Møteplassen

september 22nd, 2017
SKILJE: Det tydelege skiljet mellom scene og sal kan gå i oppløysing. FOTO: YANIV COHEN

SKILJE: Det tydelege skiljet mellom scene og sal kan gå i oppløysing. FOTO: YANIV COHEN

TEATER

«Vive la Phrance»
Teaterhuset Avant Garden, Trondheim
Av: Spreafico Eckly
Regi: Andrea Spreafico
Scenografi: Gens – Association libérale d’architecture
Musikk: Matteo Fargion
Dans: Mate Meszaros
Tekst: Robert M. Johanson

Ei underhaldande og upretensiøs utforsking av teateret, – og livet.

At teateret kan spegle livet, og at det også er ein møteplass, er godt kjend. Men det er sjeldan vi får det så tydeleg manifestert som i «Vive la Phrance» som hadde urpremiere på Teaterhuset Avant Garden onsdag i samband med opninga av den internasjonale scenekunstfestivalen Bastard. Den Bergensbaserte performanceduoen Spreafico Eckly tar for seg teaterkunsten, – og livet, gjennom utforsking av tre parametrar og deira åtte ulike kombinasjonar. Dei tre er improvisasjon eller regi, passivt eller deltakande publikum og opne eller lukka rom. Settinga er eit serveringslokale der vi sit ved langbord og har ein usynleg vegg mellom oss og scena, og der handlinga skjer med og utan publikum, på scena eller i salen, og i improvisert eller regissert form.

Det heile kunne ha blitt ei litt omstendeleg akademisk øving for her er korkje noko narrativ eller særleg stram dramaturgi, men når det likevel blir både ganske fornøyeleg og stundom også gir deg noko å tenke på, er det først og fremst på grunn av den leikne og uhøgtidelege forma, og ikkje minst presentasjonen til dei tre på scena. Matteo Fargion trakterer pianoet i tillegg til litt spel og kommentarar, Mate Meszaros gir oss ekspressiv og uttrykksfull dans i spennet frå slåssing via ungarsk folkedans til Svanesjøen. Og så er det Robert M. Johanson som bind det heile saman, trygt, profesjonelt, og så avslappa. Mange vil hugse han frå Nature Theater of Oklahoma, der han gjesta Norge med «No Dice» og «Romeo og Juliet». Johanson tar oss pedagogisk med på å setje saman ein tredimensjonal orienteringsreiskap, vidare til teikning av kyr, og så mye anna som eg skal halde meg frå å røpe ettersom det vil øydeleggje mye av opplevinga denne framsyninga vil gi deg.

Sidan ein av parametrane som blir utforska er passiv tilskodar eller deltaking, er dette interaktivt teater der publikum i stor grad må ta del. Personleg er eg ikkje spesielt glad i å bli dregen opp på scena, men det seier ganske mye om denne framsyninga at eg i ettertid angrar på at eg ikkje var meir aktivt med. For her gjorde deltakinga teateret til ein spennande møteplass.

(Meldinga stod i Klassekampen fredag den 22. september 2017.)

På havets botn

september 18th, 2017
BERGA: Havfrua reddar prinsen frå å drukne. FOTO: ARILD MOEN

BERGA: Havfrua reddar prinsen frå å drukne. FOTO: ARILD MOEN

TEATER

«Den lille havfruen»
Barneteatret Vårt, Arbeideren, Ålesund
Etter eit eventyr av H.C. Andersen
Dramatisert av: Mike Kenny
Omsett av: Morten W. Krogstad
Regi: Linn Meyer Kongshavn
Scenografi og kostyme: Marianne Stranger
Komponist: Thomas Kongshavn
Lysdesign: Jonas PA Fuglseth
Med: Sofia Knudsen Estifanos og Dagfinn Tutturen

Vakkert, varmt og visuelt om kjærleik og dårskap.

Barneteatret Vårt i Ålesund går stadig nye vegar for å lage nyskapande teater for barn og ungdom. H.C. Andersens «Den lille havfruen» er rett nok eit kjent eventyr, og slik sett eit trygt val. Men presentasjonen i ei slags metaform er dristig ettersom målgruppa er frå fire år og oppover, og ein veit at evna til abstrakt tenking ikkje er så utvikla for dei minste. Men det fungerte til fulle.

To venner, Rukkel (Sofia Knudsen Estifanos) og Ballast (Dagfinn Tutturen), skal lage teater og startar med å fortelje oss kven dei er og kva dei skal gjere. Det er Rukkel som er sjefen, medan Ballast i starten er sjarmerande overivrig etter å spele teater og tidvis overtek heile scena. Slik set dei ein humoristisk forteljarstandard. I store trekk følgjer oppsetjinga eventyret der havfrua reddar ein prins frå å drukne, forelskar seg i han, men må gi opp den vakre røysta si for å få føter og bli som menneska. Prinsen hugsar berre stemma hennar, men ikkje resten og finn ei anna kvinne å gifte seg med. Og så blir den ulukkelege havfrua til havskum. Ei trist historie om draumar og dårskap, men også ei vakker kjærleikshistorie, og det er dette Barneteatret Vårt har lagt mest vekt på.

