Om å sjå og forstå

februar 26th, 2018

TEATER

UTSTØYTT: Gregor blir servert skjemd mat, og halden i eit søppelrom. Systera forstår han, men vågar ikkje gjere noko. FOTO: LARS ÅKE ANDERSEN

«Gutten som ble et insekt»
Hålogaland Teater, Scene øst
Av: Franz Kafka
Regi og bearbeiding: Eline Arbo
Scenografi og kostyme: Sarah Nixon
Maskedesign: Leo Thörn
Med: Gunnar Eiriksson, Maria Agwumaro, Kristine Cornelie Margrete Hartgen, Martin Karelius Østensen og Ida Løken Valkeapää

Ei særs spennande, kreativ og dyktig nytolking av ein klassikar som langt frå var skriven for ungar.

Det skjer mye spennande i norsk barneteater for tida. Oppsetjingar som tek barna på alvor og er laga på barnas eigne premiss, og stadige omskrivingar av gamle klassikarar for yngre målgrupper. Torsdag hadde Hålogaland Teater premiere på Franz Kafkas vidgjetne kortroman «Forvandlingen» med tittelen «Gutten som ble et insekt». Romanen opnar med at den handelsreisande Gregor Samsa ein morgon vaknar og er blitt eit ufordrageleg insekt. Gjennom ein relativt stutt tekst fortel Kafka om korleis familien og omgjevnadane reagerer, og ved å føre inn det surrealistiske ved ein slik ekstrem metamorfose, får han sagt vesentlege ting om utanforskap og om å vere annleis. Romanen er nesten profetisk med tanke på alt som har skjedd sia han kom ut i 1915.

Hålogaland Teater har tatt tak i historia, og følgjer henne i store trekk. Men medan Gregor i romanen er vaksen, bur saman med og forsørgjer foreldre og ei yngre syster, er han denne gongen åtte år, men framleis den mest aktive i det som er ein temmeleg typisk norsk kjernefamilie av i dag. Dei er hektisk opptekne med kvardagens utfordringar med stram timeplan, køyring til og frå trening, speidar og musikk. Ganske sjølvopptekne er dei også, og Gregor er den snille, pliktoppfyllande som må hjelpe både storesystera og foreldra.

Eline Arbo, sjølv frå Tromsø, men utdanna i Nederland i 2016, har så langt berre to produksjonar bak seg. Sjølv såg eg «Helvete er de andre» på Teatret Vårt i fjor, ein parafrase over Jean Paul Sartres «For lukkede dører», ei særs eksperimentell og spennande framsyning, og ein formidabel regidebut. Nå held Arbo fram med å dikte vidare på klassikarane, og nok ein gong er det både eksperimentelt, nyskapande, – og ikkje minst vellukka. For å leggje historia til rette for barn, har ho gjort eit par gode grep. For det første er alle bipersonane i boka fjerna, medan ho i staden har ført inn Kim (Ida Løken Valkeapää) som er Gregors lærar og kanskje den einaste som ser og forstår. Ho har fått ei forteljarrolle som gjer at det heile blir lettare å forstå, og ikkje minst at den ganske triste avslutninga likevel blir runda av med ein særs oppbyggjeleg epilog. Og så er det slik at Gregor oppfattar kva dei andre i familien seier, men dei forstår ikkje insektspråket hans. Dette har Arbo løyst ved å dele ut to sett hodetelefonar til publikum der ungane høyrer alt, medan Gregors tale blir forvrengt for dei vaksne. (Sjølv fekk eg jukse litt med å veksle mellom dei to.)

Framsyninga opnar i foajeen der Kim bur oss på det som skal skje. Så kjem vi inn i salen og får oppleve kvelden før forvandlinga. Gregor (Gunnar Eiriksson) er travelt opptatt med å gjere lekser, medan systera Grete (Maria Agwumaro) stadig avbryt han med påstandar om at han har vore på rommet hennar, faren Trond (Martin Karelius Østensen) skal ha hjelp til alt og inkje, og den særs sjølvopptekne mora Anita (Kristine Cornelie Margrete Hartgen) ikkje let han få fred eit sekund. Når det er tid for å leggje seg, og Gregor framleis ikkje har fått gjort leksene, får han kjeft for å ha somla! Eg trur det var mange ungar i salen som kjende seg att. Utmatta fell han i søvn, og vaknar altså morgonen etter som eit insekt.

Då får vi ei oppvising i utanforskap, forventningspress, neglisjering, fornekting, manglande vilje til å forstå og akseptere, og ikkje minst redsla for alt som er litt annleis. Arbo har laga ei framsyning der ho let døra til mogelege tolkingar stå vidopen, og det er eit godt val. For her er høve til å kjenne seg att på mange plan. Når det går opp for Gregor at dei andre ikkje forstår kva han seier, let han ikkje sjansen gå frå seg, til hylande latter frå ungane. Men når han verkeleg har behov for å bli forstått, og ikkje når fram, var det nok like mange i salen som kjende seg att. Og når Gregor som insekt likar skjemd mat, og blir fora med søppel, er parallellen openberr til behandlinga vår av alle som er annleis.

Arbo har vald å nytte mye overspel frå dei tre andre i familien, og det kan stundom bli litt i meste laget, men stort sett blir det godt balansert av Gunnar Eiriksson som gjer ein særs truverdig, mangefasettert og inderleg tolking av Gregor. Og i samspelet mellom han og Maria Agwumaro er det mange både vakre og såre scener. Systera forstod, men våga ikkje å seie frå, og lét seg i staden overtyde av foreldre som var meir opptekne av å glatte over og halde fasaden. Og når læraren kjem mot slutten, og både ser og forstår, er det diverre for seint.

