Kynisk tidtrøyte

februar 17th, 2021

TEATER

TIDTRØYTE: Aristokratiet får tida til å gå med kortspel og livsfarlege intrigar. FOTO: JOHN ANDRÉ AASEN

«Farlige forbindelser»
Nordland Teater, Mo i Rana
Av: Christopher Hampton
Omsett av: Birgitte Strid
Regi: Terje Skonseng Naudeer
Scenografi og kostyme: Birgitte Strid
Lysdesign: Johan Haugen
Med: Gørild Mauseth, Sigurd Sele, Julie Sofie Reite, Inga Ibsdotter Lilleaas, Kristoffer Hjulstad, Gretelill Tangen, Cecilie Jørstad og Stein Elvestad

Vakre tablå, men ein presentasjon fattig på nyansar.

I det før-revolusjonære Frankrike dreiv adelen i si uuthaldelege keisemd eit farleg og kynisk spel om makt der hemn og seksuell forføring var ingrediensane. Dette skreiv den engelske dramatikaren Christopher Hampton om i dramaet «Les liaisons dangereuses» frå 1985, basert på ein to hundre år gamal fransk roman med same namn. I 1988 kom filmen, som på norsk fekk namnet «Farlige forbindelser», med ei casting frå øvste hylle i Hollywood, og så blei historia godt kjend for alle.

Nå har Birgitte Strid, teatersjef på Nordland Teater, omsett Hamptons drama. Ho har også stått for scenografi og kostyme, og med Terje Skonseng Naudeer som regissør er det blitt eit intimt kostymespel. Vi er i Paris i 1788 der vi møter La Marquise de Merteuil (Gørild Mauseth) og Le Vicomte de Valmont (Sigurd Sele). Dei er gamle flammer, og kanskje er noko av elden att. Men her er kjensler berre ein innsats ein spelar ut utan substans, og det er livsfarleg å gi etter for dei.

Sjølv om persongalleriet tel berre sju i tillegg til nokre tenestefolk, er intrigen så komplisert med tanke på kven som bedrar, ligg med og utnyttar kven, at eg skal halde meg frå eit resymé. Poenget er at Merteuil søker hjelp frå Valmont til eit hemnprosjekt der han skal nytte alle sine forførariske evner for å lure og øydeleggje naive ungjenter, mot kjønnsleg premiering frå Merteuil til slutt.

Terje Skonseng Naudeer har laga eit tett kammerspel der dialogen er det viktigaste. Det skjer i ein stilisert scenografi der ein med lys og draperi på effektfullt vis vekslar mellom det lausslopne på bakscena og den forfina fasaden i front. I spektakulære kostyme og ein danna ferniss presenterer dei grov kynisme. Den naive kjærleiken er sjetongane det blir spela med. Og nåde den som er dum nok til å følgje kjenslene sine. Innhaldet er eigentleg motbydeleg, men det spennande er den gode teksten og det verbale. Og sjølvsagt spørsmålet om kven som eigentleg lurar kven.

I den relativt nakne scenografien har aktørane lite anna enn dialogen å lene seg på, og spelet blir difor ofte noko flatt og unyansert. Gørild Mauseth er tydeleg til stades med mimikk, augekast og haldning, og dei to ungjentene som er ofra i historia (Julie Sofie Reite og Inga Ibsdotter Lilleaas) leverer truverdige og gode tolkingar. Men mennene blir ikkje så lette å fatte. Sigurd Seles formidling av Valmont gir meg til dømes inga forståing av kva det er som gjer at unge kvinner skulle falle for han. Regigrepet gir diverre for få nyansar, og sjølv om eg både kjenner historia og har sett filmen, har eg likevel store problem med å henge med i intrigen.

(Meldinga stod i Klassekampen onsdag den 17. februar 2021.)

Ekte, nært og forførande

februar 15th, 2021

MUSIKAL

UVISSA: Er kjenslene Daniel (Andres Hoff) syner ekte, eller blir Lena (Karoline Dons) nok ein gong svike? FOTO: JOHN ANDRÉ AASEN

«Så som i himmelen»
Nordland Teater
I samarbeid med Tromsø Kulturhus, MiNensemblet og Vocal Art
Av: Kay Pollak og Carin Pollak
Komponist: Fredrik Kempe
Omsett av: Ragnar Olsen
Regi: Morten Borgersen
Scenografi: Milja Salovaara
Musikalsk leiar: Tor-Petter Aanes og Sverre Tollefsen Laupstad
Arrangement: Simon Revholt
Koreografi: Jonas Digerud
Lysdesign: Martin Myrvold
Med: Andreas Hoff, Karoline Dons, Christine Guldbrandsen, Per-Egil Aske, Kirsti Torhaug, Rune Løding, Elisabeth Moberg, Espen Bråten Kristoffersen, Kristian Krokslett, Anna Karoline Bjelvin, Finn Arve Sørbøe, Marte Hansen og Kyrre Vanebo.

Ei forrykande og forførande framsyning.

Midt i ein pandemi der dei største teatera i landet er stengde, satsar Nordland Teater på sin største og dyraste produksjon nokon sinne. Med 27 aktørar på scena og over femti personar på turné, set dei opp musikalen «Så som i himmelen». Det er eit halsbrekkande prosjekt der mykje kan gå gale. Men premieren i Mo laurdag synte at det vesle regionteateret har laga ein produksjon som på alle vis kan måle seg med det meste.

