Archive for februar, 2016

Johanna frå kjærleikens armé

mandag, februar 29th, 2016

TEATER

SLAGORD: Det er ikkje berre parolane som er insisterande i denne oppsetjinga. FOTO: ARILD MOEN

SLAGORD: Det er ikkje berre parolane som er insisterande i denne oppsetjinga. FOTO: ARILD MOEN

 «Den hellige Johanna fra slaktehusene»
Teatret Vårt
Av: Bertolt Brecht
Regi: Angelina Stojčevska
Komponist og musikalsk ansvarleg: Alf Lund Godbolt
Kostyme: Ane Aasheim
Lysdesign: Ingrid Skanke Høsøien
Med: Heidi Ruud Ellingsen, Melina Tranulis, Vivi Sunde, Marte Mørland, Petter Winther Gåre og Bjørnar Lisether Teigen

Ei overspela og karikert modernisering som ikkje gir ny innsikt.

Då Bertolt Brecht skreiv «Den hellige Johanna fra slaktehusene» rundt 1930, var det som ein moderne parafrase over den franske fridomsheltinna Jeanne d’Arc. Staden er Chicago der eit mektig kartell har kontroll både over slaktehusa, tilgangen på kveg og arbeidaranes lønsvilkår, og dermed også tilgangen på mat. Pierpoint Mauler er den kyniske leiaren som ser menneska som råvarer på same vis som dyr og korn. Johanna Dark, leiar for «Svartkysene», ein slags frelsesarmé, er Maulers rake motseiing, ei djupt religiøs kvinne som set seg føre å betre tilhøva for dei 70 000 som er blitt arbeidslause, men som også har ei naiv tru på at det går å endre haldninga til Mauler. Som Jeanne d’Arc, blir Johanna ein martyr, og ein naiv og uskuldsrein Mor Theresa blant kyniske fabrikkeigarar og ein arbeidarklasse som heller ikkje er Guds beste barn. Og ho lukkast ikkje i forsettet sitt. Om temaet er dystert, er teksten likevel full av humor. Stykket blei framført som radioteater i 1931, men blei ikkje uroppført på ei scene før i 1959. Her heime er det ikkje spela på eit institusjonsteater på meir enn femti år.

Nå har Teatret Vårt i Molde funne at finanskriser og det stadig meir brutaliserte arbeidslivet gjer at tida er mogen for å setje det opp att, og har fått den nyutdanna regissøren Angelina Stojčevska til å bearbeide teksten og ha ansvaret for regi. Det er blitt ei rå og kraftig modernisering der «Svartkysene» er eit heavyrock-band, ikkje spesielt religiøse, men representantar for kjærleikens armé. Dette er kampen mellom dei grådige og dei gode, og Johanna har framleis klokkartru på at ho skal kunne vinne inn til Maulers hjarte og eventuelle moral. Stojčevska nyttar mange av regigrepa til Brecht ved stadige illusjonsbrot der skodespelarane vender seg til publikum og fortel kva som skal skje. Mye av humoren har ho også tatt vare på. Og ho har fått Alf Lund Godbolt til å skrive ny musikk.

I eit relativt nake scenerom med berre rigg for instrumenta, men der scenografien i staden blir skapt av Ingrid Skanke Høsøiens gode lyssetting, blir det spela i høgt tempo og med tilsvarande volum. Rollelista er skore ned til under halvparten, og med det er også det  verkelege bakteppet, arbeidarklassen, blitt staffasje og i hovudsak berre representert ved ei overspela og sterkt klisjéfylt rolle. Stojčevska har valt å konsentrere seg om forholdet mellom Johanna (Heidi Ruud Ellingsen) og Mauler (Marte Mørland). Men ved å gjere arbeidarane til kulisser, mistar oppsetjinga også truverd. Der Brecht gjennom spel og handling syner oss det politiske bakteppet, blir denne framsyninga i staden berre påståeleg og insisterande fylt av tome slagord og parolar. Det er også vanskeleg å få grep om kven Johanna eigentleg er. Som leiar for kjærleikens armé framstår ho i første akt nærast som ein representant for New age og vekkingsideologi der ho manar publikum til å kjenne krafta frå kjærleiken. Først i finalen får vi innblikk i det verkelege programmet hennar, forsterka med epilogen om at det ikkje held å vere god, – du må freiste å gjere verda god.

