UKLÅRT: I finalen møter Peer (Espen Reboli Bjerke) knappestøyparen, – eller var det Solveig (Ingrid Unnur Giæver)? FOTO: STIG HÅVARD DIRDAL
«Peer Gynt» Rogaland Teater, Teaterhallen Av: Henrik Ibsen Tilarbeiding og regi: Hanne Tømta Scenografi og kostyme: Nora Furuholmen Musikalsk arrangør: Simon Revholt Lysdesign: Trygve Andersen Med: Espen Reboli Bjerke, Øystein Martinsen, Matias Kuoppala, Georg Devendra Apenes, Ingrid Unnur Giæver og Marit Adeleide Andreassen
Ei framsyning som slit med å finne forma mellom draum og realisme, og som blir for episodisk.
Henrik Ibsen skreiv «Peer Gynt» som eit bitande oppgjer med norsk veremåte, og Peer er, trass i at han kan vere sjarmerande, ikkje spesielt sympatisk, men ein skrytande og drikkfeldig horebukk og ein egoist utan sjølvinnsikt. I ettertid er diktverket likevel blitt eit nasjonalepos, mykje takka Edvard Griegs nasjonalromantiske musikk. Og trass i alle Peers lyte og negative sider, er han blitt eit ikon der ein til alt overmål kårar årets Peer Gynt, som om det var noko å trakte etter. Det er difor fortenestfullt med alle tolkingar som går bakom personen, og syner kven Ibsens Peer i røynda var. Fleire regissørar har gjort dette, mellom anna gjennom å gå på innsida og syne Peers indre demonar, slik som i den særs vellukka versjonen som nå går på Teatret Vårt i Molde. Hanne Tømta freistar også ei tilsvarande tilnærming i oppsetjinga på Rogaland Teater.
SLITEN: Ein sliten Peer og fem andre som representerer folk og troll han har møtt opp gjennom livet. FOTO: STIG HÅVARD DIRDAL
Settingen er baren i Teaterhallen der vi som publikum kan leske oss medan vi ventar på framsyninga. Så blir det rydda og Espen Reboli Bjerke som Peer set seg ved disken. Og i ein forenkla og nedkorta versjon får vi presentert ein femti år gamal, sliten, litt utlevd og truleg også noko forfylla Peer som ved bardisken møter seg sjølv og ser attende på livet sitt. Her er også ein bartender og fire andre gjestar, og dei vekslar på å spele alle dei andre rollene i historia, eller kanskje i vel så stor grad minne Peer på alle han har møtt opp gjennom livet. Det er ein spennande vri, men som heller ikkje er ny. Lerkefugl Produksjoner og Ida Høy laga for fem år sia framsyninga «Peer på pub» med berre fire aktørar og ein musikar, og der dei tok prosjektet heilt ut i det humoristiske og nesten absurde.
Nora Furuholmens scenografi er ein stor bar, eit piano og eit par kafébord. Det syner seg å vere tilstrekkeleg. Men kostyma hennar kunne ha vore litt meir omfattande, for dei blir for få og anonyme til å kunne gi tilstrekkeleg identitet. Ved denne bardisken i Teaterhallen får Peer etter kvart repetert heile livet sitt i same kronologi som i originalmanuset. Det tek til ganske lovande med bukkerittet der Bjerke i staden for den virile og kaute Peer viser ein eldre og noko utlevd skrytepave i retrospekt, truleg litt i bakrus, og der Marit Adeleide Andreassen syner ei mor Åse som let seg overtyde og forføre. Her får aktørane tid til å dvele og gå i djupna og då blir også scena tydeleg og sterk. Men så held det fram litt over stokk og stein. På berre to timar inklusive pause er framsyninga innom det meste utanom «prestens tale» og Peers forsøk på å få Dovregubben til å reinvaske seg. Når det samstundes er berre fem aktørar som skal spele alle dei andre rollene utan store skift i kostyme, blir det vanskeleg å henge med. Sjølv har eg både lese og sett «Peer Gynt» eit utal gongar, men ein førstegongsbesøkande vil i denne oppsetjinga ha store problem med å forstå kva som skjer. Det heile blir episodisk og få av tablåa får høve til å etablere seg. Slik får også dei seks skodespelarane alt for lite å spele på, og tidvis blir framsyninga nesten resiterande og meir som ei ilesesetjing.
