Author Archive

Tru utan tvil

tirsdag, januar 13th, 2015

VISUELT: I eit kaldt og symboltungt landskap møter vi ein nesten like kald Brand. FOTO: ERIK BERG/DET NORSKE TEATRET

TEATER

Brand
Det Norske Teatret
Av  Henrik Ibsen
Omsett av Edvard Hoem
Omarbeiding og regi: Kjetil Bang-Hansen
Scenografi og kostyme: John-Kristian Alsaker
Lysdesign: Torkel Skjærven
Med: Svein Tindberg, Agnes Kittelsen, Britt Langlie, Mads Ousdal, Paul-Ottar Haga, Ingvild Holthe Bygdnes, Jon Bleiklie Devik m. fl.

Ein kompromisslaus og fanatisk Brand i ei uvanleg visuell og symboltung oppsetting, men utan synlege referansar til dagens religiøse og politiske fantastar.

Mot bakteppet frå dei siste dagars hendingar i Paris, og med aukande merksemd om religiøs fanatisme, skulle ein tru at ei framsyning av Ibsens «Brand» kunne bli meir aktuell enn på lenge, men slik blei det ikkje i oppsettinga som hadde premiere på Det Norske Teatret på fredag. Det er i staden blitt ein særs visuell og relativt velspela produksjon som er tru mot det ålmenne i Ibsens tekst, men i langt mindre grad gjer han tidsaktuell. Og i Edvard Hoems dyktige omsetting er det tatt godt vare på både rytmen og den bundne forma i originalen.

Presten Brand er den fullstendig kompromisslause som ikkje skyr noko i si tru på Gud. Dette er den pietistiske arven frå Luther i sin ytste konsekvens, og her er ikkje mye plass til nådens og kjærleikens gud. Brands credo «inkje eller alt», fører til det eine nederlaget etter det andre der både mora, sonen og kona døyr frå han, og der han til slutt står heilt åleine utan korkje familie eller kyrkjelyd før han i finalen blir tatt av eit snøras. Då Ibsen skreiv «Brand» i 1866, såg nok både han og publikum mange positive trekk i den kompromisslause presten, medan ein etter meir enn hundre år med både religiøs og politisk fanatisme av ulike slag legg langt meir kritisk haldning i tolkinga.

Eg er uviss på kva Kjetil Bang-Hansen ønsker å seie med denne framsyninga. Saman med scenograf John-Kristian Alsaker har han laga ei særs visuell oppsetting der scenografien i stor grad er ein parafrase over Jan Groths uttrykksfulle og vakre sceneteppe, og der strekane i teppet blir eit symbolsk uttrykk for korleis livet til Brand og folka rundt han er motsetnadsfylt og nærast sprekk frå kvarandre. Saman med utsøkt lysdesign gjer dette framsyninga vakker og visuelt symboltung. Alt dette er tydeleg og godt formidla, men sjølve handlinga byr på større problem. Bang Hansen har skore kraftig i manus, men utan å sløyfe for mye av innhaldet. Det har ført til at ein god del blir ganske uforståeleg om ein ikkje har lese teksten eller sett tidlegare produksjonar. Det kjem stadig nye generasjonar teaterpublikum, og det skal ikkje vere naudsynt å ha masse  bakgrunnskunnskap for å forstå handlinga, spesielt ikkje i eit så narrativt drama som «Brand».

Typegalleriet er stort, men dei fleste rollene er meir representantar for ulike idear og retningar enn heile menneske. Unnataket er legen (Paul-Ottar Haga) som byr på truverdig, jordnær og alternativ tenking. Men det er Brand (Svein Tindberg) og hans uforsonlege og kompromisslause tru dette handlar om. Han er sta og streng med både seg sjølv og andre, og  berre i samspelet med Agnes (Agnes Kittelsen) ser vi forsonande trekk og ørsmå tilløp til tvil. Svein Tindberg er ein dyktig skodespelar som fyller rolla som Brand med stor autoritet og innleving. Trass i at han er om lag dobbelt så gamal som den Brand vi er vande med å møte, og utan at eg kan sjå at Bang-Hansen har freista å gjere noko ut av det, eller forklåre den store aldersskilnaden på Brand og Agnes, gir Tindberg oss ei truverdig tolking. I eit fargelaust og kaldt  ytre og indre landskap syner han oss kva som skjer med eit menneske som er så absolutt i alt sitt vesen.

(Meldinga stod i Klassekampen måndag den 12. januar 2015.)

 

Det gode mennesket frå Vingrom

tirsdag, desember 9th, 2014

EKTE: Jan Erik Berntsen syng jula inn og tek samstundes eit verdig avskil med sitt store publikum. FOTO: LASSE BERRE

TEATER

 

JEB-SHOW
Trøndelag Teater, Gamle scene
Regi og konsept: Mads Bones
Musikalsk leiar: Kyrre Havdal
Med: Jan Erik Berntsen, Hallbjørn Rønning, Ingrid Bergstrøm, Mads Bones, Su’udah Berntsen og ulike gjestar frå kveld til kveld.

Dette er korkje teater, show eller glatt underhaldning, men ein skodespelar som kler seg nådelaust naken og raust byr på seg sjølv og livet sitt.

