Archive for august, 2024

Det er godt å leike

tirsdag, august 27th, 2024

TEATER

SPONTANSCENOGRAFI: Anne Marit Sæther fortel i ein scenografi skapt av publikum der og da. FOTO: DINO MAKRIDIS

«Jeg synes jeg ser alt som fins»
Cirka Teater, Studioscena Trøndelag Teater,
Av: Cirka Teater
Idé og regi: Anne Marit Sæther og Kjersti Haugen
Scenografi: Gilles Berger
Lysdesign: Eirik Brenne Torsethaugen
Musikk: Martin Smidt og Sissel Vera Pettersen
Med: Anne Marit Sæther og Loan TP Hoang

Ei interaktiv reise attende til barndomens undring, utforsking og leik.

Friteatergruppa Cirka Teater feirar førtiårsjubileum i år, og avsluttar feiringa med ei heilt eineståande gåve til publikum. Eg trur aldri eg har hatt det artigare på teater. Ikkje i tydinga humor og lått, men i oppleving og leik. Eg er normalt ikkje så glad i å vere med på scena, men her blei alle trekt inn i framsyninga på ein kreativ, leiken og utforskande måte som gjorde framsyninga særs inkluderande og heilt spesiell.

Cirka Teater har gjennom alle år dyrka det fysiske og visuelle, samstundes som dei aldri har slutta å eksperimentere, gå nye vegar og ikkje minst leike seg. Framsyninga «Jeg synes jeg ser alt som fins» er heilt annleis enn alt anna dei har laga, men nettopp difor er den likevel så typisk for repertoaret deira. Mange som har sett Cirka Teaters produksjonar, har late seg fascinere av scenografien til Gilles Berger der han tryllar fram dei mest kreative og spektakulære ting av slikt han har samla på og som tilsynelatande er skrot og skrammel. Nå syner det seg at Anne Marit Sæther, den andre halvparten av kunstnarparet, har minst like stor samlemani. På pedagogisk vis startar ho framsyninga med å fortelje om korleis dei lagar teater, og at dei i starten ikkje har peiling på kor vegen går. Dei eksperimenterer og leikar seg, og nå skal vi få ta del i same prosessen. Så fortel ho at ho heilt frå barnsbein av har samla på stein, og avdekkjer eit formidabelt steinlager på golvet på studioscena.

Men stein er langt meir enn berre ein klump, og like pedagogisk får vi ei innføring i å kjenne på og oppleve forma og det taktile ved kvar vår stein, og ein demonstrasjon av at hendene våre faktisk er i stand til å hugse former. Så blir vi delte i grupper, og ved ulike bord og skjermar skal vi, ved hjelp av metallskrot, steinar, pinnar og anna som er lagt ut, lage vår eigen scenografi basert på tematiske stikkord. Dette kunne ha blitt fullstendig kleint, men det blei stikk motsett. Vi fekk leike, vere kreative og jobbe saman. I denne store workshopen, som det i røynda var, såg eg berre folk som kosa seg, unge som gamle. Etter at vi hadde «hjelpt» Gilles Berger med scenografien, og lese inn kvart vårt ord på ein tape, var det tid for pause og å nyte det vi hadde skapt. Og det var faktisk mange, useieleg vakre små kunstverk!

SOM EIN SKUGGE: Dansaren Loan TP Hoan. FOTO: DINO MAKRIDIS

Etter at vi hadde gjort forarbeidet, eksperimenteringa og den leikande utforskinga, var andre akt eit litt meir tradisjonelt teater, men berre litt. I denne spontanscenografien, skapt av publikum, presenterte Anne Marit Sæther eit lite forteljarteater der ho tok oss med frå si eiga barndom til vaksenliv gjennom å fortelje om ulike opplevingsrike utfluktar ho hadde hatt der alle hadde det sams at dei handla om skilsetjande møte med dyr. Anne Marit Sæther er blitt ein framifrå forteljar, og med god regihjelp av Kjersti Haugen, blei desse forteljingane både intense og fengslande. Ein ekstra dimensjon var det at dansaren Loan TP Hoang følgde historiene som ein skugge og formidla dei ulike dyra ekspressivt og illustrerande.

Musikken til Martin Smidt og Sissel Vera Pettersen smaug seg like tett om det som skjedde på scena og var md på å gjere framsyninga nærast komplett. Mot slutten fekk vi nok eit prov på kor vellukka eit interaktiv teater kan vere. Før pause hadde vi alle fått ei setning som vi skulle assosiere med eit ord, og etter kvart som mikrofonen gjekk frå munn til munn, las vi inn «Det fins», og så ordet vi hadde kome på. I finalen blei dette framført som eit tonesett dikt medan vår eigen scenografi fekk stå fram i all sin prakt og med utsøkt lyssetjing. Tru det eller ei, men det kjentest som vakker lyrikk og ei stor multimedial oppleving.