(Meldinga stod i Klassekampen måndag den 26. februar 2018,)

Ytre og indre konfliktar

februar 26th, 2018

DANS

NÅDELAUST: Omkransa av 48 lysande «auge» er det vanskeleg å gøyme seg. FOTO: CHRISANDER BRUN

«I det fjerne, Troja»
Teaterhuset Avant garden, Trondheim
Av og med Magnus Myhr
Musikk: Bendik Giske
Scenografi, lys og kostyme: Chrisander Brun

Ekspressivt og sanseleg, men ikkje alltid like forståeleg om indre kamp mellom det maskuline og feminine.

Hausten 2014 sette multitalentet Magnus Myhr opp ei sterkt sjølvbiografisk framsyning han kalla «Jeg satt på en stein og så utover «havet»» i regi av Rebekka Nystabakk og Huy Le Vo. På eit humoristisk vis utforska Myhr oppvekst som homofil og litt annleis i det vesle bygdesamfunnet Klæbu rett sør for Trondheim der det er forventa at gutar spelar fotball, og ikkje er opptekne av dans, eller Hedda Gabler for den del. Det var ein lovande solodebut der han nytta både skodespel, tale, song og dans for å seie mye særs personleg om både kjønnsidentitet og utanforskap. I haust var Myhr med i «Goodbye Kitty», ei ungdomsframsyning på Teatret Vårt, også den av Rebekka/Huy, og nok ein gong om kjønnsidentitet og å få lov å vere seg sjølv. I oppsetjinga «I det fjerne, Troja» som hadde urpremiere på Teaterhuset Avant Garden i helga, har Myhr sjølv ansvar for både innhald, koreografi, regi og framføring, og i motsetnad til dei to førre er dette ei rein danseframsyning. Men temaet er framleis det same, om enn litt vidareutvikla og meir utforskande.

I ein black box med tre svarte veggar, berre open mot publikum, og omkransa av 48 lyskastarar lever Myhr ut sine ytre og indre konfliktar mellom det å kjenne seg som ein feminin person samstundes som han i det ytre framstår med veltrena maskulinitet. Fanga i lyset frå nådelause spotlights der det openbert er vanskeleg å gøyme seg, utforskar han med ekspressiv dans og ikkje alltid like tydelege metaforar frå greske tragediar, sine eigne indre konfliktar. I samspel med nyskriven og tidvis ganske suggererande musikk av Bendik Giske leverer han ekspressiv dans som vekslar mellom det nesten spastisk-hektiske og rolegare og meir poetiske parti.

For meg som ikkje er altfor røynd med å sjå og tolke dans, opplevde eg framsyninga først og fremst som ei litt vond reise inn i ein person som ikkje har det så godt med kroppen sin. Men frå det spastiske og sekvensar der eg las inn både brekningar og anna ubehag, kom det også parti der eg opplevde ei stadfesting og ein slags indre ro. Og det var i kontrastane mellom desse ulike stemningane at framsyninga for meg hadde sine sterkaste sider. Mye var vanskeleg å fatte, men grunnideen og bodskapen til Myhr var det aldri tvil om. Slik sett ble dette for meg meir ei visuell og sanseleg oppleving enn ei inngåande forståing av det Magnus Myhr ønska å formidle.

Framsyninga er ein co-produksjon og skal visast både på Teatergarasjen BIT i Bergen, RAS i Sandnes og Black Box i Oslo seinare i vår.

(Meldinga stod i Klassekampen måndag den 26. februar 2018.)

Fargerikt i svart/kvitt

februar 14th, 2018

TEATER

AVSLØRINGA: Tartuffe syner seg til slutt som ein ynkeleg, kåt sjarlatan, men verda vil likevel framleis bli bedratt. FOTO: STIG HÅVARD DIRDAL

AVSLØRINGA: Tartuffe syner seg til slutt som ein ynkeleg, kåt sjarlatan, men verda vil likevel framleis bli bedratt. FOTO: STIG HÅVARD DIRDAL

«Tartuffe»

Rogaland Teater, Teaterhallen
Av: Molière og Rolf Alme
Regi, scenografi og kostyme: Rolf Alme
Med: Even Stormoen, Mette Arnstad, Eva Ragnhild Jørgensen Tysse, Marianne Holter, Oddrun Valestrand, Espen Hana og Anders Dale

Ei ganske annleis framsyning med sine heilt eigne premiss, men godtek du dei, er dette rett så underhaldande.

Kåte, religiøse sjarlatanar har eksistert til alle tider. Det får vi stadige prov på, og Molières bitande komedie frå 450 år attende syner at lite er endra. Tartuffe (Anders Dale) er ein religiøs juksemakar som innyndar seg hjå storfamilien til Orgon (Even Stormoen) og mor hans, Madame Perneille (Mette Arnstad). Der overtek han mye av styringa gjennom løfte om å kome til paradis etter døden om dei berre følgjer hans pipe. Akkurat slik religiøse leiarar har gjort i tusenvis av år. I Molières komedie, som måtte omskrivast to gongar før han kunne presenterast for Ludvig XIV, er oppgåva å avsløre svindlaren.

Formspråk, dialog, eller rettare deklamasjon, slik det var i 1660-talets Paris, ville ha vore ganske uinteressant og langt frå underhaldande for dagens publikum. Difor har Rolf Alme halde seg langt unna omsetjingane til Halldis Moren Vesaas og André Bjerke, og i staden laga sin eigen moderne parafrase over komedien, ei framsyning som tek opp i seg ulike element frå antikkens greske kor gjennom Molières og Holbergs komediar til dagens multimediale metateater.

