Author Archive

Ubehaget i tilværet

torsdag, oktober 22nd, 2020

TEATER

NØKKELEN: Ei open dør som etter kvart går i lås kan forårsake dei mest uventa hendingar. FOTO: SIMEN ULVESTAD

«Licht und Liebe»
Kilden Teater, intimscena
Av: Susie Wang
Tekst og regi: Trine Falch
Scenografi: Bo Krister Wallström
Musikk/lyd: Martin Langlie
Med: Mona Solhaug, Kim Atle Hansen og Selome Emnetu

Ei underhaldande og nesten uhyggeleg manipulatorisk utforsking av kva menneska kan få seg til i gitte situasjonar.

Påverknadskrafta, eller rettare dei manipulatoriske evnene til kunsten, kan vere skremmande stor. Det fekk vi eit godt døme på med urpremieren på teaterkompaniet Susie Wangs siste produksjon. Gjennom ein dryg time fekk dei meg til å akseptere mykje eg ikkje ville ha godtatt ein time tidlegare.

Susie Wang starta opp i 2017 med fire faste i kompaniet og solid røynsle frå Verdensteatret og Baktruppen. Til nå har dei produsert ein trilogi der dei i fjor fekk Kritikarprisen for del to, «Mumiebrun». I samarbeid med Kilden Teater i Kristiansand har dei nå laga ein ny produksjon. Litt symptomatisk for gruppa, fekk framsyninga namn berre fem minutt før opning. Vi er i ein hage i det som truleg er eit nordafrikansk land der dei to tyske turistane, kjærastparet Sabine (Mona Solhaug) og Barni (Kim Atle Hansen) skal slappe av og slikke sol. Trivielle ferieproblem som å bli solbrent og å skjære seg opp under foten, gjer situasjonen ganske attkjenneleg. Og eit endå mindre problem skal vise seg å bli utgangspunktet for heile handlinga. Utleigaren Armani (Selome Emnetu) har nemleg ikkje greidd å finne fram nøkkelen ennå. Det gjer sjølvsagt at handlingsrommet og privatlivet blir litt avgrensa for dei ferierande. Og når Armani nærast invaderer dei med ulike velmeinte og kompenserande tiltak medan dei ventar på nøkkelen, blir det heile ganske kleint.

Korleis det vidare går, skal eg halde meg frå å fortelje. Men med sterke islett av både horror og populærkulturelle referansar, presentert i ei litt naivistisk og humoristisk form, gir Susie Wang oss stadig nye overraskingar. Det er leikent og på same tid både særs realistisk og lite føreseieleg. Og dei nyttar seg av fine illusjonsskapande effektar som er relativt enkle å gjennomskode, men som er så artige og elegante at det både er lett og godt å leve seg inn i illusjonen.

Framsyninga er spekka med symboltunge metaforar, ofte med humoristisk vri. Ei solformørking gir rom for mykje symbolikk, og særleg kreativt og overraskande er det når Barni formeleg slår rot og blomstrar i hagen. I botn av det heile ligg ei ganske enkel forteljing om kva som kan skje når heilt daglegdagse ting går litt gale. Men den underliggjande historia er ei overtydande reise i menneskenaturen og det kroppslege. Med horrorsjangeren som bakteppe reiser dei spørsmål om kor siviliserte menneska eigentleg er når vi blir utsette for litt uventa utfordringar. Og endå meir overtydande er kva dei på særs stutt tid greier å gjere med oss som publikum når vi etter berre ein dryg time godtek og let oss underhalde av det som i røynda er fullstendig utenkeleg.

(Meldinga stod i Klassekampen torsdag den 22. oktober 2020.)

Det går opp og ned

torsdag, oktober 15th, 2020

TEATER

TÊTE A TÊTE: Når dei er for seg sjølve, funkar kjærleiken, men elles? FOTO: AMUND GRIMSTAD

«Et helt liv av sol»
Lager 11, Sluppen
Av Daria Glenter
Regi: Ragnhild Lila Risnes
Scenografisk assistanse: Ingvild Rømo Grande
Lysdesign: Sindre Hansen
Musikk: Sigurd Skogum Riise (komponist og piano), Leo Tveter Bazyar (gitar) og Maria Kornelia Lund (fiolin)
Med: Karianna Sommerro og Åsmund Lockert Rohde

To unge elskande med mykje bagasje å handtere. Kjærleiken er ikkje enkel.

Daria Osipova, med kunstnarnamnet Glenter, er ein ung og ambisiøs dramatikar. Ho var blant dei få som for nokre år sia slapp gjennom nålauget i prosjektet «Unge dramatikere» der Rita Abrahamsen og Trøndelag Teater løfta fram og hjelpte skriveføre ungdomar i alderen 13 til 19. Deretter fekk ho oppført ein liten einaktar på Trøndelag Teater, og nå har ho skrive eit fullformats drama om ungdom og kjærleik med eit bakteppe, ikkje av havet og døden, men meir av fedranes synder.

Vi møter Felix (Åsmund Lockert Rohde) og Yvonne (Karianna Sommerro) som er i starten av tjueåra, og er eit kjærastpar. Som alle som har vore rundt tjue, fulle av hormon, forelska, men samstundes ungdommeleg usikker, er det meir enn nok å kjenne seg att i. I tillegg til det dei fleste av oss har opplevd eller opplever, har desse to også litt meir bagasje å dra på. Båe har ulik innvandrarbakgrunn. Han har ein far som har mishandla mora, og hennar russiske historie er heller ikkje eintydig A4.

Scena er eit ope rom med to senger og masse rot, ganske illustrerande for to hyblar. På bakscena sit tre musikarar og akkompagnerer dei to med beskrivande tonefølgje. Gjennom framsyninga følgjer vi Yvonne og Felix som openbert er kjærastar og som får det til ganske bra eller i alle fall sånn nokon lunde når dei er åleine, men som ikkje greier å takle det like bra elles. Bagasjen er i vegen, og uvissa, ønsket om å utforske sin eigen seksualitet, og ikkje så reint lite sjalusi, er ganske øydeleggjande. Som dei fleste av oss, vil dei så gjerne, men får det ikkje heilt til. Det går med andre ord opp og ned.

Dette temaet er det skrive eit utal drama om, så kvifor endå eitt? Det er fordi vi sjølvsagt aldri blir ferdige med å grunne over kor gode og samstundes øydeleggjande nære relasjonar er. Men mest fordi vi her har ei ung, dristig og litt annleis stemme. Ho tar opp den arven dei fleste dreg med seg, men er også meir ærleg om problemet med å binde seg til berre ein i eit så flyktig samfunn. Og ho skriv heilt ope om kinky sex, sjalusi og meir til. Og altså kombinert med den gamle og evige draumen om eit heilt liv i sola.