For femti år sia kom ein ung mann frå Vingrom til Trondheim for å lære å bli skodespelar. Dette var i teatersjef Victor Husebys tid då det ennå var slik at ein ved einskilde teater kunne «gå i læra» for å bli scenekunstnar. Jan Erik Berntsen var ein framifrå songar, hadde utsjånaden med seg, og etter kvart blei han også ein utmerka skodespelar. Med unntak av nokre gjestespel her og der og eit fire års sjølvpålagt eksil på Bali, har han blitt på Trøndelag Teater der han har medverka i meir enn 130 produksjonar. Julaftan blir han 70 år, og etter femti år i Thalias teneste takkar han nå av med sitt eige førjulsshow; «JEB-SHOW» på Gamle scene der han har fylt så mange ulike roller opp gjennom åra.

For den som har levd ei stund, og har sett TV heilt attende i svart/kvitt-tida, vil kanskje namnet «JEB-SHOW» vekkje minner. I 1970 hadde Berntsen sitt eige show på NRK i beste sendetid der han saman med ulike gjestar song og underhaldt nasjonen der vi benka oss rundt fjernsynet for å sjå kva statskanalen kunne by på laurdag kveld. Mange av innslaga frå 44 år attende ligg nå ute på YouTube, og kan vekkje gode og nostalgiske minne for nokon og ein kvar. https://www.youtube.com/watch?v=DY_myTbejYg

Nå har altså teatersjefen gitt han høvet til å ta eit verdig avskil med sitt store og lojale publikum, og saman med mannen sin og tre gode kollegaer har Berntsen laga eit lite førjulsshow som ei blanding av talkshow og rein juleunderhaldning. I Mads Bones’ regi er dette blitt ei merkeleg og temmeleg sjangeroverskridande framsyning som er korkje det eine eller andre, og som knapt nok er spesielt godt teater, men som likevel er så ekte, så inderleg, og ikkje minst så raust at det berre er å gi seg over. I ein underleg miks får vi presentert video-opptak av den unge sjarmørsongaren avløyst av den noko eldre, men framleis spill levande og like velsyngande Berntsen, kora og supplert av Mads Bones, Ingrid Bergstrøm og Hallbjørn Rønning, av smalltalk i sofaen leia av ein Mads Bones som syner talent også som talkshow-vert, av ulike julesongsviskar, salmar og etter kvart av eit særs ope, raust og nesten privat intervju med jubilanten der han utan blygsel fortel om ganske skilsetjande episodar i livet sitt. Og særleg om korleis det som skulle bli ein eittårs flukt til Bali, blei fire år med både privat og storpolitisk dramatikk som nok var langt alvorlegare enn det han har formidla på noka scene. Djupt personleg, men altså utan å bli privat, kanskje nettopp fordi Jan Erik Berntsen er så hundre prosent ekte, let han oss få sjå inn i og bakom skodespelaren, og kler seg nådelaust naken. 

Jan Erik Berntsen har alltid vore ein framifrå songar, og fekk altså berre 26 år gamal eige show på NRK. I årets framsyning fortel han at det resulterte i brev frå Lillebil Ibsen om at han burde kome seg unna dette showet fordi popmusikken  kunne øydeleggje for skodespelarkarrieren hans.  Og litt sanning var det nok i dette. For Berntsen har alltid vore sett på som songar, enterteinar og musikalartist, og i mindre grad som karakterskodespelar. Men for oss som har fått følgje han gjennom mange av desse åra, for mitt vedkomande frå «Skeiv» i 1980 fram til «Bedrag» av Pinter i fjor, veit vi at her er det ein dyktig og allsidig skodespelar med eit langt større register enn som så. Men kanskje først og fremst er det ein stor og raus ensemblespelar, ein som spelar for laget, og som gir av seg sjølv for å gjere andre gode.

I røynda var det dette «JEB-SHOW» handla om. Det var kollegaers og gode veners hyllest av ein scenekunstnar som etter 44 år endeleg får sitt eige show igjen. Og i ei førjulstid der mange artistar promoterer seg sjølv med overflatiske kyrkjekonsertar og eg veit ikkje kva, var det godt å bli invitert inn i noko ekte. For i Jan Erik Berntsens avskilshow var det ikkje berre populærmusikk og glatt underhaldning, men ekte og inderleg vare frå ein varm og god skodespelar. Frå det gode mennesket frå Vingrom.

 

Hamlet på nytt?

onsdag, desember 3rd, 2014

Foto: Stig Håvard Dirdal

TEATERÅRET 2014

(Det er mange teateroppsettingar som eg ser så lenge etter premieren at det blir for seint å melde dei i avisa, og eg har heller ikkje kapasitet til å skrive i bloggen om alt eg ser. Då er det godt å ha spalta «Julekalenderen» mot slutten av året der eg kan rette opp dei aller største unnlatingssyndene, og få skrive litt om det som har vore blant høgdepunkta i året som nå går mot slutten. Denne gongen er det Rogaland Teater som hadde fortent litt meir merksemd tidlegare i haust.)


Det er ikkje utenkeleg at Shakespeare skreiv ganske godt. 