Det er blitt ein kakafoni av ei teateroppsetjing, i indre konflikt og samstundes i dialog med seg sjølv, og ei særs fargerik framsyning der det meste er i svart/kvitt. Alme gjer overspelet til ei kunstform, gjev blaffen i kjønnsroller, let Espen Hana bli ei overtydande tenestejente med kraftig skjeggvekst, og Oddrun Valestrand ein like truverdig svoger og svigerson til Orgon. Slik snur han opp ned på teaterkonvensjonar, leikar seg med publikum og nyttar populærmusikalske referansar og videoprojeksjonar på eit utsøkt og samstundes humoristisk vis.

Godt ensemblespel er Rogaland Teaters varemerke, og her er dei nok ein gong på sitt beste,. Kanskje er framsyninga litt i lengste laget, kanskje er ho litt repeterande. Men dette er ei oppsetjing som er tufta fullstendig på eigne premiss. Om du godtek dei, vil du ha ei verkeleg underhaldande stund i teateret.

(Meldinga stod i Klassekampen onsdag den 14. februar 2018.)

Tydeleg, men uklår

februar 12th, 2018

TEATER

LØYSINGA?: Skal ein ta det piano når makta forvitrar, eller er det enklaste kanskje pistol? FOTO: STIG HÅVARD DIRDAL

LØYSINGA?: Skal ein ta det piano når makta forvitrar, eller er det enklaste kanskje pistol? FOTO: STIG HÅVARD DIRDAL

«Hedda Gabler»

Rogaland Teater, Hovudscena
Av: Henrik Ibsen
Regi og bearbeiding: Audny Chris Holsen
Scenografi og kostyme: Åse Hegrenes
Koreograf: Sigrid Edvardsson
Komponistar: Halvor Lillesund og Vegard Fossum
Med: Helga Guren, Marko Kanic, Nina Ellen Ødegård, Line Starheimsæter, Svein Solenes og Mattias Lech

Ei velspela framsyning som vil så mye, og som er særs tydeleg i uttrykket, men på same tid ganske uklår i problematikken.

Hedda Gabler er ei av Henrik Ibsens mest gåtefulle kvinner, og her ligg nok også mye av fascinasjonen for hovudpersonen i dette dramaet frå 1890. Kva er det med denne kvinna som har verda for føtene sine, kan få den ho vil, men som vel den litt grå akademikaren Jørgen Tesman, kjeder seg til døde, og driv eit vondskapsfullt intrigespel der ho til slutt fell for eige grep? Med undertittelen «En uløst gåte» er det dette Rogaland Teater og regissør Audny Chris Holsen vil freiste å utforske, og til det nyttar dei eit spel i fleire lag der undermedvitet har fått ein sentral og synleg plass.

Rogaland Teater har vald ein modernisert og fortetta presentasjon der scenografien til Åse Hegrenes er eit relativt lekkert interiør som nok kan vere i dag, og der det naturlege talemålet kan tyde på det same, men der handlinga elles er relativt tidlaus. Det er eit godt val. I opningsscena sit Hedda (Helga Guren) ved pianoet, nett heimkomen frå ei dødskjedeleg bryllaupsreise og fanga i sitt eige hus. Iført ein fargesterk slåbrok, medan alle dei andre er kledd langt meir diskret, er det aldri nokon tvil om kven dette dreier seg om.

I det relativt nake rommet, heng det to pistolar på veggen. Påfallande tydeleg. Og i framhaldet av opningsscena blir det straks minst like tydeleg at Hedda er ei bortskjemd kvinne, blotta for empati og interesse for andre enn seg sjølv. Dette poenget at alt skal vere så synleg, denne mangelen på nyansar og spel på det subtile, er diverre gjennomgåande i heile framsyninga, og er oppsetjingas største problem.

For å utforske gåta Hedda Gabler, nyttar Holsen spel med fleire lag der undermedvitet blir visualisert ved at skodespelarane er til stades i rommet, men usynlege for dei andre, gjerne med stiliserte koreografiske rørsler som skal symbolisere stemning og sinnstilstand. Det er eit godt grep, men gjennomføringa er ikkje alltid like vellukka, og tidvis kan det verke noko forvirrande.

Helga Guren er ruvande og dyktig som den Hedda regissøren vil at ho skal vere. Ho er trygg, heile tida til stades med ein naturleg autoritet, og spelar ut det infame intrigespelet sitt med sikker hand. Dette er ei dame med makt, og som veit å nytte henne. Problemet med rolla ligg ikkje hjå Guren som gjer ei framifrå tolking innanfor dei rammene ho har fått, men i regien der Holsen har vald det overtydelege. Medan dei andre aktørane får vere heile menneske med nyansar og fleire sider, blir Hedda presentert som gjennomgåande vond. Marko Kanic som Jørgen Tesman spelar avdempa og truverdig slik at vi forstår den litt naive og fagorienterte, men ikkje alt for dyktige akademikaren som er ganske blind, og opp til halsen forelska i kona si. Og Nina Ellen Ødegård gir nye sider til den ofte litt sjølvutslettande Thea Elvsted, som her blir Heddas rake motsetnad, ei sterk kvinne, ikkje i kraft av makt, men av mot til å ta eigne val og stå for dei. Og i ein del av dialogane mellom Hedda og kvar av desse to er det tidvis elektrisk.