Det er blitt eit ganske intenst kammerspel der spranga i tid og stad kan vere litt vanskelege å henge med i, men der vi aldri er i tvil om kva dette handlar om, og korleis dei to unge balar og slit. Ragnhild Lila Risnes har greidd å skape eit relativt tett drama med få daudpunkt. I parforholdet er han ein stuppul og ho eit fyrverkeri. Felix slit med bagasjen, er ganske tradisjonell og har vondt for å sjå at hans eige forhold til Almaz, ei jente vi berre høyrer om, skal vere noko å rippe opp i. Medan Yvonne meir ser ut til å nytte alle sine både kvinneleg og mannlege partnarar som kompensasjon, utforsking av seksualitet og for alt eg veit som pressmiddel mot Felix. For inst inne er det dei to, jamvel om eg ikkje er overtydd om at forholdet er liv laga.

Åsmund Lockert Rohde og Karianna Sommerro har båe utdanning som musikalartistar frå Bårdar, dei kjenner kvarandre godt frå fleire felles produksjonar, og er difor særs fortrulege og står godt til kvarandre. Rohdes spel blir nok vel reservert i samspelet med Sommerro, men når Maria Kornelia Lund gjennom dramatisk fiolinspel kommenterer kjenslene ved sidespranga hans, blir det ganske heftig. Karianna Sommerro imponerer som Yvonne. Ho har eit enormt og finstemt register og kroppsspråk og mimikk som er hundre prosent til stades. Ho er på same tid ei femmes fatale og ei varm og kjærleiksfull ungjente, og det er dans og dampande erotikk i alle rørslene hennar.

«Et helt liv av sol» syner at Daria Glenter er ei ung røyst som har noko på gang, og som greier å få fram nye aspekt ved eit tema som rett nok er gamalt, men som vi aldri blir ferdige med. Framsyninga blir spela på Lager 11 klokka 18 kvar dag til og med sundag 18. oktober.

Havet som metafor

tirsdag, oktober 13th, 2020

TEATER

BESETT: Kaptein Akab er berre opptatt av ein ting i livet, å få tak i kvalen som heimsøkjer han i alt han gjer. FOTO: ERIKA HEBBERT

«Moby Dick»
Nordland Teater, Hovudscena
Av Plexus Polaire – Yngvild Aspeli i samarbeid med Nordland Teater, Figurteatret i Nordland m.fl.
Basert på romanen av Herman Melville
Dramatisering og regi: Yngvild Aspeli
Scenografi: Elisabeth Holager Lund
Komponist: Guro Skumsnes Moe og Ane Marthe Sørlien Holen
Musikk: Guro Skumsnes Moe, Ane Marthe Sørlien Holen og Håvard Skaset
Kostyme: Benjamin Moreau
Figurar: Polina Borisova, Sebastian Puech, Manon Dublanc, Elise Nicod og Yngvild Aspeli
Lysdesign: Xavier Lescat og Vincent Loubière
Lyd: Raphael Barani
Video: David Lejard-Ruffet
Med: Andreu Martinez Costa, Maja Kunsic, Daniel Collados, Sarah Lascar, Viktor Lukawski, Alice Chené og Pierre Deverine/Rune Storsæther Løding

Eit multimedialt kunstverk, ulikt alt anna eg tidlegare har sett.

Eg har sett og meld scenekunst i 42 år, og årleg hatt mange store teateropplevingar. Men det kan gå fleire år mellom det heilt ekstraordinære. Premieren på verdsturneen til Plexus Polaires «Moby Dick» på Nordland Teater var ulikt alt anna eg har sett, og ei oppsetjing som slo meg i bakken. Det var ei framsyning så gjennomført, så vakker og visuell, så djuptgripande og så komplett at eg har vondt for å finne ord.

Herman Melvilles ikoniske roman frå 1851, om den monomane kaptein Akabs årelange kamp for å fange den kvite spermasettkvalen Moby Dick, er ei bok med mange lag og med rom for eit utal ulike tolkingar. Romanen er både dramatisert og filmatisert fleire gongar. Nå har den franske figurteatergruppa Plexus Polaire i samarbeid med Nordland Teater og Figurteatret i Nordland laga ein versjon det truleg vil gå gjetord om lenge. Etter ein stutt speleperiode i Mo i Rana skal produksjonen delta på den prestisjefylte festivalen Festival d’Avignon i Frankrike før han set ut på ein litt amputert verdsturné for så å kome attende til Nordland og Innlandet til neste haust.

Yngvild Aspeli er norsk, men er utdanna i Frankrike der ho også har budd dei siste 17 åra. Der har ho bygd opp figurteatergruppa Plexus Polaire. I fleire år har ho arbeidd med ideen om å dramatisere «Moby Dick». Etter nokre månaders utsetjing, og i samarbeid med Figurteatret i Nordland og Nordland Teater, var det fredag endeleg duka for premiere. Det er blitt ein enorm produksjon, med mange aktørar, innovativ og fantastisk bruk av lys, video, musikk og lyd, spektakulær og komplisert scenografi samt meir enn femti livaktige figurar. Det er ei oppsetjing med fallhøgde av dimensjonar, men som lukkast i absolutt alle detaljar.

Det opnar med lys og videoprojeksjonar som gir assosiasjonar til havet før det dukkar opp små fiskar vi trur er projiserte, men som viser seg å vere figurar med dokkeførarar som er nesten usynlege. Så held det fram med eit tjuetals sjøfolk der det syner seg at to av tre er dokker, men så livaktige og godt styrte at det tidvis er uråd å sjå skilnad på dokker og skodespelarar. Som i romanen, er det den relativt anonyme sjømannen og kanskje Melvilles alter ego, Ishmael (Rune Storsæther Løding) som er forteljaren. Medan framsyninga blir spela på engelsk, fortel Løding på norsk, men blir erstatta av Pierre Deverine når produksjonen skal utanlands. Og så blir vi etter kvart introdusert for den tyranniske og eigenrådige kaptein Akab. Han har trebein etter at Moby Dick fleire år tidlegare beit av han leggen. Han er sjukeleg besett av å fange kvalen, og der hemn berre er eitt av dei mange motiva hans. Figurane som framstiller Akab er så detaljrike, og blir ført så synkront og elegant at det er vanskeleg å fatte at det berre er dokker.

På båe sider av scena står musikarane Guro Skumsnes Moe (bass) og Ane Marthe Sørlien Holen (slagverk) som båe er ansvarleg for komposisjon, og Håvard Skaset (gitar). Dei korar og akkompagnerer i det som ofte kan minne om sakral mellomaldermusikk før det mot slutten blir heftigare rock. Og dei lagar suggererande lydkulisser som gir framsyninga ein mektig ekstra dimensjon.

