Teatervitskap på NTNU

desember 21st, 2017
I slutten av november fekk vi vite at det humanistiske fakultetet ved Universitetet i Bergen hadde bestemt seg for å kutte ei av tre stillingar på teatervitskap, og det ville føre til at det ikkje lenger var mogeleg å ta ein master i teatervitskap i Bergen. Spesielt ille var dette ettersom faget tidlegare hadde blitt lagt ned på Universitetet i Oslo, og at det no berre var Bergen som underviste i teatervitskap. Med andre ord ville kongeriket bli fritt for utdanning av teatervitarar på høgt nivå. Og det i Henrik Ibsens og Jon Fosses heimland! Fekk vi vite. Det var sjølvsagt mange som heiv seg rundt og mana fakultetsstyret i Bergen om å gjere om vedtaket, og etter ein intens kampanje i starten av denne månaden, blei masterutdanninga i Bergen redda. Og det var flott.

Men vi var mange som stussa litt då denne saka dukka opp. For driv ikkje Institutt for Kunst- og medievitenskap, Drama og teater på NTNU Dragvoll med utdanning av teatervitarar? Det er berre eitt år sia eg sjølv gjesta dei og held ei førelesing, rett nok for bachelorstudentar, men eg meinte då å kjenne mange som hadde ein mastergrad i teatervitskap frå NTNU. Vi var som sagt mange som stussa, men dei fleste av oss valde å sitje stille i båten medan kampen i Bergen gjekk som hardast. Men nå når faget er berga, må det vere lov å påpeike at universitetsmiljøa i både Oslo og Bergen har tedd seg ganske provinsielt i denne saka. Det blir utdanna teatervitarar også på NTNU i Trondheim. Så er det sagt.

Og for å få syn for segn, og for å sjå kva for nivå utdanninga i Trondheim held, har eg like godt gjesta to eksamensframsyningar på NTNU denne veka. Tre masterstudentar og to framsyningar, og alle tre fekk framifrå karakterar. Eg er ingen teatervitar sjølv, og skal ikkje seie noko om det teatervitskaplege arbeidet som ligg bak desse to framsyningane, men som teatermeldar er det ei sann glede å fortelje lesarane at dette var to framsyningar som båe fortener å få eit liv etter dette, til dømes med Den kulturelle skolesekken. Framsyningane var tematisk særs like ettersom båe handla om sosiale media, og ein litt for påkopla kvardag, men i uttrykk heilt ulike. Her kjem mi vurdering:

Leiken og observant

OPPVAKNING?: Vi følgjer tre ungdomar frå dei vaknar til dei legg seg, men dei har førebels ikkje vakna opp frå mobiltyranniet. FOTO: HERMAN PEDERSEN LERSVEEN

OPPVAKNING?: Vi følgjer tre ungdomar frå dei vaknar til dei legg seg, men dei har førebels ikkje vakna opp frå mobiltyranniet. FOTO: HERMAN PEDERSEN LERSVEEN

TEATER
«Er det virkelig, virkelig?»
Aulaen på Rosenborg Skole
Av: Trine Elise Gjermstad og Christina Rørvik Søhol
Regi: Christina Rørvik Søhol
Lyd: Eirik Fagerslett
Lys: Daniel Takle Piel
Med: Trine Elise Gjermstad, Thea Louise Mohagen og Eirik Fagerslett

Ei vakker, velspela og humoristisk framsyning om kva for røyndom som er den verkelege.

Gjennom grundig research og fleire workshops med ungdom i målgruppa har masterstudentane Trine Elise Gjermstad og Christina Rørvik Søhol tatt for seg dei to universa som ungdomen lever i, den verkelege og den meir virtuelle. Målgruppa er 13 til 16-åringar, og vi følgjer tre av dei frå dei vaknar om morgonen og gjennom eit døgn fram til dei legg seg att. Det første og siste dei gjer er sjølvsagt å sjekke stoda og alle elektroniske statusar der mobilen er det nye kosedyret. Ulike fasettar av sosiale media, blanda med vanleg tenåringsinteraksjon er observant og humoristisk skildra i ei rekkje tablå som glir saumlaust over i kvarandre, visualisert også gjennom godt koreograferte danseopptrinn. Det er ungdomens brutale kvardag med ønsket om å bli sett, om å henge med dei rette folka, dei første kleine kjærleiksforsøka, merkevarepress, kroppsfiksering, mobbing, utfrysing, vennskap og alt dei som har vore ung ein gong, har vore gjennom. Det nye er at denne røyndomen stadig blir avbroten av den virtuelle verda der bildedeling, chatting og sms’ing gjer det heile meir brutalt. Og det er det underliggjande ønsket om å vere fråkopla, eit ønske som syner seg like vanskeleg å realisere som å bli nykter for ein junkie.

Alt dette er glitrande og leikent skildra, men framsyninga blir kanskje i litt for stor grad berre ein underhaldande spegling av kvardagen. Ho hadde vunne på å freiste å indikere vegar ut av nett- og mobiltyranniet, eller provosere til debatt. Men som ein godt observert situasjonsrapport frå fjortisverda, var dette heilt eminent.

Ambisiøst og insisterande

edf

TEATER
«Mandag, tirsdag, onsdag, dommedag»
Black Box, NTNU Dragvoll
Av: Remi André Slotterøy
Regi og lyddesign: Remi André Slotterøy
Med: Johannes Engen Granås, Michael Ingeberg og Trond J. Stavås

Ei særs ambisiøs framsyning med utgangspunkt i lydeksperimentering og fysisk spel.

 

Masterstudenten  Remi André Slotterøy har med bakgrunn i musikk, lydeksperimentering og særs fysisk teater ønska å utforske og seie noko om kor avhengige vi er av sosiale media, og kva det gjer med oss. Her er målgruppa unge vaksne ettersom framsyninga er laga på grunnlag av intervju med folk i alderen 20 til 30 år, ein alder studentane skulle kjenne godt.