Den svenske filmen «Så som i himmelen» frå 2004 blei raskt allemannseige, og historia er truleg kjend for dei fleste. Den 39 år gamle verdsberømte dirigenten Daniel Dareus (Andreas Hoff) avsluttar karrieren etter hjarteproblem, og flyttar til skulestova i den vesle staden Ljusgård i Norrland. Her har han sjølv vakse opp med så mykje mobbing at mora og han flytta frå plassen meir enn tretti år tidlegare, men nå er det ingen som kjenner han att. Daniel vil berre vere i fred, og nytte tida til å lytte, men let seg etter kvart overtale til å bli dirigent for det lokale kyrkjekoret. Det er ei brokete forsamling som hyser det meste av bygdas ulike fasettar, også bygdedyret. Daniel er tolmodig, får fram det beste i alle, og korets vårkonsert blir ein suksess. Men ikkje utan kostnad, for her er eit motsetnadsfylt og mangfaldig menasjeri. Det er den avundsjuke presten (Per Egil Aske), den grovt undertrykka og mishandla Gabriella (Christine Guldbrandsen), den sjølvopptekne snøskuterforhandlaren Arne (Finn Arve Sørbøe), den rettferdssøkjande prestefrua Inger (Kirsti Torhaug), og ikkje minst den kjærleikshungrige ungjenta Lena (Karoline Dons). Her blir det konfliktar og intrigar på kryss og tvers.

«Så som i himmelen» har det meste av dei tyngre ingrediensane i verdsdramatikken, og her er eksistensielle val og problem over ei låg sko. Det er hemn, svik, avundsjuke, død, makt, kjønnsroller, vald, men først og fremst kjærleik. Og det handlar om så mange sider av han. Sjølvsagt den erotiske, personifisert med det vakre forhaldet mellom Daniel og Lena. Men det er også det medmenneskelege, omtanken for dei svakare. Og så den vilkårslause kjærleiken til musikken. Historia har alle element i seg til å bli ei sentimental, klisjéfylt tåreperse, men i Morten Borgersens stramme og ikkje minst sjarmerande regi, er han milevis frå det spekulative. Mellom anna nyttar han humoristisk sjølvironi for å skape avstand. Ragnar Olsens språksikre omsetjing gjer også at både det lokale tilsnittet og humoren får god plass.

Milja Salovaara har laga ein scenografi som på imponerande vis gir rom for eit utal sceneskift og ulike settingar, men som også egnar seg for turné. Skifta skjer saumlaust og synkront, og det sju personar store orkesteret, synleg plassert på sidescenene, sørger for at det aldri er daudpunkt.

Med eit så stort ensemble er det tilnærma umogeleg å gi alle tilstrekkeleg personinstruksjon. Men Borgersen ga oss eit uvanleg samspelt og energisk ensemble der solide rolletolkingar stod i kø, og der songprestasjonane var tidvis formidable. Finn Arve Sørbøe og Kristian Krokslett sørga for avgjerande humoristiske brot. Kirsti Torhaug hadde ei nøktern og truverdig tolking av prestefrua, og Per Egil Aske synte oss ein prest som verkeleg sleit med å bli detronisert som maktperson. Christine Guldbrandsen som Gabriella viste på overtydande vis kor vanskeleg det er å gå frå ein overgripar. Og songen hennar rørte dei fleste. Andreas Hoff gav oss den skjøre og lett sårbare kunstnarsjela som har ein stor lidenskap i livet, og som får ein til. Men sjølv om Daniel er hovudpersonen, er det Lena som er motoren i framsyninga, og som driv henne framover. Det er takk vere Karoline Dons som i tillegg til formidabel stemmeprakt synte ei så mangesidig rolletolking at det er vanskeleg å forstå at dette er det første ho gjer på ei profesjonell scene.

(Meldinga stod i Klassekampen måndag den 15. februar 2021.)

Heimstadlære

februar 15th, 2021

TEATER

BORTE: Med kartet i hand syner Marianne Meløy oss alt som forsvann i kommunereforma. FOTO: ESPEN STORHAUG

«Hei, kjære heim»
Turnéteatret i Trøndelag, Smia kulturhus, Leksvik
Av: Trønderhøns
Regikonsulent: Aslak Moe
Visuell utforming: Trønderhøns og Aslak Moe
Med: Marianne Meløy, Ingrid Bergstrøm og Siri Gjære
Musikk: Erlend Smalås og Kriss Stemland

Upretensiøst og sjarmerande om alt som knyter seg til det heimlege.

Med ujamne mellomrom har trioen Trønderhøns i mange år sett musikalsk, kritisk og ikkje minst humoristisk skråblikk på heilt vanlege og kvardagslege forhold. Dei tre er Siri Gjære, Marianne Meløy, og Ingrid Bergstrøm. På kvar sin kant har dei meir enn nok anna å halde på med, men frå tid til annan kjem dei saman og lagar kabaretar der dei auser av sitt overskot. Om det er noko som heiter feelgood-teater, så må det vere dette. Det er stundom godt å gå oppglødd og i godt humør ut av ein teatersal, og kanskje spesielt i tida vi nå er inne.

Det blir mykje heimeliv for dei fleste for tida, og då er det naturleg å setje søkeljoset på heimen, og alle fasettar av han. Heim er plassen vi kjem frå, staden vi bur, og det er ein metafor for å høyre til, for identitet og meir til. I ei lun setting med golvteppe og ein mjuk sofa tek dei tre oss med på ei musikalsk reise der dei i løpet av halvannan time er innom så ulike tema som kommunesamanslåingar, identitetspolitikk, namnetradisjonar, korsstingsbroderi og mykje meir. Dei er Marianne, Ingrid og Siri, og gjer det heile ganske nært og personleg ved å by på sjølve med ulike forteljingar frå oppvekst, bakgrunn og det heimlege.