Gjennom utsøkt lysbruk går scenografien frå kraftige skipsspant, til brua og riggen med utsiktsposten. Den fysiske scenografien vekslar saumlaust med modellar, figurar i mindre målestokk, og figurteaterspelet i full storleik. Figurane er ei historie for seg. Meir enn femti detaljrikt laga dokker, båtar, kvalar av ulik storleik og mykje meir, og ført med imponerande presisjon som gjer det heile så autentisk, blir ei visuell og magisk oppleving i seg sjølv.

Aspeli har i denne produksjonen vald å lage eit fysisk teater som i liten grad fortel ei faktisk historie. Det er i langt større grad enn Akabs årelange sjøreise, blitt ei reise inn i og utforsking av menneskesinnet. Framsyninga er spekka med metaforar om å vere sjukeleg besett av noko, om hemn og om kva menneskeleg dårskap kan føre til. Det meste er usagt, men her er eit vell av idear og tankar å spinne vidare på for oss i salen. Og oppi det heile er det havet som den store metaforen. Havets tiltrekkingskraft på alle som ikkje orkar å leve, men som ikkje vil døy. Eller som Ishmael seier det i epilogen: «Havets store liksvøp bølger videre.»

(Meldinga stod i Klassekampen tysdag den 13. oktober 2020.)

Har kvinnene reelle val?

mandag, oktober 12th, 2020

TEATER

UTAN ATTERHALD: Ellida (Silje Lundblad) får tydeleg fram kva som krevst for at fridomen i ekteskapet med Dr. Wangel (Trond-Ove Skrødal) skal vere reell. FOTO: JOHANNES L. F. SUNDE

«Fruen fra havet»
Trøndelag Teater, Gamle scene
Av: Henrik Ibsen
Regi: Fredrik Longva
Scenografi og kostyme: Olav Myrtvedt
Lysdesign: Eivind Myren
Lyddesign: Oliver Løding
Med: Silje Lundblad, Trond-Ove Skrødal, Madalena Sousa Helly-Hansen, Emma Caroline Deichmann, Jon Lockert Rohde, Madeleine Brandtzæg Nilsen, Emil Olafsson og Jo Saberniak.

Mange gode tilløp, men litt for mange påfunn utan særleg relevans for handlinga.

Fredrik Longva brakdebuterte som regissør med «Dødsdansen» av August Strindberg på Trøndelag Teater i fjor, og produksjonen fekk fleire Heddanominasjonar. Nå er Longva attende på teaterets gamle scene med «Fruen fra havet» av Henrik Ibsen. Det er blitt ei framsyning som har mange gode tablå, men som vil litt for mykje. Ho greier ikkje å konsentrere seg om det viktigaste, men flyt ut i ei alt for lang rekkje påfunn.

Fyrvaktardottera Ellida Wangel (Silje Lundblad) gav opp sin opphavelege kjærleik, følgde fornufta og ekta den langt eldre enkemannen Doktor Wangel (Trond-Ove Skrødal). Slik fekk ho dei to stedøtrene Bolette (Madalena Sousa Helly-Hansen) og Hilde (Emma Caroline Deichmann) på kjøpet. Med ein son som døyr etter berre få månadar, blir det ikkje noko lukkeleg ekteskap eller tilvære for Ellida, og når fortida heimsøkjer henne og den gamle kjærasten (Jo Saberniak) dukkar opp, blir ho stilt overfor eksistensielle val. Skal ho bli eller reise?

I Olav Myrtvedts ganske opne og nakne scenografi der scena blir møblert litt etter litt, blir vi lag for lag presentert for familien Wangel. Gjennom dei to besøkjande mennene, overlærar Arnholm (Jon Lockert Rohde) og Lyngstrand (Emil Olafsson), får vi også vite meir om familiens fortid. Med Ballested (Madeleine Brandtzæg Nilsen) som ein slags komisk katalysator, forstår vi raskt at Longva i stor grad vil nytte komediens språk for å brette ut spørsmålet om menneska, og spesielt kvinnene, i realiteten har fri vilje og frie val. Det blir mange påfunn, og sjølv om nokre er gode, blir det i meste laget.

Men på eitt område er humoren og ironien spesielt vellukka. Tydelegare enn vanleg får Longva synt kor lite reelle kvinnenes val var, – og er. Og synleggjeringa, og eigentleg latterleggjeringa av mannfolkas fridomsidé er dyktig formidla. For dette er eit drama der mennene berre blir statistar, og det er lagnadane til dei tre kvinnene som er tema. I ei oppvarmingsscene ved starten av andre akt der det ser ut som alle aktørane drikk og røykjer seg til mot, har yngstedottera Hilde ein herleg monolog der ho parodierer alt og alle, men mest stemora Ellida. Fersk frå teaterskulen er Emma Caroline Deichmann eit komisk fyrverkeri som set nærast alle skåpa på plass. Madalena Sousa Helly-Hansen som storesystera Bolette blir meir underfundig komisk i eit nydeleg tablå der det sakte, særs sakte, går opp for henne kva frieriet til hennar gamle lærar i røynda tyder. Og etter alt for mange påfunn og sidespor, kjem Longva omsider til ein intens og heilstøypt finale der Silje Lundblad som Ellida set hardt mot hardt, og på overtydande vis får Doktor Wangel til å innsjå at reell fridom ikkje kan ha atterhald. Det er sterkt og klårt formidla, og her fekk Lundblad synt at sjølv om ho er ei av landets beste musikalartistar, så er ho også ein særs dyktig karakterskodespelar.

(Meldinga stod i Klassekampen måndag den 12. oktober 2020.)

Oppbrot og forsvinning

mandag, oktober 12th, 2020

TEATER

I EI KLEMME: Eg (Trude Øines) veit ikkje kva ho skal gjere når verda og alt det trygge ramlar saman over hovudet på henne. FOTO: KNUT BRY

«Jeg forsvinner»
Hålogaland Teater, Scene øst
Av: Arne Lygre
Regi og scenografi: Anders T. Andersen
Komponist: Adrien Munden
Kostyme: Mette Welle Jacobsen
Lysdesign: Øystein Heitmann
Med: Trude Øines, Ketil Høegh, Camilla Frey, Catharina Vu og Ida Løken Valkeapää

Særs velspela, men ikkje alltid like lett å henge med i alle dei ulike forteljingane.