Det er blitt ei særs ambisiøs framsyning der fallhøgda sjølvsagt er tilsvarande. Spesielt er eksperimenteringa med lyd og musikk eit viktig, men også vanskeleg element, og for meg ikkje alltid like vellukka når nokre av innslaga blir meir kontrasterande brot enn integrert del av heilskapen.

I ein scenografisk heilt strippa black box opptrer dei tre aktørane nesten som regissørens marionettar der dei i robotaktige og ganske stiliserte og repeterande rørsler formidlar og visualiserer den påkopla og fragmenterte kvardagen vår der vi på mange vis er blitt nettopp marionettar. Gjennom mange ulike tablå tek dei opp kva dette gjer med oss som menneske, og det er, som dommedagstittelen også tyder på, ein ganske dystopisk røyndom dei viser oss. Jamvel om formidlinga er insisterande og relativt påståeleg, er det heile likevel temmeleg føreseieleg. Framsyninga speglar kvardagen, men freistar i liten grad å seie noko utover det. Men nokre gongar peikar ho utover seg sjølv, og dette er scener Slotterøy gjerne kunne ha utvikla vidare. Ei nydeleg formidling av ønsket om og samstundes frykta for kontakt vist gjennom to som gjennom tautrekkjing nærmar seg kvarandre i eit intenst og nesten erotisk spel, var for meg framsyningas høgdepunkt. I tillegg til ei scene der den eine aktøren stoppar opp, tar seg enormt god tid, og tek opp att «nærmare, – og nærmare, – og nærmare» i eit stadig meir langsamt tempo der han med stor grad av intensitet held oss på pinebenken til han med eitt berre går ut av det heile og let det henge i lufta som ein cliffhanger. I ei elles ganske føreseieleg framsyning, sette det tankane i gong, og det gjorde godt.

Kampen for tilværet

desember 16th, 2017

TEATER

REDNINGA: Ein hummar kan, også utan kanari, tene til mangt, både til mat og framkomstmiddel. FOTO: VIGDIS HAUGTRØ

REDNINGA: Ein hummar kan, også utan kanari, tene til mangt, både til mat og framkomstmiddel. FOTO: VIGDIS HAUGTRØ

«Uår av Terje Vigen»
Trøndelag Teater, Studioscena
Av: Lisa Lie/PONR
Regi: Lisa Lie
Scenografi og kostyme: Maja Nilsen
Komponist: Øyvind Mæland
Lysdesign: Steffen Telstad
Med: Lisa Lie, Kenneth Homstad og Martin Lervik

Om menneskas evige kamp for å overleve, og kva uår og utfordringar kan føre til av forfall og fornedring.

Lisa Lie kom som eit friskt pust inn i norsk teater for tretten år sia, og gjennom teaterkompania «Sons of Liberty» og «Pony Of No Return» etablerte ho seg raskt med sin eigen sjanger og sitt heilt særeige univers. Heider har det også blitt, og for produksjonen «Blue Motell» i 2013 fekk ho Heddapris for særleg kunstnarleg innsats. Lie hentar inspirasjon og referansar frå naturen, mytologien og den klassiske kulturarven. I tillegg ligg det mye dystopi i produksjonane hennar, og ein djup mistillit til menneska. Slik er det også denne gongen der ho har laga ein særs fri parafrase over Henrik Ibsens dikt om Terje Vigen. Ein av aktørane blir stadig omtalt som Terje, og han har rett nok vore borte mange år, men meir enn det kjende diktet, er det nok naudsåra under Napoleonskrigane med engelsk blokade, uår og svolt som er bakteppet. Dei tre skodespelarane er kledde i 1800-talskostyme, men referansane er like mye henta frå i dag. Gjennom ei rekkje tablå omtalar og utforskar Lie menneskas evige kamp for tilværet, med forfall, fornedring og ei verd på kanten av samanbrot, – eit univers langt frå dei meir forfina musikalske og litterære referansane ho pyntar det heile med.

Det opnar særs lovande i ei blanding av pompøs humor, teatralske vendingar, stadige brot og kontrasterande handlingar, og akkompagnert av klassiske litterære og musikalske referansar, akkurat slik Lisa Lie er på sitt beste. I Maja Nilsens vakre scenografi, som kan gi illusjonar om naturen, og der kostyma nesten går i eitt med kulissene, møter vi tre aktørar i eit utal ulike, men likevel beslekta roller. Trass i at to av dei har kvinneklede, og ein er kledd som mann, er dei relativt androgyne, og både kjønn, familierelasjonar og andre særmerke blir ganske utflytande. Dette er menneske på kanten som i møte med utfordringane ter seg meir som dyr enn i slekt med sivilisasjonens ideal.

Men etter kvart går det over frå å vere humoristiske og illustrerande bilde på menneskeleg forfall og den desperate kampen for å overleve, og blir i staden meir som ei endelaus vareoppteljing der det eine tablået avløyser det andre utan at Lie eigentleg får sagt så mye meir. Det er synd, for her er tidvis mange gode observasjonar og fine tablå, og framsyninga hadde nok stått seg på å vore stramma inn ein del. Lisa Lie er særs litterær i forma, og best er framsyninga når ho stoppar opp og let Lie i dyktige, nesten lyriske vendingar kommentere det som skjer. Teksten hennar er full av små poetisk perler, intelligente metaforar og kulturelle referansar vi gjerne kunne ha fått meir av.

 (Meldinga stod i Klassekampen laurdag den 16. desember 2017.)

Historia om historiene

november 18th, 2017
HYBRIS: Hynkels ynkelege draum om verdsherredøme. FOTO: STIG HÅVARD DIRDAL

HYBRIS: Hynkels ynkelege draum om verdsherredøme. FOTO: STIG HÅVARD DIRDAL

TEATER

«Chaplin: Diktatoren»
Rogaland Teater, Hovudscena
Av: Charlie Chaplin, Morten Joachim og Line Hofoss Holm
Regi: Morten Joachim
Scenografi: Arne Nøst
Kostyme: Christina Lovery
Komponist: Anders Brunvær Hauge
Koreografi: Martha Standal
Med: Lars Funderud Johannessen, Helga Guren, Ragnhild Arnestad Mønness, Glenn André Kaada, Svein Solenes, Line Starheimsæter, Henrik Bjelland m.fl.