Det året som nå går mot slutten har, som alle andre år, sine jubileum. Eitt av dei som ikkje er så veldig påakta blant folk flest, er Shakespearejubileet. I vår var det 450 år sia verdas største dramatikar blei født. Kanskje ikkje det rundaste talet, men likevel nok til at mange norske teater har nytta høvet til å sette opp stykka hans. Og jamvel om Nordland Teater har presentert ei framifrå oppsetting av «Stormen» i ei like framifrå gjendikting av Ragnar Olsen, er det først og fremst «Hamlet» som gjeld i jubileumsåret. Kor mange tusen gongar dette dramaet er sett opp på ulike scener verda over, er uråd å vete, men eg tar neppe munnen for full om eg påstår at det til ei kvar tid, heile året gjennom, blir spela «Hamlet» på ei eller anna scene rundt om i verda. Dei fleste regissørar og skodespelarar vil i løpet av karrieren ha presentert dette stykket opptil fleire gongar, og rolla som prins Hamlet er framleis blant det beste å ha på cv-en. 

Når det går femten på dusinet av Hamlet-produksjonar, er det sjølvsagt naturleg at ein dissekerer, snur opp ned, vrir og vrengjer og leiter etter noko ingen andre har sett eller funne. For det kan fort bli litt traust å spele stykket slik «alle andre» gjer og har gjort det. I løpet av jubileumsåret har eg sjølv sett tre oppsettingar av «Hamlet» med ganske ulik tilnærming. På Teatret vårt i Molde ville truleg regissør Uwe Cramer syne kor ålmenn og tids- og kjønnsnøytral problematikken er, og valde å nytte ein kvinneleg Hamlet. Valborg Frøysnes gjorde ein strålande rolletolking, men eg er ikkje viss på at framsyninga ga meg så mye nytt. 

På Det Norske Teatret gjekk regissør Peer Perez Øian eitt skritt lenger og valde ikkje berre ein kvinneleg Hamlet, men også ein mannleg Ofelia. Marie Blokhus var framifrå som Hamlet, men heller ikkje denne oppsettinga ga meg noka ny forståing. 

I ein situasjon der alle skal finne på noko nytt og annleis, kan det difor vere befriande å sjå at den som stoler på sprengkrafta i Shakespeares tekst, faktisk er den som oppnår mest. Kjersti Horn sette opp «Hamlet» på Rogaland Teater i haust i full tillit til teksten. Her var sjølvsagt regigrep av ulike slag, men ingen såkalla fikse idear eller spesielt nyskapande vriar. Men med stram og god regi, særs godt ensemblespel og ein heilt fabelaktig Torbjørn Eriksen i hovudrolla, var dette den klåraste og beste Hamlet-oppsettinga eg nokon gong har sett. Eg skal halde meg langt frå å nytte daglegvareslagord om det enkle, for dette er slett ikkje enkelt. Det er faktisk særs komplisert å lage noko som verkar openbert og enkelt. Derimot har det aldri vore lettare for meg som publikummar å fatte kva oppsettinga dreidde seg om. Eg har sett eit utal oppsettingar av «Hamlet», men aldri ei som var så teksttru, og på same tid så forståeleg, innsiktsfull og god.  

Kanskje er det så enkelt som at Kjersti Horn har funne ut at Shakespeares tekst toler å stå på eigne bein, og at han faktisk var ein ganske god forfattar?

(Denne teksten stod i Klassekampens spalte «Julekalenderen» onsdag den 3. desember 2014)

 

Hjelp eller overgrep

tirsdag, november 18th, 2014

KONTROLL: Overgriparen har full kontroll på ofra sine. Trur han. FOTO: SIGNE FUGLESTEG LUKSENGARD

TEATER

Dager under
Trøndelag Teater, Studioscena
Av Arne Lygre
Regi: Ole Johan Skjelbred
Visuell konsulent: Marco Vaglieri
Med: Herbert Nordrum, Espen Klouman Høiner, Kenneth Homstad og Kjersti Tveterås

 


Særs velspela om grensa mellom idealistisk hjelp og grove overgrep.

I haust har teatersjef Kristian Seltun gitt fire skodespelarar fri tilgang til studioscena på Trøndelag Teater, og latt dei sjølve velje seg ut to tekstar og hyre inn regissør og annan kunstnarleg assistanse. Slikt kan det bli spennande teater av. I september sette dei opp ein særs leiken og utradisjonell versjon av «Moby Dick», og i helga var det norgespremiere på ei minst like god framsyning av «Dager under» av Arne Lygre.

Lygre er ein av Norges aller fremste dramatikarar, men er diverre langt meir spela i utlandet enn heime. «Dager under» blei skrive i 2008, og har hausta stor fagnad i Danmark, Tyskland og Frankrike, men det er først nå at heimepublikummet får sjå stykket. Lygre nyttar som oftast ulike tekstnivå og forteljarperspektiv i stykka sine, og teksten til «Dager under» kan lesast som ei einaste stor scenetilvising der skodespelarane både seier replikkane sine og fortel kva dei skal gjere på scena, utan at dei alltid gjer det dei seier. Dette skapar eit særeige scenespråk som krev mye av skodespelarane, men ikkje av scenografi og ytre forklårande element. I «Dager under» er vi i eit hus med ein litt udefinert kjellar, og i dette lukka rommet held «eigar» (Herbert Nordrum) folk fanga for å hjelpe dei ut av eit udefinert uføre. Han er ein forstyrra idealist med klokkartru på eige prosjekt, og «kvinne» (Espen Klouman Høiner), det første offeret vi møter, kan tyde på at ideen er vellukka. Som ein Patty Hearst er ho fanga av «Stockholmsyndromet» og har tatt til å identifisere seg med overgriparen og prosjektet hans. Men så kidnappar han også «jente» (Kenneth Homstad) og «Peter» (Kjersti Tveterås), og etter kvart går det meste gale.

