maria Haukaas Storeng, Rune Reksten m.fl. 

Bildet:Peer ved Gålåvatnet er først og fremst Svein Sturla Hungnes sitt prosjekt. Han er scenograf, instruktør og rolletolkar. Trass relativt vaksen alder, er det særleg den unge Peer han har godt tak på. Foto: Amund Grimstad
Gålåoppsettinga av Peer Gynt, kanskje den ultimate og desidert mest spektakulære Peer-oppsettinga, står i konstant fare for å bli som Peer sjølv; – seg sjølv nok.

Peer Gynt er blitt sett opp som friluftsteater ved Gålåvatnet i Midt-Gudbrandsdal sia 1989, og denne oppsettinga av Norges, – om ikkje eitt av verdas – mest spela drama, er gjennom desse åra sett av 160.000 menneske. Vi snakkar difor om ein scenesuksess i ein divisjon for seg sjølv både nasjonalt og internasjonalt. Etter å ha sett årets oppsetting, er det ikkje å vanskeleg å skjøne kvifor. Men det er heller ikkje vanskeleg å sjå at Peer i dobbel tyding står ved ein korsveg, og at oppsettinga fort kan ta til å leve sitt eige liv uavhengig av både Henrik Ibsen og Svein Sturla Hungnes.

Peer Gynt er framfor noko det norske nasjonaleposet. Jamvel om mannen aldri har levd, er det kjent at Ibsen nytta historia om Per frå Hågå i Gudbrandsdalen som skjelett for rollefiguren sin. Å sette opp Peer Gynt i Fron, heimplassen til Per, i dalanes dal, norskdomens høgsete, og med fjellheimen som naturlege kulisser, kjennest difor heilt rett. Settinga ved enden av Gålåvatnet, i eit nesten naturleg amfi der sola går ned medan mor Åse døyr, er nærast å rekne som den perfekte scenografien. Når teksten i tillegg på framifrå vis er omsett til dølamål og blir framført naturleg og utan knot, blir det heile meir autentisk enn det som er mogeleg på ei vanleg scene. 

Sia urpremieren i 1876 er Peer blitt spela og tolka på eit utal ulike vis. Svein Sturla Hungnes har hatt regien på Peer ved Gålåvatnet sia starten i 1989. Med den naturlege scenografien, og med den geografiske plasseringa, er det ikkje overraskande at han legg stor vekt på Peers unge år, på bukkeritt, bryllaup, Bøygen, Dovregubben og mor Åses død, – med andre ord alt det norske. Før pause får vi alle desse scenene spektakulært og velregissert framført på uforfalska frøning. Det slo meg at Hungnes har greidd å gjere denne delen av oppsettinga særs tydeleg og lettforståeleg utan korkje å vere spesielt pedagogisk eller forklårande. Det er godt gjort, og her ligg vel mye av oppsettingas største styrke. Aldri såg eg den grønkledde (Mari Maurstad) styggare, og samspelet mellom Peer (Svein Sturla Hungnes) og mor Åse (Kari Simonsen) var uvanleg lett å leve seg inn i. Dei meir folkloristiske innslaga med rundt 150 velkoreograferte statistar, gav eit flott og autentisk bakteppe som fort kunne ha blitt nasjonalromantisk lirumlarum, men som i stram regi aldri nærma seg denne fallgruva. 

I dei fleste oppsettingar av Peer Gynt er det vanleg å tone ned utanlandsopphaldet hans. Gålåvatnet er definitivt ikkje korkje Marokko eller Egypt, og her har Hungnes møtt ei av sine største utfordringar. I ei oppsetting der ein i alle dei tre første aktene ikkje treng å gjere store scenografiske grep av di det meste ligg der frå naturens hand, får han med eitt behov for å rykke publikum opp med rota og skape ein illusjon totalt framand frå grasvoll, hesjar og Gålåvatn. I ei setting der rekvisita og lysdesign er nærast fråverande fordi dei finst naturleg, er det langt frå enkelt med eitt å bryte med heile hovudgrepet og lage meir tradisjonelt scenografisk teater. Hungnes har freista å løyse dette ved å ta Peer ut av tid og rom, gi han ein entre med småfly, MC og Cadillac, der han blir intervjua på talkshow iblanda både rapping og Leonard Cohen. Det er drastisk, og kunne ha vore berre ein billeg gimmick, men det fungerer. Mindre vellukka blir møtet med Anitra (Maria Haukås Storeng) og Sfinxen der scenografien er meir stilisert enn forsvarleg. Desse scenene får litt preg av vareopptelling som må med før Peer er heime i rette elementet att og blir konfrontert med seg sjølv og levd liv. 