Når scenografien blir særs symboltung mot slutten, Heddas verd og spelerom blir trongare og trongare både fysisk og reelt, og makta forvitrar, vel ho å ta sitt eige liv. Kva er det som gjer at ei kvinne tar det valet? Det er vegen dit som er den uløyste gåta teateret ønsker å seie noko om. Men når Holsen insisterer på å syne ei ganske statisk intrigant Hedda, og ikkje gir ho dei naudsynte nyansane, blir det også nokså uforståeleg kva som gjer at ho som i starten formeleg eig verda, etter to intense døgn vel å forlate henne. Dermed forsvinn ein del av truverdet. Og den uløyste gåta er framleis minst like uløyst.

Det er synd, for dette er ei framsyning med glitrande spel, diskret men effektfull, og etter kvart særs symboltung scenografi, og ikkje minst fine tilløp til å freiste å forklare kva som skjer i det undermedvitne.

(Meldinga stod i Klassekampen måndag den 12. februar 2018.)

Det er aldri for seint

januar 29th, 2018
VITAL: Å vere 61 år er inga hindring når du vil ta livet ditt attende. FOTO: MAGNUS R. FURSET

VITAL: Å vere 61 år er inga hindring når du vil ta livet ditt attende. FOTO: MAGNUS R. FURSET

TEATER

«Lilly Valentin»

Teatret Vårt, Arbeideren, Ålesund
Av: Willy Russell
Omsett av: Morten Krogstad
Dialektbearbeiding: Astrid Overaa
Regi og visuelt uttrykk: Philipp Stengele
Lys: Jonas P A Fuglseth
Med: Astrid Overaa

Ei varm og inderleg forteljing som syner at det aldri, aldri er for seint å ta livet attende.

Willy Russells monolog frå 1986 om den middelaldrande arbeidarklassehusmora Shirley Valentine frå Liverpool som stikk av frå mann og heim til ein fjorten dagars tur til Hellas der ho finn att seg sjølv og sitt eige liv og deretter bestemmer seg for å bli, er for lengst blitt allemannseige. Filmatiseringa frå 1989 med Pauline Collins i hovudrolla vann ei rekkje priser og blei ein megasuksess, og her heime vil dei fleste hugse Anne Marit Jacobsens versjon på Nationaltheatret frå same år, ei oppsetjing som blei så populær at ho måtte flyttast frå amfiscena til teaterets hovudscene. Mindre kjend er det at Astrid Overaa framførte monologen på Teatret Vårt i Møre og Romsdal for femten år sia i regi av Erik Ulfsby. Også det ein produksjon som gjekk for fulle hus og vel så det.

Mye vatn er runne i havet sia den gongen, og det er eit ope spørsmål om historia har same sprengkraft i dag, tretti år etter at ho blei skriven. Lilly Pedersen med jentenamnet Valentin er ei husmor som må snakke til veggen for å få til ein fornuftig samtale i eit ekteskap som for lengst har gått i stå. Stikk i strid med all pliktkjensle, vågar ho likevel å takke ja til venninnas invitasjon om å bli med til Hellas. Og med opne auge let ho seg der forføre av ein grekar, før ho til slutt nektar å reise heimatt. For tretti år sidan var dette relativt grensesprengjande og ganske uhøyrd. Men kvinner på 40 – 50 er ikkje lenger middelaldrande, og sjølv om mange framleis lever i innestengde ekteskap, er det ikkje noko spesielt sensasjonelt med ei dame som bryt ut og finn att livet sitt.

Då Teatret Vårt sette opp Lilly Valentin i 2003 var Astrid Overaa femten år yngre og om lag like gamal som Lilly i originalmanuset. Det nye når teateret nå set opp att monologen, er at Overaa spelar ei 61 år gamal dame der alderen er langt meir openberr og det kroppslege forfallet har kome lenger. Det er ein adapsjon som gjer at historia med eitt blir mye heftigare, og ikkje minst utfordrande for fordommane våre.

I eit heilt nake scenerom med berre ei handlevogn, og etter kvart ein koffert som rekvisitt framfører Overaa monologen. Regien er denne gongen ved Philipp Stengele. For to år sia fekk han to Heddanominasjonar for oppsetjinga av William Shakespeares «Othello» for ungdom, også det for Teatret Vårt. Tekstbearbeidinga som han gjorde der, var framifrå, og dette har han tatt med seg og vidareført i «Lilly Valentin». Saman med Astrid Overaa har han laga ei oppsetjing der det er autentisiteten og dei mange gjenkjenningsmomenta i teksten og små detaljar i framføringa hennar som skapar det heile. Morten Krogstads omsetjing er bearbeidd vidare til eit levande og munnleg sunnmørsk. I tillegg er handlinga lagt til Ålesund i dag, og det er gjort mye godt arbeid med den lokale tilpassinga av innhaldet. Willy Russells originaltekst er svært god, reflekterande og full av kvardagsfilosofi til å kjenne seg att i. Og den bearbeidinga og tilpassinga som Stengele og Overaa har gjort, yter teksten stor rettferd samstundes som dei vidareutviklar han og gir han langt meir autentisitet. Overaa er inderleg, varm, klok, reflekterande og overtydande på scena, ho er trygg i spelet, eig publikum og i den særs teksttunge rolla er det lett å bære over med at det blei litt suffli på premieren.