Med framsyninga «Jeg synes jeg ser alt som fins» har Cirka Teater nok ein gong eksperimentert og gått nye vegar. Det er typisk for kompaniet, men det spesielle denne gongen er at publikum i så stor grad fekk vere med i prosessen, og at vi alle, same kor unge eller gamle vi var, såg ut til å kose oss med det. Ein blir heldigvis aldri for gamal til å leike.

(Meldinga stod i Klassekampen tysdag den 27. august 2024.)

Ein forrykande såpeopera

søndag, august 25th, 2024

TEATER

ABSURD: Nonnene i siste akt blir sjølvsagt spela av menn. FOTO: VANGELIS KALOS

«Bizarra: En argentinsk saga I-V»
Bizarra AS, Rosendal Teater,
Av: Rafael Spregelburd
Omsett av Bente Teigen Gundersen
Regi og adaptasjon: Alessandra Felli
Scenografi: Alessandra Felli, Nicola Lolli, Denise Massman og Nils Christian Hamsund Boberg
Kostyme: Denise Massman og Alessandra Felli
Komponist; Egil Strand Wikdahl
Lysdesign: Eirik Brenne Torsethaugen
Med: Viola Othilie Tømte, Kristine Hagensen, Bjørg Sofie Eline, Theresa Carlsen, Øystein Schiefloe Kanestrøm, Haakon Mustafa Akdokur Smestad, Kristin Lundemo Overøye, Herman Lepsøe Ohrvik, Fredrik Paalssønn Aakerhus og Joakim Nesvik

Ein velspela leik med sjangrar og teaterets mange ulike verkemiddel, og ei absurd, mangefasettert og underhaldande historie vi berre må få sjå resten av.

På Rosendal kan ein denne helga oppleve eit ganske annleis teater, ein argentinsk såpeopera i fem akter, ei absurd, fornøyeleg og overraskande velspela historie som, trass at framsyninga varar meir enn fem timar, berre er dei første fem av heile ti episodar. Om vi nokon gong får sjå dei siste ti, er uvisst, men det bør bli eit folkekrav, for dette var stor underhaldning, – og mykje meir.

Argentina opplevde rundt tusenårsskiftet ei økonomisk krisetid, og på bakgrunn av den, skreiv den argentinske dramatikaren, skodespelaren og regissøren Rafael Spregelburd (f. 1970) «Bizarra», ein såpeopera i ti akter som i sjangerens tradisjon blei sett opp som eit episodisk drama der dei så vidt eg har forstått, spela ein episode per veke. Dette skjedde for tjue år sia i Argentina. Nå har den italienske regissøren Alessandra Felli fått Bente Teigen Gundersen til å omsetje dei fem første episodane til norsk, og laurdag var det norgespremiere på ein skikkeleg teatermaraton på Rosendal Teater.

Historia er, som i beste såpetradisjon, ei mangslungen forteljing med eit omfattande persongalleri, absurd og med ei rekkje magiske og okkulte innslag. Men i motsetnad til sjangeren generelt, ligg her også ein tydeleg politisk bodskap i botn. Eg skal fri lesaren frå å fortelje i detalj kva dette handlar om, for det er alt for innfløkt og omfattande, sjølv om det undervegs var relativt greitt å henge med i alle dei ulike lagnadane. Men for å gi eit lite innblikk, så hadde det seg slik at Agnetha Fältskog (frå ABBA) i si tid fødde eit tvillingpar i Argentina. Dei to, Candela og Velita, blir skilde ved fødselen, og Agnetha blir treft av eit lyn, gløymer det heile og reiser heim til Sverige og songkarrieren. Candela (Kristine Hagensen) veks opp i rikdom hjå ein kunsthandlar medan Velita (Viola Othilie Tømte) bur i ein fattig og kriminell forstad, og jobbar på eit slakteri som blir nattklubb (les: horehus) om kvelden. Candela har mista smak og luktesans, men har likevel greidd å finne opp ein parfyme med eit enormt salspotensial. Vi går inn i handlinga når tvillingane er 21 år, og meir skal eg ikkje røpe anna enn at ho er fylt med alle teaterets verkemiddel og element. Det er forviklings- og forvekslingskomedie, det er ein kriminalhistorie, det er djup og eksistensiell kjærleik der alle elskar nokon, men ikkje kvarandre, og you name it.