Det tek til med uformell småprat med publikum. I bakgrunnen heng eit stort innramma flyfoto, som syner seg å vere frå Leksvik, kveldens arena. Dei tre spør salen om alt og inkje om staden og den nye kommunen Indre Fosen, og kommenterer og noterer flittig, før dei set i gong.

Marianne Meløy er ein god forfattar og ein minst like dyktig kåsør. Ho leikar seg med orda og serverer uvante vinklingar på det meste. Ingrid Bergstrøm og Siri Gjære kompletterer med sine historier, anekdotar og refleksjonar. Og saman med dei to dyktige musikarane Erlend Smalås og Kriss Stemland, byr dei på forførande musikk og eit drygt dusin songar, noko sjølvlaga og resten i ein litt blå og mollstemd country-tradisjon. Dei frir uhemma til publikum, og vi let oss villig forføre.

Framsyninga er laga for turné, og blir spela på eit titals ulike plassar. Sjølv såg eg henne i Leksvik og blei slått av kor mykje dette handla om det heimlege og kvardagslege akkurat der. Slik vil framsyninga endre seg frå stad til stad, og ikkje berre med små tilpassingar, men med store tekstlege og scenografiske endringar. Det ligg mykje arbeid og research bak dette, og det gir framsyninga ein ekstra lun og heimekoseleg dimensjon. Eg skal ikkje seie meir, men her ligg mange hyggelege overraskingar for den som er opptatt av og glad i heimstaden sin. Sjølv gjekk eg særs oppglødd ut i vinterkulda og kjende at det var godt å bli tatt med heim.

(Meldinga stod i Klassekampen måndag den 15. februar 2021.)

Ansvar for det skapte

februar 9th, 2021

TEATER

«Frk. Frankenstein»
Trøndelag Teater, Studioscena
Av: Mary Shelley og Hildur Kristinsdottir
Regi og dramatisering: Hildur Kristinsdottir
Scenografi og kostyme: Katja Ebbel
Lys- og videodesign: Oscar Frostad Udbye
Komponist/lyddesign: Kristoffer Lo
Med: Janne Kokkin, Jo Saberniak, Emma Caroline Deichmann og Trond-Ove Skrødal

Ei spennande vinkling, men der alt for mykje skal med.

Då atten år gamle Mary Shelley sommaren 1816 skreiv romanen «Frankenstein», skreiv ho seg også til fulle inn i litteraturhistoria. Ikkje berre var ho ung, umerittert, og i tillegg kvinne, men ho grunnla samstundes også ein ny litterær sjanger. Dei fleste forbind henne berre med denne skrekkromanen, men både bakgrunnen og det særs turbulente livet hennar, og ikkje minst den seinare litterære produksjonen, gjer at personen Mary Shelley er langt meir interessant enn som berre ei «one-hit-woman». Dette har regissøren og dramatikaren Hildur Kristinsdottir tatt tak i og laga ei metaframsyning med uendeleg mange lag, – ei historie om historia.

I ein scenografi, og med kostyme, som ein må kalle maksimalistisk, men som i Katja Ebbels sikre utforming likevel er særs velfungerande, er det Mary Shelley sjølv (Janne Kokkin) som fortel, tar del og kommenterer. Dei øvrige aktørane er skorne ned til dei tre viktigaste. Det er vitskapsmannen Victor Frankenstein (Jo Saberniak), Elizabeth, forloveden hans (Emma Caroline Deichmann) og det er «vesenet», ofte feilaktig framstilt som «monsteret» (Trond-Ove Skrødal). Sjølv om framsyninga i stutte trekk går gjennom det meste av handlinga frå boka, er dette i større grad forteljinga om ho som skapte han som skapte, altså lag på lag om det kreative. Mange forfattarar kan oppleve at personane og historiene deira tek til å leve sine eigne liv. Slik er det også her, der Shelley mistar kontrollen over Frankenstein som igjen mistar kontrollen over vesenet. Og samstundes sit Elizabeth heime som ein Ibsensk Solveig, skriv brev og ventar.

Med tidvis spektakulær lyssetting av Oscar Frostad Udbye, og med flott tonefølgje frå Kristoffer Lo, er det ei innsiktsfull og spennande forteljing Kristinsdottir rullar ut. I det som kan minne om ei sandkasse spelar dei fire ut ei mengd aspekt og problemstillingar rundt det å gi liv til eit anna vesen, det vere seg barnefødslar eller laboratorieforsøk. Her er det etiske spørsmål så det held, og problemet til framsyninga er at det maksimalistiske ved den fysiske presentasjonen, også gjeld tematikken. I botn ligg sjølvsagt at alle har eit ansvar for det dei måtte lage. Men her blir det så alt for mykje ein skal innom. Det heile mistar retning og prioritet, og blir ein lang potpurri over ulike etiske dilemma. Det er tidvis godt ensemblespel, men Kristinsdottir har vald ein stor grad av overspel som ikkje er like heldig. Ruvande og mest interessant er Janne Kokkins gamle Mary Shelley som ser attende på det ho har gjort. Varsamt, men tydeleg skapar ho eit forståeleg portrett av ho som skapte han som skapte.

(Meldinga stod i Klassekampen tysdag den 9. februar 2021.)