Gjennom historia om historiene greier Morten Joachim å gi ein ny dimensjon til Charlie Chaplins ikoniske film.

Med filmen «Diktatoren» frå 1940 våga Charlie Chaplin der dei fleste i underhaldningsindustrien sat musestille i båten, eller det som verre var. Spesielt med det bakteppet verda har opplevd dei siste åra, er det merkeleg at ingen har tatt tak i Chaplins legendariske film der han med humor og latterleggjering synte kor ynkeleg både Hitler og nazismen var. Men nå har Rogaland Teater, Line Hofoss Holm og Morten Joachim gjort noko med det, og onsdag var det premiere, ikkje på ein ny versjon, men ei oppsetjing der vi er med på settet under filminnspelinga. Med dette grepet får vi fleire dimensjonar, og langt betre forståing av den ikoniske filmen.

Vi følgjer Chaplins alter ego, den jødiske barberaren og hans kjærast Hannah, diktatoren Hynkel og hans løytnantar Herring og Garbitsch, men også Charlie Chaplin sjølv og hans Paulette Goddard under innspelinga. Med illusjonsbrot i beste Brecht-tradisjon, blir vi rivne opp frå handlinga og flytta frå dei to parallelle historiene i filmen og til røyndomen i studio. Det er eit særs godt regigrep der Joachim greier å fortelje mange historier på same tid, samstundes som han, utan å vere eksplisitt, lagar dyktig politisk teater. At dei ulike aktørane stadig blir intervjua på video og fortel sine historier off record, gir framsyninga ein journalistisk og dokumentarisk dimensjon som understrekar kor turbulent den politiske situasjonen var i 1940, også i USA.

Det er eit vågalt prosjekt regissør Morten Joachim har gitt seg ut på, for dei fleste har eit forhold til både Chaplin og «Diktatoren». Men Lars Funderud Johannessen er eit funn i dei tre hovudrollene som Hynkel, barberaren og Chaplin. Eitt er at han fysisk liknar, men langt viktigare er at han har ein detalj- og nyanserikdom i spelet som gjer at han er like overtydande i alle tre rollene. Premierepublikummet fekk ein liten ekstra konfekt då barberaren fekk barberskum i myggen til Hannah. Då var det «kutt» og to minutts pause, som det ville ha vore på settet, men medan myggen blei fiksa, fylte Johannessen og pianisten Anders Brunvær Hauge pausen med eit improvisert danseopptrinn som sjarmerte publikum i senk. Elegant og profesjonelt. Og med seg har Johannessen eit botnsolid og velinstruert ensemble der særleg Helga Guren i to så ulike roller som Chaplins Paulette og barberarens kjærast Hannah, er like overtydande, samstundes som ho skapar ein fin kontrast til dei tre hovudrollene.

Det er ikkje mye ein diktator fryktar meir enn humoren, og denne produksjonen er gjennomsyra av satire og komikk til minste detalj. Og jamvel om alle dei beste scenene frå filmen er med, er det også mye nytt. Men bak latterleggjeringa er det alvorlege bakteppet alltid like synleg. Scenografien til Arne Nøst er med sin naivistiske presentasjon av settet og kulissane i filmstudioet full av små humoristiske opplevingar, og det same gjeld koreografien til Martha Standal der dans, rørsle og kroppsspråk er utsøkt og fylt med komikk, toppa av ein herleg dans mellom Hynkel og Garbitsch (Glenn André Kaada).

Oppsetjinga er blitt ein hyllest til humoren som våpen, til ytringsfridomen og til eitt av filmhistorias største namn. Når barberaren i finalen blir forveksla med Hynkel og får halde si demokratiske og nærast pasifistiske tale, veit vi i dag at dette var Chaplin sjølv som nytta filmen som talarstol for draumen om demokrati og humanisme. Framleis blir det diverre med draumen.

(Meldinga stod i Klassekampen laurdag den 18. november 2017.)

Eit oppkome av idear og gags

november 11th, 2017
KONGE: Mari Hauge Einbu er energisk, infam, humoristisk og overtydande som Herodes. FOTO: MARCO VILLABRILLE

KONGE: Mari Hauge Einbu er energisk, infam, humoristisk og overtydande som Kong Herodes. FOTO: MARCO VILLABRILLE

TEATER

«Juleevangeliet –
The Smash Hit Musical, volume II»
Trøndelag Teater, Hovudscena
Av: Mads Bones og Olve Løseth
Komponist og musikalsk leiar: Kyrre Havdal
Songtekstar: Mads Bones
Regi: Mads Bones
Scenografi og kostyme: Olve Løseth
Koreografi: Martha Standal
Med: Olve Løseth, Henriette Marø, Leo Magnus de la Nuez, Mari Hauge Einbu, Malin Skjolde, Ida Göransson, Mads Bones, Ole Christian Gullvåg, Andreas Humlekjær, Ida Cecilie Klem og John Yngvar Fearnley.

 

Framleis er det nok litt å gå på, men årets versjon av «Juleevangeliet» var eit langt steg i riktig retning samanlikna med fjorårets.

Etter kjempesuksess med både «Nøtteknekkeren» (der dei hadde hjelp av Matilde Holdhus) og tre elleville sesongar med spelparodien «Slaget på Testiklestad», sette skodespelarane Mads Bones og Olve Løseth saman med komponisten Kyrre Havdal i fjor opp «Juleevangeliet -The Smash Hit Musical» på Gamle Scene på Trøndelag Teater. Det var eit overflødigheitshorn med eit vell av innfall og gags, flott musikk og ditto songtekstar, men sleit etter mitt syn med at dei ikkje heilt greidde å styre seg, og at alt, – nesten absolutt alt, skulle med. Men publikum elska det, og laurdag var det duka for ny premiere på same musikal, volume II, og nå hadde ensemblet fått ta skrittet inn på fullformatet på hovudscena. Sjølv om lesta er den same, er det mye nytt, og eit langt skritt framover.

