TEATER

«Hedda Gabler»
Haugesund Teater
Av: Henrik Ibsen
Regi og komponist: Øyvind Osmo Eriksen
Scenografi: Bård Lie Torbjørnsen
Med: Anna Ladegaard, Pål Fredrik Kvale, Manish Sharma, Malene Wadel, Fabian Heidelberg Lunde og Ane Skumsvoll
Trass mange gode ansatsar kjem ikkje framsyninga heilt i hamn på premierekvelden.
Haugesund Teater vil om eit par år få eit nytt teaterhus. Men teateret satsar friskt også i dei kummerlege lokala dei har, og denne gongen med «Hedda Gabler» av Henrik Ibsen. Det er ei framsyning med mange gode sider, men som ikkje lukkast heilt.
«Hedda Gabler» er eitt av Ibsens meir psykologiske drama, og Hedda sjølv er ei av verdsdramatikkens mest gåtefulle kvinner. Ho (Anna Ladegaard) er ei omsverma kvinne i slutten av tjueåra som nettopp har inngått eit fornuftekteskap med Jørgen Tesman (Pål Fredrik Kvale), mykje fordi han snart vil få eit professorat og slik kan by på ein viss sosial og økonomisk tryggleik. Men raskt går det opp for henne at ho har tatt feil. For Hedda er livet eit tidsfordriv der ho leikar seg med andre menneske som ein stor intrigant. Ein tidlegare flamme, den litt mystiske og turrlagde Eilert Løvborg (Manish Sharma), og husvennen Assessor Brack (Fabian Heidelberg Lunde), står båe for løyndomar ho ikkje har delt med Jørgen. Og Eilerts assistent, den meir jordnære og uskuldsreine Thea Elvsted (Malene Wadel) blir fort, saman med Eilert, fanga i Heddas mange løgner og spel. Hedda kan tolkast som ei livstrøytt og bortskjemt kvinne som fordriv tida med intrigespel, heilt til ho fell for eige grep. Men ho kan og sjåast som ei kvinne fanga i den borgarlege heimen, og som vil vekk frå å vere mannens leiketøy, men som nyttar andre middel enn Nora Helmer.
Regissøren Øyvind Osmo Eriksen har laga ei framsyning som er minimalistisk i forma, men ikkje i innhald. Med få unnatak er dette teksten slik Ibsen skreiv han i 1890. Det er eit godt val for å få fram kompleksiteten i dramaet. Og når scenografien til Bård Lie Torbjørnsen er ekstremt minimalistisk, berre eit bord og ein designarstol frå vår tid, peikar både regi og scenografi på det ålmenne og tidsuavhengige, og let samstundes ord og handling stå i fremste rekkje. Eriksen er også komponist, og har skrive ein del fin stemningsskapande musikk, men stundom blir den litt i kraftigaste laget for å bygge opp under dramatikken, som om Ibsens tekst ikkje er sterk nok.
Framsyninga opnar med ein forrykande entré av Jørgen Tesmans tante Julle som i Ane Skumsvolls inderlege tolking blir ein særs humoristisk ouverture til det som skal kome. Så kjem det verkelege dramaet, og det er alt ann enn artig, men der Eriksen likevel har fått lagt inn ein god porsjon forløysande humor. Vi sit i eit lite amfi og på båe sider av den vesle scena, og slik blir dette etter kvart eit særs tett kammerdrama. At skodespelarane nyttar publikum aktivt, er også med på å gjere handlinga nærare.
I Eriksens regi er det opp til publikum å tolke, og det er greitt. Verre er det at det ikkje alltid er like lett å tru på det vi får presentert. Både Ane Skumsvoll som tante Julle og Malene Wadel som Thea Elvsted er overtydande i rollene sine. Og førebels er det faktisk Fabian Heidelberg Lunde som assessor Brack som ber denne framsyninga. Han driv same intrigespel som Hedda og blir etter kvart hennar overmann. Dette gjer Lunde med fingerspisskjensle på eit infamt og elegant vis. Dei tre som skulle vere dei viktigaste, Hedda, Eilert og Jørgen, blir ikkje så tydelege, og eg har vanskar med å tru på dei. Det er noko med kjemien og truverdet som forhåpentleg vil bli betre når premierenervane er historie. Men finalen sat akkurat som han skulle.
(Meldinga stod i Klassekampen måndag den 10. mars 2025.)