For mange forteljingar

februar 2nd, 2021

TEATER

NÆRT: I sorga finn Tara etter kvart ein fortruleg venn i Ferdinand. FOTO: ARILD MOEN/TINGH

«Habitat»
Teatret Vårt, Ålesund
Av: Fredrik Longva
Regi: Fredrik Longva
Scenografi og kostyme: Erika Sjödin
Lysdesign: Jonas P A Fuglseth
Musikk: Vera Krohn Svaleng
Med: Catharina Vu, Preben Lillebø Rongve, Amalie Sofie Ibsen Jensen, Benedikte Sandberg og Lars Halvor Andreassen

Ei framsyning med mange gode idear, men som freistar å femne for vidt.

Det er tidleg haust, skulen har starta opp att, men i løpet av sommaren har tenåringsjenta Angeline forsvunne. Nå blir ho funne. Ho har drukna i ei elv. I sorga etter bestevenninna si flyttar Tara (Catharina Vu) ut i skogen, i det ho kallar Habitatet. Der bur ho for å finne ut av seg sjølv og kome vekk. Den roa får ho ikkje, for her kjem etter kvart heile skulen, personifisert ved fire av elevane. Det er den sjølvopptekne og poserande elevrådsleiaren Nadia B (Benedikte Sandberg) og den litt naive følgjaren hennar, Nadia H (Amalie Sofie Ibsen Jensen). Og så er det Ferdinand som etter kvart blir Taras einaste fortrulege (Preben Lillebø Rongve), og Michelangelo (Lars Halvor Andreassen) som er Angelines tvillingbror.

Den unge regissøren og dramatikaren Fredrik Longva regidebuterte med «Dødsdansen» på Trøndelag Teater i 2019. Framsyninga fekk ei rekkje Heddanominasjonar, mellom anna for beste regi. I haust var han attende på same teater med regien på «Fruen fra havet», ei leiken framsyning som ville litt for mykje. Nå debuterer han som dramatikar, og har også sjølv regien. «Habitat» er ein tekst som burde appellere til ungdomen for her er referansar til mykje problemstoff for denne aldersgruppa. Det er venskap, utanforskap, homsekjærleik, omsorgssvikt eller mogelege overgrep, sjølvopptekne leiartypar og influensarar, forbrukssamfunn og miljøvern, og meir til for den som leitar. Det er ein tekst med haugevis av tilløp, mykje symbolikk og eit utal gode idear, men som vil alt for mykje. Slik missar innhaldet tydeleg retning, og mange av tema Longva tek opp, blir berre vage indikasjonar han aldri får følgd opp og gjort meir ut av.

På den relativt vesle scena i Arbeideren i Ålesund sit publikum på tre sider av det som i Erika Sjödins ganske talande scenografi illuderer ein skog. Mørke plastremser og fin bruk av lys skapar rette scener og situasjonar. Her har Tara busett seg. Og hit kjem velmeinande elevar for å gi Tara den hjelpa ho ikkje vil ha. Det er ikkje så vanskeleg å identifisere seg med og kjenne att sorga i den litt stillfarne tolkinga Catharina Vu gir av Tara. Og i samspelet med den fortrulege Ferdinand (Preben Lillebø Rongve) er det fleire finstemte scener. Men i hovudsak blir det for mykje skjemmande overspel for å få fram tydelege roller i det som er ei alt for utydeleg forteljing. Når aktørane ofte spelar med ryggen til publikum, blir også manglande diksjon eit stort problem.

Fredrik Longvas tekst grip rett inn i kvardagen til ungdomen, og det skal han ha honnør for. Men på vegen frå manus til teater blir mykje uklårt. I staden for å gi oss meir innsikt i kva som gjorde at Angeline drukna, blir det berre mange lause hint.

(Meldinga stod i Klassekampen tysdag den 2. februar 2021.)

Manglande dramatisering

januar 29th, 2021

TEATER

KJØNNSROLLER: Med fotballen som bakteppe og metafor er det mykje som kan seiast om kjønn og makt. FOTO: ERIK BIRKELAND/TINGH

«Sportskoret»
Teatret Vårt, Molde
Av: Elfriede Jelinek
Omsett av: Elisabeth Beanca Halvorsen
Regi og scenografi: Kristian Lykkeslet Strømskag
Med: Sara Fellman, Johanna Mørck og Julie Støp Husby

Ein intelligent tekst formidla utan tilstrekkeleg dramatisering.

Den austerrikske forfattaren og dramatikaren Elfriede Jelinek fekk nobelprisen i litteratur i 2004 og har ein solid produksjon bak seg av både romanar og dramatikk. Likevel er det forbausande sjeldan at ho blir sett opp på norske teater. Difor skal Teatret Vårt ha ros for at dei nå presenterer «Sportskoret». Med fotballen som bakteppe og metafor freistar dei å seie ein del om mellom anna makt, kjønnsroller og feminisme.

Jelineks tekst er relativt stutt og skrive som ei form for argumentasjonsrekkje, og ikkje som eit drama med roller og scenetilvising. Tittelen viser til at dette er eit kor, og eg oppfattar også teksten som eit kor av mange ulike stemmer. Jelinek leikar seg med språket, og manuset er fullt av språklege dobbel- og trippeltydingar der ein skal henge godt med for å få med seg alt. Det er ein tett og særs god tekst, og Elisabeth Beanca Halvorsens omsetjing har greidd det kunststykket det er å få med seg det aller meste av denne språklege leiken der kontrastar, kjønnsrelaterte og kulturelle tolkingar og mykje meir byr på ei oppleving i seg sjølv. Samstundes er dette også gjennomsyra av underliggjande feminisme og kritikk av kjønnsroller og ujamne maktforhold.