«Jeg forsvinner» av Arne Lygre blei gitt ut i 2011 og vann Ibsenprisen i 2013. Stykket er spela fleire stader i utlandet, men er til nå berre sett opp to gongar her heime. Kva som er årsaka til denne vegringa frå norske teater, veit eg ikkje. Det kan i alle fall ikkje liggje i sjølve sceneteksten, for Lygres manus er sterk lesnad. Men det er ein tekst som set store krav til både regissør og skodespelarar ettersom her ikkje er så mykje korkje av handling eller ytre staffasje å stø seg på.

Dramaet har mange forteljingar, som er bygd opp om tre hovudlag. Det er inga eigentleg historie, men det handlar i stor grad om oppbrot og kva som skjer når det trygge raknar. Skal ein bli att i det kjende tilværet, som er truga av eitt eller anna vi meir anar ann forstår? Eller skal ein flykte til det usikre og ukjende, som likevel kanskje er tryggare?

Arne Lygre gjer historia så generell som mogeleg, så her er ingen detaljar som kan innsnevre merksemda. Difor har ikkje dei fem rollefigurane namn, men blir i staden omtala som eg, mi venninne, dottera til venninna mi, mannen min og ei framand kvinne. I botn ligg ei historie om desse fem. På ei scene bygd opp som eit svart platå, er dei einaste rekvisittane ei rekkje koffertar og reisevesker. Dette kan vere kor som helst, men det er openbert, og kanskje litt for synleg, at nokon er på reisefot.

Det tek til med at eg (Trude Øines) fortel at dette er heimen hennar. Her har ho vakse opp og levd heile livet. Her held ho til med mannen sin, som ho elskar, og det er her ho trivst. Ho fortel at ho er særs lukkeleg, men i eit tonefall som ikkje er spesielt overtydande. Så kjem venninna hennar (Camilla Frey) inn, og vi blir fortald verbalt, men langt frå kjenslemessig, kor nær dei er kvarandre. Nesten som ein familie, seier dei. Vi får etter kvart vite at venninnas dotter (Catharina Vu) er av garde for å hente mannen (Ketil Høegh), og medan dei ventar og pratar om det kvardagslege og trivielle, forstår vi også at det er eitt eller anna som trugar der ute. Vi får aldri vite kva, men det er openbert at ei krise er i emning, og at det tryggaste kanskje er å reise. Så kjem dottera attende utan mannen, og det eksistensielle valet om å reise eller bli, blir endå verre å ta stilling til.

Samstundes, og akkurat dette ordet er eit nøkkelord i dramaet, for samstundes skjer det dramatiske ting også andre stader. Framsyninga er bygd opp om tre nivå. Det er det faktiske spelet på scena, om eg og folka rundt henne. Det er scenetilvisingar og ei slags forklaring på kva som skjer. Og det er parallelle forteljingar som skjer samstundes ein annan stad. Gjennom desse historiene møter vi ei rekkje ulike lagnadar, fleire ganske dystopiske og trasige, men etter kvart nokre litt meir håpefulle. Slik får Lygre fortald om mellommenneskelege forhold og medkjensler, og ikkje minst om menneskas evne til å halde fram og aldri gi opp.

Det kan fort bli forvirrande når ein på eit saumlaust vis fortel så mange historier. I manuset har Lygre nytta typografiske verkemiddel til å skilje mellom dei ulike nivåa. I ei iscenesetting må ein sjølvsagt bruke andre middel, og her er vi truleg ved det største problemet med denne oppsetjinga. Regissør Anders T. Andersen let skodespelarane hoppe frå eg-forteljinga til dei parallelle, og attende att, utan noka form for forklåring, brot eller pausar. Det blir ikkje enkelt å følgje med, og dette er tidvis noko øydeleggjande for framsyninga som difor heller ikkje kjem heilt i hamn.

Dramaet har mykje tekst og lite fysisk handling. Det gjer det særs krevjande for skodespelarane som i hovudsak kjem godt frå oppgåva. Særleg imponerande er Trude Øines som eg. Trass i at ho har små nyansar å spele på, greier ho likevel å nytte heile registeret frå den nesten naive og «å så lukkelege» i starten, til den klaustrofobiske og langt meir desperate personen mot slutten.

Finalen er mannens epilog der han i motsetnad til eg, vel å bli. Og når dét i tillegg er saman med ei framand kvinne (Ida Løken Valkeapää), blir det eit nesten humoristisk malapropos til alt vi tidlegare er blitt fortald. Så var det kanskje håp likevel? Sjølv om eit kor med trykkjande og nesten suggererande musikk skulle tyde på noko anna.

(Meldinga stod i Klassekampen måndag den 12. oktober 2020.)

Til røtene

søndag, oktober 4th, 2020

TEATER

HJELP: Frøya (Nami Kitagawa Aam) blir ein god hjelpar for Aretha (Lina Emilie Bakkemyr) i kampen for å redde nornene, – og verda. FOTO: KATARZYNA MARIA WIECZOREK

«Yggdrasil – Legenden om Aretha fra Skierde»
Yggdrasil Teater, Storvika, Stjørdal
Av Thorunn Wikdahl
Regi: Thorunn Wikdahl
Scenografi: Marie Løwendahl
Kostyme: Berit Haltvik With
Koreografi: Gunhild Løhre
Komponist: Egil Strand Wikdahl
Maskør og rekvisitør: Leo Thörn
Lysdesign og lydteknikk: Jonas Nielsen/Bright
Med: Lina Emilie Bakkemyr, Gunnhild Sundli, Joakim Skevik, Nami Kitagawa Aam, Emma Sofie Joma Rustad, Petronelle Ibsen-Børnick, Jeanette Hoseth m. fl.

Ei nærast magisk og særs opplevingsrik framsyning med eit utal av fargerike fasettar.

«Yggdrasil – Legenden om Aretha fra Skierde» er eit uvanleg ambisiøst prosjekt. Så vidt eg forstår har frilansregissøren Thorunn Wikdahl arbeidd med ide, manus og utforming gjennom fleire år. Men uakta kor lenge ein held på med planlegginga, er det å spele utandørs teater heilt nede i strandkanten i Stjørdal den første veka av oktober ein risikosport. Legg til at det er komplisert lys- og lydrigging, eit stort ensemble med nærare 30 statistar, dei fleste særs unge, og du forstår at her kan det meste gå gale. Og heilt fram til premieren har det vore ganske turbulent med fråfall, utskifting og understudies. Og likevel, – likevel kjem prosjektet ganske fjellstøtt ned på alle fire, og er blitt ei underhaldande, relativt velspela, opplevingsrik og tidvis ganske magisk teateroppleving.