Sjølv om dei seks på scena har fått i minste laget å spele på, var det stundom likevel mange fine tolkingar. Når han fekk høve til å dvele i rolla, gav Espen Reboli Bjerke oss ein sliten og attendeskodande Peer som ein kunne tru på. Øystein Martinsen greidde med lågmælt og finstemt spel å gi gode nyansar til alle dei fire han formidla. Og så var Ingrid Unnur Giæver ei særs gåtefull Solveig som berre med små blikk og mimikk nesten blei som ei hildring for Peer.
Ideen om å la ein sliten Peer sjå attende på livet ved ein bardisk er god, og mang ein bartender kan sikkert skrive under på alle erkjenningane som har kome etter nokre drinkar. Men denne framsyninga blir for springande, og slit samstundes med å bestemme seg for om ho skal vere realistisk eller spela i ei draumeverd. Finalen blir symptomatisk for akkurat dette når Solveig og knappestøyparen brått blir eitt. Eller er dei kan hende to ulike personar med saumlaust skift?
(Meldinga stod iKlassekampenmåndag den 6. oktober 2025.)
LUKKA ROM: Kva skjer når sju menneske (Oliver Eidem Nyeng, Lasse Ikdal Hiim, Marie Hammergren, Astrid Marie Bjerkmo, Hedvig Ekenes Asp, Christina Mortensen og Inga Ragnhild Skogseth) må samhandle stengd inne i ein førarlaus trikk? FOTO. SAMFUNDET.NO
«Trikken» Nattframsyninga UKA-25, Studentersamfundet i Trondhjem, Sitatet Av: Sigrid Johansen Herseth Regi: Sigrid Johansen Herseth Scenografi: Signe Kruse-Jensen og Ingrid Mikalsen Kostyme: Elin Linnea Stenbakken Östgård Kapellmeister: Camilla Vikingsen Med: Oliver Eidem Nyeng, Marie Hammergren, Hedvig Ekenes Asp, Astrid Marie Bjerkmo, Inga Ragnhild Skogseth, Christina Mortensen og Lasse Ikdal Hiim
Ei lita perle av ei framsyning om heilt kvardagslege, men likevel djupt eksistensielle forhold.
I år er det tretti år sia Studentersamfundets Interne Teater (SIT) skreiv teaterhistorie ved å setje opp «Vi kjente ham i grunnen ganske godt», den første nattframsyninga under UKA. Det er framleis noko av det beste eg har sett på norsk teater. I åra som har følgd, har nattframsyninga vore SIT si eksperimentelle sandkasse for å utforske og leike seg med den litt svarte og djuptpløyande dramatikken. Det er ein sjanger der fallhøgda er stor, og det skal ho vere. Opp gjennom åra har det sjølvsagt vore produksjonar av særs ulik karakter og kvalitet. Men sams er at ambisjonsnivået er høgt, og skal ein bli god, så må ein sjølvsagt feile frå tid til annan. Som eg også skreiv om framsyninga for fire år sia, er det difor godt å kunne melde at årets produksjon, «Trikken» skriv seg inn i det beste av SIT sine nattframsyningar, og at dette var ei oppsetjing med både stor djupne og mange lag. I tillegg til at ho var stramt regissert og ikkje minst særs velspela.