Teatret Vårt og regissør Kristian Lykkeslet Strømskag presenterer oss for tre kvinnelege fotballspelarar, Sara Fellman, Johanna Mørck og Julie Støp Husby, som på ei scene forma som ein fotballbane framfører teksten nærast som ei rekkje monologar med litt interaksjon. Her er ikkje noko kor, og det heile blir litt forvirrande fordi det er vanskeleg å forstå om dette er tre konkrete kvinnelege idrettsutøvarar, om dei er generelle representantar for kvinneidretten, eller berre mange ulike stemmer. For eg oppfattar at det faktisk også er mannlege ytringar her. Dei tre på scena har fått alt for lite å spele på. Og ein intelligent og leiken tekst blir såleis framført som ei lang rekkje med ord utan tilstrekkeleg dramatisering og utan at spelet har særleg samanheng med orda.

(Meldinga stod i Klassekampen fredag den 29. januar 2021.)

Kva vil stige av ruinane?

januar 25th, 2021

TEATER

KAOS ELLER FRAMTID: I ei verd i full oppløysing syner Romeo og Juliet at det finst alternativ. FOTO: TERJE VISNES

«Romeo og Juliet»
Trøndelag Teater, Hovudscena
Av: William Shakespeare
Omsett av: Hans Magnus Ystgaard
Regi: Kjersti Haugen
Scenografi og kostyme: Katrin Bombe
Lysdesign: Eivind Myren
Komponist/lyddesign: Magnus Børmark
Koreografi: Svetlana Stokke/Tor Ivar Hagen
Med: Ragne Grande, Carl Martin Eggesbø, Hildegunn Eggen, Madeleine Brandtzæg Nilsen, Hans Petter Nilsen, Mira Dyrnes Askelund, Jon Lockert Rohde, Madalena Sousa Helly-Hansen, Tor Ivar Hagen, Mats Moe, Emil Olafsson og Magnus Børmark

Ei ungdommeleg, opplevingsrik og mangefasettert framsyning som peikar framover.

Det er ikkje mykje som minner om gamle Verona når vi kjem inn i salen på Trøndelag Teater. I Katrin Bombes symboltunge scenografi er hovudscena fylt med eit par hundre grå skumplastkubar. Det liknar på ein ruinhaug, eller ei verd fullstendig i oppløysing. Og vi skal ikkje ha sett mykje av denne versjonen av William Shakespeares «Romeo og Juliet» før vi forstår at det er akkurat det regissør Kjersti Haugen vil syne oss. Det er ei framsyning som er litt dystopisk, men samstundes optimistisk, rocka, burlesk, særs humoristisk og leiken og ikkje minst uvanleg tydeleg og forståeleg. Det siste handlar om språket. Hans Magnus Ystgaard, ein språkleg trollmann, har tidlegare omsett fleire av Shakespeares komediar til Sparbu-dialekt, og slik gjort innhaldet langt meir tilgjengeleg enn dei tidlegare noko gamalmodige omsetjingane. Nå har han også omsett «Romeo og Juliet» og resultatet er formidabelt. Det er ein leiken musikalitet i Ystgaards språk som gjer teksten til ei oppleving i seg sjølv.

«Romeo og Juliet» blir som oftast spela som den store fjortiskjærleiken der dei to unge elskande slit med at familiane deira ligg i ein øydeleggjande strid, og der det endar i langt meir død enn kjærleik. At så mange døyr får til slutt familiane til å avslutte krigen, men dette kjem ofte i skuggen av dei store kjenslene. Kjersti Haugens regi viser oss i staden eit samfunn i kaos der kjærleiken er eit ungdommelege opprøret som både er rett og naudsynt. Dette gjer ho gjennom godt synleg undertekst og ingen moraliserande peikefinger. For undervegs gir ho oss ei uvanleg mangefasettert framsyning full av innfall, overraskande populærkulturelle referansar, humor, og sjølvsagt sterke kjensler. Men samstundes tru mot både Shakespeares tekst og forteljing. Eit viktig og godt grep er at det klassiske koret er erstatta av dramatikkens vel så klassiske narr, ein person som er både forteljar og kommentator. Han er glitrande formidla, på same tid sårt og humoristisk og ikkje minst musikalsk, av Hans Petter Nilsen.

Katrin Bombes scenografi er heilt utypisk, men symboltung og overraskande illustrerande. Kubane gir illusjonar om ruinar og oppløysing, om øydeleggjande murar mellom menneska, men også om byggjeklossar som kan forme ei ny framtid. Og ut av dette kaoset kjem det aktørar i fantasirike kostyme som både gir assosiasjonar til gamle dagars Verona og til vår tid. Kontrastane er mange, og det heile kunne ha blitt kaotisk, men med kreativ lyssetting av Eivind Myren og sinnrik bruk av eit semitransparent bakteppe og silhuettar, blir det også laga vakre bilde som gir framsyninga eit eige visuelt preg.

Magnus Børmark har skrive musikk i ei blanding av lyriske songar, lydkulissar og heftige gitar-riff som toppar seg i eit mektig crescendo i finalen. Han er sjølv til stades som både songar og musikar på scena, og saman med Hans Petter Nilsen som narren, er han med på å gi framsyninga ein ekstra dimensjon, ein musikalitet som står godt til Ystgaards like musikalske språk.