Som kjent er det fire evangelistar, og Lukas har fått æra for å stå for den endelege fortolkinga av kva som skjedde då Maria, som altså var jomfru, fekk ein son med Gud, og der kjærasten hennar, Josef, berre godtok det heile. Ikkje heilt enkelt å tru på, og om ikkje eit teater nokon gong skulle kaste eit skråblikk på ei slik historie, ville scenekunsten ikkje gjere jobben sin. Då Bones, Løseth og Havdal fekk hand om eit femte, gløymd evangelium; «Olveus evangelium» som i langt større grad problematiserer jomfrufødselen, var det klårt for å presentere juleevangeliet i ei litt annleis innpakning.

I byen Nazareth, som av ein eller annan grunn er til forveksling lik Kardemomme by, har Josef (Leo Magnus de la Nuez) og Maria (Henriette Marø) nettopp forlova seg, men samstundes blir Maria gravid med Gud, eller «smelt på tjukken av Gud» som det heiter i ein av dei beste og mest elleville songinnslaga. Korleis skal Maria forklåre dette for Josef? Det er sjølvsagt ingen enkel sak, men når ho omsider gråtande har fått det ut, fortel ho på Therese Johaugs dalsbygd-dialekt at ho skal stå rakrygga i stormen. Ho legg til at ho spurde Gud fleire gonger om det var nokon fare med den kremen han ville ho skulle ha i seg, men han sa den var heilt trygg. Og sjå no kva som skjedde! Poenget var kanskje meir overraskande i fjor då Johaugsaka var ferskare, men nå har dei fått med seg meir, og tek dopingsaka/inseminasjonen heilt ut i det som framleis er eitt av framsyningas høgdepunkt.

Historia er ikkje så nøye på korkje kronologi eller geografi, men blir etter kvart ei ellevill og litt surrealistisk forteljing der Bibelens mange personar og dyr opptrer i godt kompaniskap med kjende menneske og situasjonar frå vår eiga tid. Det er sjølvironi og masse metateater, og med dei mange dagsaktuelle kommentarane, vil eg tru at framsyninga endrar seg frå dag til dag. Ettersom ho tar opp i seg ferske saker som oktoberbarn og indianarkostyme, kan ein ikkje melde denne oppsetjinga som ein vanleg fiks ferdig musikal, men meir som sin eigen sjanger i spennet mellom revy, politisk satire og syngespel. Her finn ho seg godt til rette, og sjølv om det framleis sikkert kunne ha vore stramma inn meir, er dramaturgien langt betre enn i fjor, og humoren ikkje like klein.

For her boblar det over av gags, tull og tøys, sylkvass politisk satire, treffsikker humor, og eit utal populærkulturelle referansar der det neppe er mogeleg å få med seg alle, men der det nok å ta av for både dei som er opptekne av Lothepus på eine sida, og spesielle særtrekk ved skodespelarutdanninga i Nord-Trøndelag på andre sida. Og alt er pakka vakkert inn i særs fengande musikk skrive av Kyrre Havdal som også er kapellmeister. At framsyninga har tatt steget inn på hovudscena, har gitt rom for store og forbausande godt koreograferte dansenummer der Martha Standals koreografi løftar framsyninga mange hakk.

Som vi veit, var det ikkje plass til Josef og Maria i herberget, men så dukkar Märtha (Ida Göransson) og hesten hennar uventa opp og byr på rom i ein stall. Märtha har spesialkompetanse på både stall, kongebarn og ikkje minst englar, så her er det duka for mye moro. Og når det syner seg at Jesusbarnet er ei jente, har Märtha også kompetanse på det området, for er det noko ho veit, så er det at jenter ikkje kan arve trona. Maria på si side får eit enormt forklåringsproblem overfor Gud når det syner seg at Jesus har innovertiss, men har lese seg til i skrifta at ein kan fornekte Vårherre tre gonger, så ho held tett i det lengste. Som lesaren forstår er her dei mest bisarre forviklingar, alt med juleevangeliet som bakteppe, men med hausten 2017 som den vel så viktige referansen. Slikt kan det bli mye humor av, og meir blir det etter fødselen då det kjem ei endelaus rekkje av besøkande til stallen. I fjor blei dette nærast som ei lang vareoppteljing, men sjølv om ikkje alle gjestane er like gode, er både dramaturgi og presentasjon stramma inn mange hakk. Og den politiske brodden er langt kvassare.

Olve Løseth, som nok er opphavet til «Olveus evangelium», er framifrå som både forteljar, herold og ikkje minst som erkeengelen Gabriel. Mads Bones, som spelar eit utal ulike roller, har også regien, og der han i fjor nok mista litt av oversikta, har han i år langt betre kontroll, og gjort mye god personinstruksjon. Elles kan det sjå ut til at ensemblet har fått relativt fritt leide til å herje litt som dei vil, slik det er naudsynt i ei framsyning som kan endre seg frå dag til dag. Og det greier dei heilt utmerka. Men den som verkeleg løftar årets produksjon samanlikna med fjorårets, er Mari Hauge Einbu som gjer ei energisk, infam, humoristisk og overtydande tolking av Herodes, den lett paranoide og eigentlege kongen i denne historia.

«Juleevangeliet – The Smash Hit Musical, volume II» er eit oppkome av idear, god, men også litt klein humor, ein passe porsjon bad taste, mye kvass politisk satire, ganske uskuldig herjing med religiøse dogme, framleis litt uferdig, men først og fremst god underhaldning.

Ver deg sjølv

november 6th, 2017
FARVEL: Gjennom eit fyrverkeri av dans, musikk, lys og kostyme tar vi avskil med stereotypiane. FOTO: CHRISANDER BRUN

FARVEL: Gjennom eit fyrverkeri av dans, musikk, lys og kostyme tar vi avskil med stereotypiane. FOTO: CHRISANDER BRUN

TEATER

«Goodbye Kitty»

Barneteatret Vårt, Arbeideren, Ålesund
Av: Rebekka/Huy
Regi: Rebekka Nystabakk og Huy Le Vo
Komponist: Rakel Nystabakk
Scenografi, lysdesign og kostyme: Chrisander Brun
Med: Ellen Andreassen, Magnus Myhr, Lars August Jørgensen og Rakel Nystabakk

Kor fargerik og spennande verda er når folk får vere som dei er.