Framføringa er i tre lag. Delvis er det eit episk forteljarteater der dei to fortel kva som skjer. Deretter går dei inn i rollene og spelar ut ulike tablå, for så stadig å bryte av det heile der dei igjen blir Rukkel og Ballast som kranglar om form og framføring. Vekslinga er saumlaus og synkron. Det verkar heller ikkje som ungane i salen hadde noko problem med å følgje dei mange skifta. Det skuldast i stor grad Estifanos og Tutturen som er særs inderlege og ekte i alle dei rollene dei spelar, og som er flinke til å lytte og vende seg til det unge publikummet. I ei så saktegåande og lyrisk framsyning, er det vanskeleg å fange merksemda til salen heile tida, men i hovudsak gjekk det veldig bra.

Scena er omskapt til ein opplevingsrik tareskog på havets botn, men det spesielle er at scenografien, og alle rekvisittar og kostyme er lagde av plast. Med tanke på kvalen som dreiv i land på Sotra tidlegare i år, blir dette ein ekstra dimensjon om nettopp menneskeleg dårskap.
Og det særleg fordi plasten er så nærverande utan å bli nemnt med eitt ord i framsyninga. Ingen moralsk peikefinger, du får tenke sjølv.

Med dei velfungerande lydkulissene til Thomas Kongshavn, den effektfulle lysdesignen til Jonas PA Fuglseth og det sjarmerande spelet til Estifanos og Tutturen er «Den lille havfruen» blitt ei poetisk, varm og vakker framsyning.

(Meldinga stod i Klassekampen måndag den 18. september 2017.)

Overspela og karikert

september 14th, 2017
TEATER

 OVERLESSA: Scenografien seier litt om korleis denne framsyninga er blitt. FOTO: STIG HÅVARD DIRDAL


OVERLESSA: Scenografien seier litt om korleis denne framsyninga er blitt. FOTO: STIG HÅVARD DIRDAL

«En folkefiende»
Rogaland Teater, Hovudscena
Av: Henrik Ibsen
Bearbeiding: Kjersti Horn og Kristian Lykkeslet Strømskag
Regi: Kjersti Horn
Scenografi og kostyme: Sven Haraldsson
Komponist: Erik Hedin
Med: Cato Skimten Storengen, Ragnhild Arnestad Mønness, Glenn André Kaada, Ole Christoffer Ertvaag, Lars Funderud Johannessen, Alexandra Gjerpen, Svein Solenes og Marko Kanic

Karikerte roller, klein humor og alt for mange historier som skal forteljast.

Det er ikkje lenger kontroversielt å modernisere klassikarane, og mye av innhaldet og intrigen i Henrik Ibsens «En folkefiende» er såpass lite truverdig i dag, at ei fornying kan vere på sin plass. Men du må ha ei meining og ein idé bak, og det er det vanskeleg å sjå at Kjersti Horn og Kristian Lykkeslet Strømskag har hatt med bearbeidinga for Rogaland Teater.

Kurbadet i Ibsens småby er her blitt eit lukrativt asylmottak. Byens lege, Tomas Stockmann, finn ut at grunnvatn og jordsmonnet ved mottaket er forgifta, og opptrer som ein samfunnsansvarleg varslar, men møter motstand frå broren Peter, som er byens ordførar og styreleiar i mottaket, og etter kvart også frå den såkalla frie pressa og mye av ålmenta. Så langt er alt vel og i Ibsens and. «En folkefiende» var mellom anna eit stykke om både miljøvern og varslarar lenge før fenomena var særleg kjende, og det ganske spesielle med historia er at Tomas Stockmann etter kvart slett ikkje er ein rakrygga sanningssøkjande helt, men i staden blir ein gal elitist. Kjersti Horn presenterer dramaet som ein komedie, og har skapt dei mest overspela og outrerte figurar der Stockmann har ein au pair han tafsar på, ein polsk tømrarvenn som opptrer som geriljasoldat, og der dottera er ein talentlaus slampoet. Ikkje noko av dette er spesielt morosamt, det er forvirrande og tar merksemda bort frå tematikken, og det gir heller ikkje denne meldaren nokon ny innsikt.

Scenografien til Sven Haraldsson med eit hus som på dreiescena kan sjåast frå både inn- og utsida, og samstundes vekslande bruk av videoprojeksjonar, er relativt velfungerande. Men dei alt for mange og lange sceneskifta der huset dreier rundt og rundt nesten i det uendelege, er ikkje like vellukka. I Kjersti Horns regi er dei fleste rollene blitt sin eigen motsetnad,  overtydelege og karikerte, og tidvis meir patetiske enn komiske. Cato Skimten Storengen spelar ein ekstremt energisk Dr. Stockmann, men har fått ei rolle som aldri blir særleg truverdig. Glenn André Kaada er nok meir overtydande som broren Peter, men har også fått alt for mye dårleg komikk å presentere. Den einaste rolla som både har alvoret og komikken i ein forståeleg og god miks, er boktrykkar Aslaksen, dyktig framført av Lars Funderud Johannessen. I eit par av konfrontasjonane mellom brørne Tomas og Peter gnistrar det også, men det greier ikkje å vege opp for ei elles ganske mislukka nytolking av «En folkefiende».

(Meldinga stod i Klassekampen torsdag den 14. september 2017.)

Alt kan brukast opp att

september 11th, 2017

TEATER

EGGERØYRE: Alt kan brukast, og her er det pisking av egg drive av ein forbrenningsmotor. FOTO: HARALD ØREN

EGGERØYRE: Alt kan brukast, og her er det pisking av egg drive av ein forbrenningsmotor. FOTO: HARALD ØREN

«Garage»
Cirka Teater og Turnéteatret i Trøndelag, Black Box
Av: Cirka Teater
Regi: Espen Dekko
Scenografi: Gilles Berger
Kostyme: Jenny Hilmo Teig
Komponist: Martin Smith
Med: Paal Viken Bakke og Gilles Berger

 

Ei humoristisk reise inn i mekanikkens magiske verd, og ikkje utan overraskande vendingar.