Scena er eit stort og relativt ope rom med fire-fem ståande trepanel i bakgrunnen, og ein del heimesnekra palleliknande element som blir flytta til og frå. Og så er det nokre absurde telefonar som er ei herleg blanding av smarttelefon og gamle fasttelefonar. I dette scenerommet som skal illudere alt frå rikmannsheim til slum, nattklubb og slakteri, og mykje meir, og greier det forbausande bra, møter vi ti skodespelarar som går ut og inn av eit drygt sekstitals ulike roller, og der det faktisk også er ganske greitt å skilje dei.

Alessandra Fellis regi er ein leik med teaterkonvensjonar, regigrep og sjangrar, og ikkje så reint lite sjølvironisk i tillegg. Spelestilen er ei herleg blanding av lett overspel, metateater, stumfilm (med tale) og Monty Python, berre for å nemne nokre. Gjennom fem akter av snaue timen kvar, med fem minutts opphald, og ein lengre pause mellom tredje og fjerde akt, får vi servert mangslungne historier, overraskande godt framført. Å halde oppe fart og intensitet gjennom fem timar er ikkje enkelt, men berre i tredje akt buttar det litt i dramaturgien når Velita blir «avblomstra». I motsetnad til all humoren og komikken, skulle dette vere ei alvorleg og trist scene, men blei heilt uforløyst, nærast som eit prosaisk referat.

Denne typen teater er på mange vis sin eigen sjanger, og lagar dermed også sine eigne reglar. Slik kan dei forsvare det meste med at det skal vere sånn. Det er greitt, men eg må likevel få nemne eit openbart problem. Når ti skodespelarar skal fylle meir enn seksti roller på ei ganske ope scene, blir det sjølvsagt mange skift. I denne oppsetjinga blir det for mange synlege skift, ommøblering og flytting på element. Eg trur litt meir aktiv og nyansert lyssetjing kunne ha gjort mykje, for då ville vi ha sloppe å sjå skodespelarane snike seg ut og freiste å gøyme seg på sidescena medan dei kledde seg om.

Av dei ti skodespelarane, er det berre eit par av dei eg kan hugse å ha sett tidlegare. Men dei spela alle overtydande med god personinstruksjon og fin distinksjon mellom dei mange ulike rollene. Fem timar i høgt tempo, mange roller og mykje tekst, for ikkje å snakke om timing som er særs viktig i ei slik oppsetjing. Alt dette er krevjande, men blei løyst overraskande godt.

«Bizarra: En argentinsk saga I-V» er ein maraton av ei framsyning, men gjekk forbausande fort. Det skuldast framifrå spel, høgt tempo, god dramaturgi og stor underhaldningsverdi. Komikken, sjangerblandinga, herlege brot med kreativ bruk av metaforma, – alt dette gjorde framsyninga til ei oppleving og stor underhaldning. Og midt oppi alt det fornøyelege, ligg heile tida ein gjennomgåande kapitalismekritikk som gjer at oppsetjinga er langt meir enn berre blott til lyst.

Framsyninga er første halvpart av den opphavelege såpeoperaen, og femte akt avslutta med ein skikkeleg cliffhanger. Det er uvisst om det blir ein del to med dei siste fem episodane, men sjølv meiner eg det bør bli eit folkekrav å få sjå resten.

Intenst forteljarteater

lørdag, august 17th, 2024

TEATER

ÅLEINE OG SÅRBAR: Nådelaust ærleg på ei heilt nake scene fortel Sven Henriksen om ein oppvekst han diverre ikkje har vore åleine om. FOTO: AMUND GRIMSTAD

«Pappas lille gutt»
Hamsunsenteret, Hamarøy
Av og med Sven Henriksen
Regi: Anne Elisabeth Kokkinn

Eit lågmælt og skakande forteljarteater om oppvekst med ein alkoholisert, valdeleg og sterkt religiøs far.

Sven Henriksen (f. 1955) er skodespelar, dramatikar, lyrikar og aktiv både som lokalpolitikar og samfunnsdebattant. I fjor debuterte han også som skjønnlitterær forfattar med romanen «Pappas lille gutt». Den er ei nådelaust ærleg sjølvbiografisk forteljing om oppvekst med ein alkoholisert og valdeleg far som etter kvart blei predikant i Jehovas vitne, og om ei mor som såg vekk og aldri våga å bryte ut. I tillegg fann Henriksen tidleg ut at han var homofil, og alt som femtenåring vedgjekk han legninga si for faren. I boka tek Henriksen oss med den vesle guten Johannes (som han kallar sitt alter ego) frå barne- og ungdomsår, gjennom ei mengd både valdelege og dramatiske opplevingar, og heilt fram til i dag. Romanen er ei sterk og skakande skildring om oppvekstvilkår som Henriksen diverre ikkje er åleine om å ha opplevd.