Både med tanke på #metoo i haust, og på at denne vel tretti år gamle historia ikkje lenger er like oppsiktsvekkjande, må eg vedgå at eg var litt skeptisk før premieren laurdag. Men Stengele og Overaa feide all tvil til sides, og eg laut meg både sjarmere og forføre. Eitt er at det er ein framifrå tekst og ei god historie, men den nytolkinga Stengele og Overaa har gjort, bringa med seg mange nye og spennande dimensjonar, som til dømes oppgjeret med  tabuførestillingane vi har knytt til alderdom og kroppsleg forfall. Alder er først og fremst eit tal, og det er aldri for seint å leve.

(Meldinga stod i Klassekampen måndag den 29. januar 2018.)

Overspel og plump humor

januar 27th, 2018
KOREOGRAFI: På sitt beste er Strømgren når han får skodespelarane til å gjere stilisert dans. FOTO: MARIUS FISKUM

KOREOGRAFI: På sitt beste er Strømgren når han får skodespelarane til å gjere stilisert dans. FOTO: MARIUS FISKUM

TEATER

«Nordens Paris»
Hålogaland Teater, Scene vest
Av: Jo Strømgren
Regi og scenografi: Jo Strømgren
Kostymedesign: Yngvar Julin
Lysdesign: Øystein Heitmann
Med: Ketil Høegh, Finn Arve Sørbøe, Kristine Henriksen, Trude Øines, Jonas Delerud, Jørn Fuller-Gee og Marius Lien

Eit umiskjenneleg og absurd Strømgrenunivers, men langt frå hans vanlege standard.

Det er Nordlysfestival i Tromsø, og opningsframsyninga er ein urpremiere på Hålogaland Teater. Jo Strømgren har laga fleire produksjonar for teateret tidlegare, og denne gongen er han hyra inn for å skrive og setje opp ei framsyning om byens kallenamn; «Nordens Paris». Men slik det ofte er i Strømgrens univers, blir det heilt annleis enn ein skulle tru.

Ein langt over gjennomsnittet ambisiøs ordførar i Tromsø (Ketil Høegh) og hans våpendragar og barndomsvenn (Finn Arve Sørbøe) får det for seg at byen må markere seg internasjonalt, og at det blir for smått å gå gjennom byråkratiet i Oslo. Utan særleg demokratisk ryggdekning, og på nokså sjølvstendig initiativ leiger dei like godt ei toppleilegheit i Paris for å opne Tromsøs ambassade i den franske hovudstaden. Til opninga har dei invitert både president Macron og eit par av statsrådane hans. Og ettersom dei er i Frankrike, har dei tatt med seg eit par norske damer (Kristine Henriksen og Trude Øines) for å mørne dei franske politikarane. Dei har ville vyar for eksportnæringa og startar med 40 tonn kvalkjøt i tillegg til litt heimelaga Tromsøpalmevin. Som lesaren forstår, er det ei fullstendig absurd, ellevill og heilt uhandterleg historie Jo Strømgren tek oss med på, slik han ofte har gjort før.

Scenografien, som kanskje er det mest vellukka ved denne oppsetjinga, er ei toppleilegheit i sjuande etasje utan heis og med ein liten takterrasse. Her held dei fire håpefulle Tromsøværingane til medan dei bur seg på ambassadeopning og celebert besøk, samstundes som ein amorøs fransk nabo med fartstid frå framandlegionen (Jonas Delerud) og ein skorsteinsfeiar som også har andre agendaer (Jørn Fuller-Gee), forstyrrar førebuingane. Som i mange av Strømgrens andre produksjonar, snakkar dei to eit språk ingen forstår, men som denne gongen fonetisk liknar på fransk. Eit anna typisk kjenneteikn er at koreografen Strømgren også får skodespelarane til å gjere synkrone og stiliserte rørsler, og det seier diverre ein del om framsyninga, at det er her personinstruksjonen er på sitt beste.

«Nordens Paris» er ei absurd framsyning med eit utal forviklingar og mye situasjonskomikk, og sjølvsagt ikkje utan eitt og anna artig innslag. Ideen er god, men historia er altfor tunn, heng ikkje i hop, og er heller ikkje spesielt morosam. Humoren er full av stereotypiar og tidvis ganske plump, og personinstruksjonen er nyansefattig og går i alt for stor grad ut på overspel. Dette er langt frå Strømgren på sitt beste.

(Meldinga stod i Klassekampen laurdag den 27. januar 2018.)

Leik med konvensjonar

januar 22nd, 2018
SYMPTOMATISK: Det er ikkje akkurat frå ein påfugltrone Ubu utøver makta si. FOTO: ALEKSANDAR RAMADANOVIC

SYMPTOMATISK: Det er ikkje akkurat frå ein påfugltrone Ubu utøver makta si. FOTO: ALEKSANDAR RAMADANOVIC

TEATER

«Ubu»
Trøndelag Teater, Hovudscena
Etter «Kong Ubu» av Alfred Jarry
Omsett av: Kjell Helgheim
Konsept, tekst og regi: Tomi Janežič
Scenografi: Branko Hojnik
Kostyme: Marina Sremac
Koreografi: Katja Legin
Lysdesign: Eivind Myren
Med: Karl-Vidar Lende, Stine Fevik, Mari Hauge Einbu, Mads Bones m. fl.

Ein skikkeleg happening av ei framsyning, men kanskje med større ambisjonar enn berre å underhalde?

Då Alfred Jarrys «Ubu Roi» hadde premiere i Paris i 1896 blei det total skandale og oppsetjinga blei tatt av plakaten same dag. Både i form og innhald braut stykket med alle teaterkonvensjonar og blei forløparen for både det absurde og det meir moderne og politiske teateret, samt for kunstretningar som surrealisme og dadaisme.