Laurdag var det høgtideleg opning av det nye teaterhuset til Turnéteatret i Trøndelag (tidlegare Nord-Trøndelag Teater), sentralt plassert i Verdal. Teateret hadde to opningsframsyningar, og den første var også ein urpremiere i samarbeid med Cirka Teater i Trondheim. Dette kompaniet har gjennom ein dryg mannsalder utmerka seg med fysiske og særs visuelle produksjonar, og Gilles Berger har ofte vist seg som reine trollmannen på sinnrik scenografi. Det passa også spesielt godt å velje Cirka Teater og Berger til opningsframsyninga, ettersom den kunstnarlege utsmykkinga av nybygget var eit bokstaveleg talt grensesprengjande kunstverk signert nettopp Gilles Berger.

Og det er nettopp det grensesprengjande og magiske som Berger er ein ekspert på. Til opninga av Gardermoen flyplass laga han ei framsyning der tyngdekrafta blei oppheva og koffertar flaug gjennom lufta. Jamvel om vi veit at han lurar oss, likar i alle fall eg å bli lurt når det skjer på dette viset.

I «Garage» spelar Berger sjølv, og ettersom det er mye mekanikk som skal fungere, er nok det lurt. Med seg har han Paal Viken Bakke, og dei er to uvanleg leikne og kreative mekanikarar. Dei held til i ein garasje eller eit lager av alt mogeleg gamalt mekanisk skrot. Som ein Espen Oskeladd går dei på oppdagingsferd i rotet, finn eitt og anna, og er like entusiastiske same kva dei kjem over. I ei framsyning utan dialog tek dei oss med inn i gjenbrukens og mekanikkens verd der det meste kan nyttast, og til alt anna enn det var tiltenkt, og der ei høne, nokre egg, gamle motorar, pressluft, gassbrennarar og conveyorband kan by på både lun humor og store overraskingar.

Regissør Espen Dekko lar dei to ta seg god tid, og det er befriande å oppleve ei humoristisk oppsetjing som stoppar opp og dveler slik at vi kan nyte alle detaljane i staden for å haste vidare frå poeng til poeng. Framsyninga er ein hyllest til undringa og kreativiteten der inga oppgåve er for lita til å bli løyst omstendeleg og grundig. Dei to utfyller kvarandre godt, og jamvel om her ikkje er dialog, er kommunikasjonen mellom dei likevel tydeleg.

Med så mye mekanikk kan det meste gå gale, og gjer det også. Eller? Gilles Berger er ein luring som likar å lage uforklårleg magi. Denne gongen byr han også på lureri og overraskingar utan at eg skal røpe kva det er, men på premieren fekk han uventa hjelp som gjorde at det ei stund var uråd å vite kven som lurte kven. I mekanikkens fascinerande verd kan alt skje, og i denne poetiske framsyninga som passar for alle dei som framleis har barnets undring i seg, er det meste mogeleg.

(Meldinga stod i Klassekampen måndag den 11. september 2017.)

Vennskapets kunst

september 10th, 2017
TEATER

KUNST ELLER DRIT?: Eit kvitt måleri set vennskap på store prøver. FOTO: MARIT ANNA EVANGER

KUNST ELLER DRIT?: Eit kvitt måleri set vennskap på store prøver. FOTO: MARIT ANNA EVANGER

«Kunst»
Turnéteatret i Trøndelag, Hovudscena
Av: Yasmina Reza
Omsett av: Christine Amadou
Regi og bearbeiding: Maren E. Bjørseth
Scenografi og kostyme: Olav Myrtvedt
Lysdesign: Eirik Brenne Torsethaugen
Musikk: Torgny Amdam
Med: Tore B. Granås, Terje Ranes og Hans Petter Nilsen

Små handlingar kan av og til verke meir provoserande enn ein skulle tru.

«Kunst» av den franske dramatikaren Yasmina Reza er ein uvanleg tett og intelligent tekst om kor lite som skal til for å setje gamalt vennskap på stor prøve. Frå det blei skrive i 1994 har det blitt sett opp over heile verda, og hausta stor fagnad og vunne mange prisar. Med utgangspunkt i fransk middelklassesnobberi er det eit humoristisk lite kammerspel som har langt fleire botnar enn den fysiske handlinga skulle tyde på.

I eit relativt lukka rom, minimalistisk utsyrt av Olav Myrtvedt, der alle aktørane er til stades heile tida, og der vi ved hjelp av lys- og lyddesign vekslar mellom dei ulike tablåa, får tre gamle kompisar sett vennskapet sitt på stor prøve av ei tilsynelatande liten og ubetydeleg handling. Simen (Terje Ranes) er hudlege, fråskilt, har både kulturell og økonomisk kapital og har omsider kjøpt eit måleri han i lang tid har hatt lyst på. Det er eit stort kvitt lerret med nokre nesten usynlege kvite striper på, og det kosta ein halv million. Forventningsfull som ein unge på julaftan vil han vise fram bildet til kameratane. Men Magnus (Tore B. Granås), ein langt meir nytteorientert ingeniør, let seg ikkje blende. Tvert om. Han kallar bildet noko drit, blir provosert over at hans beste venn har ein så stor personlegdomsbrest at han kan gjere noko så idiotisk, og så er vi i gong. Yngve (Hans Petter Nilsen), den tredje av vennane, opphaveleg ein speloppmakar, men i dag langt meir tragisk, er meir forsonande, og trass i at han sjølv har ein kunstsmak som tenderar mest mot elg i solnedgang, freistar han å sjå kvalitetar i bildet, og det verkar endå meir provoserande på Magnus.