Nå har Henriksen dramatisert romanen, og med nøktern og diskré regihjelp av Anne Elisabeth Kokkinn var det urpremiere på Hamarøy under Hamsundagane. Med nærast fullt lys både på scene og i salen kjem Henriksen inn medan han syng den symboltunge «Danny Boy». Ein liten tøykanin og ein stol er dei einaste hjelpemidla hans. Så går han rett inn i forteljinga om den fem år gamle guten som finn faren fordrukken og full av spy. I starten fortel han om «Johannes» i tredje person før han går over til første person. Både ved det grepet, og ved å kalle han Johannes og ikkje Sven, får han skapt ein distanse til historia før han går skikkeleg inn i den og alt det vonde. Det er vald, slag, fornedring og farens anger, og for offeret Johannes skuldkjensle og skam. Men alt er ikkje berre svart. Besteforeldra, og spesielt den forståingsfulle og livskloke bestemora, representerte ein friplass som blir skildra varmt og vakkert. Likeins er det med det mangeårige venskapet med den eitt år eldre Ole Andreas, hans første store og fullstendig ulovlege kjærleik. Båe var medlem av Jehovas vitne, – og homofile.

Framsyninga er eit nesten reint forteljarteater der orda er alt, og i røynda meir enn nok. Diskré rørsler med hendene, litt forflytting på scena, opp på stolen for å illudere ei dramatisk hending, og små brot for hopp i tid og rom. Men elles er det berre orda og forteljinga. Sven Henriksen er ein god forteljar som greier å fengsle folk i salen. Og fordi alt det vonde blir fortalt så lågmælt og nærast nøytralt, blir det ekstra sterkt. Publikum var heilt med i den intense framsyninga, og det høyrdest knapt eit kremt i salen undervegs.

Sjølv om dramatiseringa er den same forteljinga som i romanen, er det store skilnader, og det er eit fornuftig val. Heile perioden frå Johannes vedgjekk at han var homofil, og til han 35 år seinare møtte den store kjærleiken og samstundes tok ein endeleg avskil med alkohol, er stroke i dramatiseringa, som i staden konsentrerer seg om oppveksten og tida med faren. Og når du les ei bok med mykje vald, kan du legge den bort eller bla forbi. Det går ikkje på teater. Difor har Henriksen med langt færre konkrete valdshendingar i dramatiseringa, men det er meir enn nok til å få eit innblikk i oppveksten hans.

I finalen fortel Henriksen om moras forsøk på å få kontakt etter rundt 50 års tagnad, og reiser då ein viktig og uavklart diskusjon om det er mogeleg å tilgi. Slik leverer han stafettpinnen vidare til publikum med eit ope spørsmål samstundes som han rundar av med å synge «Moon River».

«Pappas lille gutt» blir vist på Kilden i Kristiansand i september og på Gamle Raadhus i Oslo i oktober.

(Meldinga stod i Klassekampen laurdag den 17. august 2024.)

Knut Hamsun møter samiske motstemmer

lørdag, august 10th, 2024

KOMMENTAR

HAMSUNSENTERET: På Hamarøy er det Hamsundagar denne veka. FOTO: AMUND GRIMSTAD

Hamsunsenteret på Hamarøy har til føremål å forvalte og formidle kompetanse om forfattaren Knut Hamsun. Det gjer dei mellom anna gjennom permanente og skiftande utstillingar, forsking, og ikkje minst gjennom «Hamsundagane» som blir arrangert i starten av august annakvart år. I år er stikktittelen «Drama og livets spill», eit litt kryptisk namn du kan tolke det meste inn i. Eg fekk med meg den første halvparten av veka, og i løpet av tre dagar fekk tittelen eit langt meir konkret innhald.

Å forvalte og formidle kunnskap om Knut Hamsun er inga lett oppgåve. Ein banebrytande modernist, ein språkleg meister, ein nobelprisvinnar. Men samstundes ein ganske open nazist. I tillegg er det mange døme på rasistiske haldningar til samane i bøkene hans, spesielt i «Markens Grøde», romanen han fekk nobelprisen for. Hamarøy, plassen der Hamsun vaks opp, ligg midt i del lulesamiske området. Korleis skal denne mangesidige arven forvaltast av Hamsunsenteret?

