TEATER
«Tvillingene»
Teatret Vårt, Molde
Fritt etter William Shakespeare
Tekst og regi: Kjetil Bang-Hansen
Scenografi og kostyme: Even Børsum
Rørsleinstruksjon: André Moi Danielsen
Lysdesign: Øyvind Wangensteen
Pianist og arrangør: Per Christian Revholt
Med: Nils Vogt, Kim Haugen, Kirsten Hofseth, Johanna Mørck, Ingrid Myhre Løvik, Kristoffer Egset, Eline Øverby og Sverre Røssummoen
Teateret Vårt er 50 år, og gjer det med både å feire seg sjølv og teateret som institusjon.
Laurdag var det på dagen 50 år sia det nystarta regionteateret i Møre og Romsdal, Teatret Vårt, hadde si opningsframsyning i Ørsta. Det var med William Shakespeares forvekslingskomedie «Tvillingene» i regi av Kjetil Bang-Hansen. Då teateret nå skulle feire sine første femti år, fekk dei like godt Kjetil Bang-Hansen til å skrive og regissere ein ny versjon av den same komedien. Og i to av dei berande rollene var Nils Vogt og Kirsten Hofseth, som båe var med for femti år sia. Det er blitt ein lun, lågmælt og sjarmerande komedie, ei verdig markering av jubileet, og i tematikk også ei feiring av teateret som institusjon.
«Tvillingene» er berre sett opp tre gongar her i landet dei siste femti åra, trass i at Shakespeare kalla det «The Comedy of Errors», altså sjølvaste Forvekslingskomedien i bestemt form. I ytre handling dreier det seg om to einegga tvillingpar som kjem frå kvarandre ved eit skipbrot. To av dei hamnar på ei øy i nord, og dei to andre langt sør i verda. Antifolus (Nils Vogt) og Dromio (Kim Haugen) frå sør er eit sjarmerande gjøglarpar som reiser rundt med underhaldninga si, samstundes som dei også brukar reisene til å leite etter tvillingbrørne sine. Eller djupast sett er dei på leiting etter seg sjølve. Så kjem dei ein dag til øya i nord, og møter spegelbilda sine, lenge utan å forstå at det er det dei gjer. Slikt blir det sjølvsagt mykje forvekslingar og humor av. Før erkjenninga kjem, og Kirsten Hofseth, kanskje som Thalia, komediens muse, eller kanskje som ei personifisering av det draumar blir vovne av, held ein oppsummerande epilog.
Even Børsums scenografi er eit illustrerande og effektivt lite urbant miljø på ei dreiescene. Her går aktørane ut og inn av dører, og dei to tvillingpara blir lett attkjennelege ved at Vogt og Haugen berre skiftar farge på sko og brystlommetørkle. Synleg på sidescena sit pianisten Per Christian Revholt som akkompagnerer med nye arrangement av gamal populærmusikk. I slike komediar er det ofte høgt tempo og mange og presise skift. Kjetil Bang-Hansen har vald ei nesten mollstemd tilnærming, mykje rolegare og med ei meir kontemplativ spelestil. Når han i tillegg har lagt inn ei leiken metaform der skodespelarane ofte går ut av rollene, kommenterer seg sjølve og leikar seg med Shakespeare-referansar, blir det ein langt lunare humor som både kler framsyninga og understrekar dei mange laga i underteksten.
Nils Vogt og Kim Haugen har båe dei finslipte detaljane som kan gi humor utan geberdar og halloi, og i den lågmælte spelestilen er dei tydelege og står godt til kvarandre. Kirsten Hofseth er den myndige kommentatoren som summerer opp det heile. Dei andre blir meir eller mindre naudsynte statistar, og nokre av dei har fått alt for lite å spele på og kompenserer med skjemmande overspel.
I Kjetil Bang-Hansens modernisering kunne nok mykje ha vore tydelegare eller stroke, og historia hans blir tidvis litt fragmentarisk. Men når ensemblet får lov å lage metateater, herje med både seg sjølv og konvensjonane, og ikkje minst «stele litt frå Shakespeare», blir dette ganske fornøyeleg. Og i tillegg ei verdig feiring av både scenekunsten og Teatret Vårt.
(Meldinga stod i Klassekampen måndag den 17. oktober 2022.)