Det som i utgangspunktet er ein diskusjon mellom tre ganske ulike mennesketypar om kunst, kvalitet og keisarens nye klede, tar etter kvart heilt av og blir ein eksistensiell prøve på vennskapen deira gjennom vondsinna åtak der alt gamalt slagg og usemje etter kvart kjem opp i dagen. Yasmina Reza har skrive ein tekst som bør vere gjenkjenneleg for dei fleste og med eit utal dramaturgiske vendingar som gjer at intensiteten blir halden oppe heile tida. At ho som kvinne har greidd å skildre mannleg vennskap og dialog så autentisk og ekte, er imponerande.

«Kunst» er først og fremst ein strålande tekst, og ein uvanleg god dialog, eit stykke som ikkje inviterer til dei store scenografiske eller regimessige grepa. Kor vellukka oppsetjingane blir, er for det meste avhengig av ensemblespelet til dei tre på scena. Olav Myrtvedt har vore tru mot dette konseptet og laga ein minimalistisk scenografi der det er openbert at dette er teater og ikkje røyndom, og saman med lysdesignen til Erik Brenne Torsethaugen og musikken til Torgny Amdam har han laga lett fattelege sceneskift utan å måtte ommøblere.

Jamvel om både tekst og tematikk er ganske ålmenn, er det ikkje til å kome frå at stykket er henta frå eit fransk middelklassemiljø. Regissør (og stjørdaling) Maren E. Bjørseth har gjort denne produksjonen noko meir inant med referansar til Trøndelag og lokale fenomen, samt nokre diskrete, men utsøkte metagrep. Det har vore gode val som gjer framsyninga langt meir tilpassa turneliv i nordfylket. Og med tre aktørar som alle får nytte sin uforfalska trønderdialekt, blir handlinga tettare på og meir autentisk enn det litt meir intellektuelle, franske titteskapet teksten kan invitere til. Og der finalen i tekstgrunnlaget blir eit lite antiklimaks med ein nesten moralistisk epilog, har Bjørseth laga ei poetisk og vakker avslutning som gir framsyninga ein ekstra dimensjon.

Dei tre på scena kosar seg tydeleg, er fortrulege med teksten og typane og leverer eit tett og solid kammer- og ensemblespel. Det er mye tekst, og ein verbal pingpong som set store krav til timing og presisjon, og alt dette fungerer til fulle. Og om eg skal få framheve noko i eit generelt velspela og godt framført stykke, må det vere monologane til Hans Petter Nilsen der han får synt at den tidlegare suksessen han hadde med monologane til Dario Fo ikkje var ei tilfeldigheit. Dei munnrappe einetalane hans var små konfektar som sette både kameratane og oss i salen heilt ut.

«Kunst» er den første eigenproduserte framsyninga til Turnéteatret i Trøndelag etter namneskiftet og opninga av nytt teaterhus. Oppsetjinga er ei gåve til publikum, og eit lovande frampeik om kva Turnéteatret kan bli for scenekunsten i det nye storfylket.

Leikent og kreativt

september 8th, 2017
TEATER

ALTER EGO: Aurora eller Don Quijote? Vivi Sunde gir liv til dei båe. FOTO: TINGH KOMMUNIKASJON AS

ALTER EGO: Aurora eller Don Quijote? Vivi Sunde gir liv til dei båe. FOTO: TINGH KOMMUNIKASJON AS

«Radio Don Quijote»
Teatret Vårt, Molde, Hovudscena
Av: Tormod Carlsen og ensemblet (fritt etter Cervantes)
Regi: Tormod Carlsen
Scenografi: Thomas Bjørnager
Med: Vivi Sunde, Bjørnar Lisether Teigen. Lars Melsæter Rydjord, Johanna Mørck, Sara Fellman og Hugo Mikal Skår

Ein oppfinnsam og humoristisk hyllest til litteraturen og «verdas beste roman».

I samband med Bjørnsonfestivalen i Molde set Teatret Vårt opp ein hyllest til romankunsten, fantasien og kjærleiken, ein artig og intelligent parafrase over Miguel de Cervantes’ «Don Quijote». I eit særs provisorisk studio har nokre entusiastar gjenopna FM-bandet med radiostasjonen «Kulturprogrammet dypdykk». Som publikum får vi utlevert hovudtelefonar og kvar vår FM-mottakar, vi set oss på bakscena og blir etter kvart vitne til ei radiosending av dei sjeldne. Programleiaren Aurora (Vivi Sunde) er ei kvinne som elskar litteraturen og fascinasjonen ved å skape seg indre bilde gjennom lesinga. Slik Don Quijote har forlese seg på riddarromanar, har Aurora nok forlese seg på Cervantes. Ho er ei idealistisk og litt naiv kvinne i godt vaksen alder, og saman med den langt meir jordnære og pragmatiske teknikaren hennar, Jan Tore (Bjørnar Lisether Teigen), blir ho etter kvart meir og meir ein moderne Don Quijote, medan han blir hennar væpnar, Sancho Pansa.