(Meldinga stod i Klassekampen måndag den 29. februar 2016.)

 

Akrobatikk og action

mandag, februar 29th, 2016

TEATER

ACTION: Spektakulære kamp- og fektescener som her mellom Peter og kapteinen. FOTO: GISLE BJØRNEBY

ACTION: Spektakulære kamp- og fektescener som her mellom Peter og kapteinen. FOTO: GISLE BJØRNEBY

«Peter Pan»
Hålogaland Teater, Scene vest
Av: James M. Barrie
Omsett av Ine Camilla Bjørnsten og Kristoffer Jørgensen
Regi: Bjørn Ravn Carlsen
Scenografi og kostyme: Even Børsum
Koreografi: Kristoffer Jørgensen
Komponist: Janove Ottesen
Lysdesign: Thomas Bendiksen
Lyddesign: Jim-Oddvar Hansen
Med: Sondre Pettersen, Rebekka Nystabakk, Trond Peter Stamsø Munch, Kristian Fr. Figenschow jr, Guri Johnson, Joakim Thrane m. fl.

Ei spektakulær, actionfylt og tidvis ganske skummel framsyning, politisk litt ukorrekt, surrealistisk og spela noko over stokk og stein, men særs sjarmerande og underhaldande.

Historia om Peter Pan skriv seg frå bøkene til den skotske forfattaren J. M. Barrie, og skodespelet hans frå 1904. Peter stakk av frå foreldra då han var nyfødt i redsle for å bli vaksen og bur i draumelandet «Aldriland» saman med attgløymde barn, alvar, indianarar, piratane til Kaptein Krok og ein diger krokodille. Hit hentar han ungjenta Wendy og dei to syskena hennar for å vere mor og fortelje eventyr. Historia har mange lag, og for ungane er det ei magisk draumeverd med mye skummel spenning. For oss vaksne handlar det om menn som ikkje vil bli vaksne og ødipale morsbindingar. Historia er dramatisert og filmatisert mange gongar, og diverre er det Disneyversjonen frå 1953 som i alt for stor grad har fått eigarskap til Peter Pan og universet hans.

Hålogaland Teater har vore tru mot alle aspekta i den originale historia, og vel så det. Teatret har gjort det til varemerke å lage politisk ukorrekt teater for dei yngste, og slik også her, for dette er barneteater på syre. Ine Camilla Bjørnsten og Kristoffer Jørgensen har omsett teksten til eit leikent språk fullt av ordspel og gags, og der dei mange erotiske undertonane er godt tatt vare på. Even Børsum har saman med lysdesignar Thomas Bendiksen skapt eit fantasifullt scenerom med mye saumlaus veksling og utsøkt bruk av både rekvisittar og dreiescene. Og med akrobatisk draghjelp av stuntgruppa «Arctic Action» blir det store spektakulære slagscener mellom Kaptein Kroks piratar og alle dei andre. Ny musikk av Janove Ottesen frå Kaizers Orchestra er også med på å skape dei rette stemningane.

I Bjørn Ravn Carlsens regi er det skapt eit mangefasettert univers med fleire historier og hovudroller. Peter (Sondre Pettersen) er både helt og litt stusseleg, og denne dualiteten tar han godt vare på. Wendy (Rebekka Nystabakk) er ei jente på terskelen til å bli vaksen, representerer fornufta, og får godt fram også dei underliggjande kjenslene i forholdet til Peter. Men sjølv om piratane er dei verkelege skurkane, er dei likevel så sjarmerande, og i røynda ufarlege, at dei stel mye av showet. Trond Peter Stamsø Munch som Kaptein Krok eig scena, er gjennomgåande vond, men likevel ikkje utan sjarm og humor, og i finalen viser han seg som ein mann av ære. Og så er Bill, er den ynkelege assistenten hans (Kristian Fr. Figenschow jr.) ei lita komisk framsyning i seg sjølv.