Då mørket fall på og kunstlyset fekk gjere jobben, blei det magiske situasjonar.
FOTO: AMUND GRIMSTAD

Ein kan bli både overtruisk og religiøs av mindre, men så er det nettopp noko av dette det heile handlar om der eitt av dei mange laga er gamal norrøn mytologi og om å spele på lag med gudane. Eg trur korkje på vêrgudar eller andre gudar, men at det skulle vere 14° pluss, vindstille, klårt og ein uvanleg vakker solnedgang i starten av oktober, og at det er varsla tilsvarande vêr i så godt som heile speleperioden, kan gjere ein tvilar ut av den mest hardbarka ateist.

Oppsetjinga er ei heilaftans framsyning i to akter med pause, og har så mange lag at det er godt mogeleg eg ikkje har fått med alle. I Storvika, badeplassen i Stjørdal, med Trondheimsfjorden rett i vest, og ein skogkledd bergknaus i nord, er det skapt eit nesten naturleg scenerom der det er plassert inn ei plattform, eit telt, ei rullebrettrampe og nokre enkle, men effektfulle rekvisittar. Hit kjem Aretha frå Stjørdal (eller Skierde på sør-samisk) og vennane hennar ein ettermiddag. Aretha (Lina Emilie Bakkemyr) er fjortis, og held standhaftig på at ho ikkje er sta, medan det er nettopp det ho er. Ho går sine eigne vegar, og skil lag med vennane på tur gjennom skogen. Åleine møter ho med eitt Tor med hammaren (Joakim Skevik), og det blir eit artig møte mellom nytt og gamalt der Tor blir introdusert for mobiltelefon og fenomenet selfie.

Etter kvart møter Aretha fleire av æsene i den norrøne mytologien. Det er lagnadsgudinna Frigg (Jeanette Hoseth), og krigs- og kjærleiksgudinna Frøya (Nami Kitagawa Aam). På det som er røtene av livstreet Yggdrasil blir ho fortald at gudane er heilt avhengige av at menneska trur på dei for å kunne eksistere. Vidare får ho vite at det er krise blant æsene. Nornene, lagnadsgudinnene for både menneska og æser, er fanga og førte til Helheim, og det tyder slutten for det meste. Til alt overmål syner det seg at Tor slett ikkje var Tor, men at det var intrigantguden Loke som gav seg ut for å vere han. Deretter held framsyninga fram som ei klassisk barneforteljing der ungane ryddar opp og reddar verda. Gudinna Skade (Emma Sofie Joma Rustad) snakkar sør-samisk, og det byr på ein del språklege problem når ho gir Aretha eit sverd laga av tre frå Yggdrasil. Aretha forstår etter kvart at sverdet gjer henne uovervinneleg når ho blir sendt ut for å redde nornene, men sverdet er i tyngste laget for ei ungjente. Ein sprettert derimot. Eg skal ikkje røpe så mykje meir, men i ei familieframsyning av denne typen går det sjølvsagt godt til slutt, men vegen fram er full av tilbakeslag og langt frå rettlina.

Som lesaren alt vil forstå, er det eit omfattande person- og gudegalleri, og ikkje alltid like greitt å henge med. Og sjølv om den klassiske historia om Aretha som ordnar opp, ligg i botn, er her også så fullt av ulike lag at eg ikkje er viss på om eg har fått med meg alle. Det er ei uvanleg symboltung framsyning, og om nokon skulle stusse på at ei jente få Stjørdal heiter Aretha, så skuldast det Stjørdals kommunevåpen. Av alle ting! Når Aretha til slutt drep ein drake og reddar æser og menneske, så er det ein parallell til linnormen eller draken i Stjørdals kommunevåpen. Den ormen blei i følgje segna drepen av St. MargARETHA då ho med det samstundes vann over det vonde. Og i tillegg til å vere ei god, fargerik og litt spennande historie, handlar framsyninga også om å vere seg sjølv, og om å halde på barndomens fabulering og fantasi. Og mykje meir.

Den naturlege settinga i Storvika er som skapt for denne forteljinga, og Maria Løwendahl har i scenografien nytta heile breidda frå stranda og opp

Naturens eigen scenografi.
FOTO: KATARZYNA MARIA WIECZOREK

til bergknausen, alt det naturlege og vore ganske diskré med å flytte inn for mange andre element. I staden er det den tidvis nesten magiske lyssettinga til Jonas Nielsen/Bright og dei heilt fantastiske og uvanleg kreative kostyma

Fargerike og spektakulære kostyme.
FOTO: KATARZYNA MARIA WIECZOREK

til Berit Haltvik With som gjer den viktigaste visuelle jobben. I tillegg er dette ei multimedial framsyning ein tradisjonelt berre ser på store profesjonelle scener. Wikdahl har henta inn klatrarar som snor seg som mørke edderkoppar oppetter bergknausane, ein flammedansar, ein

Flammedans.
FOTO: KATARZYNA MARIA WIECZOREK

brettkøyrar og ungdom frå ulike kampsportmiljø som kyudo og taekwondo i tillegg til godt koreograferte dansarar. Med magisk musikk, eller rettare lydbilde av Egil Strand Wikdahl, smeltar alt dette etter kvart saman til ei uvanleg vakker visuell oppleving som toppar seg når den livgjevande gudinna Idunn (Gunnhild Sundli) syng ein tekst henta frå Voluspå.

Thorunn Wikdahl har som regissør bakgrunn frå så ulike produksjonar som bakgardsframsyningane til Rabarbrateateret, nærast rølpeteater, utandørs og med eit utal statistar på eine sida. Og på andre sida Azra Halilovic’ stillfarne monolog «1000 zašto 1000 zato», om oppvekst i det krigsherja Bosnia og om å kome til Norge, ei oppsetjing der det usagte er vel så viktig som det uttrykte. I legenda om Aretha får Wikdahl nytta båe sider, jamvel om underteksten ikkje alltid er like tydeleg. Det er derimot det visuelle. Eg har forståing for at ei familieframsyning på to timar bør starte klokka 18, men jamvel om solnedgangen var spektakulær, blir dagslyset litt flatt samanlikna med alle dei fantastiske scenene som blei skapte med kunstlys i andre akt då det tok til å bli mørkare.

Wikdahl har også skrive manus. Det er ei omfattande historie, som kanskje kan bli vel komplisert, og der det er vanskeleg å få med seg alt. Akkurat det blir likevel i hovudsak kompensert av alt det visuelle og alle opplevingane. Men historia blir litt for omstendeleg, særleg i starten. Og når det går mot finalen i andre akta, går det tilsvarande litt i raskaste laget. Ettersom framsyninga er så visuell, tek Wikdahl seg god til å stoppe opp og dvele ved dei ulike tablåa. Det er eit godt grep, men krev at ho har tillit til både aktørar og publikum. Det har ho også grunn til. Personinstruksjonen er forbausande god når ein veit kor mange det dreier seg om, at dei fleste er særs unge amatørar og at scenerommet er uvanleg stort. Lina Emilie Bakkemyr er stort sett trygg og truverdig i den tekstrike og omfattande hovudrolla. Og blant dei seks profesjonelle i dei andre berande rollene må eg få trekkje fram Nami Kitagawa Aam som Frøya.