Ikkje på noko tidspunkt i livet er vi vel meir sårbare og usikre enn i dei ofte litt vonde åra i overgangen mellom barn og ungdom. Plutseleg tar kroppen til å oppføre seg annleis, det er viktige og formative år som legg grunnlag for identitet på alle område, og jamvel om ingen er A4, kjennest det på denne tida viktig å vere nettopp det. Barneteatret Vårt i Ålesund tek barn og ungdom på alvor, og har dei siste åra produsert den eine nyskapande og eksperimentelle framsyninga etter den andre. I ein samproduksjon med Rebekka/Huy har dei nå laga ei oppsetjing som er eit lite oppgjer med vanetenkinga, kjønnsroller og identitet, og som i staden er ein hyllest til mangfaldet. Oppmodinga er at det normale først og fremst må vere å vere seg sjølv.

Målgruppa er barn og ungdom frå 8 til 12, og gjennom langvarig arbeid med innspel frå ulike representantar for denne gruppa, har Rebekka/Huy arbeidd fram ein multimedial produksjon som er meir å sjå på som ei sanseleg oppleving enn ei vanleg teateroppsetjing. Presentasjonen er, som tittelen indikerer, eit farvel. Forma er ein avskilsfest med dans og høg musikalsk temperatur der publikum sit på golvet og framsyninga skjer både framom, bak og midt i blant oss. Slik blir vi inviterte inn i festen der vi skal vere med på å seie farvel til kjønnsstereotypiar, tvangstankar om rosa og lyseblått og mye meir. Gjennom eit fyrverkeri av ei framsyning får vi finne ut at folk får vere som dei vil, og det gjeld også oss sjølve.

Dette høyrdest då særs politisk korrekt ut, kan ein innvende, men det spennande er at det er nettopp det det ikkje er. Rett nok er det eit par monologar som, utan å vere særleg insisterande,  gir oss framsyningas credo, men presentasjonen er ingen peikefinger, men tvert om ei audiovisuell og særs sanseleg reise gjennom masse populærkulturelle referansar som er lett gjenkjennelege for målgruppa. Gjennom kreativ bruk av presentasjonsforma og språket til mye av den kulturen vi skal ta avskil med, blir vi tekne med inn i eit opplevingsunivers der publikum får høve til å tolke og forstå akkurat som dei sjølve vil. Og det er nettopp denne opninga for dei tolkingar du sjølv måtte ha, som gjer framsyninga så spesiell og vellukka. Gjennom særs dyktig lysdesign, ein enkel men likevel mangfaldig og kreativ scenografi, flotte kostyme, musikk som nesten er suggererande, song og ikkje minst energisk og særs ekspressiv dans, får dei fire på scena formidla ei sanseleg opplevingsreise og ein fargerikdom som gir rom for mye refleksjon.

(Meldinga stod i Klassekampen måndag den 6. november 2017.)

Med tydeleg adresse

oktober 30th, 2017
ÅLEINE: Kva gjer du når alle rundt deg blir støyande nashorn? FOTO:  ARILD MOEN

ÅLEINE: Kva gjer du når alle rundt deg blir støyande nashorn? FOTO:  ARILD MOEN

TEATER

 «Neshornet»

Teatret Vårt, Kulturhuset Ørsta
Av: Eugène Ionesco
Omsett av: Lisa Thomas Olsen
Regi: Viktor Tjerneld
Scenografi og kostyme: Franciska Zahle
Masker: Cårejånni Enderud
Med: Bjørnar Lisether Teigen, Valborg Frøysnes, Hugo Mikal Skår, Lars Melsæter Rydjord, Vivi Sunde, Johanna Mørck, Linn Bjørnvik Grøder, Eline Øverby.

Eit absurd teater som diverre ikkje lenger er like absurd.

Den rumensk-franske dramatikaren Eugène Ionesco blir rekna som ein av skaparane av det absurde teater. I hans drama møter vi folk som snakkar til, men ikkje med kvarandre, slik kvardagssamtalane våre ofte er, presentert humoristisk og lett å kjenne att. «Neshornet», frå 1960, er eit oppgjer med flokkmentalitet og framveksten av nazistiske stormtroppar. Symptomatisk for den tida vi lever i, er det at to norske teater set opp dette stykket med berre to vekers mellomrom, først Det Norske Teatret, og nå Teatret Vårt med premiere i Ørsta sist laurdag. Framsyningane er heilt ulike, men båe syner at Ionesco i dag er vel så aktuell som for 60 år sia.

Det er sundag formiddag på torget i ein liten søvnig by der vår mann Bérenger (Bjørnar Lisether Teigen) er i bakrus og vil reparere, men møter alvorleg motstand hjå sin beste ven, Jean (Valborg Frøysnes), ein sjølvhevdande moralist med påstått integritet og viljestyrke. Bakteppet er andre innbyggjarar som alle er opptekne av det litle og uvesentlege. Så blir brått idyllen broten av eit støyande og brautande nashorn. Alle er sjølvsagt forundra, men når støvet har lagt seg, går diskusjonen om dyret hadde eitt eller to horn, og ikkje kva dette eigentleg dreidde seg om. Så kjem eit nashorn til, men drøset lèt seg ikkje påverke av det heller. Etter kvart blir det meir alvorleg, og ein etter ein blir byens innbyggjarar nashorn. Moralens vaktarar, dei lærde og prinsipielle lèt seg alle omvende. Berre Bérenger held att. Frå å vere ein grå og anonym person utan ryggrad, syner det seg at han har nokre humanistiske og demokratiske ryggmargsrefleksar som gjer at han held stand.