TILNÆRMING: Ein forsiktig flørt, vakkert og vart framført av Oliver Eidem Nyeng og Astrid Marie Bjerkmo. FOTO. SAMFUNDET.NO
Opphavleg blei nattframsyninga spela i biblioteket midt på natta, men etter kvart er det blitt ettermiddagsframsyning av dei. Men det mørke og litt dystre som ein forbind med natta er framleis kjennemerket, og årets framsyning handla i tillegg reint fysisk om ein trikketur i mørket. Ofte når eg sit på trikken og greier å fri meg frå mobilen, let eg augo vandre over dei andre passasjerane. Og tenker at her er mykje levd liv. Der sit ein roman, og bak han nok ein. Så mange historier, og så mange lagnadar. Litt i same gate har nok forfattar og regissør Sigrid Johansen Herseth tenkt då ho skreiv «Trikken».
Den litt opphøgde scena i Sitatet, er av scenografane Signe Kruse-Jensen og Ingrid Mikalsen møblert med nokre sitjebenkar og ein bakvegg med trikkevindauge. Så enkelt, og så effektfullt, og meir skal det ikkje til. Scena er ein kveldstrikk med etter kvart sju passasjerar. Det tar til med at eit ungt par der ho (Astrid Marie Bjerkmo) openbert ønsker seg at dei skal bli eit verkeleg par, medan han (Oliver Eidem Nyeng) ikkje har tilstrekkelege sosiale antenner til heilt å forstå kva som skjer. Medan dei ventar på, og går på trikken, får vi ein varm og autentisk samtale, ørlite grann klein, slik all slike dialogar er. Som ein fin ouverture til framsyninga set opningsscena standarden for den vidare handlinga. På trikken sit alt ein dresskledd kar (Marie Hammergren), stadig opptatt med å ta imot og svare på mobiloppringingar. Og etter kvart kjem fire andre passasjerar. Det er eit ektepar (Inga Ragnhild Skogseth og Lasse Ikdal Hiim) på veg heim til barn og barnevakt, og der ho er ein kritisist og ganske beisk i replikken medan han er meir fåmælt. Inntil vidare. Og det er ei ungjente (Christina Mortensen) som les Jon Fosse, og som etter kvart syner seg å vere både litt alternativ og religiøs. Og den siste passasjeren er ein mann som truleg er noko påsegla (Hedvig Ekenes Asp), og som difor blir unngått av dei andre.
Så blir vi presenterte for ei rekkje ulike tablå og dialogar, først og fremst mellom ekteparet som openbert ikkje har det heilt greitt i forholdet sitt, og mellom det unge paret som famlar seg sjarmerande fram for å finne ut av sitt gryande forhold. Men også avbrote av dei tre andre. Det er intelligent og observant gjort, og samstundes som dette er relativt inkjeseiande kvardagsprat, er det noko dei fleste vil kjenne seg att i.
FÅFENGD: Dørene er umogelege å få opp, og her er dei stengde inne. Kva skjer då? FOTO. SAMFUNDET.NO
Litt om litt dreg det seg til, for trikken stoppar ikkje, og ute er det stummande mørke. Til alt overmål syner det seg at trikken er førarlaus, og dørene stengde. Slik får vi eit klassisk lukka rom. Og gradvis brer uvisse, redsle og mykje anna seg hjå dei sju passasjerane. Frå å halde strikt på reviret sitt, opnar dei etter kvart opp og tar til å interagere og samtale. Og lag for lag avdekker Sigrid Johansen Herseth kva som skjuler seg bak dei ulike fasadane. Som at ikkje alle er heilt ukjende for kvarandre, og at eit roleg ytre kan skjule eit oppfarande indre. At den som blir hundsa med, med eitt faktisk kan stå opp. Og at den som ingen har tiltru til, kan vere av dei mest rasjonelle. Eg skal ikkje gå i detalj eller drive røpealarm, men i dette vesle kammerspelet greier Herseth å pirra nyfikna vår og presentere sju heilt vanlege menneske som alle ber på sitt. Det er gjort med stor innsikt og fingerspisskjensle.