Frøya (Nami Kitagawa Aam)
FOTO: KATARZYNA MARIA WIECZOREK

I tillegg til å vere ein framifrå dansar, hadde ho ei rolletolking og eit scenisk nærvær som imponerte.

Det vesle produksjonsselskapet Yggdrasil Teater kunne med «Yggdrasil – Legenden om Aretha fra Skierde» ha tatt seg fullstendig vatn over hovudet, for det er langt frå gitt at eit så ambisiøst prosjekt skal bli vellukka. I staden er det skapt ei nesten magisk og særs opplevingsrik framsyning med eit utal av fargerike fasettar. Ho blir spela så godt som kvar kveld fram til og med sundag 11. oktober. Og vêrmeldinga er fram til helga uvanleg god for årstida.

Er det lov å trakke feil?

mandag, september 21st, 2020

TEATER

KONFLIKTAR: Fadderveka blir ikkje heilt som dei tenkte seg. FOTO: TERJE VISNES

«En dag…»
Trøndelag Teater, Hovudscena
Av: Tyra Tønnessen og ensemblet
Songtekstar: Tyra Tønnessen og Martha Standal
Komponist og musikar: Åsmund Flaten
Regi: Tyra Tønnessen
Scenografi og kostyme: Leiko Fuseya
Koreografi: Kristin Hjort Inao
Lysdesign: Ingrid Skanke Høsøien
Lyddesign: Jan Magne Høynes
Med: Ida Cecilie Klem, Natalie Bjerke Roland, Martha Standal, Andreas Tønnesland, Tor Ivar Hagen og Snorre Ryen Tøndel

Må ein alltid vere politisk korrekt, eller er det lov å trakke litt feil for å kome vidare?

På Trøndelag Teaters hovudscene skulle det i desse dagar ha vore premiere på den nyskrivne musikalen «Havfruen» i regi av Tyra Tønnessen. Då alt stengde for eit halvår sia, var det berre å setje den oppsetjinga på vent. Men teatersjef Elisabeth Egseth Hansen gav ikkje opp så lett. Tyra Tønnessen tok med seg seks av det opphavelege ensemblet, og improviserte fram ei oppsetjing som er blitt ein tankevekkjande kommentar til situasjonen vi står oppe i. Den syner samstundes at spennande scenekunst kan vere langt meir enn regiteater basert på gode dramatekstar.

I løpet av berre fem veker har ensemblet og Tønnessen arbeidd fram ein ny musikal, eller rettare skjelettet av ein musikal. Den er interaktiv og vil, avhengig av publikum, endre seg frå dag til dag. Ein kommentar til og ein parafrase over både koronasituasjonen og nokre av dei store spørsmåla vi diskuterer for tida

«En dag…» dreier seg om ein tilsynelatande heilt vanleg seinsommardag i Trondheim. Det er måndag 17. august. Det er finvêr, landet står midt i ein pandemi, og i Stiftsstaden er det fadderveke for dei nye studentane. I ein park møter vi seks forventingsfulle ungdomar som skal ta til med studiar i barnevern, men først bli litt betre kjende med kvarandre. Dei seks er i utgangspunktet ganske stereotype figurar. Den politisk korrekte Ea (Ida Cecilie Klem) er på førehand tatt ut som smittevernansvarleg. Det oppfattar ho nok meir som eit ritual enn som særleg viktig. Den mykje eldre nordtrøndaren Gunnar (Tor Ivar Hagen) er ein folkeleg antikapitalist. Svensken Anders (Snorre Ryen Tøndel) hatar Tegnell og drikk jamt. Julie frå Grünerløkka (Natalie Bjerke Roland) er litt mørkare i huda, og veit kva rasisme er. Sigrid (Martha Standal) frå Haramsøya er smitteverns-legalist og mot vindmøller. Og så er det den særs verbale, men lite sjarmerande rikmannssonen Hans Peter frå Snarøya (Andreas Tønnesland) i stuttbukse og blazer. Denne vesle gruppa på livets terskel skal nå bli betre kjend, snakke saman, drikke og feste, men med pandemien hengjande som ein tung presenning over det heile.

Etter kvart som samtalen går, syner det seg at det er meir enn koronaen som er problematisk for dei seks. Gjennom lite gjennomtenkte kommentarar får vi ikkje berre presentert i kor stor grad ein kan frigjere seg frå smittevernregimet. Vi får også aktuelle debattar om rasisme, krenking, fordommar, seksuell legning, og ikkje minst ein særs spesiell og overraskande vri på diskusjonen om kjønnsidentitet.

Framsyninga er bygd opp av ei rekkje tablå, avbrotne av nydelege songar til melodi av Åsmund Flaten og tekstar av Tyra Tønnessen og Martha Standal. Publikum sit i ring rundt dei seks, og blir aktivt trekte inn i handlinga når skodespelarane stoppar, vender seg til oss og ber oss kommentere konfliktane dei står midt oppe i. Innafor kvart tablå blir det slik improvisert fram nye situasjonar kvar kveld, avhengig av responsen frå salen. Det kan sjølvsagt bli kleint, men premierepublikummet var aktive og på alerten, og det gjorde godt å bli konfrontert med eigne haldningar, – og fordommar.

Dette er improvisasjonsteater utan fast manus. Tyra Tønnessen har gitt aktørane eit skjelett å byggje på, og i personinstruksjonen gjort dei trygge på rollene sine. Dei seks figurane var i utgangspunktet meir sjablongmessige representantar for ulike typar enn heile menneske. Men etter kvart kom nyansane fram, og dramaturgien baud på mange og artige overraskingar. Seks velmeinande ungdomar som stadig trakkar feil, men som alle, med unnatak av Hans Peter, så gjerne vil vere politisk korrekte, og trur dei er det. Dei seks er overraskande trygge i rollene sine, og det er dyktig ensemblespel. Eg må likevel få trekkje fram Andreas Tønneslands overtydande tolking av Snarøysnobben, ein kontrasterande figur som er heilt avgjerande for dramaturgien, og som han også makta å gi andre nyansar mot slutten.

«En dag…» er improvisasjonsteater og har hatt stutt prøvetid, så sjølvsagt er dei ikkje heilt i hamn. Tidvis kan oppsetjinga ta litt karakter av seminar, men eg vil tru at dette er ei framsyning som berre vil bli betre og betre etter kvart som dei får nye tilbakespel frå publikum.