Handlinga dreier seg om Ubu (Karl-Vidar Lende) som styrtar kongen i Polen, kjøper seg popularitet før han blir ein maktsjuk despot som herskar gjennom drap og grov utbytting. Nå har Trøndelag Teater henta inn det kunstnarlege teamet frå suksessoppsetjinga «Doppler» frå 2016 og latt dei lage ein parafrase over Jarrys tekstar og hendingane rundt urpremieren, ei framsyning som både går inn i og kommenterer seg sjølv og verda for øvrig. Det er ei stor og dristig satsing både fysisk, kunstnarleg og i bruk av verkemiddel, og det er brot på og leik med konvensjonar.

Teatersjef Kristian Seltun skal ha ros for å satse så vågalt og politisk på hovudscena. Regissør Tomi Janežič følgjer i grove trekk narrativet til originalen, men der scener og tablå kjem langt frå kronologisk, og der stadige brot gjer at du aldri veit kva som ventar deg. Han nyttar heile scenerommet, salen og publikum, tar inn både eit heilt musikkorps og nye statistar frå kveld til kveld, boltrar seg i teatralske verkemiddel og konvensjonar som han like ofte bryt med den største sjølvfølgje. I like stor grad som dette er ein parafrase over «Kong Ubu», er det ein kommentar til scenekunsten og ikkje minst til verda i dag. Det er absurd, det er opprørsk, og det er fullstendig annleis.

Alt dette er både vel og bra, men etter at Jarry lagde ein godt førebudd skandale i 1896 har det skjedd mye med scenekunsten. Det er lite att som kan provosere eit etter kvart ganske blasert publikum, og blod, bannskap og bæsj gjer det i liten grad. Her ligg produksjonens størte dilemma. Distansen til det politiske og opprørande blir for stor til å gjere noko med oss, og i staden for å røske i publikum, eller syne oss at Jarrys visjonar er blitt røyndom, blir vi stort sett berre underhaldt. Vi følgjer dei mange innfalla, humrar og ler, gler oss over særs dyktige skodespelarar med ein energisk og infam Karl-Vidar Lende i spissen, let oss imponere over improvisasjonskunsten deira, finn nok framsyninga litt lang, men har ein opplevingsrik kveld i teateret. Det er blitt ein skikkeleg happening av ei framsyning. Men det var vel neppe berre det Janežič ønska å oppnå?

(Meldinga stod i Klassekampen måndag den 22. januar 2018)

Vi og dæm

januar 18th, 2018
TEATER

FASCINASJON: I yndlingstrøya frå 2009 gir Ole Christian Gullvåg oss innblikk i kor eksistensielt det kan vere å vere lidenskapeleg opptatt av Rosenborg og fotball. FOTO: ESPEN STORHAUG

FASCINASJON: I yndlingstrøya frå 2009 gir Ole Christian Gullvåg oss innblikk i kor eksistensielt det kan vere å vere lidenskapeleg opptatt av Rosenborg og fotball. FOTO: ESPEN STORHAUG

«Rotsekk»
Turnéteatret i Trøndelag, Verkstadhallen i Trondheim
Av: Ole Christian Gullvåg og Aslak Moe
Regi: Aslak Moe
Med: Ole Christian Gullvåg

Eit varmt, ærleg, særs personleg og ikkje minst innsiktsfullt gløtt inn i eit univers som kan verke ganske uforståeleg for mange av oss.

Kva er det som gjer at tilsynelatande heilt vanlege, oppegåande og intelligente menneske kan stå nærast i affekt og rope: «Hate, hate, hate Molde by!»? For dei fleste av oss er dette ganske uforståeleg, og etter å ha sett Ole Christian Gullvågs monolog «Rotsekk», er det framleis synd å si at eg har kome til full forståing, men eg skjønar likevel at spørsmålet er langt meir samansett enn som så.

Ole Christian Gullvåg er ein særs dyktig, hardt arbeidande og seriøs skodespelar eg har både sett og meld med stor interesse dei siste åra. Så syner det seg at han i tillegg er ein langt over gjennomsnittet fotballfrelst Rosenborgsupportar, ein som identifiserer seg i så stor grad med laget sitt at han seier at det var VI som tapte eller vann, og ikkje dei, for DEI er alle dei andre; Skeid og Moss og Sogndal, for ikkje å seie Molde, medan VI er Rosenborg. Om dette identitetsspørsmålet og mye meir har han nå laga teater, og i kveld var det urpremiere på monologen «Rotsekk» i Verkstadhallen i Trondheim før framsyninga skal ut på turné i det nye storfylket.

Det heiter at fotballen er rund, men då er det nærliggjande spørsmålet korleis han samstundes kan gjere så mange tilhengjarar så til dei gradar firkanta? Dette har eg aldri fått noko godt svar på, men Gullvåg er faktisk i nærleiken med denne monologen. Nake og ærleg fortel han om oppvekst i Nordland der det naturlege valet for ein unggut ville vere å heie på Bodø/Glimt, men korleis ein tur til Trondheim opna auga hans for noko større, noko som etter kvart blei nesten religiøst, ja kanskje meir enn det, nemleg fascinasjonen for Rosenborg. Og når den vesle familien flyttar til Trondheim medan han framleis er ein yngling, og Lerkendal er i ti minutts gangavstand frå heimen, er både lykka og løpet lagt. Om dette fortel han varmt, inderleg og ganske nådelaust ærleg med ikkje så reint lite sjølvironi. Vi ler både av og med han, og forstår etter kvart at dette er identitet, og meir enn det; det er openbert heilt eksistensielt. Det er mye humor, det er litt trist, og det er det mest innsiktsfulle eg nokon gong  har fått presentert om å vere fotballfrelst. Eg var på nippet til å skrive fotballgal, og er freista til å omtale Gullvåg som ein fotballnerd, men framsyninga gjer noko med meg som får meg til å moderere språkbruken.