Dei to har sett seg føre å lage radioteater av den gamle romanen, og som dei moderne og liberale menneska dei er, har dei også med seg ei ungdomsavdeling (Lars Melsæter Rydjord og Johanna Mørck) som har ei langt meir rocka tilnærming til litteraturen. Dei er heller ikkje alltid dei representantar for ungdomen som den idealistiske Aurora ser for seg. Med ganske stor patos, enorm entusiasme og litt hjelpelaus amatørisme freistar Aurora å gjere Cervantes’ verk tilgjengeleg for lyttarane. Vi på vår side får ikkje berre høyre radiosendinga, men også sjå produksjon av lydkulisser og alt anna som skjer i og rundt eit studio der radioteateret på kaotisk vis blir avbrote av songinnslag, intervju og innringarar, og der etter kvart alt fell heilt frå kvarandre i Thomas Bjørnagers velfungerande scenografi.

Oppi det heile står Aurora fjellstøtt som ein Don Quijote med klokkartru på det edle prosjektet sitt. Det er blitt ei metaframsyning med uendeleg mange lag, der instruktør og ensemble har leika seg fram til eit utal komiske og gode tablå. Som ein lesar av romanen får både medynk og kjærleik til Don Quijote, får vi same haldning til den entusiastiske, men så hjelpelause Aurora i hennar kamp mot dagens vindmøller. Det skuldast i stor grad Vivi Sunde som på imponerande vis fyller denne rolla ned til minste detalj.

«Radio Don Quijote» er velspela, eksperimentelt og nyskapande, leikent og kreativt, og sjølv om dramaturgien tidvis haltar litt, og ein nok kunne ha vore litt meir kresen på kva som skulle med, er det blitt ei både underhaldande og intelligent framsyning.

(Meldinga stod i Klassekampen fredag den 8. september 2017.)

Bak kulissane

september 4th, 2017
TEATER

NEI!: Ein fortvila instruktør med eit ensemble der alt går gale. FOTO: OLE EKKER Premiere på Hovedscenen 2. september 2017 Regi: Øyvind Osmo Eriksen / Øyvind Brandtzæg  Scenografi og kostymer: Katrin Bombe Lysdesign: Eivind Myren Medvirkende:  Christian Ruud Kallum, Mari Hauge Einbu, Karl-Vidar Lende, Ida Cecilie Klem, Kenneth Homstad / Øyvind Brandtzæg, Stine Fevik, Olve Løseth, Vetle Bergan / Ole Christian Gullvåg og Janne Kokkin

NEI, NEI, NEI!: Ein fortvila instruktør med eit ensemble der alt går gale. FOTO: OLE EKKER

«Panikk i kulissene»
Trøndelag Teater, Hovudscena
Av: Michael Frayn
Omsett av Svein Sturla Hungnes
Regi: Øyvind Osmo Eriksen og Øyvind Brandtzæg
Scenografi og kostyme: Katrin Bombe
Lysdesign: Eivind Myren
Med: Christian Ruud Kallum, Mari Hauge Einbu, Karl-Vidar Lende, Ida Cecilie Klem, Kenneth Homstad, Stine Fevik, Olve Løseth, Vetle Bergan og Janne Kokkin.

Strålande og presist ensemblespel, men ingen god tekst.

 

Då den britiske dramatikaren Michael Frayn på 70-talet såg ein farse frå bakscena, fekk han ideen til å skrive om livet bak kulissane og alt som kan gå gale. Metakomedien «Noises Off» hadde urpremiere i 1982 og har hausta prisar og kritikarros. I helga var det premiere på «Panikk i kulissene» på Trøndelag Teater. Stykket må ikkje forvekslast med Riksteatrets «Kollaps i kulissene» sjølv om både tittel og tematikk liknar.

Gjennom tre akter blir vi vitne til eit lite teaterkompanis freistnad på å setje opp ein komedie. Det tar til med generalprøve natta før premieren, og vi får sjå ein regissør utan kontroll, og eit ensemble med drikkfeldige aktørar og problem med å hugse tekst, og der intrigar, sjalusi og indre motseiingar er langt heftigare enn i den oppsettinga dei skal framføre. Ein komedie om ein komedie, og ei historie der alt ikkje berre kan gå gale, men faktisk gjer det. I andre akt er vi på bakscena under premieren, og i epilogen i tredje akt får vi sjå at stykket tre månader seinare slett ikkje har gått seg til, – tvert om.

Oppsettinga er sjølvsagt full av situasjonskomikk, og for teaterfolk er nok det meste ganske kjend stoff sjølv om det til vanleg heldigvis ikkje oppstår så mange problem på ein gong. Men humor er ei alvorleg sak, og ikkje alltid lett å få til. For denne typen komedie handlar det særs mye om timing der folk går ut og inn av dører i eit forrykande tempo. Alt dette meistrar ensemblet til fulle. Men trass i den internasjonale suksessen «Noises Off» har hatt, er det ikkje nokon spesielt god tekst, og det blir tydeleg i denne framsyninga. Det er så openbert at alle dei kleine og komiske situasjonane er konstruerte at dei mistar spontanitet og dermed overraskinga og den siste ekstra brodden.

Når dette likevel tidvis blir ganske underhaldande, er det fordi det er eit strålande og imponerande presist ensemblespel i alle ledd. Det er krevjande roller, høgt tempo, presise skift og framifrå spel. Etter ei litt langdryg første akt, tar det meir av, og det var særleg underhaldande då vi i andre akt fekk oppleve framsyninga frå den kaotiske bakscena. Her var det også tilløp til nydeleg koreografert slapstickhumor som vi gjerne kunne ha sett meir av.