(Meldinga stod i Klassekampen måndag den 21. september 2020)

Fengslande forteljarteater

fredag, september 18th, 2020

TEATER

SÅ ENKELT: Ei god forteljing, to musikarar og ein framifrå skodespelar er meir enn nok. FOTO: ØYVIND MAHLUM/WOW MEDIALAB

«Den siste viking»
Turnéteatret i Trøndelag, Verdal
Av: Johan Bojer
Dramatisering og regi: Nora Evensen
Komponist: Knut Anders Vestad
Musikk: Knut Anders Vestad og Karoline Brevik
Med: Tore B. Granås

Stundom kan ei god historie og ein framifrå skodespelar vere nok.

Ingen har skildra kystbefolkninga i Norge betre og meir levande enn det Johan Bojer gjorde i «Den siste viking». Det er ein frodig og rik sosialrealistisk roman der vi følgjer fiskarar frå Rissa på Fosen i Trøndelag. Utpå vinteren set dei segl for Lofoten og draumen om rikt fiske, medan kvinnfolka er att heime med ein ungeflokk og ei ku eller to. Og prisgitt uvissa. For havet gav, men havet tok også, og mange kom aldri heim.

Romanen blei utgitt i 1921, men omhandlar fisket 30 år tidlegare. Alt då var det brytning mellom nytt og gamalt, og det toppa seg i 1890 då dampbåtane som dreiv meir industrielt fiske, stengde Trollfjorden for robåtfiskarane. Det resulterte i eit veritabelt sjøslag. I den breie folkelivsskildringa av både livet heime i Rissa, på sjøen og i rorbua har Bojer også fletta inn dramatiske skildringar av Trollfjordslaget.

«Den siste viking» er dramatisert fleire gongar, mellom anna som friluftsteater i Rissa fleire somrar, og på Trøndelag Teater i 2008. Nå har Nora Evensen, teatersjefen på Turnéteatret i Trøndelag, dramatisert romanen som forteljarteater. Gjennom ein dryg time tek Tore B. Granås oss med gjennom det viktigaste av historia. Granås har vore med i båe dei to nemnde produksjonane, og kjenner stoffet godt. Han er fortruleg med det rike typegalleriet til Bojer, og ganske stillferdig og utan rekvisittar eller fysisk spel fortel han lunt og inderleg om høvedsmannen Kristaver, skårungen Lars, Jakob «Pinade», Marja, Elezeus og alle dei andre. Med utsøkt variasjon i stemmeleie og dialektbruk målar han med brei pensel fram dei ulike menneska og lagnadane deira, og sjølv om eg både har lese romanen og sett tidlegare produksjonar, sit eg trollbunden.

Nora Evensen har laga ein komprimert versjon som likevel er forbausande komplett og tru mot forteljinga. I regien gir ho god tid til avbrot, pausar og refleksjon. Og med vart og vakkert tonefølgje av Karoline Brevik på cello og Knut Anders Vestad på tangentar der Vestad også korar i ein del av songinnslaga, blir det fine og lyriske brot. Så enkelt og så godt, – dette er forteljarteater på sitt beste.

(Meldinga stod i Klassekampen fredag den 18. september 2020.)

Langsam demaskering

torsdag, september 10th, 2020

TEATER

MØRKT: Det blir dystrare for syskena etter kvart som smilet forsvinn. FOTO: STIG HÅVARD DIRDAL

«Happy Hour»
Rogaland Teater, Hovudscena
Av: Cristian Ceresoli
Omsett av: Audny Chris Holsen
Regi: Audny Chris Holsen
Scenografi og kostyme: Olav Myrtvedt
Lysdesign: Tobias Hagström-Ståhl
Lyddesign: Jonas Bjerketvedt
Med: Helga Guren og Karl-Vidar Lende

Velspela og stramt, men ei alt for føreseieleg historie.

For åtte år sia brakdebuterte den italienske dramatikaren Cristian Ceresoli med oppsetjinga «Dritt/La Merda», ein monolog som i åra etter har vunne eit utal prisar. Her heime hadde dramaet norgespremiere i 2018 som eit samarbeidsprosjekt mellom Østfold Kulturutvikling og ei rekkje andre, i regi av Audny Chris Holsen og med Helga Guren på scena. Heilt åleine og fullstendig avkledd framstilte Guren ei ung kvinne som slit med manglande sjølvkjensle og som er villig til å gjere kva som helst for å få seg opp av driten. Det var ein uvanleg sterk tekst, og ei minst like sterk teateroppleving som Helga Guren høgst fortent fekk Heddapris for i fjor.

For to år sia var det urpremiere på eit nytt drama av Ceresoli, «Happy Hour». Der held han fram i same dystopiske og samfunnskritiske gate og åtvarar mot den veksande neofascismen og korleis totalitære samfunn kan ta meir sminka, og på overflata ikkje så stygge, vegar som dei vi såg i det førre hundreåret. Ein fascisme med smilande andlet.

Laurdag var det norgespremiere på «Happy Hour» på Rogaland Teater. Også denne oppsetjinga er i regi av Audny Chris Holsen, som i tillegg er ansvarleg for omsetjinga. Og med seg i ei av dei to rollene, har ho som før, Helga Guren. «Happy Hour» handlar om syskena Kerfuffle (Karl-Vidar Lende) og Ado (Helga Guren). Gjennom det dei fortel, blir vi også kjend med foreldra deira, bestefaren og samfunnet rundt dei. Vi er truleg i Italia og Milano, men gjennom stadige brot med mantraet «happy hour», får vi forståing av at det like gjerne kan vere kor som helst.

I Olav Myrtvedts scenografi og kostyme møter vi to ungdomar i begynnande pubertet, kledde i joggedress og på to avtrappa høgder som er draperte i ein stor duk. På muntert, barnleg og naivistisk vis fortel dei om den litle familien sin, det tronge husveret og det ganske fattigslege tilværet. Kerfuffle (og faren) drøymar om ein fotballkarriere, medan Ado (og også faren) har ambisjonar om casting som dansar eller skodespelar. Men alt er berre ei livsløgn, og det erkjenner dei vel i røynda sjølve også. Det ganske stusslege livet blir kompensert med smil og stadige brot med rop om «happy hour». Gradvis blir vi også fortalt at verda rundt ikkje er heilt som ho skal, som når den upopulære husverten og kona hans blir tekne av soldatar og ført bort. Samstundes får den litle familien med eitt, og utan openberr grunn, flytte inn i nytt og langt betre husvære der dei slepp å betale leige, og der det ser ut som nokon nyleg har budd. Ingen stiller spørsmål og syskena smilar og fortel like naivistisk og muntert jamvel om vi lag for lag får avdekka at samfunnet er totalitært og brutalt. Men ein kan overleve ved å gle seg og klistre på seg smil. På same tid skjer det også ei gradvis, og litt for tydeleg demaskering av scena, der det under den fine duken berre er lag på lag av europallar.