Eit samspela og strålande opplagt ensemble formidlar på elegant vis den hårfine balansen og kontrastane mellom det alvorstunge, den heftige kjærleiken og det fullstendig lausslopne og humoristiske. Eg har alt nemnt Hans Petter Nilsens såre, musikalske og humoristiske tolking av narren, ei rolle som er heilt naudsynt for framsyninga. Mira Dyrnes Askelund gir oss ein energisk og nesten burlesk Mercutio. Og Madeleine Brandtzæg Nilsen, med solid røynsle frå fleire tidlegare Shakespearekomediar i Ystgaards språkbunad, er på same tid ei myndig og humoristisk fru Capulet.

Ragne Grande og Carl Martin Eggesbø formidlar ei ganske annleis tolking av dei unge elskande, men likevel inderleg, overtydande, og ikkje minst tydeleg og særs forståeleg. Dei gir oss verkeleg ein «Romeo og Juliet» for vår tid.

(Meldinga stod i Klassekampen måndag den 25. januar 2021.)

Lågmælt og nedpå

januar 25th, 2021

TEATER

IDYLL: Nært og ømt, men ikkje noko varar evig. FOTO: ARILD MOEN/TINGH

«Scener fra et ekteskap»
Teateret Vårt, Molde
Av Ingmar Bergman
Omsett og tilarbeidd av Arne Lygre
Regi: Tatu Hämäläinen
Scenografi: Tatu Hämäläinen og Phillip Isaksen
Komponist: Tatu Rönkkö
Med: Kjersti Botn Sandal og Bjørnar Lisether Teigen

Innsiktsfullt, lågmælt og intenst om den vanskelege kjærleiken.

Mykje har skjedd sia Ingmar Bergman i 1973 laga TV-serien «Scener fra et ekteskap» med Erland Josephson og Liv Ullmann i hovudrollene. For to år sia fekk Rogaland Teater Arne Lygre til å omsetje og tilarbeide teksten til dagens forhold. Seks timelange episodar blei skorne ned til godt under det halve. Nå har Teatret Vårt i Molde nytta Lygres dramatisering, og skore henne endå meir inn til beinet. Det er blitt eit tett, intenst og velspela kammerspel.

Teaterets hovudscene er gjort om til eit ope amfi med eit stort rosa teppe nærast som ein manesje, og der publikum sit rundt på alle fire sider. Med unnatak av ein mobiltelefon, er her ingen rekvisittar. Alt er nådelaust nake, heilt ope og ekstremt synleg slik forteljinga om dette ekteparet også etter kvart blir formidla. Marianne (Kjersti Botn Sandal) og Johan (Bjørnar Lisether Teigen) har vore gift i ti år, har to døtrer og eit godt liv på alle vis. Dei er lukkelege og ser seg sjølve som unnataket som stadfestar regelen. Men så forelskar Johan seg hovudstups i ei yngre kvinne, flyttar ut, og gjennom ei rekkje tablå, følgjer vi Marianne og Johan gjennom ti års kamp mot seg sjølve og den andre, om det vanskelege brotet, om alle banda som framleis finst, og fram til ein vakker epilog med ei slags forsoning, eller rettare erkjenning.

Tatu Hämäläinens regigrep er lågmælt og uvanleg nedpå. På mange vis tar framsyninga form av at vi blir vitne til og deltakarar i eit terapirom. I opninga sit Johan og Marianne blant publikum, på kvar si side av salen, og startar famlande med å fortelje om seg sjølve. I fullt lys og med ein fysisk distanse i grell kontrast til den kjærleiken og intimiteten dei fortel om, får vi innsikt i livet deira frå dei møttest til dei etter ti års lukkeleg ekteskap undrar seg over kor heldige dei er.

Etter den lange og lågmælte introen, med lange pausar som er med på å understreke intensiteten, flyttar dei seg inn på teppet og lyset blir dempa. Gjennom nokre kronologisk formidla tablå, der skifta berre er markerte med musikk nærast som lydkulisser, blir vi så vitne til den vanskelege kjærleiken, til utruskap, løgn, tretter og vondskap, men heile tida med det underliggjande at dei eigentleg vil kvarandre godt.

Kjersti Botn Sandal og Bjørnar Lisether Teigen har ikkje anna enn kvarandre og teksten å stø seg på, men nettopp difor blir formidlinga deira så sterk, levande og truverdig. Han litt umoden og ho meir reflektert, men tidvis sjølvutslettande. Det er framifrå personinstruksjon, og dei to gir oss eit kammerspel som vekslar varsamt mellom det stillferdige og dei store kjenslemessige utbrota.

(Meldinga stod i Klassekampen måndag den 25. januar 2021.)

ÅRETS FRAMSYNINGAR 2020

desember 28th, 2020

Klassekampen har bede teatermeldarane sine om å kåre årets framsyning. Ettersom Julie Rognved Amundsen og eg har sett og meld meir enn dei andre, fekk vi lov å ta med to produksjonar på lista. Eg har, trass i pandemien, sett om lag 60 og meld rundt 45 framsyningar i år.


Her er mine to der «Moby Dick» av Plexus Polaire var i særklasse, og er truleg noko av det beste eg har sett nokon sinne. Denne framsyninga kjem til Heddadagane til våren, og skal turnere i Nordland og Innlandet til hausten.


Den andre var «Mysterier» på Kilden i Kristiansand, også ei framsyning som går utanpå det meste.

Men i tillegg til det som stod på trykk i avisa i dag, har eg tatt med det eg kallar «heidrande omtale» til Det Nye Teateret, eit teater som ikkje sette seg på rumpa då pandemien kom, men kasta seg rundt, og tenkte nytt og kreativt. Og til det fekk dei med seg Halvor Hoem, ein trollmann på bilderegi.