Scenografien er enkel, og med forsiktig lyssetting blir vi saumlaust flytta frå tablå til tablå. Musikken, som vi meir anar enn høyrer, er med på å skape stemning og stundom litt dramatikk. Spelet til dei sju er formidabelt. To av skodespelarane (Hammergren og Skogseth) er av SIT sine mest røynde og som eg har sett i fleire gode rolletolkingar, men dei fem andre, der tre av dei er heilt nyopptekne i SIT, leverer spel som ikkje står noko attende. Dei har gått skikkeleg inn i rollene og typane dei skal vise. Om eg skal kome med ei lita innvending, er det at skifta frå det rolege til det litt hysteriske og oppfarande stundom ikkje kjem gradvis nok eller tilstrekkeleg motivert. Men det er ein bagatell. I regien har Herseth tatt seg god tid, og ho let aktørane dvele, vente og ta lange pausar slik at situasjonane kan søkkje inn. Korleis det går, er uinteressant, for Herseths prosjekt har vore å vise kva som skjer når vi frå kvar vår trygge tue blir tvungne til å interagere og snakke saman. For menneska er jo sosiale vesen når alt kjem til alt. Gjennom den vesle skissa som «Trikken» i røynda er, har Herseth og SIT greidd det til fulle.
HURRA!: Det går alltid bra til slutt, og dei når endeleg Oregon. (Frå venstre Emilio Lombardo, Stine Elene Hole, Viktoria A. Lunde, Martine Wergeland, Eirun Asting-Kjesbu og Mia Johnsen.) FOTO. SAMFUNDET.NO
«The Trail to Oregon!» Studentersamfundet i Trondhjem, Sitatet Av: Jeff Blim, Matt Lang og Nick Lang (StarKid Productions) Omsett av: Bendik Johansen og Dennis B. Eliassen Regi: Dennis B. Eliassen Scenografi: Serina Augusta Bryne Kostyme: Anne-Marit Bildøe Imset og Mia Marshall Jonassen Kapellmeister: Andreas Klavenes Berg Orkester: Andreas Klavenes Berg, Anders Daltveit Melve, Andreas T. Christensen, Andreas Skagen, Henrik Horpedal, Jon Andersen og Mattias A. Pedersen-Estrada Med: Studentersamfundets Interne Teater – Emilio Lombarado, Martine Wergeland, Viktoria A. Lunde, Eirun Asting-Kjesbu, Mia Johnsen og Stine Elene Hole
Om ein spelar teater som skal parodiere noko, er det ein stor fordel å kjenne det som blir parodiert. Her ligg hovudproblemet til denne musikalen.
Frå nybyggjartida i Sambandsstatane er «The Oregon Trail» blitt eit omgrep for frontier-ruta som gjekk frå Midt-Vesten og ut til territoriet Oregon som i 1859 blei den 33. delstaten i USA. På 1970-talet blei det i pedagogisk samanheng utvikla eit video- og dataspel for å lære åttandeklassingar om livet til pionerane på midten av 1800-talet. Spelaren skulle vere leiar for eit vogntog med settlarar på vegen frå Independence, Missouri og til Willamette Valley i Oregon i 1848. Spelet blei særs populært, og opp gjennom åra har det kome eit utal versjonar og oppdateringar, men dei siste tjue åra er det nok gått litt ut på dato. I 2014 laga StarKid Productions ein musikal som rein parodi på dette dataspelet. Den er blitt eit YouTube-fenomen, og nå har Studentersamfundets Interne Teater (SIT) vald å sette den opp som musikal på samfundets nye biscene, Sitatet, under UKA-25.
Når ein skal lage parodi på noko, er det ein føresetnad at publikum er fortruleg med det som blir parodiert. For å forstå ironien og humoren må ein kjenne metaforane, referansane og samanhengen. Då NRK i 1980 sende såpeoperaparodien «Soap» (som i norsk omsetjing hadde det meiningslause namnet «Forviklingar»), var det tre år før den første verkelege såpeserien («Dynastiet») blei vist. Norske sjåarar hadde difor ingen referansar, forstod ikkje ironien og såg serien berre som rein underhaldning. Slik blir det også med «The Trail to Oregon» der eg vil tru dei fleste knapt har høyrd om dataspelet som blir parodiert. Då blir det i staden berre ei absurd, overspela og tidvis ganske komisk musikal med eit innhald som slit med å stå på eigne bein.