Likskapen til dagens situasjon er openberr; framveksande nazisme, flokkmentalitet, og presidentvalet i USA. Den svenske regissøren Viktor Tjerneld stoler på publikum og har halde seg frå å dra parallellar. Ved at vi får lov å forstå dette sjølve, gjer han handlinga sterkare. Eit anna regival er ikkje like heldig. Absurd teater er oftast også humoristisk i all sin surrealisme. Men Tjerneld har vald å overdrive dette ved å lage særs karikert overspel, spesielt i 1. akt. Det er mogeleg han gjer det for å syne kontrastane og utviklinga av alvoret, men for meg kom det i vegen for innhaldet. Berre Bérenger har ei rolle som ikkje er karikert.

Scenografien til Franciska Zahle er relativt enkel, men kostyma hennar er særs kreative og i eit stilhistorisk mangfald som syner at dette kan vere når som helst. Framsyninga er fire tablå i to aktar, presentert i eit ganske heldig metagrep der Vivi Sunde i voiceover gir forklåring og scenetilvisingar, og også grip inn i direkte dialog med aktørane. Mot slutten blir spelet mindre karikert. Då blir også handlinga meir intens, og Bérengers tviling fram til ein rakrygga epilog blir eit gripande og sterkt punktum.

(Meldinga stod i Klassekampen måndag den 30. oktober 2017.)

Ei kjærleikserklæring

oktober 23rd, 2017
SØT MUSIKK: Korpslivet kan også by på romantikk. FOTO: GISLE BJØRNEBY

SØT MUSIKK: Korpslivet kan også by på romantikk. FOTO: GISLE BJØRNEBY

TEATER

«Korps»
Teater Innlandet, Hamar kulturhus
Av: Knut Nærum
Regi: Janne Langaas
Scenografi og kostyme: Kristin Bengtson
Komponist av Teater Innlandets marsj: Øivind Roos
Med: Ida Holten Worsøe, Tom Styve, Tangen Skolekorps og Stange Skoles Musikkorps

Ei humoristisk og sjarmerande kjærleikserklæring til ei av landets største masserørsler.

Korpsrørsla er ei av dei største masserørslene i dette landet, og tallause er dei som har fått si musikalske grunnutdanning i eit skolekorps. Julegrantenning og høgtider som 17. og 1. mai  hadde ikkje vore det same utan korpsmusikken jamvel om ikkje alt er like reint og vakkert.

Teatersjef Janne Langaas ved Teater Innlandet har sjølv ti års fartstid i eit skolekorps, og veit kva denne rørsla har hatt å seie for kulturlivet i landet. Dette ville ho løfte fram, og bad Knut Nærum skrive eit teaterstykke om fenomenet. Han sa ja sjølv om dette var ein kvit flekk på hans eige kart. «Korps» er i stor grad blitt ei kjærleikserklæring til noko Nærum ikkje visste at han var glad i. Fredag var det urpremiere i Hamar med to skodespelarar og to skolekorps. Gjennom turné med 26 framsyningar vil det bli nytta 46 ulike korps og heile 1000 musikantar. Øivind Roos har skrive ein opningsmarsj, men elles stiller korpsa med sju nummer frå eigne repertoar. Slik greier teateret å inkludere og å løfte fram det lokale musikklivet på ein framifrå og samstundes utfordrande måte.

Knut Nærum let oss følgje dei to femtenåringane Silje (Ida Holten Worsøe) og Emil (Tom Styve) i retrospekt gjennom eit år med opp- og nedturar både musikalsk og personleg. I botnen ligg ei historie om fjortiskjærleik som er heilt avhengig av korpset dei båe er med i. Knut Nærum har gjort grundig research, og har fått med seg det meste i dette humoristiske tilbakeblikket. Det opnar med foreldra til Silje som når ho er åtte år, fortel at ho skal få moped når ho blir seksten om ho lovar å ikkje bli med i korps! For her er mye foreldreinnsats, dugnad, og loppemarknad. Det er øving som kan gå ein nabo på nervane, ambisiøse dirigentar utan bakkekontakt, store korpsstemne og konkurransar, forelskingar og mye meir. Det er eit slit og ei glede, og det er lett å falle frå.

Alt dette har Nærum fanga opp, og her ligg også framsyningas største problem. Ho skal innom alt, og dei to på scena spelar heile sju roller i tillegg til Silje og Emil. Dei hoppar ut og inn av rollene i eit enormt tempo, det blir ikkje tid til å utvikle karaktertrekk, og dei må i staden ty til overspel. Silje og Emil er varmt og innsiktsfullt portrettert, men det er blitt for mange av dei andre. Ei innstramming og litt færre tablå kunne ha gjort seg.

Men «Korps» er først og fremst ei lett attkjenneleg, humoristisk og varm hyllest til kvardagskulturen og ei av landets største masserørsler. Og stykket er blitt litt slik vi opplever eit vanleg skolekorps – noko ureint, men du verda kor varmande og sjarmerande.

(Meldinga stod i Klassekampen måndag den 23. oktober 2017.)

Ingen sundagsskole

oktober 18th, 2017
SYNDFLODEN: Noa fyller arken medan Gud sit i vindauget og styrer det heile. FOTO: MARIT ANNA EVANGER

SYNDFLODEN: Noa fyller arken medan Gud sit i vindauget og styrer det heile. FOTO: MARIT ANNA EVANGER

TEATER

«Søndagsskolen»
Trøndelag Teater, Gamle scene
Av: Tyra Tønnessen
Regi: Tyra Tønnessen
Scenografi og kostyme: Leiko Fuseya
Lysdesign: Øyvind Wangensteen
Koreografi: Tor Ivar Hagen
Musikalsk leiar: Åsmund Flaten
Orkester og aktørar: Åsmund Flaten, Erlend Smalås og Bergmund Waal Skaslien
Med: Henriette Marø, Ingrid Bergstrøm, Tor Ivar Hagen, Marianne Meløy, Johanna Egseth, Anna Flaten-Hoff, Fillip Flaten-Hoff, Astrid Oline Rinnan Green, Erling Johannes Rinnan Green og Ottar Johnson

Bibelhistoria overtydande framført, og slik du aldri har sett henne.