(Meldinga stod i Klassekampen måndag den 29. februar 2016.)

Fiksjon eller fantasi?

mandag, februar 8th, 2016

TEATER

DUELL: Møtet mellom Eichmann og dommaren blir meir ein duell enn ein samtale. FOTO: MAGNUS SKREDE

DUELL: Møtet mellom Eichmann og dommaren blir meir ein duell enn ein samtale. FOTO: MAGNUS SKREDE

«Samtale før døden»
Den Nationale Scene, Store scene
Av: Adam Price
Omsett og bearbeidd av: Lasse Kolsrud og Solrun Toft Iversen
Regi: Lasse Kolsrud
Scenografi: Siri Langdalen
Kostyme: Ingrid Nylander
Lysdesign: Morten Reinan
Med: Øystein Røger, Sverre Røssummoen, Jonatan Filip, Ragnhild Gudbrandsen, m. fl.

Ei oppsetjing som utgir seg for å vere faktabasert fiksjon, men som tenderar meir mot historielaus fantasi.

Adolph Eichmann var hovudansvarleg for jødedeportasjonane under andre verdskrigen. Han slapp unna i 1945, kom seg etter kvart til Argentina, men blei spora opp på 50-talet. I 1960 blei han kidnappa av Mossad og frakta til Israel der han i 1961 blei stilt for retten og dømt til døden.

Rettssaka blei direkteoverført på TV, og er elles særs godt dokumentert av Hannah Arendt som følgde saka for The New Yorker og skreiv boka «Eichmann in Jerusalem. A Report on the Banality of Evil». I staden for ein brutal bøddel eller fanatisk jødehatar, fekk vi sjå ein formell og pliktoppfyllande byråkrat, fullstendig utan empati, som hugsa forbausande lite og som «berre» gjorde jobben sin. Med utgangspunkt i tilfellet Eichmann, er problemstillinga blitt om det faktisk er slik at kven som helst kan gjere dei mest grusame ting berre autoritetstrua er sterk nok.

På grunnlag av denne historia har den danske forfattaren Adam Price laga ei fiktiv forteljing der ein av dommarane frå rettssaka (Sverre Røssummoen) oppsøkjer Eichmann (Øystein Røger) i fengselet og får ein samtale med han dei to siste timane før avrettinga. I tillegg får vi dramatiserte flashbacks frå livet hans, om kona, om dei mange møta med Reinhard Heydrich, Eichmanns sjef, og til slutt ei parodisk og overspela scene frå Wannseekonferansen i 1942. Desse tablåa er forstyrrande og unødvendige, for i den grad denne oppsetjinga har noko å melde, er det i dommarens forsøk på å forstå, og helst få ei tilståing frå Eichmann. Men sjølv om vi rett nok møter ein mann utan moral, med eufemistisk omskriving av handlingane sine, og mantraet om at han berre følgde ordre, så manglar likevel truverdet. Forteljingas Eichmann er både oppfarande, hugsar godt og slik sett heilt annleis enn det som finst dokumentert frå rettssaka.

Dommaren vil utfordre Eichmanns moral og få han til å innsjå kva han har gjort, men får i staden kraftige motåtak som nok er forfattarens ønske om å lage drama og ein verbal og relativt likeverdig duell, meir enn Eichmanns ord. Staten Israel har mye på samvitet, men det står likevel ikkje til truande når Eichmann i 1962, etter mange års avsondra eksil, stadig konfronterer dommaren med Israels illgjerningar. Litt meir truverdig, men neppe sant, er det når han til slutt påstår at dommaren eigentleg berre tryglar om ei tilståing for å døyve sitt eige samvit og rettferdiggjere at han har avsagt ein dødsdom.