(Meldinga stod i Klassekampen måndag den 4. september 2017)

Å gi seg på topp

august 1st, 2017

TEATER

GI SEG PÅ TOPP: Hora frå Kvam tar det litt for bokstaveleg at ein bør gi seg på topp. FOTO: AMUND GRIMSTAD

GI SEG PÅ TOPP: Hora frå Kvam tar det litt for bokstaveleg at ein bør gi seg på topp. FOTO: AMUND GRIMSTAD

«Slaget på Testiklestad»
Trøndelag Folkemuseum, Sverresborg
Av Mads Bones, Ole Christian Gullvåg, Kyrre Havdal og Olve Løseth.
Regi: Mads Bones og Olve Løseth
Komponist/musikalsk ansvarleg: Kyrre Havdal
Koreografi: Martha Standal
Med: Olve Løseth, Mads Bones, Kristine Welde Tranås, Karl Vidar Lende, Ole Christian Gullvåg, Christian Ruud Kallum, Mari Hauge Einbu, Jon Lockert Rohde, Per-Theodor Paulsen, Martha Standal, Ida Göransson, Josefine Frida Pettersen, Arnulf Haga m. fl.

 

Etter fire sesongar med ein parodi som er langt betre enn originalane, gir entusiastane bak produksjonen seg. Og på line med mye av tematikk og innhald denne gongen, gir dei seg verkeleg på topp. For bakom lurar døden.

For tre år sia sette fire galne folk, Mads Bones, Ole Christian Gullvåg, Kyrre Havdal og Olve Løseth, saman med eit femtitals entusiastiske skodespelarar i ei god blanding av proffe og amatørar, opp eit halsbrekkande prosjekt på Sverresborg i Trondheim. Midt i tjukkaste spel-land, og også midt i spelsesongen i starten av august, utfordra dei heile speltradisjonen ved å  presentere ein ellevill harselas over temaet. Det kunne ha blitt totalt havari, men  lukkast på grunn av uvanleg god og intelligent tekst, uhøgtideleg og sjølvironisk humor, til tider så vulgær at det halve kunne vere nok, men likevel gjort med ei slik fingertippkjensle at sjølv dei mest pripne blant oss måtte gi seg over. Flott musikk, gode songtekstar, og ein dramaturgi der du ikkje får mye høve til å ta deg inn mellom kvar latterkule og eit utal overraskande vendingar.

Normalt, og spesielt fordi dette var ein parodi på heile spelkulturen der ein set opp det same år etter år, burde dei ha gitt seg med den eine produksjonen i 2014. Men med fare for at dei etter kvart kunne bli ein parodi på parodien, heldt dei fram. Og dei har lukkast. Det skuldast i hovudsak at dei fire bakmennene aldri har kvild på laurbæra, men laga nye produksjonar kvart år. Rammeverket er det same. Kong Sverre er lyst i bann av paven, har sett seg lei på heile kristendomen og har difor sett seg føre å avkristne landet. Det endelege slaget må sjølvsagt stå på historisk grunn på Stiklestad, og på vegen «Te Stiklestad» kjem han til garden Ful, nabogarden til Innful, der gardsfolket freistar å stoppe kongen. Men ein veit aldri kven andre som kjem til gards, og i alle dei nyskrivne og dagsaktuelle sakene som blir skrivne inn i handlinga, ligg mye av årsaka til at suksessen har vore formidabel og publikumstilstrøyminga utan grenser.

Som i tidlegare meldingar skal eg ikkje trøytte lesarane med meir omfattande resymé, men i staden lenke til meldinga av den første oppsettinga i 2014 https://amund.info/2014/08/slaget-pa-testiklestad/, den andre i 2015 https://amund.info/2015/08/slaget-pa-testiklestad2/, og den tredje i 2016 https://amund.info/2016/08/slaget-pa-testiklestad3/. Det eg har skrive i desse tre meldingane står seg framleis. Her skal eg i staden seie litt om kva som er nytt i år.

Det er alltid spennande kven som er suffløren, og denne gongen er det Christian Ruud Kallum som ikkje står attende for dei tidlegare med omsyn til sjølvhevding og manglande forståing for kva han held på med. I programmet fortel dei at alle spel må bli meir heidensk med åra, og inviterer til noko meir dunkelt og dystert når det dreg seg til finale. Og i dette ligg også dei største endringane. Oppi all den lausslopne og hysterisk morosame humoren har dei denne gongen invitert inn både skamkjensla og døden, personifisert med Hora frå Kvam (eller Noora frå Skam om du vil) spela av Josefine Frida Pettersen og Døden sjølv spela av den alltid like opplagte Karl-Vidar Lende. Ettersom dette er metateater på eit nivå andre teater berre kan drøyme om, er det uråd å vite om det er Hora, Noora eller Josefine vi møter, og når ho, kven ho nå måtte vere, vil gi seg på topp, og gjer det på eit vis Døden berre kan applaudere, får vi midt oppi all humoren inn ein undertekst og ein dimensjon som blir sjølvforklarande for dei som vil sjå litt alvor bak alt det lausslopne. Det er dyktig gjort, og syner at bak all den elleville humoren og ablegøyene ligg det ei djupne og kanskje eit teaterpolitisk credo.