Helga Guren og Karl-Vidar Lende er to særs dyktige, men ganske ulike skodespelarar som viser seg å stå uventa godt til kvarandre. Dei får tydeleg fram både den godtruande naivismen, humoren, og den gryande uroa over kva som skjer rundt dei. Alt medan dei tviheld på det smilande lykkemantraet, – så lenge det går. Det er eit intenst og truverdig samspel, energisk, masse tekst og framifrå rolletolkingar. Audny Chris Holsens omsetjing er munnleg og naturleg, og regien hennar byggjer opp under den snikande uhyggestemninga.

Så skulle vel alt vere greitt? Men trass framifrå spel, god omsetjing og stram regi, greier aldri «Happy Hour» å gripe meg på same vis som «Dritt/La Merda». Det er rett og slett fordi teksten ikkje er i nærleiken så god. Han er føreseieleg til det nesten keisame og manglar heilt det subtile. Og sjølv om det ikkje alltid er like lett å forstå kva som verkeleg skjer, byr historia korkje på overraskingar eller brot. I staden blir det insisterande og retthaversk politisk teater utan særleg nyanserikdom.

(Meldinga stod i Klassekampen torsdag den 10. september 2020.)

Er alt berre falskt, – eller?

mandag, september 7th, 2020

TEATER

GJESP: Johan Nagel (i svart kappe) set den trøytte småbyen på hovudet i løpet av nokre sommarveker. FOTO: HEIDA GUDMUNDSDOTTIR

«Mysterier»
Kilden Teater og Konserthus, Multisalen
Av: Knut Hamsun
Dramatisering og regi: Ole Johan Skjelbred
Scenografi: Ole Johan Skjelbred og Ane Ledang Aasheim
Kostyme: Ane Ledang Aasheim
Lysdesign: Ingeborg Staxrud Olerud
Med: Olav Waastad, Henrik Rafaelsen, Isabel Beth Toming, Ann Ingrid Fuglestveit, Jenny Ellegård, Khalid Mahamoud og Ulla Marie Broch

Eit halsbrekkande og absurd teaterprosjekt som er blitt både velspela og underhaldande.

Når Kildens nytilsette teatersjef, Valborg Frøysnes, set opp Knut Hamsuns «Mysterier», er det knytt mykje sørlandsk til produksjonen. Eitt er at Hamsun skreiv romanen i og på bakgrunn av eit opphald i sørlandsbyen Lillesand. Men Ole Johan Skjelbred, som både har dramatisert og regissert oppsetjinga, er frå Kristiansand. Det er også kostymedesignar Ane Ledang Aasheim. Og så er den nyutdanna skodespelaren Khalid Mahamoud og Henrik Rafaelsen båe attende i fødebyen, den siste etter mange år i Oslo og Stockholm.

Men dette handlar så langt frå om nokon lokal småbyidyll, sjølv om ein sørlandsk kystby er utgangspunktet i «Mysterier». Johan Nilsen Nagel, ein mann i gul dress, går ein junidag i land frå dampbåten, tek inn på byens hotell utan å ha spesielle grunnar for opphaldet, og i løpet av nokre veker blir den søvnige byen sett fullstendig på hovudet. Romanen er, som tittelen seier, ganske mysteriøs, og har mange lag og rom for eit utal tolkingar. Nagel er ein i utgangspunktet sjarmerande ung mann og eit friskt pust, som etter kvart blir vanskeleg å forstå seg på. Han er ein bløffmakar, eller kanskje berre omsynslaust ærleg? Han set opp eit utal intrigar, og han forelskar seg hovudstups i den trulova prestedottera Dagny Kielland, for samstundes å fri til den eldre og fattige Martha Gude. Han strør om seg med pengar, men er han rik? Og så er det forholdet til mobbeofferet Johannes Grøgaard med aukenamnet Minutten, Nagels rake motsetnad, som han både held si hand over, og lurer opp i stry.

Ole Johan Skjelbred har dei siste åra fått nærast carte blanche av tidlegare teatersjef Kristian Seltun ved Trøndelag Teater til å setje opp ganske eksperimentelle produksjonar, og skapt ei rekkje framifrå framsyningar i nær dialog med ensemblet. Med «Mysterier» held han fram i same gate. I det eg vil tru er eit tett samarbeid med Ane Ledang Aasheim og ensemblet, har han skapt ei framsyning som så langt er det beste eg har sett av han. På ei nesten nake scene der ein del av golvet kan minne om sopp og skogsbotn, heng det ein hest frå snorloftet som eit varsel om at noko alvorleg truleg vil skje. Skjelbred har valt ei surrealistisk tilnærming som er særs vellukka, og der dette like gjerne kan vere i 1892 som i dag. Kostyma til Ane Ledang Aasheim er outrerte og ofte heilt kontrære til det personane står for. Det understrekar det komplekse og samansette i framsyninga der alt eigentleg kan vere falskt, eller gi seg ut for å vere det. Ensemblet er samspela og trygge i rollene, og i tillegg til at det er eit tekstrikt stykke der replikkane sit laust, er det også mykje fysisk teater og god miming og stilisert koreografi til synkrone lydeffektar.

Med enorm energi og framifrå spel gir Olav Waastad oss ein ganske annleis, men likevel uventa truverdig Nagel. Det er ikkje enkelt å framstille ein rusa, nesten delirisk, løgnaktig, særs sjarmerande, djupt forelska, men samstundes intrigant og tidvis vondsinna person i ei og same rolletolking, men Waastad greier det.

Minutten er Nagels motstykke, kanskje hans dårlege samvit om han har noko, ein godmodig, snill og enkel person, fattig, arbeidsam og med eit kroppsleg lyte. I Henrik Rafaelsens tolking, er han lang og kledd i kvinneklede som ein surrealistisk kontrast til seg sjølv. Rafaelsens framtoning og neddempa spel gir ein solid motvekt til alt det øvrige, og inneber også ein god porsjon stillferdig og absurd humor. Dagny Kielland, prestedottera som er trulova med ein marineløytnant, er ei kokette. Det kunne til naud vere innafor i 1892. I Isabel Tomings infame og energiske tolking er ho ein kåt og bereknande faen, kledd som ein prostituert, men likevel med sin sosiale stands eleganse.

«Mysterier» er blitt ei absurd, humoristisk, velspela og innsiktsfull framsyning, full av uventa vendingar og brot, og ei oppsetjing som sit i meg lenge etter teppefall. Dette var Knut Hamsun på syre.

(Meldinga stod i Klassekampen måndag den 7. september 2020.)