Tematisk handlar dette først og fremst om den forkvakla idealisten som gjer overgrep i trua på at han yter hjelp. Parallellane til både Fritzl og Breivik er nok synlege, men teksten er langt meir ålmenn enn desse to sakene. I tillegg kan ein òg lese inn det merkelege fenomenet at offeret får sympati for overgriparen. Men Lygre opererer på endå fleire plan, og dei litt uklåre scenografiske tilvisingane som gjer at den fysiske settinga faktisk endrar og utviklar seg undervegs, gjer at den tilsynelatande realistiske framstillinga kanskje er fiktiv og skjer i ei draumeverd? Dette spelet på så mange lag og nivå er ei av oppsettingas mange sterke sider, for her er det mye rom for tolking og fantasi.

I Ole Johan Skjelbreds regi er manuset strippa for mange detaljar og forklåringar, mellom anna bakgrunnen til ofra, og dette gjer etter mitt syn tematikken sterkare. Ein del uklåre sekvensar i teksten er ved særs enkle grep tydeleggjort, som til dømes at eigaren faktisk dør. Rekvisittbruk og scenografi er yttarst forsiktig, men nettopp difor særs effektfull, og særleg gjeld det bruken av to store speil som gjer at bakscena også blir synleg, slik at ikkje berre teksten, men også spelet og det visuelle har fleire nivå.

Som i «Moby Dick» er dette blitt eit særs tett og uhyre velspela ensemblespel der det er openbert at alle har vore aktive i utforminga. Kjønnsidentiteten er oppheva ved at alle utanom «eigar» spelar sitt motsette kjønn. Eg forstår nok bakgrunnen for dette valet, men resultatet blei meir forvirrande enn ålmenngjerande. «Dager under» er eit ganske dystopisk stykke, men med leiken framstilling, forbausande mye humor og ein god del surrealisme blir den ganske tunge tematikken kontrastert og understrekar slik sett heile oppsettingas spel på og leik med ulike forteljarnivå.

(Meldinga stod i Klassekampen tysdag den 18. november 2014.)

Prosperos milde vindar

fredag, november 14th, 2014

HERRE OG TENAR: Ved hjelp av trolldom og magi får Prospero og Ariel regissert alt akkurat slik dei ønsker. FOTO: MARIUS FISKUM

TEATER

Stormen
Nordland Teater, Mo i Rana
Av William Shakespeare
Omsett og gjendikta av Ragnar Olsen
Regi: Birgitte Strid
Scenografi og kostyme: Nora Furuholmen
Koreografi: Marianne Kjærsund
Lyddesign og komposisjon: Sissel Brean Hovind og Frode Fridtjofsen
Lysdesign: Johan Haugen
Med: Bernhard Ramstad, John Sigurd Kristensen, Reidar Falch Sørensen, Rune S. Løding, Susann Bugge Kambestad, Roger Opdal Paulsen, Sven Henriksen, Andreas Kolstad, Stein Hiller Elvestad,
 
Martin Karelius Østensen og Jeppe Beck Laursen
Dans: Marianne Kjærsund og Gerd Kaisa Vorren

Ei i dobbel tyding velregissert, og samstundes både underhaldande og særs vakker oppsetting.

Det er ei i dobbel forstand velregissert versjon av «Stormen» Nordland Teater gir oss. Birgitte Strid har laga ei stram og særs vakker oppsetting der Shakespeares alter ego, Prospero (Bernhard Ramstad), held ein like velregissert dommedag over alle som har svike han. Historia har mange lag, og mye rom for tolking, men denne oppsettinga konsentrerer seg i hovudsak om eitt av dei, – at tilgjeving er større enn hemn. Det er både produksjonens styrke og problem.

«Stormen» var det siste dramaet Shakespeare skreiv, og det handlar om Prospero, hertugen av Milan, som tolv år tidlegare blei utsett for eit komplott frå broren og nabokongen, og som saman med dottera, Miranda blei send til havs og hamna på ei relativt aude øy. Der frigjer han på ganske ulike vis både ånda Ariel og den innfødde Caliban. Og ved hjelp av eigen trolldom og Ariels magi regisserer Prospero eit uvêr der fiendane hans frå tolv år attende lir skipbrot i ein frykteleg storm og hamnar på nettopp same øya. I finalen samlar han alle, og vi forventar eit skikkeleg oppgjer, men i staden for stormfull hemn, gir Prospero oss berre milde vindar.