ÅRETS FRAMSYNING #1

«Moby Dick»
Nordland Teater
Av Plexus Polaire
Regi: Yngvild Aspeli

Basert på Herman Melvilles ikoniske roman om kaptein Akab og den kvite kvalen Moby Dick har Yngvil Aspeli og figurteaterkompaniet Plexus Polaire laga eit multimedialt kunstverk av ei teaterframsyning, ulikt alt anna eg nokon gong har sett gjennom meir enn 40 år som teatermeldar. Lys, videoprojeksjonar, musikk, song, spektakulær og komplisert scenografi, eit femtitals livaktige figurar og særs dyktig spel og dokkeføring smelta saman til ei utsøkt, visuell, sterk og useieleg vakker teateroppleving.

ÅRETS FRAMSYNING #2

«Mysterier»
Kilden Teater
Av: Knut Hamsun
Regi: Ole Johan Skjelbred

Trass i ei surrealistisk og heilt respektlaus tilnærming, har Ole Johan Skjelbred skapt ei framsyning som likevel syner seg å vere særs tru mot Hamsuns tekst, og som får fram alle dei ulike laga i denne ganske mysteriøse historia. Ein svært energisk Olav Waastad i hovudrolla kombinert med eit uvanleg dyktig ensemblespel og ein regissør som definitivt visste kor han ville, ga oss ei absurd, humoristisk og samstundes innsiktsfull tolking av «Mysterier». Dette var Knut Hamsun på syre.

ÅRETS FRAMSYNING – HEIDRANDE OMTALE

«Nede med flagget til topps»
«På Veg Te Stiklestad»
«Juleevangeliet – da #metoo kom til bibelen»
Det Nye Teatret
Mads Bones, Olve Løseth, Kyrre Havdal – og Halvor Hoem

Då pandemien kom, alt stengde og teatersjefen på DNS meinte det var betre å sitje på gjerdet enn å lage dårleg teater, – i denne situasjonen greip det nystarta friteateret Det Nye Teatret i Trondheim høvet til å tenke kreativt og annleis. Gjennom tre strøyma produksjonar, som kanskje i seg sjølv ikkje er teaterkunst i Heddaprisklasse, har dei likevel synt at det går an å lage teater på digital plattform, og at det treng ikkje bli korkje dårleg erstatning eller halvhjarta. Tvert om. Og den som verkeleg fortener å bli løfta fram i ljoset er trollmannen Halvor Hoem som var ansvarleg for bilderegien.

Guds son eller #metoo

desember 21st, 2020

TEATER

KJØNNSIDENTITET ELLER #METOO: Med hjelp frå Märtha (Ida Göransson), og med Josef (Lisa Tønne) som tilskodar, føder Maria (Frank Kjosås) det som ikkje var Guds son likevel, men kanskje Josefs dotter? FOTO: MARCO VILLABRILLE

«Juleevangeliet – da #metoo kom til bibelen»
Det Nye Teateret, Ladebekken
Av: Mads Bones, Olve Løseth og Kyrre Havdal
Manus: Mads Bones og Olve Løseth
Musikk: Kyrre Havdal
Regi: Mads Bones
Koreografi: Martha Standal
Bilderegi: Halvor Hoem
Musikalsk leiar: Kyrre Havdal
Scenografi: Gjermund Andresen
Kostyme: Christina Lovery
Lysdesign: Ingrid Skanke Høsøien
Lyddesign: Ronny Wikmark
Med: Lisa Tønne, Frank Kjosås, Silje Lundblad, Karl-Vidar Lende, Øyvind Brandtzæg, Emil Olafsson, Olve Løseth, Mads Bones, Ida Göransson, Martha Standal, Mariama Fatou Kalley Slåttøy, Tor Ivar Hagen, Gustav Kvale, Snorre Ryen Tøndel, Kari Bye, Åsmund Flaten, Hans Petter Vik Sæter, Morten Stai, Tore Thorvaldsen Sandbakken, Kyrre Havdal og sju barn

Sjølv om det blir dikta inn mykje surrealisme og galskap i denne historia, er det ikkje noko som kan måle seg med Josefs freistnad på å unngå #metoo.

Det Nye Teateret i Trondheim fekk ein verst tenkeleg oppstart då fysisk teater blei forbode samstundes med at dei budde seg på sin første produksjon. Det har vore mykje kreativitet frå ulike scenekunstnarar dei siste ni månadane, men ingen, og eg understrekar ingen, har gjort det like vellukka som dette nye friteateret i Ladebekken i Trondheim. Nokre har freista å setje opp ei vanleg framsyning for scene, for så å strøyme den, og andre har laga det vi kjenner som fjernsynsteater. Men Det Nye Teateret har tatt situasjonen på alvor og laga ein ny teatersjanger som teknisk sett berre blir meir og meir sofistikert og vellukka. I ein nedlagd fabrikkhall har dei laga ein scenografi som består av fleire scener og dermed gir rom for mange tablå og flotte og saumlause sceneskift. Gjennom utsøkt og ikkje meir enn imponerande og ekstremt synkron bilderegi flyttar dei seg frå scene til scene. Og alt dette blir strøyma live der og då, – ein gong og berre det. Det starta med eit nasjonaldagsstunt på 17. mai, ein produksjon som var laga på rekordtid og som kanskje var meir sjarmerande enn heilt kvalitetssikra. Så var det ikkje mogeleg å lage spelparodien «Slaget på Testiklestad» korkje på Sverresborg eller Kristiansten, og dermed heiv dei seg rundt og sette opp ein ny produksjon som ein parafrase på den gamle. I «På veg Te Stiklestad» i starten av august vidareutvikla dei konseptet og den nye sjangeren, og sjølv om dei også sjarmerte denne meldaren, var denne produksjonen langt meir enn berre sjarmerande.