UNDERVEGS: Ein umake familie på veg mot lykka, – eller? FOTO. SAMFUNDET.NO
Om ein har litt kjennskap til amerikansk sjølvforståing, den patriotiske og idylliserande haldninga til nybyggjartida, som var ei rein kolonisering, og til den amerikanske draumen om å bli vellukka og først og fremst rik, ja då kan ein sjølvsagt likevel finne referansar og ting å more seg over i denne oppsetjinga. Og om du likar crazykomikk, metateater og ei naivistisk form for Monty Python-humor, vil du også kunne finne eitt og anna å gle deg over. Eg må likevel vedgå at eg har vondt for å forstå kva SIT har tenkt ved å velje akkurat denne musikalen. Men det har dei altså gjort, og då må ein forhalde seg til det.
Vi følgjer ein familie på fem, ein bestefar, mor, far, 17-årig dotter og sjuårig son, på deira ferd til Oregon, som blir sett på som eit «land of milk and honey». På vegen skjer det litt av kvart, som i alle slike frontierforteljingar, eller helteepos som dei i røynda er. Ein svindlar prakkar på dei ei dårleg vogn, og ein endå verre okse. Dei mistar vogna, dottera blir utsett for brurerov, sonen har skusla bort matreservane, og mykje går gale. Men som i alle slike epos, rir dei han av, og det er ikkje amerikansk om det ikkje, etter alt det vanskelege, går bra til slutt. Og vel så det. Historia har haugevis av metalag og kommenterer ofte seg sjølv. Eit billeg publikumsfrieri er at dei fem i familien ikkje har namn, men må få det av publikum. Det blir sjølvsagt ikkje heilt vanlege namn. Og ved slutten skal eitt av familiemedlemmane døy, og kven det er, blir avgjort ved publikumsavstemming. Slik kan finalen bli litt endra frå dag til dag. Og nokre synest sjølvsagt at det er hysterisk artig at tre av dei (på premieren) blei heitande Kent Ranum, Waldorf salat og Fantorangen.
Bendik Johansen og Dennis B. Eliassen har omsett originalteksten til eit godt og munnleg norsk. Sjølvsagt har dei mista mange ordspel og referansar, men dei har greidd å få til ein del kompensasjonar. Dennis B. Eliassen har regien, men for den som har sett originalen på YouTube, er SIT si oppsetjing nærast som ein rein appropriasjon og utan andre store regigrep enn at sceneskifta blir utført synleg, og ganske forstyrrande. Til og med kostyma er nærast som reine kopiar av originalen. Scenografien er litt annleis, men er ikkje spesielt vellukka fordi han krev for mykje synleg flytting.
MANGE ROLLER: Stine Elene Hole fekk gjennom eit utal roller synt eit stort register, særleg med godt fysisk spel og fin mimikk. FOTO. SAMFUNDET.NO
Eit solid orkester på sju personar sit godt synleg på scena og leverer fine akkompagnement, men lydnivået deira var stundom i høgaste laget til å få med seg kva dei seks på scena sa og song. Musikken er ikkje spesielt melodiøs, med unnatak av nokre nummer, og difor vanskelege å synge. Sjølv om eg veit frå tidlegare oppsetjingar at fleire av aktørane er meir enn habile songarar, var ikkje songprestasjonane alltid like gode. Men i formidlinga og spelet gjer dei seks skodespelarane stort sett gode tolkingar. Ettersom dei må fylle fleire roller, er det mange og raske sceneskift som går overraskande bra. Dei spelar med stor intensitet og mykje energi, og dei greier i hovudsak å halde det naudsynte overspelet på eit akkurat passe nivå. Og dei fekk formidla mykje god situasjonskomikk der timing er viktig. Slik kom dei alle langt betre frå oppgåva enn det dei særs vanskeleg rammene skulle tilseie. Og om eg skal trekkje fram ein av dei, må det vere den einaste som ikkje var blant dei fem familiemedlemmane, men som spela okse, lurendreiar, banditt og meir til. Stine Elene Hole, som eg tidlegare berre har sett i «Den Innbilt Syke» tidlegare i vår, fekk nytte hele registeret sitt med utsøkt mimikk og kroppsleg spel. Som nyfødt bøffel gjorde ho maksimalt ut av nummeret, og faktisk betre og langt meir enn originalen.