Ragnar Olsen har omsett og gjendikta historia til eit moderne, munnleg og forståeleg nordnorsk, og har fått mye burlesk og folkeleg humor til å bli særs synleg. Det gjer at framsyninga rett og slett blir både underhaldande og fornøyeleg i seg sjølv, i tillegg til dei meir ålmenne tema Shakespeare tar opp. For dette er den gamle mannens milde ønsker om forsoning i staden for hemn og antagonisme. Når Prospero ved hjelp av eigen trolldom og ikkje minst Ariels (John Sigurd Kristensen) magi får samla alle sine gamle svikefulle motstandarar, så er det ikkje for å søke hemn, men for å tilgi og skape forsoning. Prosperos epilog balanserer denne gongen hårfint frå å ende opp som ein hyllest til eit tannlaust egnersk idealsamfunn, men greier til slutt å bli truverdig forsoning og tilgjeving i ein, for Shakespeares tid, ganske utypisk humanisme.

Men her ligg også framsyningas uløyste problem med Caliban der det ikkje ligg an til same forsoninga. Han er ein innfødd, blir framstilt som eit monster, og i tradisjonen frå Kipling med «The White Man’s Burden» er vel dette rett for sekstenhundretalets koloniale syn, men ikkje for dagens. Calibans rolle, og Prosperos haldning til han, formeleg ropar etter nye tolkingar.

Trass i dette, er «Stormen» likevel blitt både underhaldande og tankevekkjande teater. Det er ein stilsikker, vakker og velspela oppsetting med eit særs opplagt ensemble der særleg samspelet mellom Bernhard Ramstad og John Sigurd Kristensen som ein herre og hans butlar, er sentralt. Nora Furuholmens utsøkte scenografi kombinert med eminent lyd- og lysdesign, gjer framsyninga til ei særs sanseleg oppleving. Og dette blir ytterlegare forsterka av dei nydelege koreografiske løysingane der Marianne Kjærsund og Gerd Kaisa Vorren med uttrykksfull dans kommenterer og understrekar handlinga.

(Meldinga stod i Klassekampen fredag den 14. november 2014.)

Interaktivt

tirsdag, november 11th, 2014

SMØRING: Litt olje, så går alt som smurt. FOTO: KJETIL MOSLÅTTEN

TEATER

Trollmannen fra Oz
Union scene, Brageteatret, Drammen
Basert på romanen av L. Frank Baum

Dramatisering og regi: Hilde Brinchmann

Scenografi: Paul Garbers
Kostyme: Helena Andersson
Med: Tiril Heide-Steen,
Hedda Sandvig, Martha Louise Kjørven, Cecilie Lundsholt, Espen Mauno, Jan Egil Engnes, Mats Holm Ernstsen, Knut Steen

Ei fysisk teaterreise som krev aktiv deltaking.

Brageteatret i Drammen har sett opp «Trollmannen fra Oz» som interaktivt barneteater, og det er blitt både ein ganske annleis og samstundes særs vellukka produksjon. I staden for at vi passivt sit i salen og følgjer Dorothy frå Kansas til Oz og så attende att, tek ho oss med som aktivt reisefølgje. Dorothy drøymer om å bli stjerne, og her oppdagar ho med eitt at ho har fått eit stort publikum, grip sjansen og let oss både bli med på reisa der ho møter fugleskremsel, blikkmann og løve, bli del av framsyninga, og dermed ein viktig premiss for at det til slutt går bra. Slik er dette blitt metateater for dei yngste, ei form som inneber stor grad av abstraksjon, men som ungane tek på strak arm.

Union scene er bygd om til mange små rom og opplevingar, knytt saman av den gule vegen vi alle må følgje. Tiril Heide-Steen er ei særs truverdig og spill levande Dorothy, og på turen  hjelper vi henne så godt vi kan med alle utfordringane ho møter. Det er eit lite ensemble som spelar eit utal roller, og det er imponerande kor saumlause om-maskeringane og rolleskifta skjer. Ettersom dette er så interaktivt, gir ensemblet også godt rom for deltaking frå oss i reisefølgjet. Kostyme og masker er fantasifulle og fargerike, og scenografien er særs mangslungen sjølv om han kan verke litt heimesnikra. Men det gjer ikkje noko så lenge han berre skal trigge fantasien, og ikkje vere den endelege illustrasjonen i seg sjølv.

«Trollmannen fra Oz» blir spela fram til 23. november. Ettersom Dorothy berre har plass til 30 personar i følgjet sitt, kan det bli knapt om billettane.

(Ei forkorta utgåve av denne meldinga stod i Klassekampen tysdag den 11. november 2014.)

 

Alt kan reparerast

tirsdag, november 4th, 2014

MOLL OG DUR: Kathrine Thorborg Johansen spelar ut heile registeret og er høgt og lågt som Vibeke. FOTO: GT NERGAARD

TEATER

Puppan te pappa
Trøndelag Teater, Hovudscena
Tekst og musikk: Rasmus Rohde
Regi: Morten Joachim
Scenografi og kostyme: Gjermund Andresen
Koreografi: Martha Standal
Med: Kathrine Thorborg Johansen, Øyvind Brandtzæg, Julie Moe Sandø, Jon Lockert Rohde, Mira Dyrnes Askelund m. fl. samt Rasmus og Verdens Beste Band

God musikk og godt spel, men eit tekstgrunnlag som har litt for mye moralistisk vaksenproblematikk .

