TEATER

«Sevrillen»
Christianus Sextus gruve, Røros
Av: Johan Falkberget
Manus og regi: Jon Lockert Rohde
Komponist og musikar: Magnus Børmark
Med: Lasse Kolsrud, Jon Lockert Rohde og Madalena Sousa Helly-Hansen
Ei ilesesetjing av utdrag av Falkbergets tekstar i ei særs autentisk og ugløymeleg setting.
Med enkle middel og litt i skuggen av det påkosta og langt meir spektakulære «Elden» på Røros, har nokre entusiastar nesten kvart år sia 2013 sett opp utandørsteater ved den nedlagde gruva Christianus Sextus ved Orvsjøen litt nord for Røros. Det var skodespelaren Lasse Kolsrud, til dagleg tilsett ved Det Norske Teatret i Oslo, men også «hytte-rørosing», som starta det heile. I nesten alle år sia 2013 har han, basert på ulike tekstar av Johan Falkberget, sett opp teater i dei naturskjønne omgjevnadane ved restane etter taubanestasjonen ved den for lengst nedlagde Christianus Sextus gruve. Nå har han gitt stafettpinnen over til Jon Lockert Rohde, sjølv rørosing, men til dagleg tilsett ved Trøndelag Teater.
Etter ein halvtimes gonge frå Kongens gruve, og i vakker natur, kjem vi til restane etter gruva Christianus Sextus. Her starta Johan Falkberget som «vaskar-ryss» då han var tolv år, og gruva har fått evig liv gjennom hans romantrilogi (1927-1936) med same namn. Her ligg slagghaugar og restane etter taubanestasjonen. Og i dette naturlege amfiet med sjøen i bakgrunnen omkransa av låge trær, set vi oss på den steinen vi finn mest naturleg. Årets premiere var tilgodesett med uvanleg godt og varmt vêr, så vandringa og naturen blei ei oppleving i seg sjølv.
Og det er i stor grad naturen det skal handle om. Her var det i tusenvis av år urørt natur, etter kvart kom samar og fastbuande bønder før det blei funne malm og alt endra seg. Skogen blei snauhogd og ved til malmutvinninga, og svovel blei slept ut både i lufta og vassdraga. Nå er det heile over, og paradokset er at forureininga, slagghaugar og restane frå gruvedrifta, i dag er å rekne som kulturminne.
Jon Lockert Rohde har sjølv vald årets utdrag frå Falkbergets rike litteraturarv, og han startar med historia, frå då isen trekte seg attende, det blei mogeleg å bu, dyrke og veide. Til dette nyttar han figuren Sevrillen, ein same Falkberget skreiv om i romanen «Sol» (1918). Han er eit naturmenneske og i opposisjon til den nye tida. Deretter går vi vidare til utdrag frå meir kjende tekstar som «Den fjerde nattevakt» (1923) og om An-Magritt frå første bandet av romansyklusen «Nattens brød» (1940-1959). Til slutt rundar Rohde av med å ta oss attende til Sevrillen og hans lagnad, nettopp i kamp med naturen.
Trass i at utdraga som blir presentert er frå særs ulike romanar, både i tid, og dels i tematikk, har Rohde greidd å sy det saman til eit vakkert heile. Og der det underliggjande heile tida er menneska og kva vi er gitt frå naturen, både konkret og mentalt, og korleis vi forvaltar dette. Ingen peikefinger korkje frå Falkberget eller Rohde, men ei klår retning. Framsyninga er ein enkel lågkostproduksjon, og i dei naturlege omgjevnadane, er det ikkje anna rigging enn ei lita bu for musikaren, laga av gamle materialar slik at ho går i eitt med resten. Elles nyttar dei tre skodespelarane slagghaugane og naturen rundt, og ettersom dei brukar mygg, gjer det lite at det er store avstandar og at vi stundom heller ikkje ser den som pratar. Det er som sagt ein lågkostproduksjon med ekstremt stutt prøvetid, og framsyninga blir derfor vist som ei ilesesetjing med forsiktig spel, og der dei tre aktørane alle les frå manus. Det er eit greitt val, og med så dyktige skodespelarar som framfører tekstane godt betona, velartikulert og tydeleg, er det orda som får gjere jobben og søkke inn. Madalena Sousa Helly-Hansen, Lasse Kolsrud og Jon Lockert Rohde er alle framifrå forteljarar, og greier med enkle middel å skape liv og dramatikk i tekstane. God hjelp til å understreke stemningar, underbyggje dramatikk og lage naturkoloritten får dei av komponist og musikar Magnus Børmark, mest kjend som gitarist i «Gåte», men etter kvart også ein røynd teatermusikar. Her har han bytt ut plekteret med boge og trakterer nøkkelharpe der han framfører musikk med tydelege referansar til folkemusikken. Men i samband med presten Sigismund, er det meir naturleg med orgelmusikk, så då blir det tangentfjøl før han også lagar mykje lyd som kunne vere frå naturen sjølv.
Oppsetjinga av «Sevrillen» er eit døme på at gode tekstar, framføring med stor respekt for og innleving i teksten, og naturleg scenografi ofte kan gi langt større teateropplevingar enn påkosta produksjonar med eit hav av effektar. Med vandreturen, dei naturskjønne omgjevnadane og den enkle, men likevel så innlevande framføringa, gjorde dette til ei totaloppleving, og noko langt meir enn berre ei teaterframsyning. Og så fekk eg sjølvsagt lyst til å lese meir av Falkberget.