I «Samtale før døden» har Adam Price tatt på seg ei alt for stor oppgåve. Og i Lasse Kolsruds regi greier heller ikkje Den Nationale Scene å løfte denne teksten.

 (Meldinga stod i Klassekampen måndag den 8. februar 2016.)

Ei Nora av i dag?

fredag, februar 5th, 2016

TEATER

MASKEFALL: Maskene fell og snart skal løgnene avslørast. FOTO: STIG HÅVARD DIRDAL

MASKEFALL: Maskene fell og snart skal løgnene avslørast. FOTO: STIG HÅVARD DIRDAL

«Et dukkehjem»
Rogaland Teater, Hovudscena
Av: Henrik Ibsen
Regi: Audny Chris Holsen
Scenografi og kostyme: Åse Hegrenes
Koreograf: Sigrid Edvardsson
Musikk: Halvor Lillesund og Vegard Fossum
Med: Helga Guren, Anders Dale, Even Stormoen, Øystein Martinsen og Marianne Holter m. fl.

Ei modernisering som ikkje blir heilt truverdig.

Det er mange som har freista å modernisere «Et dukkehjem» og setje opp stykket som om handlinga var i dag. Og sjølv om den lumre løgna som kan øydeleggje alt, er ålmenn og like til stades nå som i 1880, er problemet at mye av den ytre handlinga er alt for sterkt knytt til 1800-talet til at ein greier å skape ei truverdig ramme om den Helmerske heimen.

På Rogaland Teater har dei freista å gi oss ei Nora av i dag. I Audny Chris Holsens regi og bearbeiding startar det relativt lovande der ho tar oss inn til ein moderne og shoppingglad Nora (Helga Guren). Språket er fornya, replikkane er omskrivne, og mye av dette fungerer bra lenge. Til og med den falske underskrifta på kausjonen Nora ordna for å få lånet som gjorde det mogeleg å berge helsa til Torvald, har fått ein plausibel forklåring. Men etter kvart er det meir og meir som skurrar. Både Krogstad (Øystein Martinsen) og Kristine Linde (Marianne Holter) har rollefunksjonar som blir lite truverdige i dag, og slik blir det også i finalen når Nora går. Ein stor del av publikum har nok opplevd samlivsbrot, men det er neppe mange som kjenner seg att i den ganske arkaiske argumentasjonen Torvald Helmer (Anders Dale) nyttar for å halde på Nora. Berre Doktor Rank (Even Stormoen) har eit diskret nærvær som blir til å tru på.

Scenografien til Åse Hegrenes har bytta ut plysjen med florlette raude draperi, kjærleikens farge, og saman med sofaliknande puter gir det ein god og stilisert illusjon av ein lukkeleg designarheim som ramme for handlinga. Men regigrepa er ikkje like vellukka. Oppsetjinga er litt fragmentarisk og scenene blir avbrotne av kraftig musikk og koreografert rørsle der alt blir veldig tydeleg. Det verkar ikkje som Holsen har tillit til teksten, og må understreke han med overspela symbolikk.

I «Et dukkehjem» er alle unntatt Nora statistar. Når denne oppsetjinga trass i innvendingane over, likevel blir verd å sjå, er det først og fremst på grunn av Helga Gurens tolking av Nora. Ho startar som ei leiken og forførande heimefrue, nesten sjølvutslettande og naiv i sin verbale kjærleik til Torvald. Men gradvis gir ho oss først den manipulerande og intrigante, og dernest ei Nora som vaknar opp frå lerkefugltilveret for til slutt å bryte ut av det heile. Metamorfosen frå den livsglade Nora, som blir redd for si eiga løgn, og som til slutt ser at den altomfemnande løgna ekteskapet hennar er tufta på, er endå større, er saumlaust og godt formidla og spela med både innleving og eit stort kjenslemessig register.