Ope, ærleg og med mye humor fortel han om supportarens opp- og nedturar, om kor omfattande kjærleiken er til fotballen generelt, men til Rosenborg spesielt, og ikkje minst om problema med å bli forstått og akseptert av teatervenner for denne ikkje veldig intellektuelle interessa. Og på same tid fortel han meir personlege historier om eigen oppvekst, familie og etter kvart temmeleg private forhald. Og eg tar meg i å lure på kvifor han må ta med dette i ein elles ganske humoristisk sak om det eigentleg heilt uvesentlege fenomenet fotball.

Men medan vi let oss underhalde, humrar og ler som om vi er og ser ein relativt god standupkomikar, og guarden er nede, slår Gullvåg med eitt ganske hardt attende og treff så det kjennest. Det personlege er ikkje litt teatralsk staffasje i all humoren. Dette er langt alvorlegare enn som så, låtten set seg fast i halsen og blir erstatta med ein klump medan vi slit med tårene og heilt andre kjensler. Eg skal ikkje røpe noko av narrativet, men Gullvåg fortel ikkje ei historie om ein vanleg fotballforelsking, men noko langt større og meir eksistensielt, og etter kvart forstår vi at alt i livet heng saman med alt.

Dette er Ole Christian Gullvågs personlege beretning og historie, men ho er skriven i samarbeid med og regissert av Aslak Moe. Det er ikkje eit tilfeldig val. Moe har dei siste åra instruert tre heilt ulike, men samstundes særs sterke monologar. Først var det Thomas Byes litt undrande «0 + 0 = 4» om saka mot Fredrik Fasting Torgersen (2014). Så kom Morten Joachims «Fire begravelser og ett bryllup» i 2016, og nå denne. I alle tre har Moe greidd å skape forteljarteater som held interessa hjå publikum heile tida, små dramaturgiske grep og vendingar som gjer at tilskodaren blir halde fast og må følgje med. Og sjølv om Morten Joachims historie handlar om at han på stutt tid gravla sine fire næraste på grunn av rusbruk, medan Gullvågs monolog meir er om ein altomfemnande og relativt ufarleg fascinasjon, er det likevel forbausande mye likt i dei to framsyningane som båe handlar om ulike junkies, om avhengigheit og om nære relasjonar. Og om kor skjørt og vanskeleg livet kan vere.

Saman med Aslak Moe har Ole Christian Gullvåg gitt oss eit varmt, personleg og nådelaust ærleg innblikk i livet og kvardagen til ein fotballfrelst person som til liks med oss alle er langt meir enn berre ein diagnose eller klistrelapp, men eit heilt menneske med ein lidenskap eg framleis ikkje fullt ut kan forstå, men som eg likevel nå ikkje er like fordomsfull mot. Og sjølv om han framleis «hate Molde by», trur eg dette er ei framsyning som godt kan bli vist til fansen på Røkkeløkka, på Guldbergaunet eller kor det måtte vere at det finst folk som både har menneskelege trekk, kjensler og problem, og som samstundes er glade i fotball.

Endetidsdramatikk

januar 15th, 2018

TEATER

HERRE OG TENAR: Sjølv når alt håp er ute, må maktforholda haldast ved like. FOTO: OLE EKKER

HERRE OG TENAR: Sjølv når alt håp er ute, må maktforholda haldast ved like. FOTO: OLE EKKER

«Sluttspill»
Trøndelag Teater, Gamle scene
Av: Samuel Beckett
Omsett av: Jan Erik Vold
Regi: Øyvind Brandtzæg
Scenografi og kostyme: Katrin Bombe
Lysdesign: Roger Indgul
Med: Trond Peter Stamsø Munch, Jon Lockert Rohde, Hallbjørn Rønning og Wenche Strømdahl.
 

Etter kvart som verda blir stadig meir absurd, framstår Samuel Becketts dramatikk i dag nesten som sosialrealisme.

Det er dryge seksti år sia Samuel Beckett skreiv «Sluttspill», det dramaet som ved sia av «Vente på Godot» er hans viktigaste og mest spela. Båe skildrar ein endetidssituasjon og den totale meiningsløysa gjennom absurd og tilsynelatande inkjeseiande dialog. Men medan Vladimir og Estragon i «Vente på Godot» i det minste har noko å sjå fram til, er det total håpløyse for Hamm og Clov, dei to hovudpersonane i «Sluttspill». Til gjengjeld er her ein god porsjon humor, og i den grad det er mogeleg å gjere sjølvstendige regigrep ved oppsetjing av Becketts drama, er det den underliggjande komikken som er det viktigaste særmerket ved Øyvind Brandtzægs presentasjon på Trøndelag Teaters gamle scene.

I eit tilnærma lukka rom, og i ein situasjon som kan vere etter ein katastrofe, eller på anna vis ved slutten av tilværet, held Hamm (Trond Peter Stamsø Munch) og tenaren hans, Clov (Jon Lockert Rohde), til. Hamm er blind og kan ikkje gå, medan Clov har ein skade så han ikkje kan sitje. Verda utanfor får vi berre små innblikk i via to små vindauge høgt oppe på veggen. Kva som rører seg der ute, veit vi lite om, men det meste tyder på at det er minimalt att av normalt liv.