Peer ved Gålåvatnet er først og fremst Svein Sturla Hungnes sitt prosjekt. Han er scenograf, instruktør og rolletolkar. Trass i relativt vaksen alder, er det særleg den unge Peer han har godt tak på. Leiken og særs truverdig, medan verdsmannen og den gamle ikkje blir like tydelege. Typisk er det difor at han også som instruktør har best grep om den unge. Den retrospektive Peer blir meir overflatisk. Med eitt unnatak; – møtet med knappestøyparen der Stein Grønli verkeleg får ein til å kjenne uhygga. Kva Ibsen ville med Solveig, har vore vanskeleg å få tak på. Eir Inderhaug framfører Solveigs song framifrå som ei lita bonusframsyning i seg sjølv. Men som person har ho fått alt for lite å spele på og blir nesten som ein kulisse å rekne. Avslutninga med Peers møte med Solveig blir ein dramaturgisk nedtur som renn ut i inkje. Eg forstår heller ikkje heilt kor Hungnes vil med finalen. 

Peer Gynt ved Gålåvatnet er storslagent, spektakulært, velspela og framifrå teater. Det er lett å forstå at det har blitt ein slik publikumssuksess. Men både suksessen og den spesielle settinga byr på store problem. Det er som sagt vanskeleg å lage illusjonen av Nord-Afrika i den norske fjellheimen, men dette bør la seg løyse scenografisk. Ei anna sak er at slike årvisse oppsettingar fort kan bli ritual, og ta til å leve sine eigne liv uavhengig av både forfattar og instruktør. Slik kan også oppsettinga faktisk bli seg sjølv nok. Førebels balanserer ho på rett side, men det er lite som skal til før produksjonen blir stivna teater.
Amund Grimstad 

(Meldinga stod i Klassekampen den 6. august 2007)

Eit verkeleg eventyrland

onsdag, juni 13th, 2007

TEATER

Teaterlaget i BUL – Tårnet på Munkholmen
Alice i eventyrland
Fritt etter Lewis Carroll
Dramatisert og nyskrive av Mads Bones og Olve G. Løseth
Musikk: Mads Bones
Regi: Mads Bones og Olve G. Løseth
Scenografi: Anna Schei
Musikalsk leiar: Sunniva S. Hovde
Med: Teaterlaget i BUL Nidaros

Ei fornorska og modernisert Alice i ei leiken og intelligent framsyning som både er hysterisk morosam og imponerande velspela.

Alice i eventyrland, – litteraturhistorias første syretripp, eller inspirasjonskjelde og forløpar for Tolkien, Ionesco og Monty Python? Tolkingane er meir enn legio for denne barnelitteraturens 150 år gamle klassikar. Det er kanskje difor historia har halde seg så godt. Oppsettinga på Munkholmen syner til fulle at dette er eit evigungt stykke som aldri mistar aktualitet. Eg har ved mange tidlegare høve hevda at Teaterlaget i BUL Nidaros er ein utklekkingsanstalt og talentfabrikk av det heilt sjeldne slaget. Kvart år set desse ambisiøse og hardtarbeidande amatørane, med deltakarar nesten ned i førskulealder, opp sommarteater i tårnet på Munkholmen utanfor Trondheim, og kvart år dukkar nye småstjerner fram. Nokre år seinare finn vi mange av dei att på norske institusjonsteater. Det er med andre ord høgt nivå på oppsettingane, men denne gongen spelar dei skjorta av seg sjølve, for oppsettinga av Alice i eventyrland er ein sensasjon! Punktum!

Mads Bones og Olve G. Løseth, båe 26 år gamle, har nettopp avslutta fireårig teaterutdanning i Danmark. Før det har dei gått den gode skulen i BUL, Mads frå han var ti, og Olve frå han var fjorten. Eg har sett dei båe i utallege roller og rekna med å sjå dei att ved seinare høve. Nå har dei nyskrive, dramatisert og instruert Alice, og i tillegg har Mads Bones skrive ny musikk. Det er blitt ei særs leiken framsyning der berre skjelettet er att frå Lewis Carroll. Kaninen, larva, dronninga og nokre til er framleis med, men i tillegg dukkar mellom andre Espen Askeladd, Prinsessa på erta og Teskjekjerringa opp, for ikkje å gløyme Hjallis in Wonderland, ein skøyteløpar sjukleg opptatt av tid. Bones og Løseth har utforska og leika seg med det absurde i språket, med ord som kan vere tvitydige, og med uventa vendingar. I tillegg har dei nesten gått seg vill i sitat frå populærmusikken. Det er blitt ei hysterisk morosam oppsetting, og denne dramatiseringa kunne forsvare plassen sin på kva scene som helst.

Det er eit langt stykke frå ein god tekst til godt teater. Når Bones og Løseth også har greidd å lage ei god scenisk framføring, er det endå meir imponerande. Eit ensemble med 34 aktørar i alderen 8 til 55 i det tronge tårnet på Munkholmen, er ikkje enkelt å instruere. Sceneskift, koreografi og alt gjekk som hand i hanske, og spelet tyder på særs god personinstruksjon. Det er ofte slik at speleglade amatørar kompenserer for manglande spel med litt keitete sjarm. Det var ikkje naudsynt denne gongen. Sjarmen var sjølvsagt til stades, men spelet var noko av det beste eg har sett frå teaterlaget, og det seier ikkje så lite! Emilie Mordal Konradsen er klippefast i rolla som Alice, passe avdempa i spelet, litt naiv, sterk når det trengst, og trygg i dei mange songinnslaga. Ingrid Kummeneje er høgt og lågt som statssekretær Kine Kanin, Mira D. Askelund er eit fyrverkeri av ein rocka kålorm og Tore Johs Bakken ruvande som den sjølvopptatte dronninga. Eit av dei mest absurde innslaga stod Eivind Skrødal og Niklas Kummeneje for som TiddeliDU og TiddeliDUM der ein verkeleg skulle henge med i dei språklege svingane for å få med seg alt.