Sommaren har gitt oss ein agurkdebatt om spelkulturen og den kunstnarlege kvaliteten på nokre av spela. Teatervitaren og kritikaren Julie Rongved Amundsen held på med ein grundig kritisk  gjennomgang av spelkulturen, og har i eit par medieoppslag ytra at det er mye som er pompøst og sjølvhøgtideleg i ein del av spela. For den som har sett ein god del spel, er ikkje denne utsegna særleg kontroversiell. Amundsen har også sagt mye anna, men i agurkdebattar vil ein gjerne dyrke konfliktane, og slik har det vore i sommar. Dette er sjølvsagt midt i blinken for denne produksjonen, og både tittelen på framsyninga, og mye av innhaldet er jo ein harselas både med «Spelet om heilag Olav» og ikkje minst Arnulf Haga som for mange står som ein av dei fremste museumsvaktarane av speltradisjonen generelt, og Stiklestadspelet spesielt. Bytingen, eller utburden som han blir kalla på Stiklestad, får på Sverresborg namnet Barnulf Haga, og i ein av dei vakraste songane i oppsettinga der Tyra Trillrunddotter (Mari Hauge Einbu) syng om sonen som blei sett ut, dansar ungane med masker med andletet til Arnulf Haga. Slik sett var det eit scoop at produksjonen i år fekk nettopp Arnulf Haga til å spele seg sjølv som den verkelege kongen i strid med både kong Sverre og innhaldet i oppsettinga. Særs sporty av Haga var det også å stille opp, men akkurat denne seansen kunne dei nok ha gjort meir ut av.

Eg har tidlegare skrive at så lenge forfattarane er like flinke til å vere tidsaktuelle, er det mogeleg å halde på i det uendelege. Det tener dei likevel til ære at dei, i ein tydeleg, men venleg kritikk av speltradisjonen, gir seg på topp. Men om det ikkje blir fleire Testiklestadslag, vil eg tru at dei fire bak produksjonen har mye anna i ermet. Det er tusenvis av blodfans der ute som vil ha meir. Det må ikkje vere Testiklestad, og det må ikkje vere spel. Det held lenge at det er godt, folkeleg kvalitetsteater, og med desse fire produksjonane har Mads Bones, Ole Christian Gullvåg, Kyrre Havdal og Olve Løseth. synt at det er akkurat det dei er i stand til.

Upretensiøst og spinnvilt

juli 31st, 2017

TEATER

RARINGAR: Bakklandet var openbert fullt av raringar, mutantar og sjarmerande overspel. FOTO: AMUND GRIMSTAD

RARINGAR: Bakklandet var openbert fullt av raringar, mutantar og sjarmerande overspel. FOTO: AMUND GRIMSTAD

«RIV SKITEN! Jenta som stod i veien for veien»
Rabarbrateateret, Rabarbraparken, Bakklandet
Av: Stian Hovland Pedersen
Regi: Øyvind Brandtzæg
Scenografi: Marie Steen Löwendahl
Kostyme: Jenny Hilmo Teig
Musikk: Asgeir Skrove
Koreografi: Kine Kvarme Tørring
Med: Vilde Søyland, Madeleine Brandtzæg Nilsen, Marianne Meløy, Bendik Sjømæling Nordgaard m. fl.

Rabarbrateateret har nok gjort betre produksjonar tidlegare, men «Riv skiten» er trass i mange lyte ein overraskande sjarmerande framsyning, og eit oppkome av spinnville og surrealistiske påfunn.

Rabarbrateateret har etter kvart rukke å bli ein liten institusjon i den Trondheimske scenekunsten, nokre få proffe i kjernen og eit lauseleg samansett ensemble som med bakgardsteateret sitt på Bakklandet kvar sommar har vore eit befriande alternativ til den bisarre helgenkulten som går føre seg i Trøndelag i slutten av juli. Særleg har dei gjort suksess med å herje skikkeleg med Shakespeare og våge å ta han heilt ut.

I år presenterer dei ein fullstendig sjølvlaga produksjon der dei har tatt utgangspunkt i den staden dei spelar og kampen som blei ført mot motorvegplanar og rasering av Bakklandet på 70-talet. Teksten er skriven av Stian Hovland Pedersen, og det heile er regissert av Øyvind Brandtzæg, båe alt for unge til sjølve å ha eiga erfaring med det som skjedde. For oss som stod midt oppe i bustadkampen i Trondheim på 70-talet (denne meldaren var aktiv på Møllenberg, men var også med på Bakklandet frå tid til annan) er det berre å akseptere at dette er akkurat som dei skriv i programheftet, heilt fri fantasi, og ikkje noko anna. Når du, som eg, har så sterke minne frå denne tida, og veit kva ho gjekk ut på, tok det litt tid før eg fekk rista av meg røyndomen og akseptert den heilt frie og til tider fullstendig spinnville diktinga. Men når ein godtek at bustadkampen på Bakklandet berre er eit bakteppe, eller ei orsaking for å få spele teater, gjekk det heile litt greiare.

Historia er syltynn, og i tillegg så mangefasettert og full av digresjonar at det er tilnærma umogeleg å følgje narrativet heilt ut, om det i det heile tatt er noko slikt. Same dag som Trondheim kommune vedtek å rive Bakklandet blir Vibeke (Vilde Søyland) født, ei jente med større evner enn dei fleste, og som på eitt eller anna forunderleg og temmeleg uforklårleg vis reddar Bakklandet sju år etterpå. Kommunen og Bakklandet er befolka med eit menasjeri av likt og ulikt av fargerike raringar, mutantar og eg veit ikkje kva. Og i eit oppkome av påfunn, metateater, gags og surrealistiske tablå har Stian Hovland Pedersen boltra seg i kreativitet og absurd crazyhumor. Det er ikkje så farleg kva som blir fortalt på scena så lenge både skodespelarane og publikum har det artig. Så får vi bere over med at det heile, og spesielt humoren, stundom kan vere litt anstrengt.