Gjennom ein absurd og særs velspela dialog mellom herre og tenar, gir Munch og Rohde oss innblikk i eit  meiningslaust tilvære fritt for nyansar. Men gjennom Roger Indguls lyssetting, som heile tida skiftar mellom det dunkle og det nesten sterilt opplyste, greier teateret likevel å gi oss ein nyanserikdom som ein eigen undertekst, noko som på same tid både kontrasterer og understrekar innhaldet, eller innhaldsløysa, om du vil.

Etter kvart syner det seg at Hamm og Clov ikkje er åleine i rommet. Opp av to søppelkasser kjem Nagg (Hallbjørn Rønning) og Nell (Wenche Strømdahl), foreldra til Hamm, openbert plassert i kassene medan Hamm ventar på at dei skal døy, for i dette universet er det den reindyrka kynismen som rår. Rønning og Strømdahl spelar med ein nesten apatisk mangel på mimikk og kjensler, men nettopp difor greier dei også å kontrastere meiningsløysa med nesten kjærlege og varme tilbakeblikk på levde liv.

Detaljerte og nitide scenetilvisingar frå Beckett, og alt for strenge krav frå rettigheitseigarane, gjer at handlingsrommet ikkje blir særleg stort for korkje scenograf eller regissør. Likevel har båe greidd å leggje til litt av eigen signatur gjennom stikkorda humor og distanse. Øyvind Brandtzæg let skodespelarane bruke god tid og ta lange pausar. I kontrast med det dystopiske har han i svært stor grad greidd å få fram meir enn vanleg av den komikken og humoren som ligg både i Becketts undertekst, og sjølvsagt i det totalt absurde. Scenograf og kostymedesignar Katrin Bombe har oppnådd det same ved små detaljar som å utstyre Clov med ein hettegenser med eit tilsynelatande heilt malplassert motiv. Og sjølv om det lukka scenerommet er gitt, har ho også greidd å skape eit sterkare inntrykk av eit litt distansert titteskap ved å la scena vere eit rom i rommet, ein boks som blir drege fram ved stykkets opning og attende ved teppefall.

Med dagens statsleiarar som har gjort det absurde til normalitet, kan ein meine at «Sluttspill» har fått ny aktualitet. Men sjølv om surrealismen er blitt sosialrealisme, og livets uendelege meiningsløyse kanskje er meir openberr nå enn for seksti år sia, trur eg likevel at dramaet har mista noko av den opphavlege brodden, og i dag meir framstår som eit historisk og akademisk titteskap.

(Meldinga stod i Klassekampen måndag den 15. januar 2018.)

Teateråret 2017

desember 29th, 2017

Klassekampen har bede meg og dei to andre faste teatermeldarane i avisa om å liste opp årets topp tre blant dei utallege produksjonane som har hatt premiere i løpet av 2017. Vi har til saman meld 70 oppsetjingar i avisa. Sjølv har eg sett litt over 75 framsyningar på 19 ulike teater over heile landet frå Rogaland Teater i sør til Beaivváš og Hålogaland Teater i nord, og eg har skrive melding av 53 av dei, derav 37 i avisa og 16 berre på blogg. Her er mi topp-tre-kåring. Landet vårt er stort og mangslungent, og det er framleis slik at det viktigaste ikkje alltid finn stad i Oslo. Spesielt gledeleg er det som skjer i norsk barneteater for tida, med Barne- og ungdomsteatret ved Rogaland Teater, Brageteateret i Drammen, Unge Dramatikere på Trøndelag Teater og Lille HT i Tromsø, og i førarsetet for det heile; – Barneteatret Vårt i Ålesund som set opp den eine nyskapande produksjonen etter den andre.

Glassmenasjeriet Foto: Johannes Laukeland Fester Sunde

Glassmenasjeriet
Foto: Johannes Laukeland Fester Sunde

 

1.

Glassmenasjeriet
Trøndelag Teater

Ein av verdsdramatikkens beste tekstar, presentert minimalistisk, nesten som forteljarteater og i full tillit til forfattar, tekst og ikkje minst publikum. Johannes Holmen Dahl har skapt ei framsyning av dei heilt sjeldne med framifrå spel og der aktørane let orda få henge og dirre i lufta.

2.

Chaplin: Diktatoren Foto: Stig Håvard Dirdal

Chaplin: Diktatoren
Foto: Stig Håvard Dirdal

Chaplin: Diktatoren
Rogaland Teater

Å gjere teater av ein ikonisk film mange har eigarskap til, er risikosport, men Morten Joachim har greidd å lage innovativt, politisk og underhaldande teater av Chaplins Hitlerparodi frå 1940. Vi er på settet, ser det heile gjennom kameralinsa, og får både filmen og historia om han.

3.

Hamlets pappa er et spøkelse Foto: Arild Moen

Hamlets pappa er et spøkelse
Foto: Arild Moen

Hamlets pappa er et spøkelse
Barneteatret Vårt, Ålesund

Under Cecilie Lundsholts leiing er Barneteatret Vårt i ferd med å revolusjonere scenekunsten for barn. I eit utal sjangermessig ulike produksjonar har dei laga eksperimentelt og godt teater. Å gjere Hamlet forståeleg for 6-åringar får stå som representant for alle produksjonane deira.

(Oppsummeringa av teateråret 2017 stod i Klassekampen fredag den 29. desember 2017.)