(Meldinga stod i Klassekampen fredag den 5. februar 2015.)

Tre sysken

torsdag, februar 4th, 2016

TEATER

GLAMOUR: Suksess og fiasko kan vere ganske tilsynelatande. FOTO: STIG HÅVARD DIRDAL

GLAMOUR: Suksess og fiasko kan vere ganske tilsynelatande. FOTO: STIG HÅVARD DIRDAL

 

 «Vanja og Sonja og Masha og Spike»
Rogaland Teater, Intimscena
Av: Christopher Durang
Omsett av Michael Evans og Vegar Hoel
Regi, scenografi og kostyme: Vegar Hoel
Med: Nina Ellen Ødegård, Marko Kanic, Ingrid Rusten, Mette Arnstad, Roar Kjølv Jenssen og Silje Salomonsen

Ein absurd, men litt for karikert og forvirrande leik med Tsjekhovmetaforar.

Vanja, Sonja og Masha er tre sysken, om lag midt i livet, og barn av foreldre som var over snittet glad i Anton Tsjekhovs dramatikk slik fornamna er prov på. Lagnad og livsveg har vore ganske ulik for dei tre. Medan Masha (Nina Ellen Ødegård) har gjort ein slags karriere som skodespelar både på scene og lerret i USA, men med det meste bak seg, har Vanja (Marko Kanic) og den adopterte systera Sonja (Ingrid Rusten) vore heime og tatt seg av sjukelege og aldrande foreldre. Nå bur dei att i barndomsheimen på Mashas nåde og økonomi, og medan ho i hovudsak har livet bak seg, har dei to andre i røynda aldri hatt noko liv. Så kjem Masha med eitt på besøk saman med den unge testosteronbomba Spike (Roar Kjølv Jenssen), og eit familiedrama med mange trådar til Tsjekhov er i gang.

«Vanja og Sonja og Masha og Spike» er skrive av den 67 år gamle amerikanske dramatikaren Christopher Durang som har ein omfattande produksjon bak seg, men som først med dette stykket frå 2012 fekk det endelege gjennombrotet. Det vann Tony Award for beste skodespel i 2013 og var i fjor det mest spela drama i USA. Tysdag var det norgespremiere på Rogaland Teater, men suksess i USA tyder ikkje automatisk det same her i landet.

Sjølv om det i mangt er eit Tsjekhovsk univers vi er med i, er dette likevel særs amerikansk både i humor, referansar og mye anna. Michael Evans og Vegar Hoel har i omsetjinga vald å flytta handlinga til ein stad i Norge. Det er eit forvirrande og lite gjennomtenkt grep. Scenebildet er barndomsheimen til syskena i Norge, og det er eit hus som er meir typisk amerikansk enn eplepai. Med slik scenografi og eit utal amerikanske kulturelle referansar, men samstundes verbal insistering på at dette er norsk, mistar oppsetjinga truverd og blir  både sprikande og forvirrande.

Handlinga finn stad på terrassen i barndomsheimen til dei tre gjennom ei hektisk helg. Her er livstrøytte og sjølvsentrerte personar med ulike grunnar til å vere det, her er sjalusi, intrigar og mye absurd komikk, og også ein liten porsjon forløysande voodoo gjennomført av vaskehjelpa Cassandra (Mette Arnstad) som lev opp til namnet sitt og har synske evner. Symptomatisk for handlinga er det at nettopp den lett okkulte Cassandra er den mest normale av desse personane. Rett nok då ved sia av den naive nabojenta Nina (Silje Salomonsen) som representerer uskulda og kanskje framtida. I dette tette kammerspelet er det sjølvsagt mange humoristiske scener, mye absurd komikk og ein god porsjon bitande og underhaldande replikkveksling. Men med unnatak av Cassandra, blir det berre spela teater, og det tar aldri heilt av.