I ein gråbeinsgard i Trondheim bur Vibeke (Kathrine Thorborg Johansen) og foreldra hennar, Martin (Øyvind Brandtzæg) og Mildrid (Julie Moe Sandø). Saman med dei andre bebuarane i garden er det nærast lutter idyll der mye dreier seg om altmogelegmannen Martin. I tillegg til å vere verdas beste pappa, driv han også bakgardsverkstad der alt kan reparerast, og der han samstundes har overflod av tid for ungane. Sjølv om det er mange kvardagskonfliktar i dette miniuniverset, er dei ikkje større enn at dei også kan reparerast. Det einaste Martin ikkje er så opptatt av å vedlikehalde, er kroppen, og Vibeke slår etter kvart fast at «pappa har fått puppa».

Men så flyttar gründeren Gunn (Mira Dyrnes Askelund) inn og startar treningsstudioet Sunn med Gunn i dei ledige butikklokala i 1. etasje. Gunn er ei fjong dame som er som flugepapir for sakeslause mannfolk. Så går det som det må, Martin blir kroppsfiksert, småforelska i Gunn, gløymer alt det gamle, og sluttar å vere verdas beste pappa for Vibeke.

Rasmus Rohde er godt kjend som musikar og låtskrivar, og Rasmus og Verdens Beste Band har ein imponerande cv med to av tre mogelege spelemannsprisar for beste barneplate. Rohde har også solid røynsle frå teatret, både som musikar i fleire oppsettingar, og som forfattar av gruvespelet «Eplene i Messehagen». Nå har han tatt skrittet inn i fullformatet på hovudscena på Trøndelag Teater med ei vidareutvikling av ideane bak fleire av barnesongane, og med unntak av tittellåten, er det berre nyskrivne songar. Rohde har tidlegare synt at han greier å skrive seriøst og forståeleg for barn, og er ofte flink til å utfordre tabuførestillingar på eit humoristisk og avvæpnande vis. Slikt er det også ein del av i denne oppsettinga, men ho kunne nok ha tålt atskillig meir. Historia er ei framstilling av ei midtlivs- og samlivskrise slik ho kan fortone seg for ungane, men Rohde greier ikkje heilt å finne kven han vender seg til. Det blir litt for mye vaksenproblematikk og føreseieleg korrekt moral, og for lite av det meir absurde og forbodne. Ei scene der ein stotrande Martin blir kontant avvæpna av Vibeke som svarar: Å, du meiner sex? når faren skal forklare korleis ho blei unnfanga, kan stå som eit døme på slikt vi skulle ha hatt meir av. Då hylte ungane i salen.

Morten Joachim som nyleg hadde kjempesuksess med Doktor Proktors Prompepulver på Riksteatret, har hatt regien. Saman med Gjermund Andresens heilt transparente og særs effektfulle scenografi, og Eivind Myrens lysdesign, har han skapt eit fint, lite univers av bakgarden og dei mange ulike bebuarane. Overspelet er akkurat på grensa, og kontrastane til dei rolege og alvorlege partia er fine og avstemte. Kathrine Thorborg Johansen er særs tilstades som Vibeke og spelar ut heile det mangfaldige registeret til ungjenta. Martha Standal har med sikker hand koreografert dei mange flotte songinnslaga, og Rasmus og Verdens Beste Band gir ikkje berre tonefølgje, men er aktivt med og kommenterer handlinga. Men om Trøndelag Teater framleis skal ha ambisjonar om å vere eit leiande musikalteater, må dei gjere noko med lyden. Det har vore problematisk før, men denne gongen var lydkøyringa katastrofalt dårleg. Når gode songarar med framifrå diksjon blir presentert som om dei syng gjennom eit ullteppe, er det langt frå akseptabelt for eit av landets nyaste og mest moderne teater.

(Meldinga stod i Klassekampen måndag den 3. november 2014.)

 

Ein liten digresjon?

tirsdag, oktober 14th, 2014

ALVOR?: Bak gravalvor og særs enkel koreografi skjuler det seg faktisk stor humor og ei uendeleg mengd undertekst. FOTO: TOM SACHS

TEATER

Black Warrior
Teaterhuset Avant Garden, Trondheim
Tekst og koreografi: Lisa Östberg og Kim Hiorthøy

Musikk: Kim Hiorthøy
Med: Lisa Östberg og Kim Hiorthøy

Sakte og naivistisk metateater, humoristisk, og med ein undertekst som gjer at ettersmaken held seg uvanleg lenge.

Vi trudde vi skulle på ei teaterframsyning, eller ein performance med litt koreografi, laga av multikunstnarane Kim Hiorthøy og Lisa Östberg. Men så synte det seg at vi hamna på spanskkurs i staden. Og då kurset diverre blei avlyst på grunn av ei uventa hending på parkeringsplassen, måtte Hiorthøy/Östberg gjere det beste ut av det, og så blei det performance likevel. Eller kanskje det er meir korrekt å kalle det ei slags rettleiing om korleis ein lagar performance. Forvirra? Ja, men akkurat så absurd, underfundig, uventa og humoristisk er det universet desse to koreografane tar oss inn i. Og om du ikkje skjønar bæret, så er det merkelege at det faktisk blir meir og meir forståeleg etter kvart. 