SÅ ENKELT: OG SÅ STERKT Marcus Grands framføring av si eiga vise «Veitan veit» var revyen «Chærrity»s desiderte høgdepunkt. FOTO.SAMFUNDET.NO
«Chærrity» UKA-25, Studentersamfundet i Trondhjem Av Forfattarkollegiet og komponistkollegiet Regi: Martin Næss og Fredrik Vildgren Kapellmeister: Andreas Vislie Scenografi og kostyme: Kulissegjengen og Kostymegjengen Med: Studentersamfundets Interne Teater (SIT) – Trond Juvkam, Hedvig Heitmann, Johannes Rosenberg, Filip Øigarden, Isabel Eriksson, Sunniva Lisæth Schøyen, Agnes Cecilia Scheel Melin, Jørund Fjose, Isabella Deng Solvang og Eilov Andresen Gravdal
Ein UKE-revy som i større grad enn vanleg greier å løfte blikket og også sjå utanfor studentanes eiga litle verd.
For to år sia stod UKE-revyen ved eit vegskilje. Etter nesten hundre år, var det siste UKE med «Casa Rossa», det raude runde huset frå 1929. Symptomatisk heitte UKA den gongen «SPRÆKK». Nå er det nye tilbygget til Studentersamfundet for lengst tatt i bruk, men i årets revy er det eit nytt vegskilje. For i Studentersamfundets Interne Teater (SIT), denne fantastiske utklekkingsanstalten av skodespelartalent, er det sjølvsagt stadige utskiftingar, men medan revyen i «SPRÆKK» baud på særs rutinerte og «gamle» aktørar, har det nå vore eit meir markant generasjonsskifte enn vanleg. Mange av dei ti skodespelarane er heilt ferske, men SIT er ei Sareptas krukke for å få fram nye talent, og årets revy står ikkje attende når det gjeld framføringa.
CHÆRRITY?: Er vi på ein avlatskonsert, eller vil vi ha endring? FOTO.SAMFUNDET.NO
UKA er full av tradisjonar, nokre er reine tvangstrøyene, men dei om det. UKE-namnet er både tradisjonsrikt og viktig. Det skal minst ha dobbel tyding, det bør spegle samtida og det bør ha tre stavingar. Det siste bryt dei med frå tid til annan. Men årets namn, «Charrity» fyller kriteria til fulle. Det er ei fornorsking av det engelske charity som tyder «veldedighet» på bokmål eller «velgjerd» på nynorsk. Det gjennomgåande temaet og den raude tråden i denne revyen er at det er urolege tider, verda går til helvete, og det er tid for å gjere noko med det. Om eg skal meine noko reint semantisk, så er «charity» eller «veldedighet» slikt rike folk gjer for å kjøpe avlat og for å stå fram som gode menneske. Å plastre sår og stille smerter er sjølvsagt bra, og som Bertolt Brecht skreiv i sitt ikoniske dikt «Herberget», endrar det rett nok ikkje verda, men ein bustadlaus får plass på herberget ei natt. Når UKA meiner at verda treng meir «charity», er eg litt uviss på om dei meiner det konkret eller ironisk, og sjølv om opningsnummeret, med klår adresse til Live Aid, har ein god porsjon ironi, er heile framsyninga av revyen laga som ei «veldedigheitsframsyning» der ein skal samle inn pengar til trengande. I så fall vil verda halde fram som før. Men utover i framsyninga, blir temaet meir og meir systemkritisk, så eg vel å nytte den nynorske omsetjinga «velgjerd», og tolkar studentane i beste meining om at dei ønsker også å vere med på ei endring sjølv om ordvalet ikkje er heilt vellukka.