Med sekulariseringa av samfunnet er det ikkje lenger like vanleg å gå på sundagsskole som før, men dei religiøse metaforane og referansane ligg der framleis sjølv om mange ikkje lenger veit opphavet til omgrep som babelsk forvirring, sodomi og syndflod. Det har Tyra Tønnessen gjort noko med ved å lage ein dramatisert kortversjon av Bibelen.

Det spesielle denne gongen er ikkje dramatiseringa, for Bibelen har mange dramatisert tidlegare. Det spesielle er castinga. Rett nok er det fire profesjonelle skodespelarar som også får litt hjelp av dei tre i orkestergrava. Men dei seks andre aktørane, og her snakkar vi om teksttunge, omfattande og særs berande roller, er barn frå 10 til 13 år. Og det rare er at dette faktisk kjennest heilt rett. Gud er ein uskuldsrein liten pjokk på 11, og Jesus er ei jente på 13. Slik oppnår Tønnessen ein litt naiv og kontrastfylt distanse som får ein til å sjå dei kjende historiene i nytt lys. Som i skapinga der litle Gud sit og formar verda og naturen i plastilin.

Gjennom to aktar, det gamle testamentet i første, og det nye i andre, er vi innom ganske mye frå skapinga i første Mosebok via syndefallet, Babels tårn, Abraham og Isak, Moses og exodus, dei ti bod, dansen om gullkalven og Jobs bok, til vi i 2. akta går frå engelen Gabriel og Maria til døyparen Johannes, den litle bibel, Peters tvil, ei rekkje mirakel via det siste måltidet, fornektinga, korsfestinga og til Johannes’ openberring som ein solid finale. Men der den verkelege sundagsskolen berre fortalde om snille samaritanarar, mirakel og alskens gode gjerningar, har Tønnessen vore mindre kritisk til kva ho presenterer og ikkje. Her er rett nok ikkje filistarforhudar, men både Guds påbod til Abraham om å ofre sonen Isak, Jobs lidingar og mange andre ganske tøffe historier. Frå syndefallet og framover, er det langt frå ein spesielt from Gud vi møter, men tvert om tidvis ein nådelaus og ganske hard negl.

Dei ulike tablåa er bundne saman av tretten salmar, og også her med fine kontrasterande grep som når Abrahams nesten-ofring av Isak blir etterfølgt av songen «Ingen er så trygg i fare». Med effektfull scenografi av Leiko Fuseya, og flott lyssetting av Øyvind Wangensteen, særs god personinstruksjon kombinert med dyktig koreografi av Tor Ivar Hagen, og ikkje minst med den barnleg-naive tilnærminga, er denne framsyninga blitt både underhaldande og til ettertanke. Denne meldaren merka seg særleg to tablå. Det eine var Jobs bok og dyktig skildring av alle dei lidingar Gud utsette han for. Og så var det finalen som var eit overtydande og sterkt talekor som presenterte Johannes’ openberring. Og eit viktig tilleggspoeng ved Tønnessens presentasjon er at ho også syner oss at historiene i Bibelen slett ikkje alltid er nokon «sundagsskole».

(Ei litt forkorta utgåve av denne meldinga stod i Klassekampen onsdag den 18. oktober 2017.)

Forrykande og magisk

oktober 17th, 2017
KROPPSDELAR: Her handlar det ikkje berre om dei bokstaveleg tala hjartelause, men også om andre kroppsdelar. FOTO: STIG HÅVARD DIRDAL

KROPPSDELAR: Her handlar det ikkje berre om dei bokstaveleg tala hjartelause, men også om andre kroppsdelar. FOTO: STIG HÅVARD DIRDAL

TEATER

«Det tusende hjertet»
Rogaland Teater, Hovudscena
Av: Tore Renberg og Janove Ottesen
Regi: Bjørn Ravn Carlsen
Scenografi: Even Børsum
Kostyme: Ingrid Nylander
Masker: Jill Tonje Holter
Lysdesign: Haakon Espeland
Med: Oddrun Valestrand, Mareike Wang og to lag á 19 barn frå Barne- og ungdomsteatret til Rogaland Teater

Ei forrykande framsyning som i høgt tempo, med framifrå spel og gode songar tek oss inn i eit magisk univers.

For ti år sette Rogaland Teater opp det nyskrivne «Det tusende hjertet» med tekst av Tore Renberg og musikk av Janove Ottesen. Det blei ein kjempesuksess. Nå er ein ny publikumsgenerasjon vakse opp, og Rogaland Teater har sett opp att stykket med same regissør, scenograf og kostymedesignar, men med heilt ny casting og nokre nye vriar. Eg såg ikkje originaltappinga for ti år sia, men fekk vere med på nypremieren på fredag og har ikkje noko problem med å forstå kvifor dette blei ein suksess.

Syskena Nina og Anton på 13 og11 er åleine heime medan foreldra er bortreist. Nina er frampå og fremmeleg medan Anton er langt meir skeptisk. Det som ser ut til å vere ein forhutla uteliggjar har lagt seg til på dørmatta deira, men ved nærare kontakt syner det seg at Aleksander Semjonov, som han heiter, er ein russar som har tapt hjartet sitt til ei kvinne, men ikkje slik vi menn vanlegvis gjer, men i staden reint bokstaveleg. Han har rett og slett ikkje noko hjarte, og vil døy om kort tid om ikkje nokon kan få dette vitale organet på plass att. I katakombane under St. Petersburg vil dei kunne finne hans gamle flamme Irina Svetlana (Oddrun Valestrand) som veit meir og kanskje kan ordne opp.