Nå har dei underhalde oss igjen. I førjulstida for fire år sia sette dei tre bak det heile, Mads Bones, Olve Løseth og Kyrre Havdal, opp ein bibelsk musikal på Trøndelag Teaters Gamle Scene, basert på eit hittil ukjend evangelium. «Juleevangeliet – The Smash Hit Musical» var religiøs satire, fengande musikk og ei blanding av god og temmeleg plump humor. Året etter flytta dei inn på hovudscena på Trøndelag Teater med «Juleevangeliet – The Smash Hit Musical, volume II». Formatet var større, og kvaliteten var heva fleire hakk, jamvel om det framleis var noko å gå på.

Så er det gått tre år, og i mellomtida har vi hatt både #metoo og covid 19. Slikt kunne ikkje gå upåakta for desse tre ekstremt kreative mennene, og sundag var det premiere og einaste framsyning på «Juleevangeliet – da #metoo kom til bibelen». Det er ein produksjon som rett nok tek utgangspunkt i dei to førre, men både med tanke på innhald og format er det så mykje nytt at ein må sjå det som ei framsyning som står solid på eigne bein.

Historia er framleis ei nyskriving av og raljering med juleevangeliet, historia om Josef, Maria og Jesus, vegen frå Nazareth til Betlehem og ikkje minst det høgst problematiske rundt fenomenet jomfrufødsel. Inn i denne eigentleg ganske surrealistiske forteljinga blir det dikta inn folk og fenomen frå heile historia fram til i dag, populærkulturelle referansar og meir til. Byen Nazareth er til forveksling lik Kardemomme by, og då er det naturleg at åndelege syskenbarn til Egners persongalleri dukkar opp. Jomfru Maria (Frank Kjosås) er tretten år gamal og har si eiga særs myndige tante Sofie, – tante Sodoma (Silje Lundblad). Josef, ein 63 år gamal tømrar med utsliten skulder (Lisa Tønne), er Marias barnevakt. Så går det som det må, Maria blir gravid, og Josef kjem opp med den mest fantastiske bortforklåringa i verdshistoria. Engelen Gay-briel (Olve Løseth) har openberra seg og fortalt at Maria skal føde Guds son, og som del av cover-up-historia er Josef raus nok til å godta å bli stefar. Så kjem det bod om å reise til Betlehem på grunn av folketeljinga, og der ventar kong Hemorides (Øyvind Brandtzæg), tre vise menn (popgruppa Wise men sings), og ein fødselshjelpar og prinsesse (Ida Göransson) med spesialkompetanse på stall, hestar og englar, for ikkje å snakke om kongeleg arverekkje når det syner seg at Jesus er jente. Då rakna vel også alibiet til Josef om at Maria skulle føde Guds son? Om det ikkje blir ei oppfølgingshistorie og ein ny musikal om kjønnsidentitet?

Om du synst forteljinga høyrest absurd og vill ut, så er dette stutte resymeet likevel berre forbokstaven. Her boltrar forfattarane seg i gags og påfunn, det eine villare enn det førre, men, og det er viktig å hugse, – ingen så usannsynlege som den om jomfrufødselen. Kyrre Havdal har skrive musikk og framsyninga blir bunde saman av det eine fengande musikalnummeret etter det andre, det meste særs godt koreografert av Martha Standal. Spel, musikkinnslag og dans er formidla pompøst og sjølvironisk som herlege parodiar på det mest sjølvhøgtidelege ved musikalsjangeren. Skodespelarane er henta på øvste hylle. Dei ser ut til verkeleg å kose seg i rollene og tyner maksimalt ut av tekstane som ikkje alltid er heilt i same sjiktet. Lisa Tønne er infam og temmeleg overtydande som Josef, og Frank Kjosås gir oss ei naiv lita ungjente som kanskje ikkje er så kysk likevel. Og Silje Lundblads tante Sodoma er ei mangslungen dame som også har sine kåte sider. Regien til Mads Bones er upåklageleg og Gjermund Andresens scenografi gir rom for eit utal ulike tablå. Teknisk er denne produksjonen ikkje anna enn imponerande. Så mykje som skal klaffe, saumlause sceneskift, effektar, kameraføring og alt det andre. Og nok ein gong er det bilderegien til Halvor Hoem som imponerer aller mest. Her er mykje å lære for alle som vil lage strøymeteater, men førebels er Hoem i ein divisjon for seg.

Historia er absurd og fantastisk, men altså langt frå så surrealistisk som originalen til evangelisten. Tekstforfattarane har ausa av overskot og boltrar seg i ordspel og all verdas usannsynlege referansar. I den forrykande opningssongen syng dei til dømes om å la nåde gå for Nasarett, og like etter dukkar det opp ein prompande kamel, – kamelen Harris som skal bli den første fisepresidenten. Det er ganske mykje prompe- og genitaliehumor, og mangt er kreativt og artig, men framleis er nok forfattarane litt for ukritiske i den mest pubertale humoren. Men det er berre i den siste finslipinga av tekstgrunnlaget at denne produksjonen framleis har ein liten veg å gå. Det øvrige held eit nivå som er imponerande.