RIR HØGT: Filip Øigarden surfar på høgrebølgja. FOTO.SAMFUNDET.NO
Når eg har nytta så mykje plass på semantikken, og tolkinga av tittelen, er det fordi denne revyen skil seg frå dei fleste av dei 25 revyane eg har sett tidlegare, og i særs positiv retning. Ei av dei mest ikoniske studentvisene er frå «Mammon-Ra i 1931 og heiter «Vi har vår egen lille verden», og det har diverre ofte avspegla seg i repertoaret i revyane opp gjennom åra. I hovudsak er det studentkvardag og tidsspesifikke fenomen, og i den grad ein løftar blikket, er det sjeldan lengre enn til Trondheims bygrenser. Slik er det ikkje denne gongen, og det skal forfattarkollegiet ha all ære av.
RØRANDE: Sunniva Lisæth Schøyen følgjer i farens fotspor. FOTO.SAMFUNDET.NO
Eg har alt nemnt opningsnummeret som sette tema og var forrykande, men heller ikkje så mykje meir enn det. Så gjekk det slag i slag med den ein sketsjen meir uforløyst og tidvis overspela enn den andre, og eg må vedgå at første akt ikkje var spesielt vellukka. Med to soleklåre unnatak. Filip Øigarden, som imponerte i hovudrolla i Molières «Den innbilt syke» tidlegare i år, leia an i eit surfeopptrinn der dei surfa på ei bølgje frå høgre, og der adresse og innhald var særs tydeleg utan å bli postulerande. Og så var det eit nydeleg og nesten mollstemd innslag der Sunniva Lisæth Schøyen kom med ei kasse med gamle UKE-rekvisittar etter faren og song «Nå forstår jeg det du sa» der ho fortalde vakkert og rørande om arven etter faren, og at ho nå følgde i hans sko. For lettrørde menn som meg, og med lang fartstid i dette huset, kom det raskt ein klump i magen.
Men inntrykket etter første akt, var likevel ganske slett. Det var først og fremst tekstarbeidet frå forfattarkollegiet som ikkje hadde gode nok poeng eller var skusla bort, medan skodespelarane stort sett presenterte det bra, rett nok med litt for mykje overspel. Eg må vedgå at eg frykta det verste då andre akt tok til. Men eg likar å bli overraska, og det blei eg til fulle etter pausen. For då kom det eine innslaget betre enn det andre, både med tanke på humor og ironi, men også med klår politisk adresse langt utanfor Trondheim.
FORFØRAREN: Agnes Cecilia Scheel Melin åtvarar mot å la seg forføre av denne skumle fyren (Jørund Fjose). FOTO.SAMFUNDET.NO
I ein del tidlegare revyar, særleg på 80-talet, var det lengre, operetteliknande innslag som «Erichsenoperaen», «Tårnrestauranten» og ein hysterisk artig parodi på servitøren på pizzarestauranten Benitos. Den tradisjonen tok dei opp att, med «El Rojo de Banderas», ein spansk opera om den skumle forføraren Jens, – han i Finansdepartementet du veit. Trondheims ordførar, Kent Ranum, sat på første rad på bypremieren, og måtte gjennom visa «Hurray Hurray» tole ein nydeleg parodi på korleis han avvæpnar kritikk og vanskelege spørsmål ved i staden å by på seg sjølv, sjarmere og synge. Å bli parodiert er blant det gjævaste nokon kan oppnå, så det såg ut til at Ranum storkosa seg i rampelyset. Det er krig i Ukraina, og i USA er ein narsissist i ferd med å demontere demokratiet. Ein sterk sketsj som synte Putins falske fredsretorikk og Trumps like falske prat om å få til fred, i ein slags verbal kamp mellom dei to supermaktene, viste tydeleg kva for Orwellsk nytale vi blir utsette for. Og i avdelinga for meir eller mindre inkjeseiande tull og tøys, ein sjanger som revyane ofte har vore gode på, gav Hedvig Heitmann ein herleg ironisk førelesing i sjølvhevding. Finalen var tydeleg og samstundes uvanleg. Studentane hadde gått på byen og spurt både kjendisar, ungar og vanlege folk kva dei tenkte på med «veldedighet», og det blei eit innslag til verkeleg ettertanke, før ensemblet avslutta med nok ein forrykande versjon av «Chærrity».