Musikken til Mads Bones kler oppsettinga, og med bruk av mygg blir songvolumet betre og songarane tryggare. Songinnslaga var forbausande bra framført, og i koringa var det skikkeleg trøkk. Det vesle orkesteret bør dempe volumet noko for at ein skal få full valuta av dei gode tekstane, men elles kom Sunniva S. Hovde godt frå oppgåva som kapellmeister.

Denne oppsettinga av Alice i eventyrland er full av intelligent undertekst. Aforismar og absurditetar ligg lag på lag. Det er hysterisk morosamt, godt teater, og det er først og fremst framifrå underhaldning.
Amund Grimstad

(Meldinga stod i Klassekampen den 11. juni 2007)

Lisa in Wonderland

mandag, mai 7th, 2007

PERFORMANCE

Teaterhuset Avant Garden, Trondheim
Skogsunderholdning – Talk Softly But Carry A Big Stick
Av og med Lisa Lie
Scenografi: Erik Tidemann
Lydlandskap: Trygve Brøske og Lisa Lie

Bildet: Ikkje akkurat dyra i Hakkebakkeskogen, så det er nok tryggast to carry a big stick. Foto:Thomas Sørgård

Ein tekstrik, intelligent og humoristisk skogstur stappfull av uventa innfall og aforismar.

Lisa Lie er berre 26 år, men har allereie, som det multitalentet ho er, hausta framifrå kritikkar både som romanforfattar og scenekunstnar. Saman med Stina Kajaso presenterte ho fleire sensasjonelle produksjonar under namnet Sons of Liberty. Nå er ho attende med soloframsyning under namnet Son of a Gun. Torsdag var det urpremiere på Avant Garden i Trondheim, og etter fire framsyningar i heimbyen, spelar ho i neste veke på Grusomhetens teater i Oslo. Den som vil oppleve annleis, nyskapande, befriande frisk, intelligent og humoristisk performance, bør absolutt få med seg skogsunderhaldninga hennar.

Saman med kunstnaren Erik Tidemann, som har ansvar for scenografi og daude dyr, tar ho oss med på ein skogstur som ikkje berre er mykje skumlare enn Raudhette sitt møte med ulven, men også atskillig artigare. Lisa Lie er vår reptilvert for kvelden, og gjennom ei blanding av autogen trening og hypnose tek ho oss inn i ein skog der det meste er snudd opp ned. Bokstaveleg talt! I denne underskogen der fantasi, UFO, røyndom, konspirasjon, new age, fabeldyr og you name it går opp i ei høgare eining, geleidar Lie oss i stort tempo og med ufatteleg tekstrikdom gjennom eit møte med hennar endelause rekke av aforismar og paradoks. Det er tryggast å ha med seg ein stokk i denne skogen, men ein bør også ha stilkar til å sette øyro på, for her skal ein ha konsentrasjon for å følge med. Framføringa, som er ei blanding av standup og performance med innslag av vaudeville og mykje anna vilt, er tekstmessig eit timelangt dikt! Lie er litterær, og dette er lyrikk. Men det går så fort at du rekk ikkje få med deg all klokskapen og den naudsynte ettertanken før ho er på full fart inn i neste motsetnadsfylte påstand eller observasjon. Så mye tekst, så mye humor, – og ikkje minst så mye kunnskap!

Lisa Lie er eit fenomen. Ho er dyktig og struttar av sjølvtillit og sjarm. Litt regihjelp og kanskje også assistanse på koreografien hadde nok ikkje vore av vegen, men på den andre sida er eg redd at noko av den spontane autentisiteten kunne ha gått tapt med ei meir strigla framføring. Og ho er fullstendig avvæpnande når ho ligg dørgande stille og du lurer på kor lenge ho vil våge å ligge slik utan at noko skjer. For så bryt ho tagnaden med lakonisk å fortelle at ho driv framsyninga framover på dette viset. Ho er sin eigen dramaturg, og heilt sjef. Det er hennar lover som gjeld på scena, og det er Lex Lie som rular. Eg reknar med at lesaren har forstått at denne meldaren er meir enn vanleg begeistra. I det hypnotiserte draumelandskapet blant astrale objekt og fabeldyr må kvar einskild legge inn si eiga tolking av kor skillet mellom fakta og fiksjon går. Men den som ikkje finn ei meining i denne oppsettinga, eig ikkje fantasi!
Amund Grimstad

(Meldinga stod i Klassekampen den 5. mai 2007)