Som hjå Tsjekhov, er her lite ytre handling og meir samtale om trivialitetar. Men rollene er for karikerte og teatralske, og finalen blir eit melodramatisk antiklimaks der det i amerikansk stil, og milevis frå Tsjekhov, er the underdogs som til slutt vinn fram, i tillegg til at heksa viser seg å vere god på botnen.

 (Meldinga stod i Klassekampen torsdag den 4. februar 2016.)

 

Skogens konge

mandag, februar 1st, 2016

TEATER

FAR OG SON: Doppler og sonen Gregus i ei samtale om dei store spørsmåla i livet. FOTO: GT NERGAARD

FAR OG SON: Doppler og sonen Gregus i ei samtale om dei store spørsmåla i livet. FOTO: GT NERGAARD

«Doppler»

Trøndelag Teater, Hovudscena
Av Erlend Loe
Regi: Tomi Janežič
Scenografi: Branko Hojnik
Koreografi: Katja Legin
Kostyme: Marina Sremac
Lysdesign: Eivind Myren
Musikk: Isidora Žebeljan
Med: Andreas Stoltenberg Granerud, Stine Fevik, Christian Ruud Kallum, Kathrine Thorborg Johansen, Karl-Vidar Lende, Erik Johansen m.fl

Absurd, humoristisk, velspela og ettertenksamt om dei verkeleg store spørsmåla.

Alt før opningsscena forstår vi at «Doppler» er annleis teater. Scena er heilt open, lyset i salen er på, og når inspisienten skal be oss slå av telefonane, seier han i staden at det er lov å fotografere. For Andreas Doppler er vanlege reglar oppheva, og slik er det også for teaterframsyninga og publikum.

For å setje i scene Erlend Loes roman om mannen som etter eit sykkelvelt får auge på stjernehimmelen, gir faen, flyttar frå kone, barn og karriere og saman med elgkalven Bongo buset seg i eit telt i skogen, har Trøndelag Teater henta inn eit stjernespekka lag frå Slovenia og Serbia med den slovenske regissøren Tomi Janežič i spissen. Berre lysdesignaren er teatrets eigen. Laget har gått kompromisslaust til verks og laga ei framsyning som eit slags forteljarteater, men så mangefasettert og full av ulike lag, ikkje minst metalag, som du knapt har sett før. Det startar på scenekanten der dei fem aktørane fortel, snakkar saman, går ut og inn av eit utal roller og vender seg direkte til forfattaren når dei meiner han har gjort kleine val. Gradvis fell den mektige og spektakulære scenografien på plass i det enorme scenerommet og det blir meir spela teater, berre for raskt og uventa å gå attende til forteljarsituasjonen. Her skjer alt i eit enormt tempo, med stor energi, stadige brot og overraskingar.

Erlend Loes roman er full av underfundig humor, men er i botn særs eksistensiell, sivilisasjonskritisk og alvorleg. Alle desse fasettane og meir til er vel tekne vare på i framsyninga som vekslar mellom det absurde, det hysterisk komiske og det djupt eksistensielle. Andreas Stoltenberg Granerud gjer ei formidabel tolking av hovudpersonen. I ei ekstremt tekstrik rolle, gjennom tre timar med høgt tempo og voldsam energi gir han oss ein levande og særs truverdig Doppler. Dei fire andre aktørane, for ikkje å seie den uvanleg nærverande inspisienten, fyller ei rekkje roller med lynraske skift og leverer strålande ensemblespel.

Trøndelag Teater har laga ei leiken, absurd, humoristisk, men likevel kontemplativ og politisk framsyning som har det meste og vel så det, som midt i det forrykande tempoet vågar å roe ned til så saktegåande teater at det gjer vondt, som vekslar saumlaust mellom alle dei fasettar og lag det er mogeleg å presentere, og som i tillegg er tre timar særs god underhaldning. Kan ein ønske meir?

 (Meldinga stod i Klassekampen måndag den 1. februar 2016.)