UKA er som sagt tradisjon, og det skal helst vere med ei drikkevise, ei Trondheimsvise og kanskje ei studentvise. Songen om å gå i farens studentfotspor var ein av revyens beste, medan drikkevisa og Trondheimsvisa denne gongen var greie nok, men neppe noko ein vil hugse.
Det eg derimot vil hugse, som var revyens desiderte høgdepunkt, og som syner at det enkle ofte er det beste, var eit frekt og heilt uventa brot då multi-instrumentalisten og ein av dei tre i komponistkollegiet, Marcus Grand, kom ned frå orkesteret med ein akustisk gitar, sette seg på ein stol og song sin eigenkomponerte og sjølvskrivne «Veitan veit». Det var ein song som i utgangspunktet handla om ein parallell til munnhellet om kva som hadde skjedd om veggane hadde auge. Her var det dei smale veitene som er typiske for Midtbyen i Trondheim som veit meir enn dei fleste. Med eit fint lite ordspel var innslaget tilsynelatande ein upretensiøs og vakker song om alt det som skjer og som vi ikkje veit, og der Grand raskt fekk med seg salen på allsong av det stutte refrenget. Men songen og framføringa baud på brot, utvikling og overraskingar og ein særs tydeleg politisk bodskap, formidla vakkert og med innerøyst. Framføringa til Grand var roleg og nesten naivistisk, med stor humor, bitande ironi og med enkelt gitarakkompagnement.
DYKTIG: Orkesteret leia av Andreas Vislie var heilt avgjerande for inntrykket. FOTO.SAMFUNDET.NO
Marcus Grand har saman med Simon Leonard Holtan og Nora Elise Hjerpsted skrive all musikken, og dei har levert songar som både er melodiøse og fengande. Og så må eg nemne at det ni personar sterke orkesteret, og som trakterte nesten dobbelt så mange instrument, gav eit heilt eineståande akkompagnement der dei mesteparten av tida sat godt synleg på bakscena.
Regissørar var denne gongen, som for to år sia, husets eigne Martin Næss og Fredrik Vildgren. Dei kjenner sjangeren, folka, gjengane og storsalsscenas mange avgrensingar. Det gjer at det er blitt ein revy som nyttar huset og kapasitetane til fulle, tek i bruk heile breidda i Storsalen, og som får skifta til å gå forbausande saumlaust, noko dei også fekk god hjelp til av orkesteret. Personinstruksjonen er i hovudsak god, med unnatak av noko overspel i første akt.
«Chærrity» er blitt ein revy der første akta har eit stort forbetringspotensial, spesielt på tekstgrunnlaget. Men der andre akt er så god, både i innhald og framføring at ein fort gløymer irritasjonsmomenta frå før pause. Og i mine mange tidlegare meldingar av UKE-revyane, har eg nesten alltid kritisert dei for å bli for sjølvsentrerte. Det skal eg ikkje gjere denne gongen. For her var storpolitiske spørsmål og det studentikose presentert i ei så god blanding som eg ikkje har sett make til tidlegare.