Kim Hiorthøy er illustratør og musikar, og har etter kvart tatt utdanning som koreograf. Lisa Östberg er koreograf, dansar, forfattar og regissør. Med ei slik uvanleg multibakgrunn i bagasjen gjesta denne norsk/svenske duoen oss for eitt år sia med framsyninga «YOU», ein slags parafrase over BBC’s David Attenborough, ei oppsetting som gjekk for fulle hus både i Trondheim og Oslo. Nå er dei attende med ein ny produksjon som hadde norgespremiere på Avant Garden i Trondheim på fredag. Som førre gong, har dei tatt utgangspunkt i populærkulturelle referansar, spesielt 70-talsfilmen «All the President’s Men», og i tillegg noko så uvanleg som den påstått nærast ikoniske blyanten «Black Warrior».

På sitt lågmælte og særs naivistiske vis, og ved å nytte ei rekkje ulike presentasjonsmåtar, utforskar dei to med stor grad av pedagogisk metode kva som skal til for å lage ein performance. Dei presenterer element for element, boltrar seg i ord og omgrep som idé, situasjon, pause og undertekst berre for å nemne nokre, og avsluttar symptomatisk nok med «forventningar». Det er særs sakte teater, eit slags roleg samtaleteater med masse humor, tilsynelatande ufrivillig i sin absurde naivitet. Særleg var problematiseringa av omgrepet «intermission» (pause) nesten hysterisk artig.

Framsyninga går delvis i loop, tar opp att seg sjølv, men i ny innpakking, og er full av  digresjonar. Eigentleg er heile produksjonen ein einaste stor digresjon. Dei mister tråden, rotar seg ut på viddene, men på eit merkeleg vis kjem dei alltid attende til brukarrettleiinga si, og slik blir framsyninga ein illustrasjon på seg sjølv. Og jamvel om det kanskje ikkje blei spanskkurs, så synte det seg etter kvart at det i alle fall blei ei form for språkkurs, ei spennande og underhaldande utforsking av ord og omgrep og alt vi tar for gitt, men som kanskje kan ha mye anna innhald og eit utal andre tolkingar enn vi først tenker. 

«Black Warrior» blir vist på festivalen Oktoberdans i Bergen denne veka før framsyninga i starten av november skal til dansefestivalen Barents i Hammerfest.

 (Meldinga stod i Klassekampen måndag den 13. oktober 2014.)

 

Mennesket og maktene

tirsdag, september 30th, 2014

ENKELT: Med ikkje stort andre rekvisittar enn ein taukveil greier dei fire på scena å ta oss inn i Melvilles store univers. FOTO: SIGNE FUGLESTEG LUKSENGARD

TEATER

Moby Dick
Trøndelag Teater, Studioscena
Basert på romanen av Herman Melville

Omsett av Bjørn Alex Herrman
Regi og dramatisering: Ole Johan Skjelbred
Visuell konsulent: Marco Vaglieri
Kostyme: Ane Aasheim
Lysdesign: Gøril Nordgaard
Lyddesign: Jon Platou Selvig og Anders Schille
Med: Kenneth Homstad, Espen Klouman Høiner, Herbert Nordrum og Kjersti Tveterås

Ei leiken, kreativ, velspela og mangefasettert oppsetting om menneskeleg hovmod. Og mye meir.

Herman Melvilles ikoniske roman frå 1851 om den kvite kvalen Moby Dick og den besette kaptein Ahab som ikkje skyr noko middel for å få hemn over dyret som tidlegare har frårøva han ein fot, og gjennom det også halve livet, er filma og dramatisert eit utal gongar. Boka er ein heil romansyklus i seg sjølv, eit verk der Melville ikkje heilt greidde å avgrense seg. I botnen ligg forteljaren og hans arbeid og reise på kvalfangarskuta Pequod under diktatorisk leiing av kaptein Ahab der dei først og fremst søkjer den kvite kvalen. Men her er i tillegg store leksikalske utgreiingar, og tolkinga av romanen er meir enn legio frå det religiøse via menneskeleg overmot, til dagens miljøvernperspektiv og you name it.

Romanen har etter kvart gitt inspirasjon til ei rekkje spektakulære filmar og drama som freistar å syne menneskets kamp med og mot naturen. Ole Johan Skjelbred har gått heilt motsett til verks. Den 750 sider lange romanen er blitt eit manus på 42 sider, og gjennom ei uvanleg stutt prøvetid har regissør og dei fire på scena arbeidd seg fram til laurdagens premiere. Det blei ei heilt annleis, men særs velspela og god teateroppleving, – eit ensemblespel av det sjeldne.

