Archive for september, 2025

Mennesket og tvilaren

mandag, september 1st, 2025

TEATER

AVKLEDD: I staden for å skrelle lauken, kler Peer (Bjørnar Lisether Teigen) av seg for å finne sin eigen kjerne. Naken står han att medan Solveig (Anne Wiig) er berre ei hildring. FOTO: ESKILD BJERKESTRAND, TINGH

«Peer Gynt»
Teatret Vårt, Molde
Av: Henrik Ibsen
Tilarbeiding: Michael Thalheimer og Maja Zade
Omsett av: Kristofer Grønskag
Regi: Victoria Meirik
Scenografi og lysdesign: Agnethe Tellefsen
Komponist: Ingvild Langgård
Kostyme: Even Børsum
Med: Bjørnar Lisether Teigen, Anne Wiig, Anette Sissener Amundsen, Lars Melsæter Rydjord, Conrad James McLean og Manish Sharma.

Ei minimalistisk og nedstrippa, men samstundes tydeleg og god tolking av Peer Gynt.

På Teatret Vårt i Molde tek Victoria Meirik oss med inn i ei ganske annleis, men likevel særs Ibsen-tru, tolking av Peer Gynt. I ein stilisert versjon går vi via den ytre handlinga inn i Peers indre. Og aldri har eg vel fått ei betre forståing av mennesket bak denne oppblåste skrytepaven som berre er seg sjølv nok.

Framsyninga tek til med at Peer fortel om fanden i nøtta, før han møter både Bøygen og Knappestøyparen. Slik gjer Meirik framsyninga til ei tilbakeskodande historie om eskapisten som stikk av frå alt og alle. Men i Bjørnar Lisether Teigens framifrå tolking, gir ho oss også mennesket og tvilaren bak det bråkjekke. I følgje programmet tek vi til «etter festen, men før erkjenninga», ei presis oppsummering.

HJÅ DOVREGUBBEN: Her møter Peer Den grønkledde og far hennar. FOTO: ESKILD BJERKESTRAND, TINGH

Teksten er kraftig tilarbeidd av Michael Thalheimer og Maja Zade, og omsett til eit moderne norsk av Kristofer Grønskag. Men dei har halde på den bundne forma, og etter den uvande starten med Bøygen og Knappestøyparen, følgjer Meirik handlinga kronologisk. Og sjølv om mykje er stroke, er det berre «prestens tale» eg sakna av tablåa. Men det er ikkje handlinga og forteljinga om Peer som er Meiriks prosjekt, men i staden å nytte dei til å utforske kven han var, – på godt og vondt.

EIT SUG: Scenografien til Agnethe Tellefsen gjer at vi blir sogne inn i Peers indre der han blir heimsøkt av så mangt. FOTO: ESKILD BJERKESTRAND, TINGH

Scenografien til Agnethe Tellefsen er som ei rektangulær trakt der vi gjennom kraftig perspektivbruk nærast blir sogne inn mot Peers indre. Gjennom utsøkt bruk av lys og skugge, skapar ho situasjonar og rom, – nake, javel, – men vi treng ikkje meir. For i denne minimalistiske oppsetjinga er det orda og det dei reflekterer som er avgjerande. Og sjølv om vi er innom det meste, er det berre seks aktørar på scena. Bjørnar Lisether Teigen er Peer, til stades heile tida, medan dei andre fem fyller alle dei øvrige rollene, og også er eit gresk kor. Når Anne Wiig og Anette Sissener Amundsen skal spele både Mor Åse, Ingrid, Solveig, Den grønkledde og Anitra, er det ikkje alltid heilt enkelt å følgje med, men det går forbausande bra. Og ved at dei fem ofte nyttar stilisert spel og overdrivne rørsler, blir det skapt ei mengd illustrerande bilde. Dette fekk vi eit godt døme på alt i bukkerittet då Mor Åse
(Anette Sissener Amundsen) ga ein særs talande, men langt meir fysisk enn verbal reaksjon på Peers skrøner. Og slik held det fram der dei andre fem ofte blir vel så mykje kommentatorar til Peers val og handlingar som medspelarar og aktørar. Slik er også lydbildet, for Ingvild Langgård har skrive ny og vakker musikk som i ein folkevisetradisjon smyg seg om framsyninga saman med fine lån også frå Edvard Griegs originale tonefølgje.

Trass i den nedstrippa minimalismen og mangelen på staffasje, har Victoria Meirik greidd å skape ei uvanleg vakker framsyning. Truleg fordi den er så gjennomført ned i minste detalj, og der alle ingrediensar, som kostyme, lys, scenografi, musikk og spel, byggjer opp under det same, ei sår og innlevande tolking av mennesket Peer Gynt. Ei lita innvending er at framsyninga misser litt intensitet mot slutten, og nok kunne ha tolt å bli skore endå litt til.

Denne stiliserte og ekspressive tolkinga av Peer Gynt byr på gjennomført godt ensemblespel. Men i Peers liv, han som vil bli keisar og stor kar, er alle andre statistar. Bjørnar Lisether Teigen leverer her den beste rolletolkinga eg har sett av han nokon sinne. Han er nedpå, stort sett lågmælt, kontemplativ og ein tvilar som etter at festen er over kanskje for første gong ser seg sjølv og møter ei gryande erkjenning. Ei heilt annleis Peer Gynt-tolking, men ei eg vil hugse lenge.

(Meldinga stod i Klassekampen måndag den 1. september 2025.)