I det litt Roald Dahlske universet som Tore Renberg har skapt, er det både magiske og uforklårlege ting som skjer, så det er for så vidt heilt greitt og fullt akseptabelt at Nina og Anton, sjølv om dei berre er 13 og 11, set seg på første fly til St. Petersburg og tar opp jakta på Aleksanders tapte hjarte. Der finn dei Irina, men møter også den skumle og langt farlegare Nana Nekarina (Mareike Wang) som i tillegg greier å stele hjartet til Nina. Du skal henge godt med om du vil ha med deg alle detaljane vidare, for nå dreg ungane og Irina til Sverige og den ganske eksentriske familien Engdahl som har funne opp ei tidsmaskin og som gjer ein heilt uforgløymeleg parodi på Michael Tretows «Den makalösa manicken».

Her går det ut og inn av både tid og rom i høgt tempo før det, som i alle slike historier, sjølvsagt går godt til slutt. Men om det blei lukkeleg slutt eller ikkje, er denne gongen nesten heilt uviktig, for det er først og fremst reisa dit som er teateropplevinga. Her er det verkeleg solid næring til fantasien gjennom alt det fantastiske og utrulege som Nina og Anton får del i, dei fargerike figurane dei møter, den kreative og lett Reodor-Felgen-aktige scenografien til Even Børsum, og ikkje minst dei ekstremt fantasifulle kostyma og maskene som Ingrid Nylander og Jill Tonje Holter har skapt. Og i tillegg flott musikk og gode tekstar av Janove Ottesen og Tore Renberg. Eit overflødigheitshorn av ei framsyning der ikkje alt var like enkelt å få med seg, utan at det gjorde noko som helst.

Rogaland Teaters barne- og ungdomsteater er ein institusjon i norsk scenekunst og feira nyleg 60-årsjubileum. Frå denne oasen av dyktige ungar kan teateret plukke det eine talentet etter det andre. I denne oppsetjinga er det berre to vaksne profesjonelle, men heile nitten ungar, det vil seie at det er to lag á 19 ungar som alternerer annankvar dag. Personinstruksjon av så mange er ei stor oppgåve, men her er det trygge, scenevande barn og ungdommar som turnerer både tekst og spel, for ikkje å seie det songlege, med den største sjølvfølgje. Det er verkeleg imponerande kva Bjørn Ravn Carlsen har fått til.

I spissen for det heile står dei to profesjonelle, ei strålande opplagt og særs truverdig Oddrun Valestrand, og så den infame Mareike Wang som nok ein gong syner at ho både er ein særs dyktig songar, og ein like dyktig karakterskodespelar. At «Det tusende hjertet» fram til nå berre er sett opp i Rogaland, er for meg ein gåte. Dette er ei barne- og familieframsyning som har det meste.

Vemodsfylt humor

oktober 16th, 2017
REGI: I forholdet mellom herre og tenar er det ikkje alltid godt å si kven som har den verkelege regien. FOTO: STIG HÅVARD DIRDAL

REGI: I forholdet mellom herre og tenar er det ikkje alltid godt å si kven som har den verkelege regien. FOTO: STIG HÅVARD DIRDAL

TEATER

«Påklederen»
Rogaland Teater, Teaterhallen
Av: Ronald Harwood
Omsett av: Torstein Bugge Høverstad
Regi og bearbeiding: Torfinn Nag
Scenografi og kostyme: Gjermund Andresen
Med: Espen Hana, Even Stormoen, Anette Hoff, Marianne Holter, Katharina Rudjord, Øyvind Angeltveit m.fl.

Eit litt vemodig, men også humoristisk blikk både bakover i tid, og backstage.

Bak det både triste og ganske komiske i «Påklederen» ligg det noko alderdommeleg og litt passé. Og jamvel om både Espen Hana og Even Stormoen tidvis briljerer i rollene, greier aldri denne framsyninga å løfte seg til å bli så mye meir enn eit vemodig skråblikk på noko som har vore.

Den britiske dramatikaren Ronald Harwood skreiv «Påklederen» (The Dresser) i 1980, truleg som eit ganske sjølvbiografisk drama etter fem år i teneste som personleg påkledar for Sir Donald Wolfit i hans Shakespearekompani på 50-talet. Harwood tek oss attende til blitskrigens England der den aldrande Sir (Even Stormoen) driv sin eigen kulturelle krig ved å spele Shakespeare trass i flyåtak og det ubegripelege brotsverk at Hitler har bomba det teateret Sir debuterte på. Jamvel om han så avgjort er ein dyktig skodespelar, har Sir eit sjølvbilde som er i største laget, og sviktande helse og råkøyr på seg sjølv gjer at han får eit samanbrot ein time før han skal spele King Lear for 227. gong. Han berre gret, hugsar ikkje replikkane, og helvete er laus. Kona (Anette Hoff), som sjølv spelar Cordelia, og den grå og trufaste Maggie (Marianne Holter) som er produsent, inspisient og alt administrativt i dette vesle kompaniet, vil avlyse framsyninga. Berre Sirs påkledar gjennom seksten år, Sebastian (Espen Hana) held roa og freistar å byggje Sir opp til å gjere nok ein entré.

Det blir eit nydeleg kammerspel mellom dei to med utveksling av ei rekkje referansar og metaforar både frå teateret og verdsdramatikken, og frå det langt meir trivielle. Jamvel om 1. akt er noko omstendeleg, er det i denne verbale duellen og duetten mellom dei to at eg finn framsyningas høgdepunkt, særleg fordi det blir spela av to så dyktige og røynde skodespelarar.

I andre akt er det både meir som skjer og strammare dramaturgi. Og sjølv om vi framleis får presentert det alvorlege blikket på spørsmål som aldringas og forfallets tragedie, det desperate ønsket og behovet alle har for å bli sett, og ikkje minst forholdet mellom herre og tenar, går framsyninga i større grad over til å bli komedie, meir på line med dei dei to produksjonane «Kollaps i kulissene» og «Panikk i kulissene» som for tida blir spela i Oslo og Trondheim. Men i denne akta får vi også sjå kor fabelaktig og effektiv Gjermund Andresens scenografiske løysing er der han greier å veksle synkront mellom tre scenebilde som gir publikum innblikk i kva som skjer både på og bak scena, og på same tid får bli del av framsyninga.

(Meldinga stod i Klassekampen måndag den 16. oktober 2017.)