I staden for å dramatisere dei store hendingane, tar Skjelbred oss med på ei indre reise der vi får sinnsstemningar og sinnbilde hjå fire av mannskapet på Pequod. Gjennom mange tablå, ei rekkje særs velformidla monologar, godt ensemblespel, og utan annan scenografi enn ein taukveil, ein duk, ein stol og eit orgel samt litt hjelp av vindmaskin og røyk, for ikkje å gløyme utsøkt lyd- og lysbruk, greier dei fire på scena i løpet av berre nitti minutt å ta oss med inn i Melvilles store drama og halde oss fengsla. Skjelbred er relativt tru mot Melville og lar det framleis vere høve til å lese inn mange tolkingar. Men når det er eit faktum at utvinninga av den fossile olja («den svarte olja») faktisk gjorde spermasettkvalfangsten og jakta på den «kvite» spermasettolja litt mindre interessant, er avstanden mellom kvalfangst og moderne oljeindustri stuttare enn ein skulle tru. Og den griske og omsynslause rovdrifta på ressursane gjeld for båe næringar. Det er difor heilt naturleg at Skjelbred lar mannskapet også møte ein representant for den norske oljeindustrien i ein liten humoreske som endar i nok ein leksikalsk monolog, like turr som han er humoristisk.

«Moby Dick» er eit uvanleg velspela og tett ensemblespel der aktørane står særs godt til kvarandre. Og det er openbert stoff dei har vore med på å utvikle sjølve, for det er formidla så leikent, avslappa og naturleg, og med masse små metapåfunn og humor. Sjølv om dei skal gjennom eit enormt verk på rekordtid, tar dei seg likevel god tid, og lar einskilde tablå bli dvelande så det verkeleg held. Denne produksjonen syner at med ein god ide og dyktige folk i alle ledd er det fullt mogeleg å lage godt teater om ikkje på sparebluss, så i alle fall med låge kostnadar. At finalen blei litt uforløyst, får vere ei sak mannskapet får jobbe vidare med. «Moby Dick» blir spela på Trøndelag Teater i fjorten dagar framover, og skal visast på Black Box i Oslo i slutten av november.

 (Meldinga stod i Klassekampen måndag den 29. september 2014.)

Magnus og Hedda

lørdag, september 27th, 2014

ANNLEIS: Fysisk, ekspressivt og ikkje så reint lite humoristisk om å vere annleis. FOTO: CHRISANDER BRUN

TEATER/DANS 

Jeg satt på en stein og så utover «havet»
Teaterhuset Avant Garden
Av og med Magnus Myhr

Iscenesetting: REBEKKA/HUY
Scenografi: Lisa Hjalmarson
Musikk: Bendik Giske
Lysdesign: Chrisander Brun


Særs lovande solodebut for multitalentet Magnus Myhr i ei personleg utforsking av kjønnsidentitet og det å vere annleis.

Magnus Myhr er eit ungt multitalent frå Klæbu rett sør for Trondheim. Han er utdanna samtidsdansar frå Statens Balletthøgskole, men har den siste tida vore engasjert som skodespelar i to produksjonar på Nationaltheatret. I tillegg er han og ein utmerka songar. Og slik skulle ein fort tru at han er eit vedunderbarn frå den grøne greina, men røyndomen er nok ofte annleis. Å vekse opp i eit lite bygdesamfunn som den einaste guten som ikkje spelar fotball, og som etter kvart finn ut at han er homofil, var neppe berre enkelt. Basert på sine eigne oppvekstrøynsler har han lenge ønska å utforske forventingar til kjønnsidentitet og mye meir, og etter mange års arbeid var det torsdag urpremiere på ei tidvis forrykande framsyning på Teaterhuset Avant Garden i Trondheim.

Den som på bakgrunn av det eg har skrive over og tilsvarande brei førehandsomtale ville tru at dette var ei introvert og lett melankolsk reise i det å vere annleis, blei nok ganske overraska. For Myhr tar i staden til med ein særs humoristisk og personleg monolog om Hedda Gabler der han på rekordtid ikkje berre greier å fortelje plot og intrige i Ibsens drama, men gjer det også så sjarmerande, innsiktsfullt og personleg at tablået blir ei lita framsyning som står fullstendig på eigne bein. I jakta på sitt eige sjølv, fortel han på førehand at han ville spele Hedda Gabler, gå rundt med pistol og vere undertrykt, for så å gjere noko med det. Og det er for så vidt akkurat det han gjer der han med masse humor og vidd greier ut om sin fascinasjon for Heddafiguren.

Så tek dansaren over, og Myhr kastar oss inn i ein ekspressiv dans som i alle fall eg opplevde som ein enorm kamp mot ulike tvangstrøyer der vi i stort tempo etter kvart også anar ei gryande frigjering og aukande livsglede. Gjennom desse to tablåa demonstrerer Myhr at han både kan skrive, fortelje, spele og danse. Han er fysisk særs tilstades, han har ein enorm scenesjarm og har publikum i si hole hand. Men så mistar framsyninga mye både av energien og det overraskande. Vi får ein lang og litt uforløyst monolog om alle dei ulike dyra i Arken før han avsluttar med karaokesong til heile tre DDE-låter av tidleg årgang. 

Magnus Myhr har med denne produksjonen synt at han har eit enormt potensial til å kombinere teater, song og dans, og at han er i stand til å skrive fengslande forteljingar. Eg gler meg til å sjå meir, og får berre akseptere at han i debuten ikkje greidde å stå løpet heilt ut.

(Meldinga stod i Klassekampen laurdag den 27. september 2014.)