Historia er som sagt syltynn, og Rabarbrateateret har gjort langt betre produksjonar tidlegare. Og første akta er nok både meir velspela, strammare dramaturgisk og meir forståeleg enn den andre som renn litt ut i inkje mot slutten. Men «Riv skiten» har likevel ein dimensjon som gjer at han er både underhaldande og ikkje minst ganske sjarmerande. Det skuldast fleire forhald. Øyvind Brandtzæg kan dette formatet, og har ei særs heldig hand med regien, og spesielt med personinstruksjonen. Madeleine Brandtzæg Nilsen og Marianne Meløy er proffe og er dei som i hovudsak driv oppsettinga framover med gode og energiske rolletolkingar. Det gjeld også fire til som er utdanna skodespelarar. Men det store fleirtalet på scena er amatørar, og spelet deira er overraskande bra der det blir spela med eit smittande overskot og speleglede. At framsyninga er så upretensiøs at forteljaren (Bendik Sjømæling Nordgaard) stoppar det heile når det tar til å regne, og tar seg tid til å dele ut regnponchoar før han set i gang att spelet, og det på eit vis som om det skulle vere del av oppsettinga, gjer det heile både meir sjarmerande og forsterkar metadimensjonen. Så når eg innerst inne eigentleg ville ha konkludert med at dette ikkje var all verda, så sit eg likevel att med ei nøgd kjensle av å ha kosa meg.

Og så må eg for eigen rekning legge til at for den som kjenner historia og vil høyre, var her undertekst som det kunne høve seg, men kanskje spesielt for dei innvigde. Då aktivistane på Bakklandet diskuterte kva dei skulle finne på, og eitt av forslaga var ein støttekonsert i Duedalen der Knutsen og Ludvigsen, Åge Aleksandersen og Heimevernslaget kunne spele, og mora til Vibeke seier noko om kor flotte avkomma til Heimevernslaget er, er det ei ytring dei fleste nok ikkje fatta djupna av, men som varma denne meldaren.

 

Ei framsyning som har alt

juni 19th, 2017

KOMMENTAR

ÅRETS BESTE: "Orlando" på Rogaland Teater fekk tre av dei gjævaste Hedda-prisane, og var nominert i sju av elleve kategoriar. Alt høgst fortent. FOTO: STIG HÅVARD DIRDAL

ÅRETS BESTE: «Orlando» på Rogaland Teater fekk tre av dei gjævaste Hedda-prisane, og var nominert i sju av elleve kategoriar. Alt høgst fortent. FOTO: STIG HÅVARD DIRDAL

Tre hedda-prisar og sju nominasjonar til «Orlando» var høgst fortent.

Hedda-prisane er norsk teaters mest prestisjefylte utmerking, og blei delte ut ved ei høgtideleg markering på Oslo Nye Teater i går. I år var ikkje spenninga så mye knytt til kven som ville bli vinnarar, men i større grad til kor mange prisar produksjonen «Orlando» på Rogaland Teater ville ta heim. Framsyninga aspirerte til å gjere nærast reint bord ved å vere nominert i heile sju av dei elleve priskategoriane. Uakta kor mange prisar ho ville få, er det openbert at dette har vore årets framsyning. Og for meg som i si tid både såg og melde henne, var korkje dei mange nominasjonane, eller det faktum at ho til slutt fekk tre av dei gjævaste prisane noka stor overrasking. Tvert om.

«Orlando» byggjer på Virginia Woolfs roman frå 1928 om den unge adelsmannen og forfattarspira Orlando som var dronning Elisabeth den fyrstes yndling Han hadde to litt annleis eigenskapar enn folk flest ved at han for det første aldri blei gamal, og dessutan at han ein dag vakna opp som kvinne. Ved desse to grepa greidde Woolf både å seie mye om kjønnsidentitet og seksualitet, samstundes som ho ved å følgje Orlando gjennom nærare 500 år, fekk presentert historia mot eit bakteppe av eit utal ulike politiske retningar, moralnormer og kulturhistorie. Boka er blitt ein kultroman, og ho blei filmatisert av Sally Potter i 1992, ein film som fekk to oscar-nominasjonar. Men medan filmen først og fremst er vakker, tar Rogaland Teaters dramatisering oss i langt større grad attende til Virginia Woolfs opphavlege tematikk, det politisk-moralske, feminismen, det seksuelle. Teatret dyrkar og vidareutviklar dette, samstundes som dei også har greidd å gjere det særs underhaldande.

I Sigrid Strøm Reibos og Njål Helge Mjøs’ nyskriving, og i Reibos regi er «Orlando» ein kronologisk biografi der livet hans/hennar blir sett i relieff mot fleire hundreårs ulike kulturar. Sceneløysinga gir rom for og understrekar det omskiftelege, og den multimediale presentasjonsforma er ei saumlaus blanding av spel, musikk, koreografi og videoprojeksjonar. I kombinasjon med ei leiken og fullstendig uhøgtideleg haldning til seg sjølv har Reibo og Rogaland Teater skapt ei fengslande oppsetjing som likevel aldri går på akkord med det politiske og samfunnskritiske som heile tida får liggje i botn. Og med eit strålande ensemblespel leia av ei umåteleg overtydande og imponerande Nina Ellen Ødegård i tittelrolla, var det høgst fortent at «Orlando» fekk så mange prisar og nominasjonar.

(Kommentaren stod i Klassekampen måndag den 19. juni 2017)