HAMSUN OG RASISMEN: Panelsamtale mellom frå venstre Vivian Aira og Lisbeth Wærp, leia av Andreas Lødemel. FOTO: AMUND GRIMSTAD

Utstillingane og innhaldet i årets Hamsundagar var i så måte førebiletlege og ytte diktaren stor motstand. Særleg blei forholdet hans til det samiske gitt mykje rom. I senterets femte etasje er det ein permanent utstilling som viser livslinja hans der både rasisme, nazihaldningane, krigen og prosessen etterpå er vigd stor plass. I tillegg blei det i vår laga eit tillegg, «Den kontroversielle Hamsun», der fem universitetsfolk frå ulike fag og miljø problematiserer ulike sider ved Hamsun der to av dei tek opp forholdet til samane.

Den store happeningen på festivalen var urpremiere på eit samisk musikkverk eg skal kome attende til. Men som ein forsnakk til den, fekk vi ein panelsamtale mellom to kloke og engasjerte menneske. Vivian Aira er lulesame, litteraturvitar, forfattar og forleggar. Ho meinte at alle var samde om at Hamsun var nazist. Punktum. Men når det galdt rasisme, seier ein at han var rasist, men… Og så seier ein «barn av si tid» osb. Kvifor ikkje setje punktum også etter rasist? Medan Lisbeth Wærp, professor i nordisk litteraturvitskap, nok ikkje såg like mykje rasisme hjå han, jamvel om ho vedgjekk at «Markens Grøde» hadde mange stygge passasjar. Dei to var eigentleg rykande usamde, men det var likevel ein lågmælt, danna og kunnskapsrik samtale som blei uvanleg lærerik.

NYTT OG GAMALT: Ein 103 år gamal stumfilm med nyskriven samisk samtidsmusikk for sju musikarar/songarar blei ei mektig oppleving. FOTO: AMUND GRIMSTAD

Etterpå var det duka for ein ur- og nypremiere det vil gå gjetord om. «Markens Grøde» blei filmatisert i 1921 som stumfilm, og med musikk av Leif Halvorsen. Den var skriven for eit orkester på 30, og slikt hadde kinoane korkje plass eller råd til. I 2009 ble filmen restaurert. Og nå har Svein Schultz saman med Ole Jørn Myklebust skrive eit bestillingsverk med samisk samtidsmusikk for eit orkester på sju inklusive to songarar som song og joika både på nordsamisk og lulesamisk. Filmen vara i halvanna time, og med den nye musikken, som sjølvsagt blei framført live, er dette noko av det mektigaste eg har opplevd. Musikken følgde filmens dramaturgi som ein skugge, og underbygde stemningar og situasjonar overtydande, saumlaust og imponerande. Så kan ein spørje seg om dette var ein samisk måte å peike nase til eller ta litt revansj over Hamsun, eller om det var ein måte å gi filmen nytt innhald, eller noko anna? Det får folk tolke som dei vil, men for publikum i den fullsette salen var det berre ei meining. Dette var mektig. Filmen med same musikk og orkester vil bli vist att på stumfilmfestivalen i Tromsø til våren.

BOKBAD: Spennande samtale med den unge omsetjaren Are Tjihkkom, moderert av Alvhild Dvergsdal. FOTO: AMUND GRIMSTAD

Om Hamsun i fleire av bøkene sine hadde eit rasistisk eller nedlatande syn på samane og det samiske, er heldigvis ikkje haldningane gjensidige. Are Tjihkkom (merk deg namnet) er lulesame, frå Drag i Hamarøy, 22 år gamal og studerer språk på Blindern. Under Hamsundagane var det panelsamtale med han i samband med lanseringa av hans omsetjing av «Pan» til lulesamisk. I «Pan» hadde han ikkje funne noko som kunne tolkast nedsetjande om samane, sjølv om han ikkje var overbegeistra for romanen. I nok ein kunnskapsrik samtale fortalde han om arbeidet med omsetjinga, om utfordringane med Hamsuns fobi for komma og hans elsk på semikolon, og om hans blanding av fortid og nåtid i same setning. Trass i den unge alderen har han tidlegare omsett både «Alice in Wonderland» og «The Hobbit» og om berre få veker kjem det ein ny roman i hans omsetjing.

Gjennom utstillingane, samtalane, og ikkje minst den nyskrivne komposisjonen «Ednama sjatto» til Svein Schultz og Ole Jørn Myklebust, har Hamsundagane og Hamsunsenteret på grundig vis problematisert Knut Hamsuns forhold til det samiske og gitt plass til viktige samiske motstemmer.

(Ein litt omarbeidd versjon av denne kommentaren stod i Klassekampen laurdag den 10. august 2024.)

»